ARKIV 2007 - 2008
Januar - juni 2008

|
01.06.08 God innsats av lillegutane i Nordea-cup !
Med fire seiere og eit tap, gjorde lillegutane ein flott innsats på Nordea-cup. Cupen vart arrangert i Florø på laurdag. Desse spelarane spelte på Tambar sitt lag ( bilde ): Daniel Grimset Kvalvågnes, Martin Skilbrei, Ola Rognebakk, Ørjan Aase, Erlend Nesje Malones, Gard Nesje Malones, Jacob Storevik og Sondre Bruland.
Resultat og målscorarar ser du under......
|


|
01.06.08 Resultat frå Nordea-cup
Slik gjekk det for Tambar sine lillegutar i Nordea-cup:
- Tambar-Høyang 3-2 Mål: Daniel, Martin,Gard.
- Tambar-Sandane 7-2 Mål: Daniel(2), Gard (2), Martin(2)
- Tambar-Florø sentrum 7-0 Mål: Gard(3), Jacob(2), Erlend(1), Daniel(1).
- Tambar-Florø Torvmyrane 10-2 Mål: Daniel(4), Martin(2), Gard(2), Erlend(1), Sondre(1).
- Tambar-Eid 2-4 Mål: Gard og Daniel.
Fleire bilder av Tambar sine lillegutar og andre lag som deltok i turneringa, på Florø SK si heimeside.
|

Bilde: Terese Helle er utteken til kretslaget. |
30.05.08 Terese uteken til samling med kretslaget
Tambarjenta Terese Helle er på ny utteken på kretslaget. Denne gongen skal kretslaga for jenter -94 og gutar -94 møtast til trening og kamp på Sandane lørdag 7.juni. Kretslaget skal der måle krefter mot TEAM Nordfjord j93 (jenter) og TEAM Nordfjord g93 (gutar). Berre fire jenter frå Sunnfjord ( to frå Førde, ei frå Florø og Terese ) er blitt uteken på kretslagssamlinga denne gongen, og det er flott at kretsen ser kvalitetane Terese har.
Vi ynskjer Terese lukke til på samlinga !
Heile uttaket med program
|

Bilde: Vidar Kvalvågnes har ansvaret for at bl.a. kablane til dei nye lysmastene blir lagt på skappeleg vis. |
30.05.08 Dugnad kvar dag på stadion
Kampar etter 13. juni må flyttast.
Det er dugnad på stadion kvar dag frå kl. 17.00 og utover. Det trengst fleire som kan være med å ta eit tak, så bli med du òg.
P.g.a. førebuingane til legging av kunstgrasdekke, må kampar som skulle vore spelt etter 13.juni, flyttast.
Bilder frå dugnad og INFO
|

Bilde: Tambar sine lillejenter spelte ein god kamp mot Førde. |
30.05.08 Lillejentene spelte jamt med Førde
Tambar sine lillejenter var i går kveld i Førde og spelte mot Førde 1. Det vart ein jamn kamp på kunstgraset, der Førdejentene kunne gå til pause med ein knapp 2-1 leiing. I andre omgang pressa Tambarjentene på, men ein god Førdekeeper gjorde at seieren vart att inne i Førde. Tambarjentene spelte ein god kamp, og tapte knepent 3-2. Målscorarar for Tambar var Martine og Birgitte.
|

Bilde: Frå gutekampen i kveld. |
29.05.08 Lillegutane vann og gutelaget tapte
Det vart nok ein målrik kamp for lillegutane, då dei i kveld møtte Eikefjord på Naustdal stadion. Heile 14-2 vann Tambar, og gjestane var ein dårleg målestokk for det gode lillegute-laget frå Tambar. Vi kjem tilbake med målscorarar.
Målrikt vart det òg i den andre kampen som gjekk på stadion i kveld. Men diverre var det gjestane som stod for scoringane i den kampen. Gutelaget til Tambar fekk problem mot eit godt Dale/Hyllestad lag. Då underteikna forlot stadion med ca ti minutt igjen av kampen, var stillinga 7-0 til Dale/Hyllestad.
|

Bilde: Kristin Alise Tefre Birkeland og Tambar sitt jentelag, spelte ein god kamp mot Skavøypoll. |
28.05.08 Spennande då jentelaget vann i kveld !
Det vart ein spennande kamp då Tambar sitt jentelag møtte Skavøypoll på Naustdal stadion i kveld. At fyrste omgang endte 0-0, er nesten heilt utruleg. Med godt spel av Tambar, der dei skapte sjansar i massevis, bl.a. to stangskot, var det ufatteleg at ballen ikkje lurte seg over målstreken. I andre omgang fortsette den gode fotballen og presset frå Tambar. Men ein liten feil i forsvar, gjorde at det var Skavøypoll som scora fyrst i kampen. Etter dette pressa Tambar Skavøypoll tilbake på bana, og jentene var tydeleg "svoltne" på ei scoring. Og med to kjappe scoringar, såg det ut til å gå vegen. Men gjestane kom igjen, med ei scoring eit minutt før full tid ! Tambar gjekk direkete frå avspark, kombinerte fint og fekk dunka ballen i mål.......! Dermed ein veldig fortent 3-2 seier til Tambar, der alle jentene la ned ein utruleg flott innsats i dag !!! Måla til Tambar vart scora av Terese Helle og Oda Heggedal Longvastøl. God dommar var Odd Kaare Nøstdal. |

Bilde: Tore Klopstad i kampen mot AHIL. |
27.05.08 Fyrste poengtap for seniorane
0-0 mot Askvoll/Holmedal 2
Etter tre strake seierer, var det vel mange som trudde at seier nummer fire skulle kome i kveld, då Tambar møtte AHIL heime på Naustdal stadion. Men det var gjestane som starta best og som hadde dei farlegaste sjansane, med bl.a. eit stolpeskot i fyrste omgang. Andreomgangen hadde Tambar eit lite spelemessig overtak, og hadde sjansar nok til å putte den avgjerande scoringa. Men scoringar vart det ikkje i kampen, og Tambar fekk dermed sin fyrste kamp uten scoring og tre poeng. Naustdal stadion er for tida tørr og svært støvete, og bedre blir det ikkje om værmeldingane framover held stikk. Meir om kampen finn du på Tambarherrane si eiga side.
Bilder frå kampen
|

Bilde: Dugnaden på Naustdal stadion er i full gang. Slik såg det ut mandag 26.mai. |
26.05.08 Fyrste veka med dugnad er unnagjort !
Arbeidet med å realisere Nye Naustdal Stadion er godt i gang. Lysmastene er nede, dei nye fundamenta er snart klare for støtping og grøfter til nye kablar for lysmaster er påbegynt.
For å klare å halde framdrifta i arbeidet treng ein fortsatt fleire som kan stille opp og gjere eit tak. Arbeidsoppgåvene er varierte, så her kan dei fleste delta.
Meir info og bilder
|

Bilde: Småjentelaget til Tambar har hatt ein god start på årets sesong.
|
26.05.08 Småjentene åleine på toppen !
Vann 2-1 mot Førde 1 i kveld.
Småjentene spelte ein god kamp i "toppkampen" mot Førde 1 på Naustdal stadion i kveld. Jentene leia 2-0 ved pause, etter scoringar ved Kristina og Tanja, i ein omgang Tambarjentene hadde det spelemessige overtaket. Andreomgangen vart so spennande som ein " toppkamp" bør være. Førde reduserte midtvegs ut i omgangen, og jakta sin andre scoring. Men kampen enda med 2-1 seier til Tambar. Bilder frå kampen
|

Bilde: Damelaget til Tambar anno 2008 er historie. |
23.05.08 Tambardamene har trekt laget !
Ein prøvde til siste nikk å holde liv i eit damelag, men måtte til slutt kaste inn handkleet. Med ein tynn stall, som etterkvart vart endå tynnare, måtte damene diverre gå den tunge vegen og trekke laget frå årets 3.divisjon.
|

Bilde: Tambar sine lillegutar spelte i kveld mot Førde 5. |
22.05.08 Lillegutane med seier i Førde
Tambar sine lillegutar var i kveld i Førde og spelte mot Førde 5. Fyrste omgang var jamnspelt, med eit lite overtak til Førdegutane, som kunne gå til pause med ein 5-4 leiing. Med nokre rokkeringar på laget i pausen, vart Tambarlaget meir på "høgget" og tok over komandoen. Ei stund var dei oppe i ei 9-5 leiing, før Førde klarte å putt på to til på slutten. Dermed vann Tambar kampen 9-7, og har med det tre seiera og ein uavgjort i serien so langt. Og ser vi på målskilnaden etter fire kampar, 38-24, ser vi at det har vore nokre målrike kampar !
Målscorarar for Tambar i denne kampen var: Daniel Grimset Kvalvågnes(3), Erlend Malones(3), Martin Skilbrei(1), Ørjan Aase(1) og Daniel Haugland(1).
|

Bilde: Jentelaget sin keeper, Janne Teigen. |
22.05.08 Tap for jentelaget i Breim
Tambar sitt jentelag tapte heile 7-2 mot Breimsbygda, då dei møttes på Byrkjelo stadion onsdag kveld. Stillinga ved pause var 4-1.
Tambar fekk ein god start, då dei scora eit kvarter ut i kampen ved Trine Sæbø. Men det gode laget frå Breimsbygda kom sterkt tilbake, og putta på fire mål før pause. Andreomgangen starta med eit bra Tambarpress, og fekk ei fortent scoring ( sjølvmål). Men også i denne omgangen sette Breimsbygda inn eit ekstra gir, og scora tre gonger før dommaren bles av kampen. Dermed vart det eit fortent tap for jentene denne gongen!
Onsdag f.k. møter jentelaget Skavøypoll på Naustdal stadion.
|

Bilde: Mange ville sikra seg Tambarboka då den vart sleppt i kveld. |
21.05.08 Mange møtte fram på boksleppet !
Nærmare hundre personar hadde teke turen til boksleppet til Tambarboka, som føregjekk i Naustdalshallen i kveld. Etter at hovudpersonane for boka, Ivar Longvastøl, Åsmund Bertelsen, Jørn Helgheim og Arne Grimset, hadde sagt nokre velvalgte ord, var det "avduking" av boka. Dei fleste av dei frammøtte benytta sjansen til å kjøpe boka, med signatur av "penneførarane", Ivar og Åsmund.
Sjå fleire bilder frå boksleppet
|

Bilde: Småjentene slo Breimsbygda 5-4 i kveld. |
20.05.08 Småjentene til topps!
Småjentene til Tambar vann bortekampen i kveld mot Breimsbygda, med siffera 5-4. Dermed har laget vunne sine tre fyrste kampar i årets serie og har solide 22-5 i målforskjell. Mot Breimsbygda var det Kristina, Oline, Trine, Eline og Tanja som scora måla til Tambar.
Neste kamp er mot Førde sine småjenter, laget som ligg på andreplass bak Tambar. Denne kampen går på Naustdal stadion mandag 26.mai kl. 18.30.
Tabell
|

Bilde: Tore Klopstad scora to mål mot Hyen i kveld. |
20.05.08 Tambar med full pott !
Det vart på ny seier for herrelaget i kveldens kamp på Naustdal stadion. I kveld var det Hyen som måtte reise frå Naustdal med null poeng i bagasjen. I fyrste omgang hadde Tambar fullstendig kontroll, og leia 2-0 ved scoringar av Tore Klopstad og Torgeir Herstad. Hyen scora på det som var deira einaste sjanse i omgangen, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Tambar. Utifrå rapportane var andre omgang meir jamnare, og Hyen utligna til 2-2. Dermed gjorde Tambar kampen meir spennande enn nødvendig, med tanke på den overlegne fyrsteomgangen til Tambar. Men med Tore Klopstad sin andre, og Tambar sin tredje scoring, vart det ein vel fortjent seier igjen til Tambarherrane.
Meir om Tambarherrane
|

Bilde: Dugnaden på bana er i gang! |
19.05.08 Dugnaden er i gang !
Dugnaden på Naustdal stadion er no i gang. I kveld vart alle lampene på lysmastene tekne ned, og førebuingar til grøftegraving for kablar til dei nye mastene.
For at ein skal klare å bli ferdige med dei ulike tinga som skal gjerast før legging av kunstgrasdekke, trengst det frivillige som kan stille og ta i eit tak. Fram til no er det få som har meldt seg til tjeneste, så har du enno ikkje meldt deg, blir du oppfordra til å melde deg for innsats til Naustdal Nye Stadion.
Nokre bilder frå dagens arbeidsøkt !
Les meir om dugnaden på Naustdal Nye Stadion
|

Bilde: Damelaget får instruksar frå trenar Gunnstein Vefring i pausen. |
19.05.08 Ny smell for damelaget !
Tambar sitt damelag gjekk på ein ny smell, då dei i kveld spelte mot Førde. Etter å ha lege under 8-0 ved pause, tapte Tambardamene heile 16-0. Med seieren i kveld fekk Førde sin fyrste seier for sesongen.
|

Bilde: Martine Mallasvik scora for Lillejentene i kveld. |
15.05.08 God andreomgang av lillejentene
Tambar sine lillejenter spelte i kveld mot Førde 3 på Naustdal stadion. Med nokre uheldige scoringar imot seg, leia Førde3 4-0 til pause. Men Tambarjentene gav ikkje opp. I andre omgang spelte Tambar bra og skapte mange sjansar og fekk to velfortente mål. Førde 3 scora også eit mål i denne omgangen, og kampen enda dermed med 5-2 seier til Førdejentene.
Målscorarar for Tambar var denne gongen Martine Mallasvik og Silje-Olin Yksøy.
|

Bilde: Frå Tambar-Førde, spelt sist sesong. |
15.05.08 Lillegutane med nok ein storseier !
Det vart nok ein målrik kamp då Tambar sine lillegutar i kveld møtte Førde 4 til kamp. Etter å ha leia 4-2 til pause, viste gutane i andre omgang seg påny fram med spel og målteft. Heile sju scoringar vart det i andre omgang, slik at sluttresultatet enda med 11-4 til Tambar. Kampen vart spelt på Naustdal stadion.
Målscorarar for Tambar var: Daniel Grimset Kvalvågnes(6), Martin Skilbrei(2), Gard Malones(1), Martin Bygstad(1), Jacob Storevik(1).
Neste kamp for lillegutane blir spelt 22.mai borte mot Førde 5.
|

Bilde: Trine Sæbø scora begge måla til Tambar. |
14.05.08 Tambar nær seier mot Dale
Tambar sitt jentelag var fire minuttar frå å ta sin fyrste heimesiger i årets sesong.
Tambar møtte eit bra Dalelag i kveldens kamp på Naustdal stadion. Fyrste omgangen var ein jamnspela kamp, der begge lag hadde fleire muligheiter til å score. Men Janne Teigen i Tambarmålet lot ikkje nokon ballar kome forbi seg. Laga gjekk til pause med 0-0. Andreomgangen var mykje lik fyrste, med spel som bølga fram og tilbake mellom dei to måla. Tambar scora to gonger, begge måla ved Trine Sæbø, og ein trudde det skulle gå vegen for jentene. Men Dale gav ikkje opp, og scora kvarteret før slutt. Heilt på tampen av kampen fekk Dale nok ei scoring, som hermed henta innatt Tambarleiinga, og kampen enda med poengdeling mellom dei to gode laga. Nok ein gong god innsats av heile Tambarlaget. God dømming av Odd Kaare Nøstdal, på ei svært støvete bane !
|

Bilde: Med gras under fotballskoa i Kommuneparken !
|
14.05.08 Trenar på gras i Naustdal
På grunn av mange kampar på stadion denne veka, får ein litt "krasj" med treningstidene til nokre av laga. Tirsdag hadde smågutelaget og gutelaget flytta seg ned i Kommuneparken og trente der. Her var graset nyslege og det er blitt lova at det fortsatt skal slåast jamnleg framover. Blir vi skåna for mykje nedbør i den nærmaste tida, er grassletta ved stranda ein god alternativ treningsstad.
Nokre bilder frå treninga
|
|
13.05.08 Ny seier til Tambarherrane
Det vart nok ein seier til herrane, då dei i kveld vann 2-0 mot Sandane 2 på ein støvfull Naustdal stadion. Ved pause leia Tambar 1-0, etter scoring ved Tore Klopstad. Lars Ingar Kalland fastsette resultatet til 2-0 eit stykkje ut i andre omgang. Dermed har Tambar full pott i avdelinga ilag med Florø3, som også vann i kveld.
Neste kamp for herrelaget er heime mot Hyen. Kampen går 20.mai kl. 19.00.
Andre resultat frå 6.divisjon avd.2
Bilde: Frå kampen i kveld
|

Bilde: Tamar sitt gutelag vann mot Førde4. Foto: Ivar Longvastøl. |
08.05.08 Gutelaget vann jamn kamp
Tambar sitt gutelag spelte i går kveld mot Førde4 heime på Naustdalsgrusen. Heimelaget leia 2-0, og lenge var stillingen 3-3, men Tambar klarte å få inn det avgjerande målet. Målscorarar for Tambar:Vegard Savland (2) og Henrik Aase (2).
Tambargutane kjempa godt mot eit godt fysisk Førdelag, altso ein skikkeleg "slitekamp" og lagseier til Naustdalslaget. |

Bilde: Janne Teigen holdt målet reint også i kveldens kamp mot Gaular. |
07.05.08 Poengdeling mellom Tambar og Gaular
Jentelaga til Tambar og Gaular spelte i kveld uavgjort 0-0 på Naustdal stadion. Laga hadde kvar sin omgang, der Gaular var hakket bedre enn Tambarjentene i fyrste omgang. Andreomgangen tok Tambar meir og meir over, og skapte etter kvart ein del målsjansar. Men ballen ville ikkje mellom stengene , og Gaulars gode keeper gjorde sitt til at Tambarjentene vart utan scoring i kveld. dermed vart det 0-0 i ein kamp der jentene jobba godt gjennom heile kampen.
|

Bilde: Lillegutane scora heile ni mål i kveld. |
07.05.08 18 mål i kampen Florø 6 - Tambar !
Lillegutane til Tambar spelte i kveld ein framskynda kamp (skulle vore spelt i morgon ) mot Florø6. I ein målrik kamp, hadde Tambar bra kontroll stort sett heile kampan. Men gutane vart litt ukonsentrert på slutten, og fekk nokre "billige" scoringar imot. Dermed enda kampen 9-9!! etter at Tambar bl.a. hadde leda 8-4 godt ut i kampen.
Målscorarar for Tambar var: Daniel Grimset Kvalvågnes (5), Gard Malones (3), Erlend Malones (1).
|

Bilde: To mål av Tore Klopstad. |
06.05.08 Tambar på tabelltoppen !
Tambar spelte ein god kamp i sesongenstarten på Naustdal stadion. 3-0 vann dei over Gaular2, etter å ha leia 2-0 ved pause. Tambar spelte periodevis bra fotball og vann dei fleste duellane og hadde bra kontroll på gjestane gjennom heile kampan. Med null baklengs i denne kampen, tyder også på at forsvaret har fått "sett" seg. Og framover på bana, med tomålscorar Tore Klopstad i spissen var dei stadig på høgget etter fleire scoringar. Siste målet til Tambar vart sett inn av Torgeir Herstad.
Med seieren i dag leiar Tambar tabellen, og vi gledar oss alt til neste kamp. Den blir òg spelt på stadion,13.mai, mot Sandane2.
Meir om Tambarherrane finn du på deira heimeside.
|

Bilde: Småjentene til Tambar med storseier over Svelgen i kveld. |
06.05.08 Småjentene med ny storseier !
Småjentelaget til Tambar laga ny målfest då dei møtte Svelgen på Naustdal stadion i kveld. Heile 9-0 vann dei, og har med det 17-1 i målforskjell etter to spelte kampar.
Alle jentene la ned ein flott innsats gjennom heile kampen, og dei vil nok ikkje tape mange kampar om dei jobbar like bra i dei komande kampane !
|

Bilde: God dommar var Jonas Paulen. |
05.05.08 Det vart tap for smågutelaget
Tambar sitt unge smågutelag tapte i kveld 9-0 mot smågutane til Gaular. Ved pause var stillingen 7-0.
Tambargutane gjorde ein god innsats, mot eit Gaularlag som var fysisk robuste og raske, og der dei fleste av Gaularspelarane var minst eit årstrinn eldre enn gutane frå Tambar.
God dommar var Jonas Paulen.
|

Bilde: Ikkje heilt nøgde med kampen og resultatet. Fv.Villy Andre Engebø, Narve Kirkebø og Gunnstein Vefring. |
01.05.08 Tambar nærmar seg ein seier !
Tambarherrane var nær å få sin fyrste seier i kveld, i treningskampen på Naustdal stadion, mot 6.divisjonslaget Anga. Tambar leia både 1-0 og 2-1, men då laga gjekk til pause leia Anga 3-2. Tambar reduserte kjappt i andreomgangen, og var oppe i 4-3, og det såg ut som dei skulle klare å hanke lagets fyrste seier i land. Men Anga kom tilbake og kampen slutta 4-4. Måla til Tambar vart scora av Jonas Paulen, Narve Kirkebø, Tomas Andal og Torgeir Herstad. God dommar var Odd Kaare Nøstdal.
|
 |
30.04.08 0-0 ved pause, vann 7-0 !
Jentelaget vann i kveld 7-0 over Hyen, etter at stillingen ved pause var 0-0 ! I andre omgang løysna det opp for jentene, og måla vart scora av Kjersti S. Følling(2), Trine Sæbø(2), Stine Aase, Kristin Alise Birkeland og eit sjølvmål. Jentene spelte god fotball i andre omgang, og alle gjorde ein flott jobb. Spelaren som framheva seg ekstra var Katrine Grimset Kvalvågnes som hadde full kontroll i forsvar. Bilde: Tambar sitt jentelag mot Hyen.
|

Bilde: Smågutelaget til Tambar
|
29.04.08 Tap for smågutane
Tambar sine smågutar spelte i går sin tredje kamp for sesongen, mot Førde2, på kunstgraset i Førde. Tambargutane tapte kampen 4-2, og står så langt bokført med ein seier og to tap i årets serie.
Neste kamp for Tambar sine smågutar, er mot Gaular mandag 5.mai på heimebane.
|

Bilde: Kristoffer Hundershagen |
27.04.08 Tambar vann andreomgangen 1 - 0 !
Tambarherrane spelte ein god andreomgang mot Jølster 2, då dei møttes til treningskamp på Naustdal stadion i kveld. Med Roger Edvardsen som sjef og organisator i andre omgangen, var det eit heilt anna Tambarlag vi fekk sjå i denne omgangen. Faktisk kunne Tambar ha putta på ein to-tre mål til om dei hadde vore dyktige nok. Men det vart med det eine, som vart scora av Kristoffer Hundershagen. Til pause stod det 4-0 til Jølster, som dermed vann kampen 4-1
God dommar var Odd Kaare Nøstdal, som hadde full kontroll. Bilde. Odd Kaare Nøstdal
|

Bilde: Nokre av gutespelarane til Tambar, teke under årets innandørs KM.
|
24.04.08 God kamp av gutelaget mot Florø!
Gutelaget til Tambar spelte i kveld uavgjort 2-2 mot Florø2. Florø2 leia 2-0 etter 20 minuttar, men Tambar reduserte ein gong før pause. Andreomgangen vann Tambar 1-0, og dermed poengdeling til dei to laga. Det blir rapporttert om god innsats av Tambarlaget, der Olav Hundershagen i mål og tomålscorar Henrik Aase utmerka seg.
|

Bilde: Tambar sine lillejenter, som vann mot Høyang2 ikveld. (T.v. trenar Maiken Solås. T.h. lagleiar Wendy Stubhaug)
|
24.04.08 Lillejentene vann 11 - 0, lillegutane 9 - 4 !
Det vart masse mål på stadion, då lillejentene og lillegutane spelte kamp samtidig i kveld. Lillejentene hadde besøk av Høyang2, der Tambarjentene ikkje "gav noko ved døra". Heile 11-0 vart sluttresultatet ! Lillegutane møtte Florø4 til kamp, og Tambargutane var ganske so overlegne, 9-4 var det då dommaren blåste kampen av.
Ein pangstart for begge laga,altso. Og vaffelbua var tom for vafflar lenge før kampane var slutt !
|

Bilde: Smågutelaget i kamp mot Jølster på Naustdal stadion sesongen 2007. |
22.04.08 God kamp av smågutane, tross tap.
Tambar sine smågutar tapte mandag 4-2 mot Jølster sine smågutar. På tross av tapt kamp for Tambargutane, vert det rappotert om god innsats og bra spel av Naustdalsgutane. Kampen vart spelt på grusbana ved Bjørkelia på Vassenden ("parkeringsplassen"), og det er vel ikkje den beste bana ein kan spele god fotball på !! Begge måla til Tambar vart scora av Nikolai Stølsvik.
|

Bilde: Nokre av spelarane som var med å vinne mot Gaular. |
21.04.08 Tambarjentene slo Gaular
Jentelaget til Tambar vann i kveld 3-1 mot Gaular, etter å ha leia 1-0 til pause. Etter ein heller slapp start, vart det meir fres av jentene utover omgangen. Jentene vann duellar og spelte i periodar bra fotball. Andre omgangen starta som fyrste hadde slutta, og jentene hadde bra kontroll på Gaularjentene. Og med berre ein innbyttar tok jentene seg skikkeleg ut på Gaulargrusen. Ein god innsats av samtlege jenter, noko som lovar godt fram mot seriestart.
Tambar sine mål vart scora av: Trine Sæbø (2) og Kjersti Slettemark Følling.
Jentelaget har seriestart borte mot Hyen onsdag 30.april.
|


Bilde: Lillegutane til Tambar deltok i Høyang Cup. |
21.04.08 God innsats av lillegutane !
Tambar sine lillegutar deltok søndag på Høyang Cup. Laga spelte to kampar inne ( 5ar fotball ) og to kampar ute ( 7ar ). Og lillegutane gjorde sine saker bra, med tre seierar og eit knepent tap ! Lillegutane sine resultat:
- Førde5 - Tambar 0-2
- Tambar - Gaular 4-2
- Tambar - Høyang1 2-1
- Høyang2 - Tambar 4-3
Meir om Høyang Cup finn du på Høyang si heimeside
|

Bilde: Damelaget til Tambar.
|
18.04.08 Tambardamene holdt unna i ein omgang !
Ikkje overraskande vart Breimsbygda for eit nummer for store for Tambar då laga møttes til kamp på Naustdal stadion i kveld. Tambardamene stillte med eit ungt lag, der seks av spelarane var henta opp frå jentelaget. Breimsbygda hadde det meste av spelet i fyrste omgang utan dei heilt store sjansane. Det som kom, rydda forsvaret og Tambar sin gode keeper, opp i. På slutten av omgangen scora Breimsbygda to gonger, og laga gjekk til pause med 0-2. I andre omgang scora gjestane ytterligare seks gonger, og dermed kunne Breimsbygda reise heim med ein solid 8-0 seier.
Neste kamp for damene til Tambar, er mot Florø i kystbyen fredag 2.mai. Meir om damelaget.
|

Bilde: Terese Helle, Tambar |
16.04.08 Terese på kretslagssamling i Aurland
Tambar sin småjente/jentespelar, Terese Helle, er igjen utteken til kretslagssamling for jenter fødd 1994. Denne gongen er det i Aurland i fagre Sogn samlinga skal være. Nærmare bestemt 30.april-1.mai.
Vi ynskjer Terese lukke til !
Heile uttaket til kretslagssamlinga i Aurland kan ein sjå på Haugenfotball si heimeside. |

Bilde: Tambar sine Lillegutar 12 år. |
15.04.08 Storseier til Lillegutane
Lillegutane til Tambar spelte i kveld treningskamp mot Gaular på Naustdal stadion. Tambargutane spelte god fotball og putta mål jamt og trutt, og stoppa ikkje før dei hadde scora heile 13 mål. Til pause stod det 5-2, medan sluttresultatet vart 13-5 ! Målscorarar for Tambar: Daniel Kvalvågnes(9),Martin Skilbrei(3),Elias Rognebakke(1).
Fyrste seriekamp for lillegutane er 24.april mot Florø 4 på Naustdal stadion.
|

Bilde: Smågutelaget til Tambar som vann mot Førde 3. |
14.04.08 Målfest for Tambar sine smågutar !
Smågutane til Tambar hadde besøk av Førde 3 i årets fyrste kamp for sesongen. Og det vart ein pangstart for Tambar-gutane. Heile 10-2 vann dei kampen, som vart spelt på Naustdal stadion.Målscorarar for Tambar: Andre Sølvberg(4), Daniel Kvalvågnes, Gard N. Malones, Even Espeland, Jørgen Helgheim, Henrik Hundershagen, Ole-Martin Gjøringbø.
Neste kamp for smågutane er borte mot Jølster 21.april.
|

Bilde: Damespelarane Tina Alisøy og Maiken Solås.
|
09.04.08 God kamp av Tambardamene !
Damelaget til Tambar spelte i kveld treningskamp mot damelaget til Førde. Ifylje rapportane vi har fått frå kampen, spelte Tambardamene ein god kamp og var fullt på høgde med Førde. Særleg fyrste omgangen kan damene frå Naustdal vere nøgd med. Dei tok leiinga 1-0 på straffe, som Tina Alisøy ekspederte sikkert i mål. Førde reduserte før pause, og laga gjekk til pause med 1-1. Etter pause scora Førde tre mål, dermed vart sluttresultatet 4-1.
09.04.08 Tap for Tambarherrane !
Tambarherrane tapte i kveld treningskampen mot Gaular, 9-1. Målscorar for Tambar var Jonas Røyseth Paulen. Kampen vart spelt på kunstgraset i Eikefjord.
|
|
08.04.08 Tap for Tambarjentene
Tambarjentene spelte i kveld treningskamp mot Gaular, på Naustdal stadion. Det er snart to år sidan jentene spelte 7-ar fotball sist, noko ein tydeleg såg i starten av kampen. Fyrste omgang var Gaular hakket bedre enn Tambarjentene, medan andre omgang spelte jentene frå Tambar periodevis god fotball. Sluttresultatet vart 4-2 til Gaular. Målscorarar for Tambar var Stine Aase og Kristin Alise Tefre Birkeland.
Bilde: F.v. Terese Helle, Taline Fagerheim og Kristin Alise T.Birkeland.
|

Bilde: Smågutane som deltok i KM-kvalifiseringa 2008.
|
08.04.08 Tidleg sesongstart for smågutane
Tambar sine smågutar startar sesongen allerede i neste veke. Mandag 14.april spelar dei mot Førde 3 på Naustdal stadion. Men smågutelaget har vore i aktivitet med kampar ei god stund, og har hatt fyljande resultat:
- Tambar-Eikefjord jenter 14/15 år 4-0
- Tambar-Førde 3 4-0
- Tambar-Eikefjord jenter 14/15 år 10-0
- Tambar-Førde 4 7-1
I morgon spelar dei sin siste treningskamp før sesongen startar, mot Florø i kystbyen.
|

Bilde:Trenarane for Tambar sitt 6.divisjonslag, Narve Kirkebø og Roger Edvardsen. |
05.04.08 Treningskamp: Eikefjord - Tambar 6-1
På kort varsel reiste Tambarherrane idag til Eikefjord og spelte treningskamp mot dei på kunstgraset. Eikefjord var ikkje uventa hakket bedre enn Tambar, men utifrå rapporten vi har fått frå kampen, hang Naustdalslaget bra med i store delar av kampen. Målscorar for Tambar var Torgeir Herstad.
Neste treningskamp for 6.divisjonslaget til Tambar, vert spelt mot Gaular i Eikefjord på onsdag 9.april.
Meir om 6.divisjonslaget til Tambar finn du HER og på herrelaget si heimeside. |
|
27.03.08 Oda og kretslaget til Bergen 11.-13.april
Tambarspelar Oda Heggedal Longvastøl er utteken på kretslaget jenter f.92/93. Desse og to andre kretslag ( G -92 og G-93 ) frå Sogn og Fjordane dreg 11.-13. april til Bergen, der dei skal ha samlingar og spele kampar mot kretslaga til Hordaland FK og Rogaland FK . Vi ynskjer Oda og kretslaga lukke til !
Uttaket til kretslaga og program |
 |
15.03.08. LØKEN vart vinnaren !
Løken vart vinnar av årets grendalagsturnering !
Resultater og tabell
|
 |
12.03.08. Tambarjentene slo Eikefjord
Jentelaget til Tambar spelte i kveld treningskamp mot Eikefjord på kunstgraset der ute. Dei elleve Tambarjentene spelte i periodar god fotball, og vann fullt fortent 4-0. Synd er det at jentelaget frå Naustdal ikkje stiller med 11ar lag i serien, for då hadde det vore fleire lag enn Eikefjord som nok hadde fått slite mot dei !
Målscorarar for Tambar var Katrine Grimset Kvalvågnes, Kristin Alise Tefre Birkeland, Tina Alisøy og Maiken Solås.
Bilde er frå Kaupanger-Tambar i haust.
|
 |
11.03.08 Tap for Tambarherrane
Tambar sitt nyoppstarta 6.divisjonslag tapte i kveld treningskampen mot Førde 4. Førdelaget vann heile 8-1, og Tambar sitt mål vart scora av Kristoffer Hundershagen.
Foto: Bjørn Hundershagen
|
 |
09.03.08. KM 2008 i Nordfjordhallen
Tambarlaga klarte ikkje å hevde seg i KM sluttspelet.
Gutelaget og Tambar sine juniordamer klarte ikkje å hevde seg i årets sluttspel i KM innandørs som vart arrangert i helga. Gutelaget måtte reise frå Nordfjordhallen med fem tapte kampar i bagasjen, medan det gjekk litt bedre for Tambar sine juniordamer. Etter å ha tapt dei tre fyrste kampane, fekk dei ein etterlengta seier mot Bremanger i siste kamp.
Spelarane gjorde ein hederleg innsats i Nordfjordhallen, men laga dei møtte var hakket bedre enn Tambar sine lag.
Haugen Fotball har fyldig dekkning av KM, bl.a. nokre bilder av juniordamene.
|
|
04.03.08. Oda med kretslaget til Volda
Tambarjenta Oda Heggedal Longvastøl (93) er utteken på Sogn og Fjordane sitt kretslag for jenter f. 92, som i palmehelga dreg til Volda. Der skal dei måle krefter med kretslaga frå Sunnmøre FK og Nordmøre og Romsdal FK. Vi ynskjer Oda og laget lukke til med kampane !
Kretslaget jenter f. 92 og gutar f. 92 på SFFK si heimeside
|
01.03.08 SerieGULL til Tambar !!

Litt volleyball tåler vi på fotballsida vår, særleg idag ! Tambardamene gjorde som dei mange frammøtte tilskodarane forventa, nemleg seier mot dagens motstandar Stod. Med fullt trøkk frå godt over 100 tiskodarar vann Tambardamene 3-0. Etter kampen var det utdeling av blomar og premiar til spelarane og trenar frå Naustdals ordførar og leiar av Tambarskjelvar IL. GRATULERE ALLE SAMAN!!
 |
Linda, Terese og Oda på kretslagssamling på Eid 29.feb.-2.mars.
Tambarjentene Linda Stuhaug, Terese Helle og Oda Heggestad Longvastøl er uttekne til kretslagssamling på Eid 29.februar-2.mars.
Heile uttaket finn du på kretsen si side
Vi ynskjer jentene lukke til !!
|
|
Tambar sine juniordamer til KM-sluttspelet !
Med liten påmelding til KM-kvaliken for junior herrar og damer, gjekk alle påmeldte lag direkte til KM-sluttspelet 9.mars. Kretsen har i ettertid opna opp for at klubbane kunne melde på lag fram til no. Tambar har altså meldt på juniordamer og blir representert med to lag i årets KM-sluttspel: juniordamene og gutelaget som gjorde ein framifrå jobb i Bremanger under KM-kvaliken !
Andre junior damelag som går direkte til KM-sluttspelet er: Bremanger1, Bremanger2, Kaupanger1, Kaupanger2, Dale, Høyang og Sogndal.
|
 |
Pokalar og premiar i hallen !
Det er no sett opp ein del premieskap på tribuna i Naustdalshallen. Premiar som Tambarutøvarar av friidrett, orientering og fotball har vunne opp gjennom tidene, skal kome til heider og ære ! Vektløftarane får sitt eige skap ved inngangen til hallen. Mandag kveld starta fotball-leiaren å fylle opp skapa, og har du teke vare på premiar og pokalar av ymse slag, ber vi om at dei blir levert så dei kjem til sin rett !
|
 |
 |
Tambar Cup 16.februar
Med heile 38 lag i aksjon på Tambar Cup, vart det ein lang men vellykka turnering i Naustdalshallen !
Arrangøren melder om gode tilbakemeldingar frå spelarar og leiarar og eit godt oppmøte av tilreisande og lokalt publikum.
Vel blåst !!
KAMPOPPSETT
|

Linda Stuhaug
|
Linda og Terese på kretslagssamling !
Tambarjentene Linda Stuhaug og Terese Helle er uttekne til kretslagssamling for jenter f.1994. Samlinga skal være på Eid Idrettspark 1.-2.mars. Dei to Tambarjentene, ilag med 18 andre jenter frå Sogn og Fjordane, skal ha treningar og spele kampar på kunstgraset på Eid.
Vi ynskjer jentene lukke til !
Gutar f.1994 har også kretslagssamling på Eid same helga. Ingen gutar frå Tambar vart uttekne her.
|

Terese Helle
|

Gutelaget til Tambar som kvalifiserte seg til KM-sluttspelet. |
Desse gutelaga er kvalifisert til KM-sluttspelet
Tambargutane kan vente seg hard motstand i årets KM-sluttspel i Nordfjordhallen 8.-9.mars. Forutan Tambar er desse laga kvalifisert: Sogndal, Høyang 1 og Høyang 2, Dale og Jølster, Tempo 1, Eid, Loen, Skavøypoll og Selje.
Vi ynskjer gutane lukke til, og trur dei vil sparke godt i frå seg !
|

|
SØLVGUTANE !
Tambar sitt gutelag gjorde ein strålande innsats i KM-kvaliken i Bremanger på søndag. Dei tapte finalen mot Tempo 1, men er som sølvvinnar kvalifisert til KM-sluttspelet i Nordfjordhallen i mars.
Resultata til gutelaget: Tambar-Florø1 1-1, Tempo3-Tambar 2-4, Tambar-Tempo2 5-0 og finalen Tambar-Tempo1 1-4.
Gratulerer, gutar !! |
|
Tambarjentene med knepne tap !
Det vert ingen KM-sluttspel for jentelaget denne gongen. Med tre knepne tap mot Florø (0-1), Eikefjord (0-1) og Bremanger (2-3) måtte jentene retunere til Naustdal med null poeng. Med litt meir tur i alle kampane, kunne ein faktisk ha snudd tabellen på hovudet.
Men sjølv om det ikkje vart den store oppturen poengmessig, treng ikkje jentene legge seg ned å grine for det. Jentene gjorde ein solid innsats, og viser at dei kan spele jamt med dei fleste.
Bilder Jentelaget og Gutelaget
|
|
KM-kvalik: Kjempeflott innsats av småjentene og smågutane!
Tambar sine smågutar og småjenter var i dag i Bremanger og spelte KM kvalifisering. Sjølv om ingen av laga klarte kvalifisere seg til KM sluttspelet, gjorde dei ein kjempeinnsats under turneringa. Småjentene gjekk gjennom turneringa uten tap og enda på ein sterk 2.plass med desse resultata: Tambar-Florø 0-0, Svelgen-Tambar 0-2,Bremanger-Tambar 0-0. Diverre var det berre vinnaren (Florø) som gjekk vidare til KM-sluttspelet.
Smågutane gjorde ein like sterk innsats, og med eit knepent 2-3 tap mot Florø1gjorde att dei ikkje fekk spele finale og dermed bli kvalifisert til sluttspelet. Bortsett frå dette tapet vann smågutane dei resterande kampane sine: Florø3-Tambar 1-4, Bremanger2-Tambar 0-5, Tambar-Svelgen2 3-2. Alle resultat frå laurdagens kampar finn du her
BILDER - BILDER2
|
|
SØLVJENTENE !
Tambar sine småjenter gjorde ein strålande innsats under KM-kvalifiseringe i Bremanger på laurdag. Utan tap i turneringa, enda jentene på ein fin-fin 2.plass. Diverre vart det inga KM-sluttspel på dei, då berre vinnaren vart kvalifisert til den.
På bildet ser vi jentene etter å ha moteke pokalen som bevis på flott innsats og 2.plass.
Vi gratulerer !!
Foto: Gunnar Naustdal
|
|
Nesten for smågutane!
Smågutelaget til Tambar var nær ved å kome til finalen og plass i KM-sluttspelet. Men med eit knepent 2-3 tap mot Florø 1i siste kamp, gjorde at det vart Florølaget som stakk av gårde med sluttspelplassen.
Men gutane har ingen grunn til å henge med hovudet, dei gjorde ein kjempeinnsats og flott resultat i årets kvalifiseringsspel i Bremanger på laurdag !!
Foto: Bjørn Hundershagen
|
|
Bilde: Tina Alisøy, Tambar |
|
Tambardamene sesongopnar 18.april heime mot Breimsbygda !
Puljeinndelinga for damer 3.divisjon er no klar. Med 13 lag påmeldt i årets 3.divisjon for damer, er laga delt inn i to puljer. Tambardamene opnar altso sesongen med heimekamp mot Breimsbygda. 16 mai dreg Tambardamene til by`n og nabooppgjer mot Førde !
Desse laga finn du i Avd.2: Tambar, Bremanger, Førde, Hornindal, Eid, Breimsbygda og Florø.
Avd. 1 ser slik ut: Høyang, Sogndal, Jølster, Kaupanger 2, Syril, Bjørn.
TERMINLISTE 3.DIVISJON Avd. 2
|
Bilde: Tambarjenter

|
Tambar Cup: Tambarjentene til topps !!
Tambarjentene(bilde) gjekk heilt til topps i jenteklassen under søndagens Tambar Cup. Med to seierer og to uavgjort, var det ingen av dei andre laga som kunne ta fra Tambarjentene ein vèl fortent seier!
På 2. og 3. plass kom Jølster med to av sine tre lag som dei hadde med i turneringa.
Småjentene avvikla si turnering tidlegare på dagen. Her vart det seier til Førde 1 med Førde 2 på sølvplass og Jølster på bronsplassen.
Meir om Tambar Cup / Bilder |

For alle som ivrar for kunstgrasbane: Dette lovar bra !! Med god oppsluttning frå bygdefolket, som igjen har opna lommebøkene sine, ser det ut til at det går vegen for kunstgrasbane på Naustdal stadion. Og ikkje nok med det: truleg vil vi kunne spele på den nye bana alt til sommaren 2008 !!
Foruten bygdefolket har også bedrifter i nærområdet bidrege med si støtte, pluss at vi har ein bergenser som slo på stortromma og gav oss 500 000 kroner.
No når det ser ut at det skal gå vegen for kunstgrasbana, må ein ikkje gløyme at ein har som mål at byggesteg 2 skal kunne realiserast innan rimeleg tid. Det er viktig at ein får eit komplett anlegg med tartandekke på løpebana. Derfor vil vi sette pris på fortsatt givarlede frå privatpersonar og bedrifter !
|
Tambarspelarar på sonelagssamling
Dei beste Jenter f.94 frå Sunnfjord hadde i helga samling i Sogndal. Der spelte dei mot Sogn og Nordfjord, og gjorde ein god innsats. Dei vann 2-0 mot Nordfjord og tapte knepent 1-0 mot Sogn. På laget til Sunnfjord var desse Tambarjentene med: Oline Paulen, Linda Stuhaug, Terese Helle(bilde).
Dei beste gutane f. 94 frå Sunnfjord var også samla i Sogndal denne helga. Dei gjorde også ein god innsats, seier 4-1 mot Sogn og eit knepent 3-4 tap mot Nordfjord. Tambargutane Henrik Hundershagen(95)(bilde) og Andre Sølvberg var uttekne til laget til Sunnfjord.
Sjå heile uttaket og program HER.
|
|
Tap og seier for TEAM Sunnfjord i Ålesund
Team Sunnfjord tapte laurdag 4-1 og vann søndag 4-2 mot Kristiansund Bylag i sluttspelet, som vart arrangert i Ålesund helga 12.-13. januar.
Kampfakta finn du på Haugen si heimeside.
Foto: Ivar Longvastøl
|
 |
|
Til framsida

|