ARKIV 2007 - 2008
Juli-august 2007

(Fredag 31.08.07) SMG Tambar - Florø 2
Tambar sine smågutar spelte fredag kveld kamp på Naustdal stadion. Motstandar var Florø 2. Ifylje trenar Ivar, var det ein jamn kamp og at 1-1 var eit rettfedig resultat.
Målet til Tambar vart scora av Vegard Savland (bilde)
Det vart òg sagt at kampen vart godt leia av kveldens dommar: Odd Kaare Nøstdal (bilde under)


(Torsdag 31.08.07) LJ Tambar - Førde 1

Lillejenten spela ein kjempe kamp heime mot Førde 1 i dag og greidde 1-1.
Kampen var foholdsvis jamn,men Førde hadde vel dei største sjangsane.
Men Tambar spela godt i forsvar og helt unna...og hadde faktisk fleire sjangsar
på slutten,og kunne med litt flaks vunnet kampen.
Målet blei scora av Kristina Nyman
Men snakk om "forvandling" ........med tap 10 -0 i Førde........
så var dette eit heilt anna Tambar lag som viste stor innsatsvilje og kjempa tappert.
( Referat frå Gunnar Naustdal)

( onsdag 29.08.07) Jenter Kaupanger - Tambar

Jentelaget var onsdag kveld til Kaupanger og spelte kamp.
Tambarjentene åpna usikkert og famlande, noko Kaupanger utnytta effektivt. Etter 20 minuttar leia dei heile 3-0. Men Tambarjentene jobba seg innatt i kampen, og gav slettest ikkje opp sjølv om dei fekk ein dårleg start. Før pause fekk Tambarjentene ei scoring, flott mål av Tina som dunka eit frispark frå 16 meteren rett i mål ! 3-1 til pause.
Etter ein god prat i pausen var det eit hardt arbeidande Tambarlag som kom på bana. Denne omgangen eigde Tambarjentene !!! Flott spel, fyrst på ballen, agresive, beveglege, utuleg innsats av ALLE på laget. 2-3 kom midtvegs ut i omgangen, nok ein gong ein scoring av Tina. Jentene jakta ein utligning!! Dei rulla fram det eine angrepet etter det andre, men det såg ikkje ut til at ballen ville i mål. 5 minutt før full tid dribla Oda seg gjennom heile forsvaret og sette ballen i mål. HÆRLIG, HÆRLIG.
Jentene hadde henta opp 0-3 til 3-3. Ein kan nemne at Kaupanger ikkje hadde ein einaste målsjanse i heile andre omgang, medan Tambarjentene hadde 6-7 klare målsjansar ! Med andre ord: berre heilt imponerande, jenter !!!
Måla til Tambar: Tina (2) Oda (1)

(Fredag 34.08.07) LJ Kvammen - Tambar
Lillejentene var torsdag kveld til Kvammen og spelte kamp mot dei. Kampen enda uavgjort 1-1.
Målscorar for Tambar: Eline Lillehaug.

(Onsdag 22.08.07) J Tambar - Jølster

Jentelaget til Tambar møtte i kveld Jølster til kamp på Naustdal stadion. Med to spelarar vekke og ei som var sjuk, var både trenarar og spelarar spent på korleis dette ville gå. Tambarjentene opna friskt og la fort eit bra press på Jølstrajentene. Presset gav etterkvart uttelling, og Tambar fekk ei fortent scoring. Laga gjekk til pause med 1-0 leiing til Tambar. I 2. omgang hadde Tambarjentene full kontroll på kampen. Jentene ofra seg for kvarandre og viste igjen ein flott innsats og lagmoral. Kampen enda til slutt med ein full fortent 5-0 seier.
Tambarjentene stillte med desse spelarane:
Janne(keeper) Maiken(midtstopp.) Taline(midtstopp.) Andrea(vingback) Catrine(vingback)
Caroline(midt) Oda(midt) Trine(midt) Oline(midt) Tanja(midt)
Tina(angrep) Stine(angrep) Kjersti(angrep)
Måla til Tambar vart scora av: Tina (3) Oda (1) Caroline (1)
Odd Kaare Nøstdal gjorde som vanleg ein god jobb som pipeblåsar !
Tabell

(tirsdag 21.08.07) SMJ Tambar - Hyen
Tambar sitt småjentelag spelte kamp mot Hyen sine småjenter tirsdag kveld. Hyen hadde komandoen i fyrste omgang og leia fortent 2-1 til pause. Småjentene beit godt ifrå seg i andre omgang. Hyen gjekk opp til 3-1 i ein god Tambarperiode. Tambar gav ikkje opp og reduserte til 3-2 10 min før full tid. Tambar pressa på i sluttminutta, men fekk ikkje ballen over mållinja. Dermed vart det eit knepent 2-3 tap for jentene.
Måla til Tambar vart scora av Oline Paulen (2)
God dommar var Olav Hundershagen.

(Mandag 20.08.07) SMG Tambar - Førde 2

Smågutane til Tambar spelte mandag kveld sin fyrste haustkamp. Kampen var mot Førde 2. Tambarsmågutane leia 2-0, men Førde reduserte med to kjappe mål. Tambargutane, som hadde bra kontroll på kampen, sette inn eit ekstra gir og scora ytterligare tre mål før dommaren blåste av kampen.
Måla til Tambar vart scora av: Vegard Savland (3) og Henrik Aase (2)
God dommar var Odd Kåre Nøstdal

(Mandag 13.08.07) Treningskamp J Førde - Tambarjenter

Tambarjentene starta oppkøyringa til haustsesongen med ein treningskamp mot Førde mandag ettermiddag. Tambarjentene var i periodar spelemessig på høgde med Førde, men ein ser klart at dei har meir erfaring på dette nivået. Førdejentene vann oftare taklingar og var meir beveglege. Men tambarjentene gjorde sitt til at det vart ein jamnare kamp enn kva resultatet av kampen seier. Sjølv om kampen enda 8-1 til Førde, spelte Tambarjentene ein bra kamp, og kunne fort ha scora 2-3 fleire mål med litt meir tur. Målet til Tambarjentene vart scora av Maiken, etter eit flott angrep.
(Lørdag 14.07.07) Tidlegare Tambarspelarar Sondre H Herstad og Olav E Hundershagen er i finalen i G 91 i Dana cup,spelar idag kl. 16.15.
Gutelaget tapte 5-1 mot colombiansk motstand i finalen.Ifølgje Førde sin nettstad skal sunnfjordingane ha vore sjanselause på gullet i Dana Cup, då Nueva Generacion frå Colombia var eit langt betre lag i finalen.
Sindre Åsebø sette inn trøystemålet i 1-5-tapet. ( Henta frå Firda.no ) |