![]() |
![]() |
ARKIV 2007 - 2008 September - november 2007
(Søndag 4.11.07) Fotografering til Tambarboka Mange Naustedøler hadde teke turen til stadion, søndag 4.november. Dei fleste stilte i gul og svart Tambardrakt. Sjølv om det vart ei kald stund på stadion, var været flott med klår himmel og sol.
(Lørdag 3.11.07) Auto Marin Cup i Askvoll 3.november 2007 Tambar 1 : 1 tap mot Gaular - Uavgjordt mot Tambar 2 og 3 sigerar mot Askvoll/Holmedal-Førde og Atløy
Tambar 2 : 2 tap mot Gaular og Askvoll/Holmedal -Uavgjordt mot Tambar 1 og 2 sigrar mot Førde og Atløy.
Gererelt var det ein godt gjennomført turnering med ein engasjert og kyndig trenar Henning Malones og
Materialforvaltar Helge Sølvberg.
Puplikum fra Tambarskjelvar var underteikna og Helge Stølsvik som trefte likesinna Sulingar..
Dette var siste turneringen for klasse G 95 i lilleguteklassen.
Til neste år er desse karane smågutar.
Lykke til!
Foto og tekst BH
Bilder frå Auto Marin Cup
( Mandag 01.10.07 ) J Lærdal - Tambar
Sesongens siste kamp for jentelaget vart spelt i Lærdal mandag kveld. "Som vanleg" hadde Tambarjentene ein dårleg start på kampen og låg under 2-0 midtvegs ut i første omgang. Lærdalsjentene var fysisk sterke og vann dei fleste duellar i starten. Tambarjentene fekk etterkvart meir grepet på spelet og vart etterkvart fullt på høgde med motstandarane. Rett før pause reduserte dei fortent, og kunne gå til kvilen med 1-2. Jentene starta 2.omgangen friskt, og utligna kjappt i omgangen. Etter dette vart det mykje kriging frå begge lag, og ein svak dommar klarte ikkje å henge med i svingane. Utan å gi dommaren skulda for noko som helst, sette han sitt preg på kampen med si dårlege dømmekraft !! Lærdal gjekk opp i 3-2 leiing, Tambarjentene utligna kjappt etter. Lærdal gjekk so opp i 4-3 leiing, og då vart det tungt for jentene å kome tilbake. Men det vart ein ulidelig spenning på slutten, der jentene hadde fleire sjansar dei med litt meir tur kunne ha scora på. Kampen enda 4-3 til Lærdal. Måla til Tambar vart scora av: Caroline Helle (2), Terese Helle (1)
( Torsdag 27.09.07 ) G11 Tambar - Førde1
Lillegutane G11 til Tambar møtte torsdag kveld Førde til kamp.Møtte førde 1 som var ubeseiret inntil i går.Tambar vann 7-6 i ein veldig god og spennande kamp.Låg under 3-2 ved pause men greidde og snu det etter heroisk innsats. Dette var bra !! Kjempeinnsats av Tambar i siste seriekampen for i år. ( Rapport frå Odd Rognebakke)
( Torsdag 27.09.07 ) LJ Tambar - Kvammen
Lillejentene spela sin siste heimekamp for sesongen torsdag kveld.
Det var mot Kvammen IL,og det enda med storsiger til Tambar.
Første omgang var ganske jamnspelt ,men Tambar fikk god utteljing påsjansane sine og gikk til pause med 3-0.
Andre omgang eigde Tambarjentene frå start til slutt,og storspela i periodar,slik
at det vart heile 7-1 til slutt,
Dette var ei flott avsluttning av serien på heimebane,no gjenstår berre ein kamp borte mot Førde.
Tambar sine mål : Trine(2) ,Birgitte (2),Caroline (1),Eline(1) og Silje(1)
Dommar var Athina "Maradona" Alisøy,
som hadde full kontroll som vanlig.
( Rapport frå Gunnar Naustdal )
( Onsdag 26.09.07 ) J Tambar - Kaupanger
Tambarjentene spelte onsdag kveld kamp på Naustdal stadion, der Kaupanger var kveldens motstander. Med ein innbyttar og med fleire av spelarane "skrantande", var ikkje utgangspunktet akkurat ideellt for kamp i kveld !! Kaupanger fekk ein knall start på kampen. Etter 4-5 minutt var dei frampå og scora. Dette såg stygt ut,og trenaren vart bekymra.... Men som jentene har vist i fleire kampar, lot dei seg ikkje knekke av dette. Dei kjempa seg tilbake i kampen. Like før pause gav innsatsen utteljing. Angriparane våre var flinke å presse forsvararane og keeperen deira, keperen gjorde ein feil, Tina snappa ballen og plasserte den fint i mål frå ca 16 meter. Elles var 1. omgang ein jamnspelt omgang der dei heilt store sjansane uteblei. 2. omgang vart det også jamn kamp mellom laga. Utifrå lagsituasjonen vår i kveld, gjorde samtlege spelarar ein solid jobb gjennom heile kampen. Eit ekstra pluss til Janne (keeper ) som var flink å lese spelet og var ute i feltet og snappa ballane i rett tid. Desse jentene gjorde ein flott jobb i kveld: Janne, Kristin Alise, Oda, Catrine, Andrea, Maiken, Katrine, Terese, Caroline, Kjersti, Stine, Tina. 1-1 stod det då dommaren bles av kampen, eit rettferdig resultat. Målet til Tambar vart scora av Tina Alisøy. Kveldes stjernedommar var Jan Petter Sæbø, som gjorde ein glimrande jobb.
Tambarjentene leiar med 3 poeng på tabelltoppen når ein kamp gjenstår. Tabell
(Mandag 24.09.07) SMG Florø 2 - Tambar
Tambar sine smågutar var mandag kveld i Florø og spelte kamp. Tambargutane fekk ein heller dårleg start på kampen, då dei låg under 0-2. Men dei viste ein flott vinnarvilje, og kom tilbake. Då dommaren bles av kampen stod det 5-3 til Tambargutane. Flott innsats !! Måla til Tambar vart scora av: Vegard Savland (4), Henrik Aase (1)
( torsdag 20.09.07) LJ Tambar - Førde 2
Tambar sine lillejenter spelte torsdag kveld kamp mot Førde 2. Tambarjentene spelte ein veldig god kamp, og det var ufortjent og uflaks at dei måtte gå av bana med tap. Blant anna hadde dei mange gode skot på mål som med litt meir flaks hadde gått inn. God dommar var Tina Alisøy. ( Rapport frå Maiken Solås )
( Onsdag 19.09.07. ) J Jølster - Tambar
Jentelaget til Tambar var onsdag kveld til Jølster og spelte kamp. Kampen gjekk på grusbana. Det vart ein jamn start på kampen og mykje kriging frå begge lag. Jølstrajentene vann i starten dei fleste duellar og og var tydeleg gira på å revansjere tapet dei fekk mot Tambarjentene tidlegare i haust. Jølster gjekk opp i leiinga etter eit skot frå langt hold, som duppa over Janne i mål. Kort tid etter fekk dei frispark rett utafor 16 meteren. Skotet vart dunka rett i mål, utagbart for Janne. Dermed stod det 2-0. Dette sette fart i Tambarjentene. Dei tok til å vinne duellar og kjempa godt. Reduseringa lot ikkje vente på seg. Terese jobba fint på ein ball mot mål, kom seg fri og plasserte den fint til sides på keeper. Tambarjentene fortsatte presset, og like før pause runda Oda eit par forsvarar, og plasserte skotet fint i høgre hjørne. Pause: 2-2 I andre omgang tok Tambarjentene meir og meir over. Dei la press på Jølsterjentene og viste i lange perioder god fotball med fint spel og gode bevegelsar. 2-3 kom ved frispark utafor 16 meteren, Tina tok fart og klinka ballen kontant i mål. 2-4: Tina fint frampå etter innlegg frå kanten, runda keeper og i mål. 2-5: Nesten identisk med forrige mål, Tin er våken frampå og snappar ballen, rundar keeper og i mål. 2-6: enda eit angrep blir rulla opp frå kanten, Caroline kjem til dødlinja, sler inn til Stine, som bruker krefter i kamp med keeper, ein kamp Stine vinn og scorar sikkert. Kampen endar med 6-2 seier til Tambarjentene, etter nok ein god kamp av samtlege spelarar. Desse var med og vinna: Janne, Taline, Kristin Alise, Catrine, Caroline, Andrea, Oda, Maiken, Katrine, Terese, Trine, Kjersti, Stine, Tina Måla til Tambar: Tina (3), Oda (1), Terese (1), Stine (1)
(Fredag 14.09.07) SMG Førde 2 - Tambar
Bilde: Frå kampen Tambar-Svelgen tidligare i haust. Smågutelaget var i kveld til Førde og spelte kamp mot Førde 2. Kampen vart spelt på kunstgraset, i eit ufyseleg vær med regn og haglbyger. Været såg ikkje ut til å gjere noko for Tambarspelarane, som spelte ein god fotballkamp og vann heile 8-0. Keeper Jan Helge Solheim Løken holdt målet reint, og han var elles god med flott igangsetting av spelet !! Måla til Tambar vart scora av: Vegard Savland(3), Oda Heggedal Longvastøl(2), Henrik Aase(1 på straffe), Sivert Førsund(1), Leif Henning Vonen(1) (Fakta frå Ivar Longvastøl)
(Torsdag 13.09.07) LJ Florø 2 - Tambar
Lillejentene var i Florø på torsdag og spela mot Florø 2. Det vart knepent 2-1 tap denne gongen.
Etter som det er trippel serie , har det vorte ein siger, ein U og altså eit tap i dag mot dette laget.
Første omgang var jamnspelt utan altfor mange sjansar, men Tambar scora mot slutten av omgangen ,
og gikk til pause med 1-0.Andre omgang starta med sjansar til begge lag, men det var Florø som
kvitterte med to kjappe scoringar. Tambar hadde ein del sjansar etter dette, men ballen ville ikkje i mål.
Florø 2 hadde nok det meste av spelet i denne omgongen, og vann vel fortjent...kanskje.....!!!
Tamar sitt mål vart scora av Solveig Kvellestad Jensen
( Referat frå Gunnar Naustdal)
(Onsdag 12.09.07) J Tambar - Lærdal
Bilde: Målscorar Stine (t.h) Bildet er frå kampen mot Eid i vår. Tambarjentene spelte i kveld kamp mot Lærdal på stadion. Det vart ein jamn kamp mellom desse laga. Det meste føregjekk mellom sekstenmetrane til laga, og på dei sjansane Lærdal hadde, ordna forsvaret og Janne i mål fint opp i. Tambar jentene viste i denne kampen, den same lagmoralen og stå på viljen som dei har vist i dei tidlegare kampane. Inn i kampens siste minuttar sendte Tina ein stikkball til Stine, med to spelarar på seg, jobba ho seg meisterleg innafor 16 meteren og skaut i mål, utagbart for keeper. Altso, nok ein god kamp av samtlege Tambarspelarar !! Målet til Tambar vart scora av Stine Aase. Desse jentene var med å vinna i kveld: Janne Teigen, Kristin Alise Birkeland, Taline Fagerheim, Katrine Grimset Kvalvågnes, Catrine Nøstdal, Oda Heggestad Longvastøl, Maiken Solås, Trine Sæbø, Terese Helle, Caroline Helle, Kjersti Slettemark Følling, Tina Alisøy og Stine Aase. God dømming av Odd Kaare Nøstdal. Tambarjentene på toppen !! Oppdatert TABELL
(mandag 10.09.07) SMG Tambar - Svelgen
Smågutane møtte Svelgen til kamp på stadion i kveld. Tambargutane leia 2-0 etter halvspelt fyrsteomgang. Etter dette jamna spelet seg ut og ingen av laga hadde dei store sjansane til å score. 2-0 vart dermed pauseresultatet. 2.omgang vart ein jamn kamp, der Svelgen klarte å score på sine to målsjansar. Tambar kom til eit par gode sjansar dei fort kunna ha putta, men ballen gjekk på feil side av stengene ved dei høva. Alt i alt eit greit resultat av to jamne lag. Måla til Tambar vart scora av: Vegard Savland(2) Pipeblåsar Odd Kaare hadde god kontroll på kampen.
Bilde over: Frå kampen Tambar-Svelgen
(Mandag 10.09.07) God innsats av kretslaget
Oda Heggedal Longvastøl representerte Tambarskjelvar IL på småjentekrinslaget (93) på turneringa i Skjold i Rogaland helga 8.-9. september. Laurdag vann jentene 2-1 over Hordaland, og det første gong på fem år at Sogn og Fjordane har slått naboane i sør. Ein litt heldig siger, ifølgje Oda.
Søndag spelte Sogn og Fjordane mot Rogaland og tapte 2-0. Ein bra kamp, ifølgje Oda, men altså dårleg utteljing. Fredag slo Hordaland Rogaland klart, slik at alle slo alle. Ho spela offensiv midtbane i dei to kampane. Ein triveleg og lærerik tur.
(Søndag 09.09.07) FørdeCup: Tambar 97 med full pott.
Tambar deltok med fire lag i FørdeCup som vart arrangert i Førde laurdag 8.september. Tambar 97 var eit av dei, og dei vann alle kampane sine. Gratulere med strålande innsats !! Resultat: Tambar-Kvammen 2-0. Tambar-Tornado/Måløy 3-1. Tambar-Slåttebakkane 8-0. Tambar-Førde7 3-1 Desse spelarane var med. Iris Aase,Ørjan Aase, Daniel Haugland, Jon-Sverre Gjøringbø, Martin Skilbrei, Jørund Solheim, Daniel Kvalvågnes, Ola Rognebakke, Robin Lending (Ref. frå Odd Rognebakke)
(Torsdag 06.09.07) G12 avd 7 Tambar - Jølster 2
Tambar sine G12 avd7 møtte i kveld Jølster 2 på Naustdal stadion. Dette var ein kamp Tambargutane hadde full kontroll på frå start til slutt. Gutane spelte i periodar god fotball. Og målteften var det ikkje noko å seie på , noko resultatet i kampen seier det meste om. Då dommaren bles av kampen stod det heile 11-0 til Tambargutane. Målscorarane har vi ikkje fått meldt inn.....
God og blid dommar i kampen var Tina Alisøy !
(Torsdag 06.09.07) G11 Tambar - Førde 6
Lillegutt G11 til Tambar møtte i kveld Førde 6 til kamp på Naustdal stadion. Tambargutane spelte godt og hadde full kontroll på kampen. Dei leia 3-0 etter eit kvarter spel, og gjekk til pause med solide 6-1. Etter pause fortsette dei presset, og berre uflaks gjorde at dei ikkje scora meir enn dei gjorde. Dei lot etterkvart Førde få kome litt inn i kampen og score nokre mål. Kampen enda med heile 10-5 til Tambargutane !! Desse scora for Tambar: Daniel Grimset Kvalvågnes(4), Martin Skilbrei(4) Ola Rognebakke(2) God dommar var Jonas Paulen ! Bilder frå kampen
Over: Nøgde trenarar feira seieren med vafler og kaffi !!
Åpning av Fylkesbankløkka på Horstad skule. Torsdag 30.08 opna SFFK løkke nr. 59 og 60. Storhende vart markert med at president Sondre Kåfjord deltok på opninga i Horstad skule Naustdal og Lysthaugen grendalag i Førde. President Sondre Kåfjord vitja Sogn og Fjordane i høve landskampen J19 mellom Norge og Sverige den 29.08. i Florø. Presidenten valde å ta ein ekstra dag i fylket for å delta på fotballfrukost på Rica Sunnfjord Hotell, der Førde Fotball fortalte om planar angåande Idrettspark på Hafstadflata. I tillegg var han med å opna Fylkesbankløkka på Horstad skule kl. 1400 og Lysthaugen i Førde kl. 1800. Odd Gunnar Røyseth var primus motor i Naustdal og fekk i lag med resten av dugnadsgjengen skryt for stor innsats. Heder og ros fekk også Øyvind Berge på Lysthaugen, og han fordelte rosen vidare til alle som hadde gjort ein fin innsats. ( Klippt frå heimesida til Sogn og fjordane fotballsrets)
(Tirsdag 04.09.08) LJ Tambar - Florø 3 ( Bilde: Kristine og Maiken, trenarar for lillejentene) Lillejentene møtte i kveld Florø 3 på stadion, kampen skulle egentleg ha gått på torsdag f.k. Tambarjentene hadde ein kanonåpning på kampen. Dei gjekk rett i angrep etter avspark og scora før minuttet var gått av kampen. Jentene kjempa godt i kveld, og gjekk til pause med ein fortent 1-0 leiing. Andre omgang fortsatte som fyrste, jentene jobba og stod på. Florø fekk ein utligning, men Tambarjentene gav ikkje opp. Dei hadde mange sjansar til å lage mål, men ballen ville ikkje inn. Fem minuttar før slutt gjekk Florø opp i 2-1 leiing. Tambarjentene pressa på på slutten, utan å få utteljing. Dermed vart det Florø som stakk av med seieren, noko som må seiast å vere urettferdig. Målet til Tambar vart scora av Eline Lillehaug.
God dommar var Jonas Paulen.
(tirsdag 04.09.07) SMJ Tambar - Førde Småjentene spelte tirsdag kveld kamp på stadion, motstandar var Førde. Dette var ein jamn kamp, med eit lite spelemessig overtak til Førde. Men Tambarjentene spelte i periodar bra fotball, og kunne med litt meir flaks ha scora nokre mål, bl.a eit skudd i tverrliggaren frå Oline. Førde vann tilslutt kampen 4-0. God dommar var Espen Langedal.
(Mandag 03.09.07) SMG Førde 4 - Tambar
Smågutane var mandag kveld i Førde og spelte kamp mot Førde 4. Tambargutane fekk ein dårleg start då Førde gjekk opp og tok leiinga i kampen. Men gutane frå Naustdal kom sterkt tilbake. Dei utligna til 1-1, og scora jamt og trutt utover kampen. Utifrå rapportane vi har fått, spelte gutane mykje god fotball, særleg i 2. omgang. Kampen enda tilslutt med storseier til Tambargutane, heile 11-1 stod det då dommaren bles av kampen. Etter kveldens seier leiar smågutane tabellen med 17-4 i mål og 7 poeng. Laget på andre plass er Svelgen med 4 poeng ( men med ein kamp mindre spelt). Desse to laga møter kvarandre på Naustdal stadion mandag 10.september. Desse scora for Tambar: Vegard Savland(7) Henrik Aase(2) Vebjørn Hansen(1) og eit sjølvmål.
(Lørdag 01.09.07) FørdeCup 2007 Ute Førde IL-fotball arrangerer FørdeCup laurdag 8.september. Kampane går på kunstgrasbana, og nokre av kampane vil bli spelt på kunstgrasbana ved Slåtten skule. Turneringa startar klokka 10.00. Tambar-Fotball deltek med fire lag: 2 lag G-95, 1 lag G-96, 1 lag J-96. Vi ynskjer laga lukke til !!
|
|
|
|
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net |