Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

SSF Tambar Cup 2010
Klasse 2002, 2001, 2000, 1999, 1998.

20.03.10 Bilder frå SSF Tambar Cup, lørdag

Dagens SSF Tambar Cup er unnagjort, der lag frå klassane 2000, 2001 og 2002 spelte kampar i hallen frå tidleg morgon til nesten seine kvelden.

Lagbilder av laga frå dagens SSF Tambar Cup kan du sjå og laste ned HER.

Andre bilder frå cupen i Naustdalshallen i dag, finn du HER.

21.03.10 Bilder SSF Tambar Cup, søndag


Bilde: Tambar sine gutar i klassen 1998 jublar etter scoring i dagens SSF Tambar Cup.

Tambar Fotball har nok ein gong gjennomført ei flott cuphelg i Naustdalshallen, og avslutta i dag med kampar i klassane 1998-1999. Og med gode tilbakemeldingar frå deltakarar og leiarar har arrangementkomiteèn grunn til å være nøgd. Og uten den gode dugnadsånda frå foreldre til dei ulike Tambarlaga hadde det vore umogeleg å få til eit så flott arrangement.

Lagbilder frå samtlege lag frå dagens cup kan du sjå og gjerne laste ned HER.

Andre bilder frå dagens SSF Tambar Cup finn du HER.

Vil du sjå fleire bilder av laga? Klikk her.

 

SSF Tambar Cup 2010
Klasse 1997, 1996, 1995, 1994.

23.01.10 SSF Tambar Cup: Førde 1 og AHIL vann finalane


Bilde: Førde 1 vart vinnar i småguteklassen i dagens SSF Tambar Cup. Her viser kaptein på Førde 1
sitt vinnarlag fram beviset på det.

Tambar Fotball fekk god pokalfangst under fyrste dag i årets SSF Tambar Cup, då dei kunne ta med seg tre pokalar i smågute- og småjenteklassen. Men dei klarte ikkje å klatre heilt til topps i nokon av klassane, men to tredjeplassar og ein andreplass bør laga være nøgde med.

I småguteklassen var det Førde 1 som til slutt kunne juble for seier i årets SSF Tambar Cup, etter ein jamn og spennande kamp mot Vik vann Førdianarane 4-3. Etter at Førdelaget gjekk opp i 2-0 tidleg i kampen, kjempa Vik seg innatt og snudde kampen til 3-2, der Førde 1 utligna like før kampslutt. Dermed gjekk finalen til speleforlenging, og der drog altso Førde 1 det lengste strået.

I bronsefinalen møttest Førde 3 og Tambar 1, der Tambarlaget vann ein fortent 2-1 siger.

I småjenteklassen var det lite tvil om kor seieren ville hamne, då Asvoll/Holmedal og Tambar 1 møttest i finalen. Laget frå Askvoll viste seg å være i sterkaste laget, og kunne til slutt gå av bana med konfortable 6-0. På bronseplass kom Tambar 2, der det i denne klassen vart spelt enkel serie på grunn av få påmeldte lag.

Sjå bilder ( Slideshow m/ musikk )
Då fotograf ikkje var til stades når småjentekampane vart spela, har eg diverre ikkje bilder frå dei kampane. Er det nokon som har, tek eg gjerne imot.....


Bilde: SMG Vinnar, Førde 1


Bilde: SMG 2. plass, Vik


Bilde: SMG 3.plass, Tambar


Bilde: SMJ 1.plass, Askvoll/Holmedal. Foto: Maria Slettehaug.


Bilde: SMJ 2.plass, Tambar 1. Foto: Maria Slettehaug.


Bilde: SMJ 3.plass, Tambar 2. Foto: Maria Slettehaug.

24.01.10 Nesten for gutelaget til Tambar


Bilde: Tambar 1 var einaste lag frå Tambar Fotball som spelte sluttspel i dag.

I dagens SSF Tambar Cup var det berre eit av fire Tambarlag som gjekk vidare til sluttspelkampar. Tambar 1 møtte gutane frå Florø SK i den fyrste semifinalen, noko som skulle bli ein svært jamn og fartsfyllt kamp. Sjølv om det var Florø som åpna scoringsballet, kom Tambargutane sterkt tilbake. Tambar spelte sin beste kamp i heile turneringa, og hadde Florø verkeleg i kne. Og då laget gjekk opp i ein 3-2 leiing, ante Tambarsupportarane ein liten "bombe" i Naustdalshallen.

Men i ein slik kamp er det ikkje mulig å ri på ei leiing, der det vert putta mål nesten kvart minutt av kampen. At Florø kom tilbake og vann kampen 5-4, med si siste scoring berre sekundar før kampslutt, er vel kanskje ikkje noko å sei på.

Men dette var så avgjort ein kamp som kunne ha bikka begge vegar, så vi har full forståing med Tambarlaget sin frusterasjon og skuffelse etter kampen. Men uansett skal Tambar sitt lag ha full honør for ein flott og spenande kamp mot eit godt Florølag.

I bronsefinalen tapar Tambar 1 heile 7-1 mot Førde 1. Det er tydeleg at mykje av piffen er gått ut av gutane etter den flotte kampen mot Florø.

Tambar Fotball sine jentelag nådde ikkje heilt opp i sine innleiande kampar i dag, der begge måtte sjå sluttspelkampane frå tribuna. Men spelarane gjorde ein god jobb i kampane sine, og vi veit deikjem sterkare utover i sesongen.

Førde 2 vann jentefinalen 1-0 mot Gaular 2, medan Balestrand vann heile 6-1 mot Hyllestad i bronsefinalen.

Bilder frå SSF Tambar Cup, dag 2


BIlde: Jenter 1.plass, Førde 2.


Bilde: Jenter 2.plass, Gaular 2.


Bilde: Jenter 3.plass, Balestrand.


Bilde: Gutar 1.plass, Florø.


Bilde: Gutar 2.plass, Førde2.


Bilde: Gutar 3.plass, Førde 1.


Bilde: Utslåtte jenter frå Tambar Fotball.

 

 

 

 

 

 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net