26.09.10 Vellukka Bendit Cup-helg

God innsats: Mange gode kampar på stadion i dag. Her frå ein kamp mellom Tambar og eit Førde-
lag i klasse G11.
Tambar Fotball har på ny arrangert ei flott Bendit-turnering på Naustdal stadion. Med været som viste seg frå si beste side, vart det ei helg der både spelarar, trenarar, foreldre og andre som var til stades såg ut til å kose seg. Nokre lag vann alle sine kampar og nokre tapte sine kampar. Men alle vart alikevel vinnarar, der spelarane fekk sine velfortente Bendit-effektar og medalje som bevis på god innsats.

Tilskodarar: Rundt banene stod tilskodarane og heia laga fram.

God innsats: Det var ikkje noko å sei på insatsen ute på kunstgraset.
Bilder (Slideshow) Bendit Cup søndag.
Bilder (Slideshow) Bendit Cup lørdag.
Alle bilder frå Bendit Cup lørdag.
Alle bilder frå Bendit Cup søndag.