


|
27.01.12 KM senior innandørs i Førdehuset lørdag

Innandørs KM for seniorar blir arrangert i Førdehuset i morgon, lørdag 28.januar, frå kl. 10.00. Tambar Fotball stiller ikkje lag i årets KM, der dei fleste av dei lokale klubbane stiller med eit eller fleire lag.
Blandt anna stiller Eikefjord med 2 lag i herreklassen, der begge laga skal i aksjon allerede i fyrste kampar klokka 10.00.
TID |
BANE |
KL |
AVDELING |
LAG |
|
10.00 |
1 |
H |
1 |
Eikefjord 1 |
Bremanger |
10.00 |
2 |
H |
1 |
Jølster 1 |
Anga 1 |
10.00 |
3 |
H |
3 |
Eikefjord 2 |
Jølster 3 |
For oppdaterte resultat frå kampane, gå inn på Førde Fotball si heimeside.
|
24.01.12 Jacob Storevik skreiv under for Rosenborg

Blir Rosenborgkeeper: Jacob Storevik ilag med Rosenborgs keepertrener Jamtfall. Foto: rbk.no
Naustdalsguten og tidlegare Tambarkeeper skreiv i helga under kontrakten som gjer han til Rosenborgspelar dei neste tre åra. Jacob var gutespelelar og A-lagsspelar i Tambar Fotball før han meldte overgang til Florø SK i fjor sommar, og fekk sin ilddåp med 3.divisjonsspel i fjor haust.
Jacob sitt fyrste møte med Rosenborg var i fjor haust, kor han blant anna imponerte stort då han spela hele kampen for juniorlaget da dei møtte Ajax i Amsterdam, under den prestisjefylte NextGen Series.
Jacob slutter seg til A-lagstroppen til Rosenborg allerede på onsdag som 3.keeper, då laget dreg på treningsopphald i Benidorm. Jacob blir i Florø SK ut vårsesongen, og dreg til Trondheim og Rosenborg i sommar. Han startar videregåande skule i Trondheim frå hausten av.
Vi gratulerer Jacob med signeringa og ynskjer han lukke til som Rosenborgspelar !
|
22.01.12 Trippel Førde i Naustdalshallen i dag

Tambar Cup søndag: Det eine gutelaget til Tambar i aksjon mot AHIL søndag.
Det vart Førdelag på dei tre første plassane i guteklassen i dagens Tambar Cup i Naustdalshallen. I jenteklassen var det AHIL som stakk av med den djevaste pokalen, medan Tambarjentene tok andreplassen og AHIL sitt andrelag tok tredjeplassen.
Tambar 1 enda på 4.plass i guteklassen, etter å måtte gi tapt for Førde 2 i bronsefinalen. Men den mest spennande kampen denne dagen, var nok semifinalen mellom Tambar 1 og Førde G16. To gode lag gjorde at dette vart ein thriller av ein fotballkamp. Kampen vart jamnspelt og tett, og laga følgde kvarandre heilt inn til kampslutt.
Etter ordinær speletid hadde begge laga scora 2 gonger kvar, og ein måtte ut i ekstra speletid. Då ingen av laga fekk ballen i nota på desse to minutta, gjorde spelarar og publikum seg klar for straffesparkkonkuranse. Her drog som kjent Førdelaget det lengste strået, og vann med 4 mot 3 treff på straffene.
Tambar 2 i guteklassen var bemanna opp med førsteårs gutespelarar og smågutespelarar. Laget tapte alle sine kampar, men gjorde ein god jobb i hallen og fekk med seg verdifull kampmatcing.
Tambar 1 sitt jentelag vart nupper to i pulja etter innleiande spel. Laget vann ein spennande og jamn semifinale mot Gaular med 3-2. Jamn vart også finalen mot Askvoll/Holmedal 1, der laga måtte ut i speleforlenging etter 1-1 ved full tid. AHIL 1 scora tidleg i ekstraomgangen, og kunne juble for gull.
Tambar 2 i jenteklassen bestod av eit ungt lag, der dei fleste var småjentespelarar. Sjølv om laget tapte sine kampar, spelte jentene jamt mot samtlege av laga og gjorde ein flott innsats.
Les meir om SSF Tambar Cup 2012
|
21.01.12 Smågutelaget vann finalen

Gull: Tambar sitt eine smågutelag, Tambar Grøn, tok heim gullpokalen i dagens Tambar Cup.
Tambar Grøn utligna til 2-2 sekundar før kampslutt i semifinalen mot Gaular, og kampen gjekk til speleforlenging. Berre få sekunder inn i speleforlenginga scora Tambar og avgjorde dermed kampen og sikra seg med det finaleplass.
Finalen mot Førde 1B vart jamn og tett, men Tambargutane drog det lengste strået også her. Med 2-1 seier kunne laget juble for finalesiger.
I bronsefinalen vann AskvollHolmedal 4-2 over Gaular.
Også dei to andre Tambarlaga gjorde ein god innsats i Naustdalshallen i kveld, men desverre nådde ingen av desse laga sluttspelet.
Sluttspelet:
| 492 |
Kvartfinale 2 |
Førde 1B |
- |
Dale |
4 - 3 |
H |
| 491 |
Kvartfinale 1 |
Askvoll/Holmedal IL 1 |
- |
Eikefjord |
2 - 1 |
H |
| 494 |
Kvartfinale 4 |
Gaular |
- |
Jølster |
1 - 0 |
H |
| 493 |
Kvartfinale 3 |
Florø 2 |
- |
Tambar Grøn |
1 - 3 |
B |
| 490 |
Semifinale 2 |
Tambar Grøn |
- |
Gaular |
3 - 2 |
H |
| 489 |
Semifinale 1 |
Askvoll/Holmedal IL 1 |
- |
Førde 1B |
0 - 5 |
B |
| 488 |
Bronsefinale |
Askvoll/Holmedal IL 1 |
- |
Gaular |
4 - 2 |
H |
| 487 |
Finale |
Førde 1B |
- |
Tambar Grøn |
1 - 2 |
B |

Sølv: Førde 1B

Bronse: Askvoll/Holmedal 1


Meir om Tambar Cup 2012
|
21.01.12 SSF Tambar Cup i Naustdalshallen i dag

Klokka 10.00 i dag blir fyrste kamp i årets SSF Tambar Cup blåst i gang. 16 smågutelag spelar sine innleiande kampar fram til kl.16.00, då sluttspelet startar og dagen vert avslutta med finale rundt klokka 18.00.
Lag frå klubbane Jølster, Førde, Gaular, Askvoll/Holmedal, Eikefjord, Florø og Tambarskjelvar deltek i Naustdalshallen i dag.
Forhåpentlegvis er nettdekninga i hallen bra denne helga. Kampresultata vil bli oppdatert med jamne mellomrom utover dagen. I tillegg sender vi LIVE i frå hallen, på same måte som vi gjorde på fjorårets Tambar Cup.
LIVE frå Naustdalshallen
Resultat frå dagens kampar
|
17.01.12 Kampoppsettet er klart

Kampoppsett til SSF Tambar Cup er no klart.
Les meir
|
14.01.12 Kampoppsett klart etter helga

Tambar Cup: Tambar Cup 2012 blir arrangert i Naustdalshallen 21.-22.januar.
Påmeldingsfristen for årets Tambar Cup er no ute, og det er beklagleg å melde at småjenteklassen diverre ikkje blir avvikla på grunn av svært lite påmeldingar.
Heller ikkje i den eldste jenteklassen har det vore mange klubbar som har meldt på lag, men her blir klassen avvikla som planlagt med innleiande kampar og sluttspel.
Fleire lag finn vi som vanleg i guteklassane, der 10 gutelag og 15-16 smågutelag har meldt seg på til fotballhelga i Naustdalshallen.
Då samtlege lag til årets Tambar Cup enno ikkje er heilt i boks, vil kampoppsettet ventleg være klart når vi har runda helga.
|
08.01.12 SSF Tambar Cup blir arrangert 21.-22.januar

Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup blir arrangert i Naustdalshallen laurdag 21. og søndag 22.januar. Cupen er for klassane SMJ 13/14, SMG 13/14, Jenter 15/16 og Gutar 15/16, der det vil bli spelt sluttspel i alle klasser.
Påmeldingsfristen er sett til torsdag 12.januar.
Meir info og påmelding
|
05.01.12 Treningstider i Naustdalshallen

Forberedelsene til ein ny fotballsesong er komen godt i gang for dei fleste av laga til Tambar Fotball, og treningsforholda på kunstgraset har vore mykje bedre denne vinteren enn dei to føregåande vintrane.
Tambar Fotball disponerer hallen for fotballtrening inne på tirsdagar, slik vi har hatt tidlegare. I tillegg har vi ein del timer på fredagane i Naustdalshallen. Treningstider for innetrening er no sett opp.
Her finn du treningstider i Naustdalshallen
|
04.01.12 Tipparar gav nesten 70 000 til Tambarskjelvar

199 tipparar gav nesten 70 000.- kroner via tippekortet sitt og støttar Tambarskjelvar IL i Grasrotandelen i 2011. Dette er sjølvsagt gode pengar for idrettslaget, som i tillegg dei siste åra også har fått inn store pengebeløp frå private og bedrifter i forbindelse med utbygginga av Naustdal stadion.
"Tippebygda" Høyang er idrettslaget som desidert får mest inn gjennom Grasrotandelen, der laget i fjor kunne telle opp heile 251 000.-kroner i lagskassa.
Til samanlikning fekk Førde IL inn i overkant av 159 000.- kroner, medan Jølster IL kunne fylle opp kassa med kr. 65 700.-.
Heile oversikten over Grasrotandelen i Sogn og Fjordane
Slik støttar du Tambarskjelvar IL
|
29.12.11 Spice Kids vann Romjulscupen

Far og son: Lagkaptein på vinnarlaget Spice Kids, Henrik Hundershagen, mottek pokalen etter
seier i finalen av pappa og leiar i Tambar Fotball, BjørnHundershagen.
Spice Kids drog iland seieren i årets Romjulscup i Naustdalshallen, då laget slo Dalen Curling Club. Kampen stod utan mål etter ordinær tid. Ingen av laga klarte heller ikkje å score i speleforlenginga, og finalen måtte dermed avgjerast på straffespark. Her drog Spice Kids det lengste strået og kunne juble over ein 3-2 seier.
Resultat:
Bunntrål - Trine`s boys 1-0
Sæla City - Dalen 0-4
ÅKKTG - Spice Kids 0-2
Sentrum - Bunntrål 0-3
Trine`s boys -Sæla City 2-1
Dalen - ÅKKTG 2-1
Spice Kids - Sentrum 2-1
Bunntrål - Sæla City 0-1
Trine`s boys - Dalen 0-2
ÅKKTG - Sentrum 1-0
Spice Kids - Bunntrål 1-1
Sæla City - ÅKKTG 0-2
Dalen - Bunntrål 3-0
Trine`s boys - Sentrum 1-2
Spice Kids - Sæla City 0-0
ÅKKTG - Trine`s boys 4-1
Sentrum - Dalen 2-3
Bunntrål - ÅKKTG 1-2
Dalen - Spice Kids 0-1
Sæla City - Sentrum 1-1
Trine`s boys - Spice Kids 0-2
FINALE: Dalen - Spice Kids 0-0, 2-3 etter straffespark.

Vinner av Romjulscup 2011

Nummer to i Romjulscupen
|
23.12.11 Kampoppsett klart !

To lag melde seg på etter fristen gjekk ut, og dermed er vi oppe i 7 påmelde lag til Romjulscupen. Kampoppsett er no klart !
Sjå kampoppsett
|
19.12.11 Romjulscupen: Kampoppsett fredag ettermiddag

Berre fem lag meldte seg på Romjulscupen som vert arrangert 28.desember i Naustdalshallen. I juniorklassen var det kun eit lag som ville være med, og denne klassen utgår dermed i Romjulscupen. Kampoppsett vil være klar i løpet av ettermiddagen.
Info og kampoppsett
|
16.12.11 Arne Grimset fekk Naustdalsprisen 2011

Fekk Naustdalsprisen 2011: Arne Grimset fekk årets Naustdalspris.
Arne Grimset fekk torsdag kveld Naustdalsprisen 2011. Arne får den velfortente prisen for sitt arbeid og engasjement i Tambarskjelvar IL gjennom heile 50 år. Arne har vore ein pådrivar i idrettslaget i alle år, og skal ha sin del av æra for at Naustdal og Tambarskjelvar IL er sett på kartet også utafor fylkets grenser.
Sidan september 2004 har Arne vore tilsett på deltid for å arbeide med drifta av Naustdalshallen. I 2009 vart stillinga auka opp noko, i tillegg er han styreleiar i bruksstyret for Naustdalshallen.
Kriterier for Naustdalsprisen:
" Naustdalsprisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist vedvarande evner og vilje til å yte ativ innsats innafor kulturlivet og lokalmiljøet, utover det vanlege.
Framlegg til kandidatar til Naustdalprisen kan fremjast av eiskildpersonar, lag og organisasjonar, og skal vere skriftleg med grunngjeving for framlegget. "
Vi bøyger oss i støvet, og gratulerer så mykje med prisen !
|
15.12.11 Meld deg på Romjulscupen

Har du enno ikkje meldt deg på Romjulscupen i Naustdalshallen 28.desember, har du enno nokre dagar att til fristen 20.desember. Skal det verte litt dreis over Romjulscupen, bør vi ha påmeldt minst fem lag både i junior- og seniorklassen. Vi oppfordrar alle grendalag til å stille med nye og gamle fotballstjerner, og hugs at det er mange gode damespelarar i bygda.
Også i Juniorklassen er det tynt irekkene pr. dags dato. Hugs at Cupen er tenkt som ein aktivitetsdag og uhøgtidleg fotballdag der fotballspelarar i alle aldrar skal få røre litt på seg i ei stille romjulstid.
Planen er at Juniorklassen spelar fyrst på dagen og at seniorane startar på ettermiddagen. Dette fordi ikkje alle er så heldige å ha juleferie, men alikevel er så heldige at ein kan rekke å delta på årets Romjulscup !
Meld på lag til Romjulscupen
Fredag 16.desember kl.20.00 blir det Old boys trening
i hallen som vanleg. Her kan ein også melde på lag til Romjulscupen.
|
13.12.11 Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup 2012

Vinnar 2011: Tambar Fotball sitt smågutelag gjekk heilt til topps i fjorårets SSF Tambar Cup
etter å ha slege Askvoll/Holmedal 5-1 i finalen.
Sjå resultat og bilder frå SSF Tambar Cup 2011.
Den etterkvart så tradisjonelle Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup blir arrangert i Naustdalshallen 21.-22. januar 2012.
Denne helga skal det kjempast om premier og pokalar, heder og ære i klassane Gutar 13/14, Jenter 13/14, Gutar 15/16 og Jenter 15/16.
Meir info og påmelding
|
12.12.11 Daniel og Martin uttekne til kretssamling på Eid

På kretssamling: Daniel Grimset Kvalvågnes (t.v) og Martin Skilbrei
er uttekne til kretssamling på Eid 18.desember.
Tambarspelarane Daniel Grimset Kvalvågnes og Martin Skilbrei har hatt ein flott haust på Bylag Sunnfjord. Etter den siste turneringa for Bylaga, har Sogn og Fjordane Fotballkrets plukka ut 28 spelarar frå Sogn og Fjordane som blir kalla inn til kretssamling på Nordfjordeid 18.desember. På samlinga på Eid blir det teke ut eit kretslag, som blandt anna skal møte kretslaga til Nordmøre og Romsdal helga 6.-8.januar.
Vi gratulerer gutane med ein flott haust og ynskjer dei lukke til på Eid!
|
12.12.11 Snart klart for KM-kvalik og sluttspel innandørs

KM innandørs: Det er snart tid for å melde på til neste års KM innandørs for aldersbestemte la. På
bildet ser vi dei to beste smågutelaga i Fjalerhallen i 2009, Førde og Tambar, der begge lag gjekk
til sluttspelet.
Neste års kampar i KM-kvalifiseringa går på fyljande plassar: Syril ( Leikangerhallen ), IL Bjørn ( Gaupne Idrettshall ), IL Høyang ( Høyangerhallen ), Dale IL ( Fjalerhallen ) og Skavøypoll IL (Nordfjordhallen ). Alle kvalifiseringskampar blir spelt 4.-5. februar 2012.
KM-sluttspelet går på kunstgras i Florø Idrettssenter 3.-4. mars 2012.
Frist for å melde på lag til KM innandørs er måndag 23.01.12.
Meir info om KM innandørs for aldersbestemte lag
|
11.12.11 Bli dommer - meld deg på dommarkus

Tambar Fotball treng fleire dommarar til komande sesong, både klubbdommarar og rekrutteringsdommarar. No har du sjansen til å ta kurset for rekrutteringsdommere i Førde i februar. Kurset vert arrangert av Sogn og Fjordane Fotballkrets og er gratis, går over to dager med Ragnar Åmot som instuktør og gjer deg i stand til å dømme 11-er fotball. Meir info.
Ynskjer du å bli klubbdommer eller friske oppatt dommarkurset du har hatt tidlegare, kan Tambar Fotball arrangere klubbdommerkurs i klubben.
Meir info om dommerkurs kan du få ved å ta kontakt med leiar i Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen, send e-post.
|
05.12.11 Daniel toppscorar i Bylagsserien, Sunnfjord puljevinnar

Toppscorar: Daniel G.Kvalvågnes
Bylagsserien vart avslutta sist helg med kampar mellom bylaga til Sogn, Nordfjord og Sunnfjord på Eid Idrettspark, der Tambar Fotball hadde med Martin Skilbrei, Ola Rognebakke og Daniel Grimset Kvalvågnes.
Gutane til Bylag Sunnfjord vart puljevinnar med 12 poeng, der Sogn enda på andreplass med same poengsum, men med dårlegare målskilnad. Og ein av grunnane til at Sunnfjord kunne dra seieren i land, var Tambar Fotball sin målgarantist. Daniel vart etter tre rundar i Bylagsserien toppscorar med heile ni mål totalt, der dei to siste scoringane hans kom mot Sogn sist helg.
I jenteklassen var Bylaget til Sogn i ein klasse for seg. Laget enda på 18 poeng, medan Nordfjord og Sunnfjord stoppa på 4 poeng.
|
04.12.11 Fotballgutane vann volleyballturnering

Fotballspelarar med volleyballjubel: Gutane jublar etter seier i semifinalen, der dei slo ut Førde.
På bildet ser vi frå venstre: Martin Hukset, Sivert Rygg, Sigve Longvastøl og Aleksander Fauske
Helgås. Markus Cirotzki skulle òg vore med på laget, men var diverre skada.
Nokre av spelarane som vert å finne på neste års smågutelag i Tambar Fotball, gjekk like godt til topps i ei volleyballturnering som vart arrangert i Naustdalshallen i helga. Laget, som spelar i klasse U-14, vart nummer to i si pulje. I semifinalen slo dei ut Førde i ein spennande kamp med settsiffer 2-1. I like spennande finale mot Viksdalen kunne "fotballspelarane" heva armane etter at laget vann 2-1.
Også fleire av Tambar sine lag gjorde det godt i hallen denne helga. Meir desse kampane finn du på hovudlaget si heimeside.
|
29.11.11 Jacob starter mot Ajax i NextGen Series

Rosenborgspelar: Naustdalsgut og tidlegare Tambarkeeper, Jacob Storevik, stå i Rosenborgmålet
i dagens kamp mot Ajax. Foto: www.rbk.no
Naustdalsguten og keepertalentet Jacob Storevik trente sist veke med Rosenborg`s a-lag og juniorlag i Trondheim. Rett før helga fekk Jacob beskjed om at han fekk være med juniorlaget til Rosenborg som hospitant i NextGen Series mot sjølvaste Ajax.
- Det var veldig overraskende. Men glad, det blei eg, seier Jacob til RBK.no rett etter treningsøkta mandag kveld. - Det blir veldig spennende. Eg har aldri spelt mot eit så godt lag som Ajax tidligere, så det blir gøy. Men eg må innrømme at eg er litt nervøs, men det skal nok gå fint, seier han. Heile artikkelen om Naustdal`s keepertalent finn du på Rosenborg BK si heimeside.
Dagens kamp går i Nederland og kampstart er kl.18.30. Kampen kan du fylje direkte på heimesida til Rosenborg BK.
Vi gratulerer Jacob med framragande prestasjonar så lang, og ynskjer han lukke til i kampen mot Ajax!
Fleire artiklar henta frå Rosenborg BK sine heimesider:
- Håper dei liker det dei ser
- RBK tester keepertalent
Trener med Rosenborg: Frå treningane Jacob hadde med Rosenborg sist veke. Foto: www.rbk.no
|
28.11.11 A-laget står fortsatt utan trenar

Manglar trenar: Om vi skal få oppleve jubelscener frå A-laget neste sesong, må ein trenar til
laget på plass.
Fotballgruppa har vore i dialog med ein aktuell trenar for A-laget dei siste vekene, men kandidaten valgte å takke nei til tilbodet frå Tambar Fotball.
Dermed står seniorlagt fortsatt utan trenar for komande sesong, noko som er svært beklagleg for aktuelle spelarar og fotballgruppa. Styret jobber sjølvsagt vidare i håp om å lukkast med å løyse trenarkabalen, der ein håper på at ein trenar skal være klar før jul.
Kanskje finst det potensielle trenaremne der ute som vi ikkje kjenner til. Kanskje DU er ein av dei, eller du kjenner nokon som klarer og ynskjer ein slik "jobb"? Tips oss !
|
25.11.11 Vedtak gjort på Fotballtinget

Sist helg arrangerte Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt årlege kretsting på Sunnfjord Hotel i Førde, der det vart gjort fleire vedtak som vil påverke klubbane frå sesongen 2012.
Tambar Fotball fremma forslag om at både kvalifiseringskampar og finaler i KM innandørs for dei aldersbestemte laga skulle gå på parkett. Tambar Fotball ynskjer altso at ein går vekk frå dagens praksis, der det i dei fleste tillfella vert spelt på parkett i kvalifiseringskampane, medan sluttspelet vert spelt på kunstgras.
Sjå alle vedtaka som vart gjort på fotballtinget
|
15.11.11 Fire Naustdalsgutar på toppgruppesamling
Trenar med toppgruppa i dag: Daniel Grimset Kvalvågnes, Martin Skilbrei og Ola Rognebakke.
Denne trioen frå Tambar Fotball gjer det svært så godt for tida. Alle tre spelarane er i haust blitt uttekne på Bylag Sunnfjord, der 18-20 spelarar er plukka ut frå klubbane i Sunnfjordregionen. I tillegg til mykje speletid for samtlege av dei tre gutane, har Daniel liksågodt klatra heilt til topps på toppscorarlista med heile 7 mål i dei to turneringane som er arrangerte.
Desse tre spelarane har også no blitt teken med i Sogn og Fjordane Fotballkrets sin samling i toppgruppa. I toppgruppa finn vi dei beste fotballspelarane i fylket, og samlinga finn stad på Sandane i kveld.
Jacob Storevik i toppgruppa og treningar med Rosenborg
Klassekeeper: Jacob Storevik
Tidlegare Tambarkeeper, Jacob Storevik, er også utteken til toppgruppesamling på Sandane i kveld. Alle som har følgt med på Tambarfotballen veit kva kvaliteter denne guten har. I tillegg til sonesamlingar og kretssamlingar dei siste åra, vart Jacob som kjent teken ut til langslagsspel i haust. I haust fekk han også sin debut i 3.divisjon med nyeklubben, Florø, der han fekk mykje ros for sitt keeperspel.
Jacob har fått førespurnad frå sjølvaste Rosenborg om han kunne tenke seg å kome til Trondheim og Lerkendal for å trene både med lagets juniorlag og A-laget. Jacob har takka ja til tilbodet, som blir nòk ei fjær i hatten for den gode Naustdalskeeperen. Jacob dreg til Trondheim i neste veke, der vi er sikker på han vil gjere eit godt inntrykk på Rosenborgleiinga.
Vi ynskjer spelarane lukke til på toppgruppesamlinga i kveld. Berre så det er nemt: Ingen klubbar i fylket har fleire spelarar representert på toppgruppesamlinga i kveld enn Tambar Fotball.
Vi ynskjer sjølvsagt òg Jacob lukke til med tur og treningar med Rosenborg!
|
13.11.11 Smågutane utklassa Bergsøy i finalen

Gullgutar: Smågutelaget til Tambar Fotball hadde få problemar i finalen mot laget frå Bergsøy.
Tambargutane vann finalekampen med heile 5-0. På bildet ser vi bak frå venstre: Ørjan Aase,
Daniel Grimset Kvalvågnes, Martin Skilbrei, Jørund Solheim og Ola Rognebakke. Framme frå venstre:
Marius Storevik, Elias Rognebakke og Simon Indrekvam.
Vi gratulerer Tambar Fotball sitt smågutelag med finalesiger og gull i årets Førde Cup. Laget er det første laget frå Tambar som vinn gull i A-sluttspelet i denne turneringa.
I ettermiddagens finale vart det fort klart at dette ikkje vart den spennande kampen dei fleste hadde venta seg. Tambarlaget var fleire hakk bedre enn laget frå Bergsøy, og hadde kontroll på kampen frå start til slutt. Tambargutane spela god fotball, der spelarane er passningsikre og kjappe, og legg ned ein god porsjon jobb på bane. Einaste spenningsmomentet i kampen vart etterkvart kor mange mål Tambargutane greide å putte bak Bergsøykeeperen. Tambargutane vinn til slutt med utklassingssiffera 5-0, og må vel være den største seieren som er komen i ein finale i Førde Cup.

Heiagjeng: Tambarsupportarane var ikkje mange, men laga bra lyd alikevel.
Tambar Fotball hadde også småjentelaget sitt vidare i A-sluttspelet i dag. I ein jamnspelt kamp mot Bergen Nord/Hovding 1/8-finalen, måtte Tambarjentene innsjå at slaget var tap med eit 2-0 tap.
Gutelaget hadde sjansar nok til å avgjere til sin fordel i 1/4-finalen mot Gaular i B-finalen, men tapte til slutt 4-1.

Rauk ut: Småjentelaget hadde grunn til å være skuffa, etter at laget vart utslått av Bergen Nord/
Hovding i 1/8-finalen.
Alle medaljevinnarane i årets Førde Cup finn du nadanfor.
SMJA |
|
1.PLASS |
Førde IL 1 |
2.PLASS |
Mauseidvåg og Solevåg IL |
3.PLASS |
Balestrand IL |
SMJB |
|
1.PLASS |
Bergen Nord/Hovding 3 |
2.PLASS |
Førde IL 2 |
SMGA |
|
1.PLASS |
Tambarskjelvar IL |
2.PLASS |
Bergsøy IL 1 |
3.PLASS |
Gaular IL 2 |
SMGB |
|
1.PLASS |
Åheim IL |
2.PLASS |
Åram IL |
JA |
|
1.PLASS |
Førde IL 1 |
2.PLASS |
Askvoll/Holmedal IL 2 |
3.PLASS |
Balestrand IL |
JB |
|
1.PLASS |
Jølster IL |
2.PLASS |
Bergen Nord/Hovding 1 |
GA |
|
1.PLASS |
Florø SK |
2.PLASS |
Dale IL |
3.PLASS |
Førde IL 1 |
GB |
|
1.PLASS |
Bergen Nord 2 |
2.PLASS |
Bjørn IL 2 |
JDA |
|
1.PLASS |
Eikanger/Nordhordland/Kvernbit |
2.PLASS |
Åram IL |
3.PLASS |
Jølster IL |
JHA |
|
1.PLASS |
Førde IL 1 |
2.PLASS |
Førde IL 2 |
3.PLASS |
Jølster IL |
Oversikten er henta frå Førde Fotball si heimeside.
|
12.11.10 Tre Tambarlag til sluttspelet i Førde Cup

God innsats av Tambarlaga: Tambarlaga gjer det godt i helgas Førde Cup, der tre av seks lag
er vidare i sluttspelet. Her er smågutelaget til Tambar i aksjon i fjor.
Tambarlaga gjer det godt også i årets Førde Cup som vert arrangert i Førdehuset denne helga. Tre av Tambar Fotball sine lag er vidare til A- og B-sluttspel som vert avvikla frå søndag morgon kl.08.00.
Det eine av to smågutelag er klare for A-sluttspelet i morgon, etter å ha vunne alle sine kampar i det innleiande gruppespelet. Laget spelar 1/8-finale kl. 10.00 mot Hyllestad.
Småjentelaget er også klare for A-sluttspelet, etter å ha blitt nummer to i si pulje, og det beste toarlaget totalt. Laget spelar 1/4-finale kl.10.20 mot Bergen Nord/Hovding 1.
Tambar Fotball sitt gutelag missa litt i sin nest siste kamp, men kom seg vidare til B-sluttspelet. Laget spear 1/4-finale kl.09.00 mot Gaular.
Under ser ein alle laga som er klare for sluttspel i årets Førde Cup.
218 |
0800 |
1 |
SMJB |
¼ |
Bergsøy IL 2 |
IL Høyang 2 |
219 |
0800 |
2 |
SMJB |
¼ |
Bergsøy IL 1 |
Førde IL 2 |
220 |
0800 |
3 |
SMJB |
¼ |
Bergen Nord/Hovding |
Bergen Nord/Hovding 3 |
221 |
0820 |
1 |
SMJB |
¼ |
Kaupanger IL |
Askvoll/Holmedal IL |
222 |
0820 |
2 |
SMGB |
¼ |
Åram IL |
Dale IL 2 |
223 |
0820 |
3 |
SMGB |
¼ |
Førde IL 3 |
Åheim IL |
224 |
0840 |
1 |
SMGB |
¼ |
Mauseidvåg og Solevåg IL 1 |
Bergsøy IL 3 |
225 |
0840 |
2 |
SMGB |
¼ |
Førde IL 4 |
Mauseidvåg og Solevåg IL 2 |
226 |
0840 |
3 |
JB |
½ |
Jølster IL |
Larsnes IL |
227 |
0900 |
1 |
JB |
½ |
Bergen Nord/Hovding 1 |
Bergsøy IL 2 |
228 |
0900 |
2 |
GB |
¼ |
Bjørn IL 1 |
Hovding IL 1 |
229 |
0900 |
3 |
GB |
¼ |
Gaular IL |
Tambarskjelvar IL |
230 |
0920 |
1 |
GB |
¼ |
Bjørn IL 2 |
Førde IL 7 |
231 |
0920 |
2 |
GB |
¼ |
Bergen Nord 2 |
Askvoll/Holmedal IL |
232 |
0920 |
3 |
SMGA |
1/8 |
Askvoll/Holmedal IL 1 |
Bergsøy IL 1 |
233 |
0940 |
1 |
SMGA |
1/8 |
Solund IL |
Jølster IL 2 |
234 |
0940 |
2 |
SMGA |
1/8 |
Jølster IL 1 |
Førde IL 2 |
235 |
0940 |
3 |
SMGA |
1/8 |
Hovding IL |
Gaular IL 1 |
236 |
1000 |
1 |
SMGA |
1/8 |
IL Høyang |
Førde IL 1 |
237 |
1000 |
2 |
SMGA |
1/8 |
Tambarskjelvar IL |
Hyllestad IL |
238 |
1000 |
3 |
SMGA |
1/8 |
Gaular IL 2 |
Larsnes IL |
239 |
1020 |
1 |
SMGA |
1/8 |
Atløy IL |
Førde IL 6 |
240 |
1020 |
2 |
SMJA |
¼ |
Førde IL 1 |
Førde IL 7 |
241 |
1020 |
3 |
SMJA |
¼ |
Bergen Nord/Hovding 1 |
Tambarskjelvar IL |
242 |
1040 |
1 |
SMJA |
¼ |
Førde IL 6 |
Balestrand IL |
243 |
1040 |
2 |
SMJA |
¼ |
IL Høyang 1 |
Mauseidvåg og Solevåg IL |
244 |
1040 |
3 |
JA |
¼ |
IL Høyang 2 |
Bergsøy IL 1 |
245 |
1100 |
1 |
JA |
¼ |
Balestrand IL |
Askvoll/Holmedal IL 1 |
246 |
1100 |
2 |
JA |
¼ |
IL Høyang 1 |
Askvoll/Holmedal IL 2 |
247 |
1100 |
3 |
JA |
¼ |
Førde IL 1 |
Bergen Nord/Hovding 2 |
248 |
1120 |
1 |
GA |
¼ |
Dale IL |
Bergen Nord 1 |
249 |
1120 |
2 |
GA |
¼ |
Førde IL 1 |
Førde IL 2 |
250 |
1120 |
3 |
GA |
¼ |
Balestrand IL |
Solund IL |
251 |
1140 |
1 |
GA |
¼ |
Bergsøy IL 1 |
Florø SK |
Heile sluttspeloppsettet finn du på Førde Fotball sine heimesider
|
06.11.11 Tambarspelarar på fotballtur til Manchester

Manchester United si storstove: Andrè Sølvberg og Jørgen Helgheim fekk gutedraumen oppfylt
då dei i helga fekk oppleve laget "sitt" live. Her ser vi dei utafor Old Trafford.
I helga var to av Tambar-fotball sine gutespelarar, Andre og Jørgen, i Manchester. Denne gongen ikkje for å skrive kontrakt, men for å sjå kampen mellom United og Sunderland. Gutane har vore United fans sidan barnehagen, og no når dei går på idrettslina på Flora vgs, hadde dei venta lenge nok på å sjå laget sitt på nært hald.

Klar til kamp: Andrè og Jørgen har funne plassane sine på Old Trafford og ventar spent på
oppgjeret mellom Manchester United og Sunderland. Til venstre ser vi Helge Sølvberg.
Og i lag med 75 780 andre fans fekk dei sjå at laget deira vann 1 – 0 over Sunderland. Fin corner av Nani som traff ein Sunderland spelar og rett i mål. United hadde full kontroll, og anstrengte seg ikkje, men hadde likevel ein del flott sjansar, nokre vart redda på strek. Spanande var det.

Old Trafford: Manchester United og Sunderland varmar opp og er snart klar til kamp.
I tillegg feira klubben 25 år med Alex Fergusson som sjef. I ein liten sermoni før kampen fekk han eine langsida, North Stand, oppkalla etter seg. Den heiter no “Sir Alex Fergusson Stand”. Stor applaus og det var nok ein del United fans som hadde tårer i augene då. Det var eit unisont brøl då han kom på bana, enormt populær mellom fansen.

I spelartunnelen: Mange gode fotballspelarar har gått gjennom denne spelartunnelen på Old Trafford.
Dagen før kampen var gutane på omvisning på bana, og fekk prøvesitje plassane til Roony, Nani og dei andre i garderoben. Dei fekk og prøvesitje innbyttarbenkane, gå ut spelartunnellen og sjekke bana ut på nært hald.

I garderoben: Andrè og Jørgen har sett seg ned og prøvesitter plassen til Nani i garderoben til
Manchester United.
Det som toppa besøket var at på flyplassen klokka fem om morgonen på veg heim, stod vi plutseleg i samme kø som Unitedspelaren Antonio Vanencia. Han stilte opp på bilete med ein gong og var ein sympatisk kar. “Rein bonus” som nokre eldre karar ved sidan av formulerte det.
Nærkontakt med ein av heltane: På flyplassen traff Jørgen og Andrè Manchester United-spelaren
Antonio Valencia.
Det spørs om det blir lenge til neste tur..
|
03.11.11 Kampoppsett Førde Cup i Førdehuset er klart
.jpg)
Klart for Førde Cup: Andrè Sølvberg og Tambar Fotball sitt gutelag er klar for årets Førde Cup
i Førdehuset 11.-13.november. Her ser vi Andrè i aksjon under fjorårets Førde Cup.
Tambar Fotball stiller med 6 lag til årets Førde Cup i Førdehuset som vert arrangert fredag 11.november - søndag 13.november. Klubben stiller med 2 lag i småguteklassen, medan gutelaget, småjentelaget, jentelaget og junior herrer stiller med eit lag.
Fire av Tambar Fotball sine seks deltakande lag i fjorårets Førde Cup gjekk vidare til A- eller B-sluttspelet. Slik vart resultata:
| Klasse |
Finale |
H-Lag |
B-Lag |
Resultat |
| SMJB |
1/4 |
Balestrand 1 |
Tambar |
1-4 |
| SMGA |
1/8 |
Tambar 1 |
Førde 4 |
4-0 |
| JA |
1/4 |
Høyang 1 |
Tambar |
6-1 |
| GA |
1/4 |
Førde 7 |
Tambar |
2-3 |
| SMJB |
1/2 |
Vik |
Tambar |
0-1 |
| SMGA |
1/4 |
Høyang 2 |
Tambar |
1-0 |
| GA |
1/2 |
Balestrand 1 |
Tambar |
2-0 |
| SMJB |
B-Finale |
Gurskøy |
Tambar |
2-1 |
| GA |
Bronsefinale |
Tambar |
Førde 3 |
15-14 (str.sp.) |
Puljeoppsett Førde Cup 2011
Innleiande kampar Førde Cup 2011
|
01.11.11 Tambarspelarane gjer det godt på Bylaget

Seier og tap med bylaget: Tambarspelarane Daniel Grimset Kvalvågnes (f.v.), Martin Skilbrei og
Ola Rognebakke fekk mykje speletid og gjorde ein flott figur på Bylagsturneringa på Kaupanger
sist søndag.
Det vart eit tap og ein seier då Bylag Sunnfjord spela turnering på Kaupanger sist søndag. Med på laget til Sunnfjord sitt Bylag var Tambarspelarane Daniel Grimset Kvalvågnes, Martin Skilbrei og Ola Rognebakke, som fekk mykje speletid og fekk vist fram mange gode kvaliteter.
Tambar Fotball sin målgarantist på smågute- og gutelaget, Daniel Grimset Kvalvågnes, fekk vist fram sin spisskompetanse ved å score i både kampen mot Sogn og Nordfjord. Totalt scora han fire mål i desse to kampane, og er faktisk toppscorer etter den fyrste Bylagsturneringa i Sogn.
Resultat frå kampane til Bylag Sunnfjord:
Sogn-Sunnfjord 2-1 (1-1) |
0-1 |
Daniel Grimset Kvalvågnes |
1-1 |
Sjølvmål |
2-1 |
Sogn |
Sunnfjord-Nordfjord 5-2 (3-2) |
0-1 |
Nordfjord |
1-1 |
Daniel Grimset Kvalvågnes |
1-2 |
Nordfjord |
2-2 |
Daniel Grimset Kvalvågnes |
3-2 |
Sunnfjord |
4-2 |
Daniel Grimset Kvalvågnes |
5-2 |
Sunnfjord |
Ingen jenter frå Tambar Fotball deltok på Bylag Sunnfjord.
|
29.10.11 Tre Tambarspelarar uttekne på Bylag G97/98
.jpg)
Bilde: Ola Rognebakke
Tre spelarar frå Tambar Fotball er uttekne til Bylag Sunnfjord G97/98, og speler turnering søndag 30.oktober i Kaupanger mot Bylaga frå Sogn og Nordfjord. Spelarane frå Naustdal er Martin Skilbrei, Daniel Grimset Kvalvågnes og Ola Rognebakke. I tillegg til desse er Tambarspelarane Dan Joar Vårdal Høyås og Simon Indrekvam heimeverande reserver, og blir tekne med i troppen ved behov.
Vi gratulerer med uttaket og ynskjer gutane lukke til.
|
26.10.11 Solid sesongavslutning for smågutelaget

Avdelingsvinnar: Smågutelaget leverte ein solid haustsesong og vart avdelingsvinnarar.
Smågutelaget spelte ein god kamp då dei avslutta sesongen med heimekamp mot Askvoll/Holmedal sist mandag. Trenar Ivar Longvastøl har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Smågutelaget spelte årets siste seriekamp på eige kunstgras måndag kveld. På motsett banehalvdel stod Askvoll Holmedal som brukar å yte god motstand.
"Spille ball, spille ball, spille ball,,," var meldinga frå trenar Per Øyvind i garderoben.
Og gutane, og vår dyktige jente, Iris, gjorde som dei fekk beskjed om.
Heimelaget hadde full kontroll på kampen, men det tok si tid før overtaket resulterte i scoringar, men når det først løsna så kom også måla.
Heile 7-1 til slutt, og i denne kampen fekk ikkje gjestene låne ballen mykje.
Tambarskjelvar har levert ein solid haustsesong og vunne si avdeling i 2. divisjon suverent. No ventar Førde Cup innandørs 11.-13 november.
Målscorarar mot Askvoll Holmedal: Marius (3), Daniel (2), Simon og Ola R (straffe).
Daniel, Ola R og Martin (97 mod.) og Simon og Dan Joar (98 mod.) representerte klubben på bylagssamling i Naustdal onsdag. "
|
24.10.11 Siste kamp for sesongen
220511Jubel.jpg)
Sesongavslutning: Smågutelaget avslutter årets fotballsesong med kamp mot Askvoll/Holmedal
på Naustdal stadion i kveld.
Siste kamp på Naustdal stadion i årets fotballsesong vert spelt i kveld, då Tambar Fotball sitt smågutelag møter Askvoll/Holmedal til kamp kl.19.15.
Smågutelaget ligg på toppen av tabellen i 2.divisjon avd.2 før denne kampen, og sikrar seg avdelingsvinnartittelen med seier mot AHIL i kveldens kamp.
Sjå tabell
|
21.10.11 Gutelaget vann 5-2 mot Dale

Gutelaget: Tambar Fotball sitt gutelag vann torsdag kveld 5-2 mot Dale.
Tambar Fotball sitt gutelag gjekk opp i leiinga tidleg i første omgang, då laget møtte Dale til kamp på Naustdal stadion torsdag kveld. Dale utligna til 1-1 omlag midtvegs i omgangen, noko som holdt seg til pause i ein jamnspelt 1.omgang.
Tambar var det førande laget i andre omgang. Laget gjekk opp i både 2-1 og 3-1, før gjestane reduserte kort etter til 2-3. Utover kampen vart det noko amper stemning mellom spelarane på dei to laga, og kveldens dommar, Nils Paulen, hadde nok å henge fingrane i. Tambar scora ytterliggare to mål i denne omgangen, og vann dermed kampen 5-2.
Tambar stilte med eit ungt lag i denne kampen på grunn av mange fråfall, der Elias og Marius (1999) fekk sin debut på gutelaget.
Måla til Tambar vart i kveld scora av Andrè Sølvberg (3) og Daniel Grimset Kvalvågnes (2).
|
18.10.11 Miniputtane avslutta med fotball og pølse

Miniputtane avslutta sesongen: Mange av miniputtane deltok på avslutninga på stadion i kveld. Her er dei klar for premie-
utdelinga.
Nesten 50 miniputtar møtte til sesongavslutning på Naustdal stadion i kveld. Sjølv om det vart ein noko fuktigt og kjølig markering av at fotballsesongen no sluttar av, såg det ut til dei fleste av ungane hadde det kjekt ilag. Spelarane vart delt inn i lag og det vart spelt kampar på fem baner, før ei fortent matøkt vart servert frå kiosken. Kvelden vart avslutta med premieutdeling til alle spelarane.
Pølsefest: Pølsene gjekk unna i "Vaffelbua" i kveld.

Høgtidleg: Det var høgtidleg utdeling av premiane i kveld, der leiar for Tambar Fotball, Bjørn
Hundershagen, tod for utdelinga. Til høgre styremedlem Gunn Steindal som i kveld hadde teke på
seg rolla som "tause Birgitte".
Fleire bilder finn du her
|
17.10.11 Såg du Chelsea-supportaren frå Naustdal på TV ?

I sitt rette element: Sturle, her i rett bekldning, kom inn i stovene våre
via TV-apparatet i kveld.
Nordmenn toppar lista over turister som reiser til England for å sjå fotball. Så mykje som ein av ti utenlands-turistar på engelske Premier League-tribunar er fra Norge.
Nokre av dei er også frå Naustdal, og i kveldens sportssending på NRK kunne vi sjå og høyre Chelsea-supporter Sturle Standal som hadde med seg heile familien. Og sturle har planar om foballtur til England minst ein gong i året.........
Fekk du ikkje sjå innslaget på NRK i kveld, kan du kikke på det ved å fylje linken under.
Sturle på fotballtur til England
|
17.10.11 Uavgjort for småjentene i KM-sluttspelet mot Eid

Scora to mål mot Eid: Iris Aase laga to mål då småjentelaget spelte uavgjort 3-3 i den andre kampen
i KM-sluttspelet. På bildet ser vi Iris då laget spelte mot Hafslo i den fyrste kampen i KM-sluttspelet.
Tambar Fotball sitt småjentelag spelte søndag den andre og siste kampen om KM-tittelen, då dei møtte Eid borte på Nordfjordeid. Kampen enda uavgjort 3-3, noko som betyr at Tambarlaget ikkje har sjanse til å hente KM-pokalen heim til Naustdal i år. Den kampen står mellom Eid og Hafslo, der Hafslo har det beste utgangspunktet før kampen mellom desse to laga vert spelt komande helg.
Jentene på Tambar sitt småjentelag, og trenar Jan Magne Langedal, har all grunn til å være nøgd med årets sesong. Laget gjekk gjennom sesongen med berre eit tap, og med litt meir tur i første kampen i KM-sluttspelet kunne pokalen blitt henta til Naustdal. Trenaren har sendt oss denne rapporten frå den siste kampen mot Eid:
KM sluttspel småjenter: Eid-Tambar 3-3. Tambar hadde eit dårleg utgangspunkt i kampen på Eid søndag, etter det sure tapet mot Hafslo, sist laurdag vann som kjend Hafslo 5-2, i ein kamp der Tambar lett kunne ha kapra poeng.
Eid hadde initiativet i starten, og kom til ein del sjansar, utan å få utteljing. Men etter kvart skjøna Tambar-jentene at med innsats, så var Eid ein overkommeleg motsandar. Og då Iris tok ansvar, drog av nokre Eid-jenter, og banka ballen opp i hjørnet, så kom trua på at dette kunne gå. I tillegg hadde Martine eit skot på undersida av tverrleggjaren. Diverre gjekk ballen ned på streken, og ikkje inn i mål.
Vi gjekk til pause med 1-0 leiing.
Så kom utlikninga til 1-1, der vi var litt avventande, og ikkje greidde å klarere. Heimelaget gjekk opp til 2-1, då ei Eid-jente fekk god treff og løfta ballen opp i hjørnet. Men Tambar-jentene hadde ikkje gitt opp. Dei kjempa seg inn att i kampen, og Iris kunne utlikne til 2-2. Etter dette skapte Naustdals-jentene eit vakkert angrep, som diverre ikkje gav teljande resultat.
Så kom nok eit billig Eid mål, og vi låg under 3-2. Men i dag skulle vi ha poeng, og då Iris fann Marie med ei utsøkt pasning, var det berre å setje foten til, og det stod 3-3. Glimrande jobba jenter.
Jentene skal ha ros for å ikkje gi opp i denne kampen, då vi låg under to gongar. Og med litt hell kunne vi ha tatt med alle poenga heim.
No har vi møtt avdelingsvinnarane i Sogn og Nordfjord, og spelar jamt med begge laga. Berre så synd at vi ikkje ha fått utteljing på dei mange sjansane våre.
Takk for ein fin sesong, jenter. Neste happening er Førdecup innandørs, 11-13 november. Då få vi sjå om vi er like gode på parketten.
|
16.10.11 Jacob debuterte med godt spel mot Fana

Debuterte i 3.divisjon: Jacob Storevik imponerte stort då han lørdag debuterte i 3.divisjonskampen
mot Fana. Her ser vi han i kamp for Tambar Fotball sitt gutelag mot Jølster på Naustdal stadion
i vår.
Tambar Fotball sin tidlegare målvakt på gute- og seniorlaget, Jacob Storevik, debuterte lørdag ettermiddag for sin nye klubb Florø. Laget spelte bortekamp mot topplaget Fana, der Jacob spelte ein svært god kamp trass i at Florø måtte gå av bana med 1-3 tap.
Livesida til Firda.no skriv fyljande om debuten til Jacob: For Florø imponerte den debuterande keeperen Jacob Storevik, mellom anna med ei feberredning i 2.omgang. Ein keeper med god rekkevidde.
Som sikkert dei fleste veit, sikra Florø plassen i neste års 3.divisjon etter at dei vann 5-2 mot Tertnes tidlegare i veka.
|
14.10.11 Melding frå banestyret

Lys på stadion: Det blir ofte gløymt å slå av lysa på stadion etter treningar.
Etter at lyset på stadion stadig vekk blir "gløymt" å slått av, har banestyret måtte gjere grep for å få slutt på at lysa står på døgnet rundt. Leiar for banestyret har sendt ut fyljande melding:
Nøkkel til klubbhuset er fjerna frå nøkkelskap, då det viser seg at "alle" kan koden, mens tilliten stadig vert broten ved at ansvaret med å slukke og låse ikkje er der.
Banelys vert heretter kun nytta på "auto" og brukarane får forhalde seg til det.
Fotballgruppa, trenarar og banemannskap nyttar sjølvsagt lyset etter behov - men den som set lysa på "manuelt" har ansvar for å slå tilbake til "auto"!
Helsing leiar banestyret.
|
14.10.11 Avslutning for miniputt-laga

Sesongavslutning: Tambar Fotball arrangerer avslutningskveld for miniputt-laga på Naustdal
stadion tirsdag 18.september.
Tambar Fotball inviterer alle miniputtspelarar ( G/J 2004-2001 ) som har delteke på ein eller fleire Kongleriket Cup i år + foreldre og trenarar/lagleiarar til avslutning på Naustdal stadion tirsdag 18.september kl. 17.30.
Program for kvelden:
17.40-18.00 Treningskampar
18.00-18.20 Matøkt frå kiosken
18.20 Premieutdeling for årets sesong
18.40-19.00 Treningskampar
Om været blir dårleg, blir avslutninga i hallen. Programmet vil då bli noko annaleis.
Trenarar/lagleiarar møter kl.17.00 for å klargjere baner.
|
08.10.11 Tambarjentene tapte 1.kamp i KM-sluttspelet

Tøffe jenter frå Hafslo: Småjentespelarane frå Hafslo gav Tambar meir kamp enn dei hadde
ynskja, og var fysisk sterke. Her er Elly i duell med ei av Hafslospelarane.
I glimrande spelevær var det i dag duka for fyrste kamp i KM-sluttspelet i småjenteklassen mellom Tambar og Hafslo, der laga vart vinnar i henholdsvis avdeling 2 og avdeling 1.
Det var Tambarjentene som starta kampen best og kom til mange sjansar dei fyrste 20 minutta. Berre ein god Hafslokeeper og utur frå avsluttarane til Tambar, hindre at gjestane låg under med både to og tre mål.
I den gode Tambarperioden fekk Sognelaget sin fyrste scoring, noko som endra kampbildet noko. Dei fysisk sterke jentene frå Hafslo fekk meir kontroll på jentene frå Naustdal, og scora like godt to mål på rappen og såg ut til å kunne gå til pause med ein trygg 3-0 leiing. Men eit hardt og vèlplassert frispark frå Iris på tampen av omgangen, hadde ikkje den gode keeperen til Hafslo noko muligheit til å redde, og laga kunne gå til pause med 3-1 til gjestane.
Det vart ny spenning i kampen då Iris på ny var frampå med ei fin scoring. Ho fekk gå fram på høgrekanten og fekk perfekt treff frå 15-16 meter. Med ballen i nota og stillingen 2-3, såg det no lysare ut for Tambar.
Men Hafslo ville det annaleis, og gjekk opp i 4-2 leiing ikkje lenge etter Tambar-reduseringa. Etter dette bølga speltet fram og tilbake på dei to spelehalvdelane, der Tambar fort kunne sett inn fleire mål på dei mange sjansane sine. Men igjen var det gjestane som var frampå og scora, den siste kom berre sekundar før dagens dommer, Vithusan Puthi, frå Florø bles av kampen.
Dermed var det Hafslo som kunne juble etter å ha slått heimelaget 5-2, og som har teke eit steg nærmare KM-tittelen.
Tambar møter Eid på Nordfjordeid neste helg i den 2.KM-sluttspelkampen. Denne må laget vinne, helst med mange mål, om dei skal ha noko sjanse til å bli kretsmeister i år.
Vi gratulerer Hafslo med seieren i dag, og Tambarjentene med god innsats som gjorde at dette vart ein flott og spennande kamp på Naustdal stadion.
Hafslojubel: Hafslospelarane kunne juble etter å ha vunne 5-2 mot Tambarjentene. I bakgrunnen
skimtar vi ein fortvila Tambartrenar.
Fleire bilder frå kampen
|
Leitar du etter stoff som har vore publisert på sida ? KLIKK HER

|
_______________________

Handelshuset nord 2.et
57 83 37 37
_______________________
Handelshuset sør 2.et
57 72 05 80
_______________________
Handelshuset nord 1.et
57 83 26 97
_______________________

_______________________

_______________________
.jpg)
_______________________
.png)
_______________________

_______________________


_______________________
_______________________
A-sponsor Naustdal stadion |
_______________________

_______________________

_______________________

Info om bygda Naustdal
|