| |
14.09.11 Andreas scora då Tambar tapte mot Anga
.jpg)
Scora mot Anga: Anreas Vatne
Tambar tapte 5-1 mot Anga då laga møttes i 6.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion tirsdag kveld. Gjestane frå Førde avgjorde meir eller mindre kampen i fyrste omgang og kunne gå til pause med ein 4-1 leiing. Tambar sitt mål vart sett inn av Andreas Vatne kort tid før kampen var halvspelt, og scora dermed sitt fyrste mål i 6.divisjon.
Med seieren i kveld er det klart at Anga vinn 6.divisjon avdeling 2, og får spele kvalifisering om retten til å spele i 5.divisjon frå neste sesong.
|
30.08.11 A-laget tapte heimekampen mot Florø 3
 290811(2).jpg)
Tap for Tambar sitt 6.divisjonslag: Tambar måtte gå av bana utan poeng i kveldens kamp mot
Florø 3. På bildet er laget frå Florø frampå, utan å få utteljing her.
Med to kjappe scoringar til Florø 3 i starten av kampen vart det vanskeleg for Tambar mot eit Florølag med fleire fotrappe spelarar. Tambar kan takke sin sisteskanse, Stian Hammarset, for at gjestane ikkje klarte å score fleire mål i denne omgangen. I andre enden vart det ein heller roleg omgang for Florøkeeper Jacob Storevik, der vi berre kunne registrere nokre få halvsjanser til Tambarlaget. Laga gjekk til pause med leiing 2-0 til Florø.
Andreomgangen vart enno meir sjansefattig enn fyrste omgang, der Tambar demma godt opp mot dei få Florøangrepa. Tambar vart meir hissige framover utover omgangen, utan at laget klarte å sette Florøkeeperen på så mange prøver.
Dei to scoringane i andre omgang kom heilt på tampen av kampen, der Florø gjekk opp til 3-0 etter at ein Tambarspelar var uheldig å sette ballen i eige mål. Ekspertpanelet på sidelinja meiner at ein Florøspelar var i klar offside i forkant av scoringa, og at målet burde bli annulert. Tambar sitt mål vart scora 10 sekunder før dommaren bles av kampen. Jonas Paulen fekk æren av å sette inn trøstemålet til heimelaget, etter at han klinka den kontant i mål. Dermed måtte Tambarspelarane innsjå at Florø kunne innkasere tre poeng og ein 3-1 seier.
Målscorer: Jonas Paulen vart einaste Tambarscorar i kveldens kamp mot Florø 3. Her ser vi Jonas
i kamp med Florøspelarane.
|
16.08.11 Tambar tapte 6-2 mot Tempo

Duell: Det vart vanskeleg for Tambarspelarane å ta Tempo på fysikken. Her ser vi Kristoffer
Hammarset i duell med ein Tempoforsvarer i kveldens kamp på Naustdal stadion.
Det vart ein jamnspelt kamp då Tambar og Tempo møttes i 6.divisjonsoppgjeret på Naustdal stadion i kveld. Men personlege feil frå mange av Tambarspelarane gjorde at det var Tempo som kunne gå av bana med 3 nye poeng.
Temposcora dei to fyrste måla i kampen og leda 2-0 midtvegs i fyrste omgang. Tambar reduserer med eit fint langskot frå Henrik Aase som går i mål via ein Tempospelar. Tambar hadde no muligheit til å kome tilbake i kampen, men Tempo var frampå og la på til 3-1 like etter Tambarreduseringa.
4-1 står det i målprotokollen då Tambar rullar opp eit fint angrep og Joar Vefring får ei lissepasning like utafor 16 meteren. Med klokkereint treff går ballen tilside for ein utspelt Tempokeeper og i mål, og 2-4. Dette var også pauseresultatet.
I andre omgang fekk vi sjå to scoringar på stadion, begge til Tempo, som kunne reise vestover med 6-2 seier og tre poeng.
Scora mål: Joar Vefring i farten, som scora eit fint mål i kveld.

Raggen: Evigunge Ragnar Åmot hadde full kontroll som pipeblåser i kveld. Mange av spelarane
pådrog seg gult kort i kveldens kamp, i tillegg til raudt kort til ein Tempospelar.
|
14.06.11 Uavgjort for både gutelaget og A-laget

Poengdeling for gutelaget: Tambar spelte i kveld 2-2 mot Førde 2, der Anders Aase (t.v) scora
eit av måla til heimelaget. Nikolai Stølsvik (t.h) tok sporty rolla som keeper i kveldens kamp.
Bildet er henta frå ein kamp tidlegare i år.
Gutelaget spelte i kveld sin siste kamp for vårsesongen, då dei møtte Førde 2 på Naustdal stadion. Med fråvær av lagets sisteskanse, tok Nikolai Stølsvik sporty på seg rolla som keeper i kveldens kamp, ei oppgåve han mestra svært så godt, ifylje lagets oppmann Helge Sølvberg.
Rett nok måtte han sjå to ballar bak seg, ein i fyrste og ein i andre, der Førde 2 gjekk opp i 1-0 i fyrste omgang. Med ei utligning av Daniel Grimest Kvalvågnes gjekk laga til pause med 1-1.
Også i andre omgang var det Førdelaget som scora fyrst, og gjekk opp i ei 2-1 leiing. Anders Aase var frampå for Tambar midtvegs i omgangen og fastsette resultatat til 2-2, i ein omgang heimelaget hadde nok sjanser til å avgjere kampen til sin fordel.
A-laget leda 2-0 til pause mot Svelgen på Naustdal stadion i kveld, men måtte sjå at Bremangerlaget stjal med seg det eine poenget ved full tid.
Tambar fekk ein god start på kveldens kamp, der Kristoffer Hammarseth var frampå og scora sikkert tidleg i fyrste omgang. Tambar var det beste laget i fyrste omgang, og skape ein god del sjanser framfor Svelgenmålet. Men det vart med den eine scoringa til Kristoffer, og laga gjekk til pause med 1-0 til Tambar.
I andre omgang forsette heimelaget med bra innsats ute på bana, og omlag midtvegs ut i andre omgang var Kristoffer frampå med sin andre scoring for dagen. Med eit flott gjennomspel av Roger "Strekken" Edvardsen kunne Kristoffer enkelt sette ballen i mål bak Svelgenkeeperen.
Det såg no lyst ut for eit Tambarlag som hadde vore hakket bedre enn gjestane gjennom heile kampen. Men då Svelgen var frampå og reduserte kvarteret før slutt, skifta kampen noko karakter. No var det brått Bremangerlaget som hadde fått blod på tann og pressa Tambar på deffansiven dei siste minutta. Og presset til gjestane gav resultat, då dei fem minuttar før kampslutt passerte ein utrusande Tambarkeeper og sette ballen enkelt i mål.
Dermed enda kampen 2-2, eit resultat Svelgen må være godt nøgde med.
Ekspertpanelet på sidelinja kåra Tambar sin keeper, Joar Vefring, til banas beste !
|
31.05.11 Tambar tapte 1-3 mot Anga

Tap: A-laget måtte tåle tap i kveldens kamp mot Anga. Her ser vi Kristoffer Hammarset på veg
gjennom Angaforsvaret.
Tambar tapte 1-3 då laget i kveld møtte Anga i 6.divisjonens avdeling 2 på Naustdal stadion. Til pause var stillingen 2-0 til gjestane.
Anga var det beste laget i fyrste omgang, og laget gjekk tidleg opp i leiinga med 1-0. Tambar var på nokre visittar framfor målet til Anga, men klarte ikkje skape dei heilt store sjansane i denne omgangen. Istadenfor var det gjestane frå Førde som var frampå og auka leiinga si til 2-0, noko som også var pauseresultatet.
Andre omgang starta med nok ei tidleg scoring til Anga, etter at Tambarforsvaret ikkje var kjappe nok i ballavklaring og ein Angaspelar kunne upressa få plassere ballen bak Jacob i Tambarmålet.
Tambar heva seg nokre hakk utover i andre omgang, og pressa Anga i periodar bakover på bana. Med kvarteret igjen å spele, vart Kristoffer Hammarset felt då han var på veg gjennom gjestane sitt forsvar. Dommaren peika korrekt på straffemerket. Henrik Aase var sikker då han sette straffa til venstre for Angakeeperen og i mål.
Det var ikkje noko spesiellt god kamp av nokre av laga, der ein Angaspelar var i offside på sitt andre mål, og der Tambar i andre omgang kunne ha putta både eit og to mål med litt bedre tur og dyktigheit.
6.div avd.2
Tambar-Anga 1-3 (0-2)
0-1 Anga
0-2 Anga
0-3 Anga
1-3 Henrik Aase (str)
Andre resultat frå 6.div avd.2: Florø3-Atløy 6-1, Svelgen-Tempo 0-8.
Sjå Tabell
.jpg)
Tambar-Anga: Ein spelar frå Anga får avslutta, men ballen hamna over målet til Tambarkeeperen.
|
22.05.11 A-laget spelte uavgjort 2-2 borte mot Atløy
.jpg)
Scora for Tambar: Henrik Hundershagen og Henrik Aase scora Tambar sine mål mot Atløy.
Tambar Fotball sitt A-lag hadde berre elleve spelarar tilgjengeleg då laget spelte borte mot Atløy søndag ettermiddag.
Henrik Hundershagen scora Tambar sitt fyrste mål då laget tok leiinga 1-0 i fyrste omgang. Atløy utligna i same omgangen og stillinga til pause var 1-1.
Omlag ein halv time spel ut i andre omgang går Tambar på ny opp i leiinga, då Herik Aase får stjernetreff på eit frispark frå omlag 20 meter. Ballen sit klistra i vinkelen bak Atløykeeperen som høyrer berre nettsusen bak seg.
På slutten av kampen får Tambar Villy Engebø skada. Og med null innbyttere for Tambarlaget utnyttar vertane situasjonen og klarer å utligne Tambar si leiing. Dermed endar kampen med 2-2 og uavgjort, der Tambar sansynlegvis tapar seieren på grunn av mangel på innbyttere. Det må også nemnast at Tambar i dag ikkje hadde med keeper til kampen, men to utespelarar stod i mål i kvar sin omgang.
6.div avd 2
Atløy-Tambar 2-2 (1-1)
0-1 Herik Hundershagen
1-1 Atløy
1-2 Henrik Aase
2-2 Atløy |
Andre resultat: Tempo-Anga 3-4
Meir om kampen finn du på seniorane sin blogg.
_____________________________________________________________________
|
03.05.11 Seniorane åpna med seier i dramatisk kamp

Full pott: Espen Langedal og seniorane fekk ein god start på sesongen med seier mot Svelgen
i kveldens kamp. Til høgre på bildet ser vi Villy Engebø. Arkivfoto.
Tambar Fotball sitt seniorlag fekk ein god start på sesongen, då dei i kveld møtte Svelgen på bortebane. Iben Munkvold vart Tambarspelaren som fekk æra av å sette inn det fyrste målet for laget denne sesongen, då han var frampå og gav Tambar 1-0 leiing.
Etter Iben og Tambar si fyrste scoring var Kristoffer Hammarset frampå og gjorde 2-0, og alt såg svært så lyst ut for det unge Tambarlaget. Men etter den gode starten og der Tambar var det beste laget, tok Svelgen etterkvart meir over banespelet og var frampå både ein og to gonger før pause. Dermed var stillinga 2-2.
I andre omgang fortsette Svelgen der dei slapp i slutten av fyrste, og med to scoringar til vertane leia dei plutselig 4-2. På denne stillinga får Tambar tildelt straffe, ei straffe som endar utafor Svelgenmålet.
Men laget frå Naustdal hadde på ingen måte gitt opp, og då Steffen Grytten reduserer til 3-4 blir det på ny spenning i kampen. Med eit frispark frå omlag 25 meter klarer Henrik Aase å lure Svelgenkeeperen og Tambar har utligna til 4-4.
Jacob Storevik blir kreditert Tambar sitt siste må, då han med eit lang utspark som endar med ein ball Joar Vefring og ein Svelgenforsvarar kjempar om. Ballen endar mellom Joar, forsvarer og Svelgenkeeper og trillar inn i det åpne målet, og Tambar har på ny teke leiinga i kampen, med 5-4.
Fleire mål vart det ikkje i kampen, og Tambar kunne returnere til Naustdal med sesongens fyrste seier og 3 poeng !!
6.divisjon avd.2
Svelgen-Tambar 4-5 (2-2)
0-1 Iben Munkvold
0-2 Kristoffer Hammarset
1-2 Svelgen
2-2 Svelgen
3-2 Svelgen
4-2 Svelgen
4-3 Steffen Grytten
4-4 Henrik Aase
4-5 Jacob Storevik
Andre resultat frå 6.div avd.2 i kveld: Florø 3-Tempo 3-1.
Eit meir fyldig refferat frå kampen finn du litt seinare på Bloggen til Espen og seniorfotballen.
_____________________________________________________________________
|
26.04.11 Torgeir klar for ny sesong

Klar til sesongstart: Torgeir Herstad og seniorlaget startar sesongen tirsdag 3.mai mot Svelgen.
Komande tirsdag sparkar Tambar Fotball sitt seniorlag sesongen igang, og reiser til Svelgen der dei forhåpentlegvis kan returnere heim til Naustdal med årets fyrste trepoengar.
Som kjent tok fjorårstrenarane, Joar Vefring og Espen Langedal, på seg trenargjerninga også denne sesongen og har i år mange unge spelarar i troppen. Blandt anna vil mange spelarar frå gutelaget få sjansen til spel i 6.divisjon, der trenarane melder om hard konkurranse om plass på årets lag.
Med mange unggutar i årets stall, finn vi også spelarar som etterkvart er blitt noko meir vaksne og som dreg snittalderen på laget opp. Ein av dei er Torgeir, som kan skryte på seg å være den eldste spelaren på årets Tambarlag. Hans rutine og pondus vil sikkert kome til nytte utover i sesongen, og vi veit at han har trena godt gjennom heile vinteren.
Seniorlaget har spela tre treningskampar i vinter/vår, der kampane har gitt fyljande resultat: Tambarskjelvar - Førde 3 8-2
Tambarskjelvar - Sunnfjord Folkehøgskule 1-2
Tambarskjelvar - Hyen 5-2
Fyrste heimekamp er mot Florø 3 og blir spelt på Naustdal stadion 10.mai kl.19.00.
_____________________________________________________________________
|
06.04.11 Storseier til seniorane mot Førde 3

Scora mot Førde 3: Kristoffer Hammarseth for seniorane scora i treningskampen mot Førde 3 på
Naustdalstadion i går kveld. Bildet er frå ein gutekamp på stadion sist sesong.
Tambar Fotball sine seniorar spelte sin fyrste treningskamp for året i går kveld og vann heile 8-2 mot Førde 3.
Ifylje spelande oppmann for laget, Espen Eithun Langedal, spelte laget tidvis fin fotball med variert pasningsspel og mange gode bevegelser rundt ballførar. Oppmannen seier at det blei ein litt rotete kamp med så mange bytter, der alle spelarane skulle få prøve seg i denne treningskampen.
Blandt målscorarane finn vi lagets trenar, Joar, som lager Tambar sitt fyrste mål. Henrik Aase blir beskreven som dominerande på Tambars midtbane, og scorar i tillegg hat-trick.
Kampfakta:
Tambar-Førde3 8-2 (4-0)
1-0 Joar
2-0 Andreas
3-0 Henrik Aase
4-0 Henrik Aase
4-1 Førde 3
4-2 Førde 3
5-2 Anders
6-2 Andrè
7-2 Kristoffer
8-2 Henrik Aase
Desse spelte på Tambar: Jacob, Bjørnar, Anders Aase, Espen, Torgrim, Andreas, Henrik Hunders, Henrik Aase, Andreas, Kristoffer, Joar, Iben, Jonas, Rune Martin, Steffen, Anders Savland, Ole Jonny, Tor, Joachim, Endre
_____________________________________________________________________
|
18.03.11 Espen og Joar trenere for A-laget

A-lagstrenere: Espen Eithun Langedal og Joar Vefring får ansvaret for Tambar Fotball sitt 6.divisjon-
lag i årets sesong.
Espen Eithun Langedal og Joar Vefring går på nòk ein sesong som trenarar for Tambar Fotball sitt seniorlag, som i år speler i 6.divisjon avd.2.
Duoen hadde også ansvaret for A-laget sist sesong, der laget hamna på ein 4.plass i avdelinga ved sesongslutt. I år stiller laget med mange unge spelarar, der fleire av klubbens gutespelarar vil få sin debut på seniornivå. I tillegg er ein del av spelarane frå fjorårets lag også med denne sesongen, der nokre av dei hevar snittalderen i laget betraktleg.
Trenarduoen har pr.idag omlag 18-20 spelarar tilgjengeleg, men ynskjer fleire spelarar velkomen til å være med på laget. Trenarane har som mål å få ei stabil og treningsvillig spelargruppe som kan danne grunnlaget for ein flott sesong i Tambardrakta, der det vert kamp om plassane om å få spele på årets seniorlag.
A-laget har treningar på kunstgraset tirsdagar og torsdagar, og spelar sin fyrste kamp for sesongen borte mot Svelgen 3.mai. Fyrste heimekamp er mot Florø 3 den 10.mai.
|
|