Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

Bendit Cup Naustdal 24.-25. september 2011

Tambarskjelvar IL, fotball, inviterer med Dette til Bendit Cup på Naustdal stadion 24.-25. september 2011. Dette er 5.året på rad Tambarskjelvar blir tildelt arrangementet, som er for gutar og jenter i alderen 6-12 år.

14.09.11 Heile 70 lag påmeldt til Bendit Cup


Mange lag til Bendit Cup: Heile 70 lag er påmeldt til Bendit Cup i Naustdal. På bildet ser vi ivrige
spelarar i aksjon under turneringa på Naustdal stadion i fjor.

Nok ein gong kan Tambar Fotball konstantere at Bendit Cup er ein populær cup for spelarar i alderen 6-12 år. Då påmeldingsfristen gjekk ut ved midnatt var heile 70 lag påmeldt, til cupen som går av stabelen 24.-25. september, noko fotballgruppa er svært nøgd med.

Laga til årets Bendit Cup i Naustdal kjem frå klubbane Tempo, Florø, Gaular, Jølster, Hyllestad, Førde og Tambarskjelvar.

24.09.11 Flott Bendit Cup-dag på Naustdal stadion


Bendit Cup 2011: Det var folksomt på Naustdal stadion då fyrste dag av Bendit Cup vart
arrangert i dag.

Det vart ein lang og kjekk dag for dugnadsgjengen då fyrste dag av Bendit Cup vart arrangert på Naustdal stadion. Allerede kl.09.00 vart fyrste kampen blåst igang og fyrst kl.17.00 kunne dommarane og dugnadsfolket ta kvelden.

Mange nøgde fotballspelarar mottok sin fortente premie etter mange flotte kampar, der premiar frå Bama og medalje frå arrangøren såg ut til å falle i smak. Og når til og med regnet holdt seg unna stadion i dag, vart dette ein dag vi hadde håpa på.

I morgon fortset Bendit Cup med dei eldste klassane, der fyrste kampen starter kl.10.00.


Frå premieutdelinga.


Ekte gull. eller...?


Førdejenta jublar etter at ho nettopp har scora.


På tide å gjere seg klar til kamp?


Mange bilder vart tatt av fotballheltane på stadion i dag.

 

05.10.11 Bilder frå Bendit Cup

Bildene frå Bendit Cup i Naustdal 24.-25.september er no klare.

Sjå bilder frå Bendit Cup lørdag 24.september 2011
Sjå bilder frå Bendit Cup søndag 25.september 2011

 

 

 

 

 

 

     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net