Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

ARKIV 2007 - 2008

Juli - desember 2008

 

 

Bilde: Nils Paulen gjekk vidare i Tambar Tippeduellen.

26.12.08 Aston Villa-Arsenal vart avgjerande

Kampen mellom Aston Villa og Arsenal vart avgjerande for begge kvartfinalane i kveld. Det såg lenge ut til å gå mot seier til bortelaget, men ein sein scoring gjorde at det vart uavgjort i denne kampen. Dermed sikra to av duellantane seg semifinaleplass med dette resultatet, sjølv om det måtte ekstraomgang til i Duell 3.

Dermed er dei to semifinalane klare med kveldens resultat. Oppsettet for desse og kveldens resultat finn du på

TAMBAR TIPPEDUELL

 

19.12.08 Tambarskjelvar IL på 2.plass

Tambar vart ikkje ein av dei tre vinnarane i denne tevlinga, der folk kunne stemme på "Klubben i mitt hjerte". Men det har vore so pass med personar inne og stemt på Tambar at vi hamna på ein fin 2.plass i fylket. Breimsbygda var laget som stakk av gårde med fyrsteplassen.

Heile oversikten finn du her

 

18.12.08 Levèr tippekupongen-støtt Tambar!

Henta frå Sogn og Fjordane Fotballkrets si heimeside: "Frå 1. mars 2009 får alle som spelar Norsk Tipping sine spel, mulegheit til å velgje eit idrettslag eller forening som skal få inntil 5 prosent av speleinnsatsen.

Dette er ei god mulegheit for idrettslaga til å skaffe seg ekstra midlar til aktivitet. For å delta i ordninga må idrettslag på førehand være registrert i Frivillighetsregisteret. For fleiridrettslag er det kun hovedlaget som juridisk eining som skal registrere seg, og midlane som kjem inn vert fordelt internt i laget av hovedlaget. Det er likevel veldig viktig at alle grupper i laget marknadsfører ordninga til sine medlemmer slik at dei som spelar gjev sine 5% av innsatsen nettop til idrettslaget. Om det ikkje blir gjort vert det lite midlar å fodele til aktivitet. Elektronisk registrering i Frivillighetsregisteret startar 1. desember."

Les meir

 

Bilde: Tambar tapte stort i møtet med Balestrand i haust. I 2009-sesongen blir det nye møter mellom laga.

18.12.08 Avdelingane og terminlista klar for 5.divisjon

Det vert to avdelingar i neste sesong`s 5.divisjon, ei Sunnfjord/Sogn-avdeling og ei Sunnfjord/Nordfjord-avdeling. I begge avdelingane finn ein åtte lag.

Tambar sitt nyopprykka mannskap er sett opp i avdeling 1med Sunnfjord- og Sognelag, og skal møte desse laga i sesongen 2009:

  • Gaular
  • Dale 2
  • Førde 3
  • Balestrand
  • Bjørn
  • Kaupanger 2
  • Vadheim/Høyang 2

Kampdag for 5.divisjon er søndag, og Tambar startar 2009 sesongen borte mot Vadheim/Høyang 3.mai, deretter med heimekamp mot Dale 2 den 10.mai. Framlegg til Terminlista for 5.divisjon avd. 1

Avdeling 2 består av fyljande lag: Tornado Måløy 2, Bremanger, Loen, Hornindal, Breimsbygda, Jølster 2, Eikefjord og Florø 2.

 

Bilde: Ein nøgd Bjørn Hundershagen med Fortenestediplomet.

04.12.08 Bjørn Hundershagen fekk fortenestediplom !

Leiaren i Tambar Fotball fekk i kveld Fortenestediplom for arbeid innan fotballsporten. Prisen fekk Bjørn for arbeidet han har gjort og fortsatt gjer i fotballgruppa til Tambarskjelvar IL. Forutan den gode jobben han gjer for alle laga i Tambar Fotball, har han også vore ein stor pådrivar for at idrettslaget skulle få kunstgrasbane i bygda.

Prisen, ein diplom og ein sjekk på kr. 2500.-, vart delt ut av Sogn og Fjordane Fotballkrets på leiarmøte som vart halde på Rica Sunnfjord Hotel i kveld.

Vi bøyger oss i støvet og gratulerer med ein vèl fortent pris !

 

 

Bilde: Årets Tambarspelar, Joar Vefring.

29.11.08 Joar Vefring vart årets Tambarspelar!

Tambar sitt seniorlag hadde fredag kveld spelarmøte og fotballfest i Fosshalla. Trenarduoen Narve Kirkebø og Roger Edvardsen oppsumerte årets opprykks-sesong og planane vidare for neste sesong i 5.divisjon.

Trenarduoen vil fortsette som trenarar også neste sesong, men dei seier at skulle det dukke opp kompetente trenarar som ynskjer å trene laget, stiller dei seg ikkje i vegen for det. Elles blir det jobba med å få ein oppmann, og elles eit støtteapparat rundt laget.

Etter spelarmøtet forflytta spelarane seg til langbordet der det vart servert pinnekjøt med tilbehør. Og medan sauekjøtet jobba nederst i magen, var det klart for utdeling av ymse prisar.

Desse fekk prisar:

  • TreningsoppmøtePRIS: Stian Hammarseth
  • AssistPRIS: Narve Kirkebø
  • Toppscorar: Tore Klopstad
  • KomètPRIS: Olav Hundershagen
  • ÅRETS SPELAR: Joar Vefring

 

Etter middag og prisutelingane, vart pressa kasta på dør! Så kva som føregjekk i Fosshalla etter vi drog, har vi ingen aning om.....!

 

Fleire bilder frå prisutdelingane.

 

23.11.08 Tambar i tøff pulje i innandørs KM

KM senior innandørs vart arrangert i Florø lørdag 22.november. Tambar spelte i pulje med Vik 1, Florø1, Gaular 2 og Vadheim/Høyang 2.

Resultat:

  • Tambar-Vik 1-5
  • Florø 1-Tambar 6-0
  • Gaular 2-Tambar 2-2
  • Tambar-Vadheim/Høyang 3-3

Førde og Kaupanger KM-vinnarar, sjå SFFK si heimeside

 

Bilde: Tambar sine småjenter gjorde ein flott innsats på Førde Cup.

16.11.08 Småjentene med flott innsats på Førde Cup

Tambar sine småjenter gjorde ein flott innsats under årets Førde Cup i helga. Småjentene stillte med to lag i årets turnering, eit 94-lag og eit 95-lag. Begge lag gjekk vidare frå innleiande kampar, og spelte søndag B-sluttspel. Her møttest dei to Tambarlaga i semifinalen, der det eldste laget gjekk seirande av bana med ein 2-0 seier. I finalen møtte Tambar Askvoll/Holmedal. Etter to uheldige scoringar imot, enda kampen 2-0 til AHIL.

Tambar sitt smågutelag, Tambar 2, var einaste av Tambarlaga som gjekk vidare til A-sluttspelet. I dag spelte dei åttandedelsfinale mot Førde 7, men diverre for smågutane vart det eit 2-5 tap.

 

Tambar Tippeduell er no igang !

10.11.08 Duellen er starta !

Fyrste par ut i Tambar Tippeduellen er no klare til å duellere mot kvarandre, og på lørdag får vi sjå om det vert Ove Hundershagen eller Narve Kirkebø som kjem seg vidare til kvartfinalen.

Ein av dei fyrste dagane i veka vil vi legge ut nye duellantar i nokre veker framover. Her kan alle fylje med på kva duellantane har tippa og kven som går seirande ut i kvar duell. Det heile blir avslutta med ein finale, der det sjølvsagt vankar premie til finaleduellantane.

Vil du sjå kva duellantane har tippa og kva dei kan vinne ? Les meir Tambar Tippeduell

 

Bilde: Jacob Storevik

09.11.08 Endeleg uttak til fotballskulen

Det har vore uttak til Fotballskulen Sunnfjord, der Førde IL-fotball- har anvaret for opplegg og samlingar i klassen gut f. 1995. Fire gutar frå Tambarskjelvar IL er med vidare, og under finn du heile uttaket:

Andreas Olset, Førde IL Fotball, Håvard Walaker, Førde IL Fotball, Stian Viken, Førde IL Fotball, Marius Bruland, Førde IL Fotball, Erlend Taule, Førde IL Fotball (96), Sondre Sandvoll, Førde IL Fotball (96), Kristoffer Angedal, Førde IL Fotball, Martin Nygård, Førde IL Fotball, Sondre Kyte, Førde IL Fotball, Morten Holsæter, Førde IL, Bjarne Nikolai Huus, Førde IL, Oddne Årdal, Jølster IL, André Sølvberg, Tambarskjelvar IL, Henrik Hundershagen, Tambarskjelvar IL, Jacob Storevik, Tambarskjelvar IL (96), Anders Aase, Tambarskjelvar IL, Adrian V. Årskaug, Viksdalen IL, Sveinung Nes, Viksdalen IL (96)

Trenar er Henrik Myklebust.

 

 

26.10.08 Dugnadgjengen vart takka !

Tambarskjelvar IL og Naustdal kommune inviterte i går til dugnadfest for alle som hadde vore med og jobba dugnad for at kunstgrasbana og anlegget rundt bana kunne bli ein realitet. Festen vart halden i Fosshalla, med god mat og festkledd dugnadgjeng med følge.

Nokre bilder frå dugnadfesten finn du her.

 

Bilde: Terese Helle, Tambar Fotball.

23.10.08 Terese utteken til Bylagsserien

Jentene som skal representere Sunnfjord i Bylagsserien ( TEAM Sunnfjord ) for klasse J -94, vart plukka ut på samlinga i Førde onsdag kveld. Einaste spelaren frå Tambar Fotball som vart plukka ut, var småjente- og jentespelaren Terese Helle. Ho har òg vore innom kretslaget for J-94, og delteke på samlingar og kampar der.

TEAM Sunnfjord skal komande helg spele kampar i Førde mot dei to andre laga i Bylagsserien, TEAM SOGN og TEAM Nordfjord.

Heile programmet for bylagsserien, finn du på SFFK sine heimesider.

 

Bilde: Katrine spelte ein god kamp, og hadde bra kontroll i forsvar i dagens KM-kamp mot Gaular.

18.10.08 Tap i siste minutt

Tambar sine småjenter tapte i dag KM-kampen mot Gaular 2-1, etter at Gaular fekk sett inn det avgjerande målet eit minutt før kampslutt. Surt ! Særleg var det surt å tape ein kamp der Tambarjentene var det beste laget stort sett i heile kampen, der dei spesiellt i fyrste omgang kunne ha scora både to og tre gonger. Alikevel har desse jentene hatt ein super sesong og vart avdelingsvinnar i si avdeling. Målscorar i dagens kamp var Kristina. Gratulere med ein flott sesong, jenter !

Bilder frå KM-kampen

 

Bilde: Lillegutane vann mot Gaular og Høyang i kveld.

17.10.08 Lillegutane vann kampar

Lillegutane var i kveld på Sande og spelte turnering/treningskampar med fyljande resultat: Tambar-Gaular 96 6-1, Tambar-Høyang 97 6-4, Tambar-Gaular 97 2-0. Måla til Tambar sine lillegutar vart scora av Daniel(9), Martin(4) og Ola(1).

Kampane vart spelt på grusbane på Sande.

 

Bilde: Mini jenter 99/98. Foto: Solfrid Bygstad.

16.10.08 Jenter 99/98

Sesongen er avslutta for dei fleste laga til Tambar Fotball, også for jenter klasse 99/98. Her har ein fornøgd gjeng innteke den nye tribuna på Naustdal stadion.

Sjå større bilde

 

Bilde: Oversikt over aktiviteten på stadion finn du no på heimesida.

16.10.08 Nye treningstider

Det er sett opp nye treningstider for dei fleste laga i Tambar Fotball. I den nye aktivitetskalendaren for Naustdal stadion, vil du finne alle treningstider og kampdager. Her vil du også finne ut om bana t.d. er stengt for trening eller treningar må flyttast p.g.a. kamp. Så her er det viktig å gå innom jamnleg for å holde seg oppdatert, både for spelarar og trenarar/leiarar. Aktivitetskalendaren gjeld frå i dag ! Treningstider for Naustdalshallen kjem om kort tid. Aktivitetskalendar Naustdal stadion.

 

Bilde: Lillegutane avslutta med bowling og pizza. Foto:Edel Skilbrei.

16.10.08 Lillegutane avslutta med bowling og pizza

Årets fotballsesong vart avslutta med sosialt samvær for Tambar sine G 12, då dei møttes til bowling og deretter Pizza på Dolly Dimples. Forutan spelarane og trenarar/lagleiar, var mange av foreldrene med denne kvelden i Førde.

Sjå fleire bilder

 

Bilde: Desse jentespelarane deltek på fotballskule på Naustdal stadion.

15.10.08 Fotballskule på Naustdal stadion

Fyrste samling på fotballskule for gutar og jenter fødd 1995 vart avvikla på Naustdal stadion i dag. Fyrst ut var jentene med si økt, fylgt av gutane si treningsøkt seinare på kvelden. Fotballskulen er i regi av SFFK og har samlingar kvar onsdag fram til 19.november.

Nokre bilder frå kveldens trening.

 

Bilde: Denne var vrien for mange !

14.10.08 Mange gode forslag, seks tippa rett

Det var mange som streva med personen vi hadde vridd og vrengt på, og det mangla ikkje på gode forslag. Men det var hverken Kristoffer Hundershagen, Steffen Iversen, Erik Mykland eller Henning Svoen, som var nokre av forslaga vi fekk inn. Personen sjølv tippa rett på oppgåva, der han såg seg sjølv forvridd. Men om han stakk avgårde med sportsbag og drikkeflaske.............? Sjå svar og vinnar.

 

Bilde: Oddvar Årdal, Jølster IL. Foto: Stig Roger Eide.

12.10.08 Fotball fjordalangs !

Jølster rykker opp i 3.divisjon etter å ha vunne 5-4 mot Årdal 2, medan Dale blir værande i divisjonen etter at dei tapte 3-1 mot Saga. Selje knuste Stryn 9-3, men rykker alikevel ned i 4. divisjon då Skavøypoll klarte 2-2 mot Sogndal 2. Sogndal trygga kvalikplassen med 3-1 over Nybergsund Trysil, medan Notodden dreit seg ut med 0-5 tap mot Sarpsborg Sparta. Førde og Sogndal møtest i KM-finalen for damer 3.divisjon, medan KM-finalen i 6.divisjon blir spelt mellom Loen og Balestrand.

 

Bilde: Narve Kirkebø og Jonas Paulen spelte KM-kamp mot Loen i dag

12.10.08 Tambar tapte mot Loen

Tambar sitt seniorlag tapte i dag 6-2 mot Loen i den andre KM-kampen. Kampen vart spelt på ei god og blaut grasbane i Loen, og vertane leda 2-0 ved pause.

Meir om seniorane finn du på deira eiga side.

 

Bilde: Solveig Jensen spelar på småjentelaget.

06.10.08 Solveig også på fotballskule!

Solveig Jensen frå Tambar sitt småjentelag er også teken ut til fotballskulen som skal arrangerast i Naustdal 15.oktober. Dermed er det fem jenter frå småjentelaget som er uttekne til fotballskulen. Dei fire andre finn du i sak lenger ned på sida.

 

Bilde: Tambar sitt småjentelag møter Gaular i KM-sluttspelet.

03.10.08 Tambar møter Gaular 18.oktober i KM-suttspelet

Oppsettet av KM-kampane i småjenteklassa er no klare. Tambar sitt småjentelag møter Gaular lørdag 18.oktober. Kampen går på Naustdal stadion og startar kl. 14.00.

I den andre kampen møter Selje Kaupanger som blir spelt same dag. Vinnarane av desse to kampane, møtest seinare til finale og der vinnaren vert årets kretsmester i småjenteklassa.

 

Bilde: Silje-Olin og lillejentene med seier i siste kamp.

02.10.08 Feira seieren i bassenget !

Lillejentene avslutta sesongen med seier 7-1 over Førde 4 på Naustdal stadion i kveld. Etter ein god kamp, med bra spel og mange mål av jentene , bar det rett til bassenget i Førdehuset etter kampslutt. Dermed er sesongen over for lillejentene også, som har vunne fem kampar, spelt ein uavgjort og tapt seks i årets sesong.

Måla i kveldens kamp vart scora av Camilla(3), Iris(3) og Silje-Olin.

 

Bilde: Tambar sine lillegutar.

02.10.08 Avslutta med storseier

Lillegutane avslutta sesongen med storseier på Naustdal stadion i kveld. Denne gongen var det Jølster som vart sendt av bana med stortap, då Tambar vann heile 14-4. Utruleg nok vart det sløst med sjansane mot Jølstermålet og Tambar var ofte ukonsentrerte framfor mål ! Måla til Tambar vart scora av Martin, Daniel, Ola, Jørund og Ole Martin.

 

02.10.08 Rett val av sko kan være skadeforebyggande

Med den nye kunstgrasbana på plass, dukkar spørsmålet om kva sko som er det beste for dette dekket. Når ein tenker best i denne samanheng, er det rett valg av sko i forhold til forebygging av skadar.

Les meir

 

Bilde: Linda Stuhaug skal også delta på bylags-samlingane.

02.10.08 Linda også utteken

På lista over uttekne spelarar til samlingane i bylagsserien, var diverre eit namn falle ut. Det er Linda Stuhaug, som er keeper på Tambar sitt småjentelag. Dermed er det fire jenter frå Tambar-Fotball som er sjansen til å vise seg fram i desse samlingane. I tillegg til Linda, er Catrine Nøstdal, Oline R. Paulen og Terese Helle uttekne.

Heile uttaket finn du her

 

Bilde: Les om småjentene i torsdagsutgåva av Firda.

01.10.08 Småjente-stoff i Firda

Den gode sesongen som Tambar sitt småjentelag har hatt i år, har også nådd avishuset Firda i Førde ! I morgondagens avis har dei laga ein artikkel på sportssidene, med bl.a. bilde av gjengen som vann avdelinga si, og som no skal ut i KM-spel 16.oktober. Så her er det berre å skunde seg å få avisa i hus og bla opp på side 19 og lese om våre flinke småjenter !

 

Bilde: Tambar tapte kveldens kamp mot Balestrand.

01.10.08 Tap for seniorane!

Det vart stortap for seniorane då dei møtte Balestrand i fyrste KM kamp på Naustdal stadion i kveld. Heile 2-9 stod det på blokka til kveldens dommar, Odd Kaare Nøstdal, då han blas av kampen. Fyrste omgang var jamnspelt, der Balestrand leda 2-1 til pause. Tidleg i andre omgang fekk sogningane to kjappe, og det vart vanskeleg for Tambar å kome att. Bortsett frå reduseringa i denne omgangen, var Balestrand hakket bedre i det meste. Tore Klopstad og Kristoffer Hundershagen scora for Tambar.

Meir på Seniorane si heimeside

 

Bilde: Caroline Salbu og Eline Lillehaug er utteken til fotballskule.

30.09.08 Tambarjenter på fotballskule i Naustdal

Fire jenter i klasse 1995 frå Tambar er utplukka til SFFK sin fotballskule som vert halden i Naustdal. Fyrste samling er onsdag 15.oktober, og held fram kvar onsdag til og med 19. november. Desse jentene frå Tambar er uttekne: Caroline Salbu, Eline Lillehaug, Trine Einevoll og Kristina Nymann.

Kvar spelar vil få meir info etterkvart.

 

Bilde: Andre Sølvberg og smågutane spelte mot Førde i kveld.

30.09.08 Smågutane med sesongens siste

Smågutane avslutta årets sesong mot Førde på Naustdal stadion i kveld. Tambargutane tapte 4-0 mot eit Førdelag som stillte med -94 modellar, og var hakket bedre enn våre smågutar. Til pause var stillinga 0-3, og berre eit mål imot i andre omgang er bra av smågutane.

Bilder frå kampen

 

Bilde: Catrine (t.v.) og Oline (t.h.) er uttekne på årets samlingar i Bylagsserien.

30.09.08 Catrine, Oline og Terese uttekne til Bylagssamlingar

Tambarjentene Catrine Nøstdal, Oline Røyseth Paulen og Terese Helle er uttekne til haustens/vinterens Bylagssamlingar. Her finn vi spelarar frå dei fleste lag i Sunnfjord i årsklasse 1994. Samlingane vil i hovudsak finne stad i Førde. Meir info om samlingane vil kvar enkelt spelar få om kort tid.

Sjå heile uttaket

 

Bilde: Henrik Hundershagen er ein av fem Tambarspelarar som er utplukka til fotballskule.

30.09.08 Tambargutar på fotballskule i Naustdal

Desse Tambargutane er uttekne til Fotballskule i Naustdal: Andre Sølvberg, Henrik Hundershagen, Jacob Storevik, Anders Aase, Nicolai Sundbye. Fotballskulen er i regi av SFFK, og spelarar frå klubbar i Sunnfjord deltek. Fyrste samling er 15.oktober, deretter kvar onsdag fram til og med 19.november, på Naustdal stadion.

Heile uttaket

 

SUPERT, JENTER !!

 

Bilde: Ein glad gjeng etter at seieren mot Førde i kveldens kamp var eit faktum.

29.09.08 Småjentene vart avdelingsvinnar !

Tambar sine småjenter sikra seg avdelingsvinnar-tittelen i kveld, etter å ha vunne 5-3 mot sin hardaste konkurrent, Førde. Dermed skal dei seiersvande småjentene også ut i KM-spel i haust. Der møter dei eit av desse laga: Kaupanger, Gaular eller Selje. den kampen skal spelast 16.oktober.

I kveldens kamp vart det altso ein vel fotent siger til jentene, sjølv om Førdejentene beit godt i frå seg. Tambar sine mål vart scora av Tanja(2), Eline(2) og Kristina. Bilder frå kampen.

Vi gratulerer ! Det kan du òg gjere, HER

 

Bilde: Jentelaget med siste kamp for sesongen.

28.09.08 Nytt tap for jentene

Jentelaget tapte 8-3 mot Skavøypoll på Naustdal stadion i dag. Tambar tok leiinga tidleg i kampen, og spelte i periodar bra fotball. Skavøypoll utligna, og laga følgde kvarandre fram til 3-3. Derifrå var det Nordfjordjentene som tok over føringa i kampen, og vann til slutt 8-3. Måla til Tambar vart scora av Trine Sæbø, Terese Helle og Catrine Nøstdal.

 

Bilde: Det vert spelt heile sju kampar på Naustdal stadion komande veke. Bl.a. toppkampen i småjenteklassa mellom tabelleinar Tambar og tabelltoar Førde !

28.09.08 Mange kampar på stadion neste veke

Mange av Tambarlaga spelar sin siste kamp for sesongen neste veke. Jentelaget tjuvstartar mot Skavøypoll på søndag kl.14.00. Småjentelaget spelar "avdelingsfinale" mot Førde på mandag kl.18.00. Smågutelaget møter Førde 2 på tirsdag kl.18.00. Senior Herre spelar KM-kamp mot Balestrand på onsdag kl.19.00. Lillegutane møter Jølster på torsdag kl.17.30, same dag og tid møter Lillejentene Førde 4. Gutelaget avslutter med kampen mot Florø 2 på torsdag kl.19.00.

Møt opp og støtt TambarFotballen !

 

Bilde: Tambar sitt seniorlag.

26.09.08 KM-spel på seniorane !

SFFK har teke protesten mot Florø 3 til fylje, der laget spelte med ein ikkje-berettiga spelar i kampen mot AHIL, noko som gjer at Florø 3 misser dei tre poenga mot AHIL. Dermed er Tambar også puljevinnar av 6.divisjon avd 2, og skal ut i KM-kampar mot Balestrand og Loen. Fyrste kamp for Tambar sin del går NB! onsdag 1.oktober kl.19.00 på Naustdal stadion mot Balestrand . Vi ynskjer seniorane lukke til i desse kampane.

KM-kampane

 

Bilde: Daniel G.Kvalvågnes scora fire mål for lillegutane i kveldens kamp mot Florø 2.

25.09.08 Lillegutane vann jamn kamp i Florø

Det var Florø 2 som starta kampen best, og leda 2-0 alt etter fem minutt spel. Men lillegutane holdt roen, og reduserte både ein og to gonger før dei gjekk opp i ein 3-2 leiing. Med ei redusering til Florø, gjekk laga til pause med 3-3. I andre omgang spelte Tambar god fotball, og heile laget skal ha æra for at laget drog i land seieren i ein jamn kamp mot Florøgutane. Med tre scoringar i andre omgang, vart det ein fortent 6-3 seier. Tambar sine mål vart scora av Daniel(4) og Martin(2).

 

Bilde: Keeper, Janne Teigen,måtte plukke ut heile ni ballar frå nettet i kveld.

24.09.08 Jentelaget måtte returnere med stortap frå Breim

Heile 0-9 tapte Tambar sitt jentelag i kveldens kamp mot Breimsbygda. Dermed fekk jentene sitt tredje strake tap, og har ikkje klart å fylje opp den gode vårsesongen og den flotte innsatsen dei hadde under Norway Cup i sommar.

I kveldens kamp fekk jentene frå Breim ein pangstart med to tidlege mål, og det såg ut som lufta i Tambarballongen forsvant med måla. I det store og det heile var Breimsbygda eit bedre lag enn Tambar i kveld, og vann ein fullt fortent seier.

 

Bilde: Roger Edvardsen og Tambar måtte dra heim frå Florø med tap i kveld.

23.09.08 Knepent tap i siste kampen for seniorane

Med seier i kveldens kamp, hadde Tambar spelt om ein KM-tittel i årets 6.divisjon. Men det vart eit knepent 1-2 tap mot Florø 3. Dermed vert det Florølaget som får spele om KM-tittelen. Men med opprykk til 5.divisjon, skal Tambarspelarane være godt nøgd med årets sesong.

Vi gratulerer spelarane med ein god sesong og opprykket!

Meir på seniorane si eiga side

 

Bilde: Oline (t.h.) scora eit av måla i kveldens kamp mot Breimsbydga. Bildet er frå kampen mot Svelgen.

22.09.08 Småjentene vann igjen!

Tambar sine småjenter tok ein solid 4-0 seier, i ein ikkje altfor velspelt kamp, på ei våt grasbane, mot Breimsbygda i kveld. Dermed held jentene fortsatt tabelltoppen då kun ein kamp av sesongen gjenstår, med Førde hakk i hel. Og nettopp Førde er motstander i den siste kampen, som vert spelt på Naustdal stadion. Tambarjentene klarer seg med uavgjort, medan Førde må vinne, for å bli det laget som får lov å spele om KM-tittel! Spennande !! Måla til Tambar i kveldens kamp vart scora av Oline, Caroline, Tanja og Kristina.

 

Bilde: Damelaga til Førde og Florø møttes i kveld på Naustdal stadion.

22.09.08 Førde trygga andreplassen på Naustdal stadion

I damenes 3.divisjonsoppgjer mellom Førde og Florø som vart spelt på Naustdal stadion i kveld, vann Førde med konfortable 6-0. Til pause leda Førdedamene 3-0, og hadde bra kontroll på motstandarane frå kystbyen gjennom heile kampen. Men det unge Florølaget skal ha all ære for god innsats til siste nikk, sjølv om dei fekk seks mål i mot. Tabell

Sjå bilder frå kampen

 

22.09.08 Bortekampar for Tambarlaga

Samtlege lag til Tambar spelar på bortebane denne veka, og spennande blir det å sjå om Nils Paulen ( bildet ) sitt småjentelag fortsatt ligg på tabelltoppen etter mandagens kamp mot Breimsbygda. Blir det seier i Nordfjord, går det mot seriefinale i siste kamp mot Førde på Naustdal stadion neste mandag. Dei andre laga til Tambar spelar slik denne veka:

  • Lillejenter: Florø 1 - Tambar 25.september
  • Lillegutar: Florø 2 - Tambar 25.september
  • Smågutar: Førde 3 - Tambar 22.september
  • Gutar: Hyllestad/Dale-Tambar 25.september
  • Jenter: Breimsbygda-Tambar 24.september
  • 6.divisjon H: Florø 3-Tambar 23.september

 

Bilde: Førde`s damespelar Kathrine Hofland.

21.09.08 Damekamp på Naustdal stadion mandag kveld !

I morgon kveld, mandag 22. september, blir det mogeleg å sjå damefotball på Naustdal stadion. Då møter Førde Florø i damenes lokale 3.divisjon avd. 2. Førde har i dei siste kampane vunne over både Bremanger og Florø, og verkar å være i bra slag for tida. Florø slit litt lenger ned på tabellen, men kan vise til uavgjort mot Bremanger i haust. Så, om du har lyst å sjå god damefotball på stadion, ta turen i morgon kveld. Kampen startar kl. 19.30. Kommentar?!?

 

Bilde: Premieutdelinga føregjekk på tribuna.

21.09.08 Vellukka Bend It Cup !

Tambar Fotball gjennomførte ei prikkfri Bend It Cup-turnering på Naustdal stadion i går. Med dugnadsfolk som stod på frå morgon til kveld, vart dette eit arrangement med mykje positiv tilbakemeldingar både frå spelarar og leiarar. Berre godord var det også frå fotballforbundet sin representant, som var til stades under turneringa. Og med værgudane på vår side denne dagen, vart dette ein dag slik vi hadde håpa den skulle bli ! Kommentar ?!?

Bilder frå Bend It Cup 2008

 

Bilde: Tambar med siger over AHIL i kveld.

18.09.08 God kamp og siger til gutelaget over AHIL

Tambar vann fortent 3-2 over Askvoll/Holmedal i kveldens gutekamp på Naustdal stadion. Ved pause var stillinga 1-0, og då Tambar gjekk opp til 2-1 og 3-1 trudde vel mange at kampen var over. Men AHIL gav ikkje opp, og fekk ei redusering og det vart ny spenning i kampen. Men Tambar kjempa godt og klarte å dra iland ein fortent seier. Målscorarar for Tambar var Vegard Savland(2) og Kristoffer Slettehaug.

Bilder frå kampen

 

Bilde: Lillejentene i kamp mot Førde 1 i kveld.

18.09.08 Lillejentene tapte, lillegutane vann

Lillejentene tapte 13-1 mot eit godt Førdelag på Naustdal stadion i kveld. Målscorar for Tambar var Martine Mallasvik. Lillegutane vann i kveld heile 14-2 borte mot Eikefjord. Målscorarar for Tambar var Daniel, Ola, Ørjan, Martin S., Martin B., Ole Martin og Jørund.

Bilder frå lillejentekampen

 

Bilde: Smågutelaget tapte i går mot Svelgen. Bildet er henta frå ein kamp mot Førde tidlegare i år.

18.09.08 Smågutane og Jentene tapte

Smågutane tapte 5-2 mot Svelgen på Naustdal stadion i går kveld. Ved pause var stillinga 2-1 til gjestane.

Jentelaget hadde besøk av Dale i går kveld og fekk kraftig bank av jentene frå Fjaler. Heile 9-1 vart resultatet i denne kampen, etter at gjestane hadde leda 3-0 ved pause.

 

17.09.08 Old boys/girls-treninga startar opp att på fredag !

Treninga for ikkje-aktive fotballspelarar startar oppatt fredag 19. september kl.19.00 på kunstgrasbana og varar fram til kl. 20.30. Alle trenarar/oppmenn for dei aldersbestemte laga, og sjølvsagt andre som vil strekke litt på føtene, er velkomne til treninga.

 

Bilde: Narve Kirkebø (t.h.) hadde ei frisparkperle mot AHIL.

16.09.08 Tambar køyrde over AHIL !

Askvoll/Holmedal 2 var ingen målestokk for Tambar i kveldens 6.divisjonskamp på Naustdal stadion. Etter å ha leda 3-0 ved pause, var det stor sett spel mot eit mål i andre omgang, og faktisk burde Tambar ha scora fleire enn dei 12 måla dei laga i denne kampen. Tambarkeperen, Olav, slapp inn eit mål, men gjorde det godt att ved å score på straffe som Tambar fekk tildelt av dommar Raggen. Bilder frå kampen

Meir om kampen finn du på seniorsida

 

15.09.08 48 lag til Bend It Cup i Naustdal

Tambar Fotball arrangerer Bend It Cup på Naustdal stadion laurdag 20. september. Dette er ei turnering for gutar og jenter i klassane 1997 til 2001, og det vil bli spelt fotball på fem småbaner samtidig. Samtlege deltakarar får fine Bend It Cup-effektar i premie. Kampoppsettet finn du her på sida, og vil truleg være klart mandag 15.september.

Kampoppsettet til Bend It Cup er klart

Info og oversikt over påmeldte lag

 

Bilde: Frå miniputt turneringa på Naustdal stadion 24.august.

12.09.08 Miniputtane til Florø på søndag

Årets siste miniputt turnering blir arrangert på søndag 24.september. Arrangør denne gongen er Florø SK, og med det været vi har i vente på søndag, vert det ein flott fotballdag ute i kystbyen. Tambar stiller sjølvsagt med mange lag også til denne turneringa, og vi ynskjer dei lukke til med turneringa.

 

Bilde: Daniel og Jacob i angrep i kveldens kamp mot Førde 5.

11.09.08 Lillegutane laga ny målfest !

Nok ein gong vart det målfest for Tambar sine lillegutar. Denne gongen var det Førde 5 som fekk smake scoringsfoten til Tambargutane. Etter å ha leda 5-1 ved pause, tok det skikkeleg av i andre omgang. Då var det mykje fint spel og gode bevegelsar å sjå frå gutane, og mange flotte scoringar. Heile 21-2 stod det i dommarboka til Olav Hundershagen då han blas av kampen. Måla vart scora av Daniel, Jacob, Martin, Ola, Daniel H., Ole Martin og Ørjan. Sjå bilder frå kampen

 

Bilde: Andre Sølvberg scora mot Førde.

10.09.08 Smågutane vann mot Førde

Tambar sine smågutar vann 2-1 mot Førde 5 tysdag kveld. Kampen vart spelt på kunstgrasbana i Førde. Dermed fekk smågutane sin andre seier i haust. Målscorarar var Andre Sølvberg og Nikolai Stølsvik. Neste kamp for gutane, er neste onsdag heime mot Svelgen.

 

10.09.08 Naustdal Stadion "by nigth" !

Slik ser det ut nå dei nye lysa på stadion er tente. Bildet vart teke av Bjørn Hundershagen tysdag kveld i halv elleve-tida, og som ein ser er lysforholda gode både til trening og kamp.

Lyset slår seg automatisk på når mørket sig inn, og blir sløkt kl. 22.30.

MMS-foto: Bjørn Hundershagen

 

Bilde: Roger Edvardsen og Tambar på veg til 5.divisjon.

09.09.08 På god veg til 5.divisjon!

Med ny seier i kveldens kamp borte mot Hyen, ser det lyst ut for seniorane når det gjeld opprykk til 5.divisjon. Etter å ha lege under 0-1 ved pause, vann Tambar kampen 3-2, ein kamp som trenarane beskriv som ein "sliteseier". Måla til Tambar vart scora av Arnt Ole, Torgeir og Hallvard. Les referat av kampen på sida til seniorane.

Sjå tabell

 

Bilde: God innsats av småjentene i kveldens kamp.

09.09.08 Småjentene utklassa Svelgen

Tambar sitt småjentelag var fleire hakk bedre enn motstandar Svelgen i kveldens kamp på Naustdal Stadion. Jentene spelte mykje god fotball og kjempa godt gjennom hele kampen. Til pause leia dei 4-0, og med same siffer i andre omgang, vart det utklassingsiffer 8-0 for småjentelaget. Måla vart scora av Oline(2), Tanja(2), Trine, Eline, Kristina og Catrine.

Sjå bilder frå kampen Tambar-Svelgen

 

Bilde: Marin Skilbrei og Tambar sitt Gut -96 gjorde det godt under helgas Førde Cup.

08.09.08 Meir frå Førde Cup

Tambar sine gutar -96 deltok i helgas Førde Cup, og gjekk gjennom turneringa utan tap. Med fire kampar, mot fire Førde-lag, vart det tre seierar og ein uavgjort for gutane og 8-1 i målskilnad. Måla vart scora av Daniel Grimset Kvalvågnes(4), Gard Nesje Malones(2) og Martin Skilbrei(2).

 

08.09.08 Kampar på Stadion denne veka

Det blir spelt to kampar på Naustdal stadion denne veka. Fyrst ut er småjentelaget som møter Svelgen tirsdag kl. 19.00. Den andre kampen er i lillegutklassa mellom Tambar og Førde 5. Denne kampen vert spelt på torsdag kl. 18.00. Kampen mellom Tambar og Gaular i jenteklassa er avlyst, p.g.a. at Gaular har trekkt laget sitt frå serien.

 

Bilde: Desse gutane frå Tambar stillte i klasse Gut -98 på Førde Cup, som vart arrangert i helga. Foto: I.Longvastøl

07.09.08 Gode resultat i Førde Cup

Tambar deltok i helgas Førde Cup, og gutane i klasse -98 gjorde sine saker bra der. Med to seierar og eit tap, kan gutane være godt nøgd med kampane sine. Fyrste kampen vann dei 5-2 mot Kletten, for deretter å tape 2-0 mot Kvammen. I siste kamp var gutane på vinarsporet att og vann 3-0 mot eit godt Eid-lag.

Sjå større bilde av gutane.

 

Bilde: Daniel G. Kvalvågnes og lillegutane vann mot Førde i kveld.

04.09.08 Ny storseier til lillegutane

Tambar sine liilegutar fekk nok ein storseier i kveld, då dei møtte Førde 4 til kamp i Førde i kveld. Ved pause leia Tambar 4-2. I andre omgang vart Førdelaget grundig utspelt av lillegutane frå Tambar, noko sluttresultatet også seier noko om. Heile 11-3 vann Tambar, som fortsatt har beholdt scoringsformen sin ! Måla til Tambar vart scora av Daniel(5), Gard(3) og Martin(3).

 

Bilde: Tambar sitt smågutelag. Foto: Bjørn Espeland.

04.09.08 Smågutelaget med nye drakter

Smågutelaget til Tambar har i løpet av sommaren fått seg nye, flotte drakter. Draktene er sponsa av Statoil/Hydro.

Større bilde av smågutelaget finn du her.

 

Bilde: Taline Fagerheim

03.09.08 Jentelaget tapte mot Hyen

Tambar sitt jentelag tapte i kveld 5-3 mot Hyen på bortebane. Ved pause leia Hyen 3-1. Sjølv om Tambar tok leiinga i kampen, kjempa Hyen seg tilbake og putta tre gonger før kvilen. I andre omgang var Tambar det klart beste laget, og scora to mål. Men utifrå sjansane dei skapte i denne omgangen, burde det ha blitt mange fleire mål til jentene. Men det vart Hyenjentene som hadde dagen i dag, som fekk sin fyrste seier for sesongen. Måla til Tambar vart scora av Trine(2) og Andrea/Kjersti.

 

Bilde: Kor er ballen ?

02.09.08 Berre tre fann ballen !

Nok ein gong hadde tipparane vanskar med å finne ballen på bildet. Denne gongen var det tre stykker som hadde tippa rett.

Bildet denne gongen var henta frå miniputt turneringa i Svelgen tidlegare i år.

Svar og namn på vinnar

 

Bilde: Torgeir Herstad og Tore Klopstad scora for Tambar mot Sandane 2 i kveld.

02.09.08 Tambar sleit seg til ein seier

6.divisjonslaget til Tambar vann i kveld 2-1 mot Sandane 2 på Naustdal stadion, etter å ha leia 2-0 ved pause. Fyrste omgang var relativt jamnspelt, men Tambar var "hakket" kvassare enn gjestane. Dei skapte ein del gode sjansar og begge måla var mål ut av "læreboka" etter flotte angrep. I andreomgang såg det mørkare ut for Tambarkarane, bokstavleg talt ! Det vart meir kjemping enn spel, og regnbygene stod i kø inn fjorden. Litt tur hadde dei, som klarte å berge seieren i land i dag. Men, slik er det med lag som rir på ei medgangsbølgje........... Dei to flotte måla til Tambar vart scora av Tore Klopstad og Torgeir Herstad.

 

Bilde: Smågutelaget møtte i kveld Førde 6 på Naustdal kunstgrasbane.

01.09.08 Seier til smågutelaget

Smågutelaget vann i kveld 2-1 mot Førde 6 på Naustdal stadion. Periodevis vart Førdelaget utspelt av eit Tambarlag som hadde problem når dei nærma seg 16-meteren. For med litt meir dyktigheit og tur, kunne det for ha blitt mange mål til Tambar i denne kampen. Men måla dei scora var flotte, og vart sett inn av Joakim og Henrik.

Sjå bilder frå kampen

 

Bilde: Eline scora heile seks gonger i kveld.

01.09.08 Småjentene laga målfest i Florø i kveld !

Tambar sine småjenter var skikkeleg på "hugget" då dei møtte Florø på bortebane i kveld. Heile 16-2 vann jentene frå Naustdal, som fekk pynta bra på målskilnaden sin etter denne kampen og samtidig trygga plassen sin på tabelltoppen. Mestscorande for Tambar var Eline med heile seks mål. Dei andre måla kom ved Karoline, Oline, Trine, Katrine, Kristine og Tanja.

 

29.08.08 Bilder til heimesida?

Det vart diverre lite med bilder frå fyrste del av miniputt turneringa på Naustdal stadion, då heimesida sin fotograf var oppteken med andre gjeremål ! Om du har bilder frå turneringa, tek vi imot med takk ! Bilder frå turneringa og 100-vis av andre bilder finn du i Fotoalbumet.

Bildet til venstre har vi fått tilsendt frå Tina Savland Lending.

 

Bilde: Til tross for seks scringar i kveldens kamp mot Florø, vart det ikkje seier for lillegutane i kveld. På bildet er Tambar i angrep.

28.08.08 Tre kampar og tre tap på stadion i kveld!

Det vart tap for alle Tambarlaga som var i aksjon på stadion i kveld. Gutelaget tapte 8-0 mot Hyllestad/Dale, medan Tambar sine lillejenter måtte tåle fem mål i mot i kampen mot Høyang 1. Lillegutane leia 4-2 til pause mot Florø 6, men måtte til slutt sjå at Florøværingane stakk av med ein 8-6 seier. Lillegutane sine mål kom ved Daniel(2), Ola(1), Martin(1), Ørjan(1) og Marius(1). Bilder frå lillegutane sin kamp.

 

Bilde: Gaular IL trekker jentelaget sitt !

28.08.08 Gaular IL trekker jentelaget !

Gaular IL har beklaglegvis valgt å trekke jentelaget sitt frå serien. Laget spelte i same avdeling som jentelaget til Tambar, J 15/16 7ar avd. 2.

Dette medfører at alle kampane mot Gaular blir annulert, avlyst og ikkje spelt. Det vert ikkje sett opp nytt kampoppsett. For Tambar sin del, vil det sei at dei får ein mindre heimekamp i haust. Kampoppsett og tabell for jentelaget.

 

Bilde: Med to jenter ute med skade i andre omgang, vart det for tøft for jentelaget.

28.08.08 Skadeskutt jentelag !

Med kun ein innbyttar, drog jentelaget til Skavøypoll og Nordfjordhallen onsdag kveld. 1-1 var stillinga ved pause, ettar at Kristin Alise reduserte rett før kvilen. Med to skadar tidleg i andre omgang for Tambarjentene, vart det ein slitsom andreomgang der jentene spelte med ein mindre spelar nesten heile omgangen. Kampen enda med 5-1 seier til Skavøypolljentene.

 

Bilde: Lillejentene representerte Tambar i Sunnfjord Cup. Foto: Wendy Stubhaug.

26.08.08 Lillejentene deltok i Sunnfjord Cup

Florø SK arrangerte sist helg Sunnfjord Cup for fyrste gong, og frå Tambar Fotball deltok lillejentene våre. Laget spelte til saman fem kampar under turneringa, der tre endte med tap og to med seier. Jentene og leiarane var godt nøgd med turneringa, og på kvelden var det konsert og møte med Idol-kjendisar ! Sjå bilder frå lillejentene si deltaking.

 

Bilde: Roger Edvardsen og Tambarseniorane med storseier over Gaular i kveld. Foto: Ina S.Herstad

26.08.08 Seniorane med storseier mot Gaular i kveld

6.divisjonslaget fortset å pøse inn mål, denne gongen var det Gaular som kom til kort mot eit scoringsvillig Tambarlag. I kampen, som vart spelt på Osen stadion, vart det utklassingsiffer då Tambar vann heile 7-0 mot eit Gaularlag som tydlegvis hadde lite å stille opp med. Dermed er Tambar à poeng med Florø 3, men med ein kamp meir spelt. I ein anna kamp i denne avdelinga, spelte Hyen og AHIL uavgjort 1-1. Meir om kampen på sida til seniorane.

 

Bilde: Terese Helle (fremst) er på ny utteken til kretslagssamling. Bildet er teke under jentelaget si deltaking i årets Norway Cup.

26.08.08 Terese Helle er utteken til kretslagssamling i Lærdal

Terese Helle spelar både på Tambar sitt småjente- og jentelag, og har ved fleire høve vore uteken til samlingar med kretslaget for jenter årsklasse 1994. Samlinga denne gongen skal være i Lærdal 5.-7.september. Der vert det lagt opp til treningar og kampar mot kretslaga frå Hordaland og Rogaland. Vi ynskjer Terese lukke til!

Sjå heile uttaket og program for samlinga.

 

Bilde: Frå oppgjeret Tambar-Førde i vår.

25.08.08 Tambar sine småjenter med sitt fyrste tap

Småjentelaget til Tambar fekk sitt fyrste poengtap for sesongen, då dei i kveld tapte 6-3 mot tabelltoar Førde 1 på kunstgrasbana i Førde. Dermed ligg desse to laga med lik poengsum på toppen av tabellen, men med Tambar først med fire mål bedre målskilnad!

Sjå tabell

 

Bilde: Tambarspelarar fekk æra av å åpne den nye kunstgrasbana i dag, med litt hjelp frå Jørn Helgheim.

24.08.08 Flott åpning av den nye kunstgrasbana

Med miniputt turneringa som ramme, vart det ein flott åpning av den nye kunstgrasbana på Naustdal stadion i dag. Dei fem miniputtspelarane fekk æra av å holde og skjere snora som markerte at den nye bana var åpna. Elles var det velvalgte ord frå leiar i idrettslaget og fotballgruppa, Odførar Håkon Myrvang, Sogn og Fjordane fotballkrets, Sparebanken Sogn og Fjordane, Syntec (levrandør). Bilder frå åpninga finn du her!

 

Bilde: Tambar mot Tambar i miniputt turneringa.

24.08.08 Vellukka turnering på det nye "graset" !

Med ny kunstgrasbane og flott og varmt vær, inviterte Tambarskjelvar IL til miniputt turnering på Naustdal stadion. Og turneringa vart eit vellukka arangement, der det vart spelt kampar frå kl.10.30 til den siste kampen vart blåst av kl. 16.45. Med positive tilbakemeldingar frå spelarar og leiarar frå fleire lag, ser no Tambar Fotball fram til neste turnering som er Bend ìt Cup i september! Bilder frå dagens turnering finn du her !

 

Bilde: Camilla Bolsø scora to mot Høyanger.

22.08.08 God start også for lillejentene!

Nok eit Tambarlag fekk ein god start på haustsesongen. Lillejentene var torsdag kveld til Høyanger, og spelte kamp mot Høyanger 2. Og det var liten tvil kven seieren ville gå til, spørsmålet var berre kor stor seieren skulle bli. Tambarjentene scora hele ti gonger før dommaren blas av kampen. Målscorarar for lillejentene i denne kampen var Silje-Olin(3), Iris(3), Martine(2) og Camilla(2). Laurdag 23.august deltek jentene i Sunnfjord Cup i Florø. Vi ynskjer sjølvsagt jentene lukke til !!

Sjå kva Høyang skriv om kampen

 

Bilde: Daniel Grimset Kvalvågnes, på Naustdal stadion i vår.

21.08.08 Lillegutane laga målfest i Florø !

Det er tydeleg at Tambar sine lillegutar har beholdt scoringsformen gjennom sommaren. I siste vårkampen vann desse gutane 20-0! I dag starta dei haustsesongen mot Florø 4, og lillegutane vann heile 14-3 på bana til Florøværingane. Måla til Tambar vart scora av Daniel(7), Gard(3), Martin(2) og Ola(1) + eit sjølvmål.

 

Bilde: Kristin Alise T. Birkeland og Jentelaget til Tambar spelte ein god kamp i kveld.

20.08.08 Jentelaget spelte godt og vann

Jentelaget revansjerte tapet mot Breimsbygda i vår, med godt spel og fortent seier, på Naustdal kunstgrasbane i kveld. Jentene tok leiinga tidleg i kampen, men låg under 2-1 til pause. Andre omgang var omgangen med godt spel og mange sjansar. Ei stund leia Tambar 4-2, men gjestane reduserte med to kjappe, før Tambarjentene sette inn nådestøtet like før kampslutt. Dermed vart det ein fortent 5-4 seier til eit veldig godt jentelag frå Tambar !!

 

Bilde: Tambar scorar sitt andre mål i kampen.

19.08.08 Tambar knuste leiarlaget 8-2 !!

I toppkampen mellom Tambar og Florø 3 som vart spelt på Naustdal kunstgrasbane i kveld, knuste Tambar avdelingsleiarane heile 8-2. Til pause leda Tambar 3-1, og fortsette målfesten i andre omgang. Dermed ser hausten lys ut for Tambarlaget, om dei klarar å holde same trykket i kampane framover, som dei gjorde i denne. Fleire bilder frå kampen.

Meir om kampen på herrane si side

 

18.08.08 Mange bomma på ballen!

Vi fekk inn mange svar på vår siste Tambar Kviss, men berre tre av tipparane klarte å tippe kor ballen var. Bilde var henta frå 6.divisjonskampen mellom Tambar og AHIL i vår, og to av tipparane som hadde tippa rett, var delaktig ute på bana i denne kampen, Joar og Gunnstein. Tredjemann som hadde tippa rett, var lillegutetrenar Vidar. Dermed måtte loddtrekning til, og vinnaren vart.............

Sjå rett svar og namn på vinnaren

 

Bilde: Tambar sine smågutar i angrep i kampen mot Førde 4.

18.08.08 Bygutane hakket bedre

Tambar sine smågutar tapte i kveld 3-0 mot Førde 4 på Naustdal kunstgrasbane. Tambar spelte ein bra kamp og skapte målsjansar, men hadde ikkje tur framfor mål. Det skal også seiast at Førdelaget hadde gode spelarar i forsvar. Meir effektive og meir tur hadde Førdegutane i denne kampen, og putta tre gonger bak Tambar sin gode målmann, som redda eit straffespark i fyrste omgang.

God dommar var Gunnstein Vefring.

 

Bilde: Trine Einevoll i angrep for småjentelaget til Tambar.

18.08.08 Småjentene "åpna" bana med seier !

Historiens fyrste kamp vart spelt på det nye kunstgraset i kveld. Då møttest småjentelaga frå Tambar og Breimsbygda til dyst. Og Tambarjentene hadde bestemt seg for at den fyrste kampen på nyebana, den skulle dei vinne. Og til pause leda Tambar 1-0, etter scoring ved Tanja. I andre omgang spelte Tambarjentene fin fotball, og rulla opp det eine angrepet etter det andre. Det var dermed fullt fortent at laget vann 4-0. Dei andre måla vart scora av Trine, Eline og Kristina. Dermed beheld laget toppen på tabellen med full pott !! Dommar Olav Hundershagen hadde god kontroll !

 

 

17.08.08 Fleire bilder frå Norway Cup

Vi har fått inn fleire bilder frå jentene si deltaking på Norway Cup 2008. Alle bildene ser du her.

Bli med på Tambar Kvissen

Har du enno ikkje svart på Tambar Kvissen? Du har tid på deg til i morgon !

Tambar Kvissen

 

Bilde: Frå kampen Tambar -Tempo2 på Naustdal stadion i vår.

16.08.08 Tempo trekker gutelaget sitt

Tempo FK har bestemt seg for å trekke gutelaget sitt, Tempo 2, frå serien. Laget spelte i 2.divisjon avd. 2, same avdeling som Tambar sitt gutelag. Dei oppsette kampane mot Tempo 2 vil då bli annulert, og det vil ikkje bli sett opp nytt serieoppsett. Haustkampane for 2.divisjon avd.2 ser dermed slik ut.

 

14.08.08 Lysmastene på plass

I kveld vart dei nye lysmastene på Naustdal stadion heist på plass. Dei 18 meter høge mastene ruvar heile 6 meter høgare enn dei gamle mastene som tidlegare stod på stadion. Med god presisjon frå kranføraren og eit dyktig bakkemannskap, gjekk det knirkefritt å få dei lange mastene på plass.

Elles vart det jobba på tribuna i kveld også, og gjerdestolpar vart sett opp ved reskapsboda. Sjølv om ein del hadde teke turen på bana og dugnad i kveld, er det forsatt behov for arbeidskraft fram til åpninga av bana, søndag 24.august.

Mastene reiser seg!

 

14.08.08 Utsett til neste veke !

Dommarkurset som etter planen skulle arrangerast på skulen i Naustdal i morgon, er diverre utsett til neste veke. Vi kjem tilbake med beskjed når dag er bestemt.

Det er enno ikkje for seint å melde seg på dommarkurset, enno er det ingen jenter som har meldt si interesse. Dommarkurset er for alle over 13 år.

Meir info og påmelding

 

Bilde: Kor trur du ballen befinn seg?

13.08.08 Tambar Kvissen

Seniorlaget har allerede starta haustsesongen, og medan vi ventar på at dei aldersbestemte laga skal starte opp att, køyrer vi ein liten Tambar Kviss medan vi ventar.

I denne vekas Tambar Kviss trengst det minimalt med fotballkunskapar, så her er det berre å slenge seg med både for liten og stor !!

Bli med på Tambar Kvissen du òg då, vel....

 

Bilde: Frå kampen mellom Tambar og AHIL på Naustdal stadion i vår.

12.08.08 Tambar tapte mot Askvoll/Holmedal 2

Tambar sitt 6.divisjonslag starta haustsesongen med tap, då dei møtte AHIL på Hillvang i kveld. Sluttresultatet vart til slutt 4-1 til AHIL. Dermed vart Tambar ståande med sine 16 poeng, og held fortsatt andreplassen på tabellen i avd.2.

Les kva AHIL skriv om kampen.

Meir om kampen vil du også finne på seniorane si eiga side.

 

Bilde: Dag Rune Mallasvik var ein av dugnadsgjengen i går.

08.08.08 Framleis dugnad på bana

Sjølv om den flotte kunstgrasbana er ferdig lagt og teken i bruk, er det fortsatt ein del som må gjerast rundt bana enno. Oppføring av gjerde, få bort sand- og asfaltrestar, bygging av tribune og oppsetting av dei nye lysmastene, er noko av oppgåvene som må gjerast framover. Ein satsar på å få alt klart til den offisielle åpninga søndag 24.august.

Ein oppfordrar alle som kan til å være med på dugnad framover. Tidene for dugnad er frå kl. 18.00 på kvardagar og frå kl. 10.00 på fyrstkomane ( 9.aug.)og neste laurdag ( 16.aug.) For meir info: Oddvar Hukset, Tlf.: 97 01 94 15.

Sjå bilder frå dugnaden 7.august.

 

Bilde: Tambar sitt jentelag deltok i Norway Cup. Her er dei i Vigelandsparken.

05.08.08 Vellukka tur til Norway Cup

Jentene hadde ein vellukka tur til årets Norway Cup. Jentene gjekk vidare til A-sluttspelet, der det vart eit ufortjent tap(?) mot Åmdal/Sæbø/Ørsta. Referat finn du i bloggen. Elles var det anna enn fotball ein kunne finne på i Oslo, bl.a. shopping.... ! Vi har knipsa litt bilder frå jentene si deltaking i Norway Cup, og bildene finn du her.

 

Bilde: Christian Radich.

03.08.08 Tall Ship Race i Naustdal

Vaktlistene finn du her !

Snart kjem fyrste seglskute i Tall Ship Race inn Førdefjorden, og ankrar opp i Naustdal. I det høve har Tambar Fotball fått tildelt serveringa av enkle matrettar og diverse drikke. Dette skal skje ved Sanden tirsdag, onsdag og torsdag. Synd for arrangementet er det at værmeldingane ikkje er så altfor positive. Men tek du turen ned på Sanden desse dagane/kveldane og vil ha deg ein matabit med noko attåt, sit du iallefall tørt i telta som er sett opp for anledningen.

Vaktlistene finn du her

 

24.07.08 Følg Tambarjentene på Norway Cup

Som kjent deltek Tambar sitt jentelag i årets Norway Cup, som vert arrangert på Ekebergsletta i Oslo 27.juli til 2.august. Tambar skal møte laga Vågå, Frigg og Bergen Nord i gruppespelet, der dei to beste laga går vidare til A-sluttspelet.

I høve jentene si deltaking på Norway Cup, har laget laga seg ein blogg. På denne bloggen vil du finne daglege oppdateringar av resultat, bilder og anna.

Meir om jentelaget si deltaking på Norway Cup

 

Bilde: Jentelaget med trening på kunstgraset.

24.07.08 Bana er åpna !

Den nye kunstgrasbana er no ferdig og er åpna for treningar. Som fyrste lag, hadde jentelaget ei siste treningsøkt før deltakinga på Norway Cup til helga. Jentene let vel over det nye graset, og ser no fram til Oslo-tur og forhåpentleg mange kampar der.

 

Vi minner om:

24.07.08 Tambar Fotball treng fleire dommarar !

Vi treng dommarar til miniputt turnerninga og BendIt Cup. Les meir

 

Bilde: Massen blir lagt i kunstgraset.

23.07.08 Det nærmar seg...!

I går starta arbeidet med å legge i massen på den nye kunsgrasbana. I seks-tida i dag var dei nesten ferdig å legge på heile bana. Dermed nærmar det seg dagen då bana kan takast i bruk.

Prosjektgruppa melder om at bana IKKJE må takast i bruk før overtakinga av bana er gjort!

 

Bilde: Arbeidsfolket er i full gang med merkinga av bana.

18.07.08 Bana blir merka i dag

Med opphaldsvær og sol i dag, kunne arbeidet på stadion takast opp att. Då underteikna var oppom ein tur, var merkinga av hovedbana nesten ferdig. Det som då gjensto, var oppmerkinga av sjuarbane. Og med det været som vi fekk i dag, reknar dei med å bli ferdig med den også i løpet av dagen.

Fleire bilder

 

Bilde:Stabæk sin ballkunstnar, Alanzinho.

17.07.08 Bli med å sjå Sogndal - Stabæk

Sogndal har hatt ein heller bob-bob start i årets Addecoliga, men har vist i dei siste kampane at dei kanskje er blitt litt meir stabile og scorar mål. I cupen er sogndølene komen til 4. runde, og skal møte topplaget frå Tippeligaen, Stabæk, med ballkunstnaren Alanzinho og Nannskog i spissen. Klarer Sogndal å moblisere til denne kampen, både på og utafor bana?

Leiaren for Tambar Fotball ynskjer at alle som vil reise inn og sjå 4.runde kampen mellom Sogndal og Stabæk onsdag 30.juli kl.18.00, tek kontakt med han. Han vil då samordne køyringa til kampen.

Blir du med? Kontakt Bjørn på E-post eller Tlf.: 91709701

 

Bilde: Naustdal stadion har fått kunstgraset på plass, men ventar på godt vær for å fullføre arbeidet.

16.07.08 Ventar på godt vær !

På grunn av det dårlege været dei siste dagane, har arbeidet med kunstgrasbana på stadion stoppa litt opp. Dette heng saman med at ein må ha opphaldsvær for å legge massen som skal være i kunstgraset. Dette gjeld også for merkinga av bana, der ein skjærer kunstgraset og limer på merkinga.

DUGNAD:Dugnaden på stadion held fram sjølv om ein kunne ha ynskt bedre vær !! Ta kontakt med prosjektleiar Oddvar Hukset, Tlf.: 97 01 94 15. Han har oversikt over tider og oppgåver.

 

14.07.08 Jentelaget til Norway Cup

Tambar sitt jentelag skal i sommar delta på årets Norway Cup, som vert arrangert på Ekebergsletta i Oslo frå 26.juni til 2.august. Jentene skal møte Frigg, Bergen Nord og Vågå, der dei to beste laga går vidare til A-sluttspelet.

Les meir

 

13.07.08 Naustdal Nye Stadion i dag !

Bilder frå Naustdal Nye Stadion søndag 13.juli 2008.

 

Bilde: Leiaren i fotballgruppa, Bjørn Hundershagen, er godt nøgd med det nye dekket på Naustdal stadion.

13.07.08 Endeleg !!

Naustdal stadion har no forvandla seg frå grusdekke til eit etterlengta kunstgrasdekke. Ein av dei som har jobba mest for å få dette på plass er Bjørn Hundershagen, leiar av fotballgruppa. Han er strålande fornøgd med dekket og framdifta i arbeidet. Ein reknar med at bana kan takast i bruk om ei vekes tid. Leiaren minner også om at det fortsatt er dugnad på stadion kvar dag frå kl. 18.00. Nye mål vert montert.

 

11.07.08 Legging av kunstgras er starta !

ENDELEG !!

På onsdag starta legginga av kunstgraset på Naustdal stadion. På bildet ser ein delar av kunstgraset som er lagt, og i bakgrunnen dei flotte innbyttarbenkene. Så får vi håpe på bra vær framover, slik at ein snart kan få innvie "nyebana" !

Bilder

 

 

Bilde: Catrine Nøstdal og småjentelaget møtte Florø på Naustdal stadion i vår.

01.07.08 Haustsesongen på Nye Naustdal Stadion

Sjølv om sommarferien er i gang for mange, går det mot sesongstart for haustsesongen for fotballen. Den aller fyrste kampen som vil gå på det nye kunstgrasdekket, er oppgjeret i småjenteklassa mellom Tambar og Breimsbygda.

Kampar på Nye Naustdal Stadion hausten 2008

 

30.06.08 Dugnad på stadion denne veka

Sjølv om legginga av kunstgraset på bana er litt utsett, er det fortsatt ein del som skal gjerast på bana framover. Dugnaden på bana vil såleis halde fram denne veka, bl.a. med støyping og oppsetting av "innbyttarskur".

Prosjektgruppa oppfordrar alle til å stille på dugnad. Det vil bli dugnad kvar dag framover frå kl. 18.00 og utover.

 

Bilde: Tambar sitt småjentelag på Grodås Cup. Foto: Elisabeth Einevoll.

30.06.08 Fleire bilder frå Grodås Cup 2008

Tambar sitt småjentelag spelte seg fram til B-finalen i årets Crodås Cup. Vi har fått bilder av småjentene, og takkar med dette bidragsytarne for bilda vi har fått inn til sida.

Bilder av småjentene

Bilder og resultat frå Grodås Cup 2008

 

Bilde: Naustdal Nye Stadion.

29.06.08 Kunstgrasbana forsinka

Etter planen skulle arbeidet med å legge den nye kunstgrasbana på stadion starta tirsdag 1.juli. Men på grunn av forseinkingar frå firmaet som skal stå føre dette, vil arbeidet med dette fyrst starte fredag 4. juli eller mandag 7. juli.

 

Tambar-Kvissen:

Då var finalelaga i årets fotball-EM klare, og dermed har vi fått kåra ein vinnar av Tambar-Kvissen. Vi ba folk tippe finalelaga, og før semifinalane gjenstod det to tipparar. Begge hadde tippa på Tyskland og Spania, og dermed vart det tipparen som fyrst sende inn svar som vart kåra til vinnar. Vinnaren vart Sondre Herstad, som sendte inn rett svar 10.06.08 kl.14.45. Premien er båtreise med Fjord 1 Florø-Bergen tur/retur. Olav Hundershagen, som sendte inn rett svar 11.06.08 kl. 08.21, får eit flott Tambarkrus i trøstepremie. Gratulerer !

 

 

Bilde: Asfaltering på bana i dag.

26.06.08 Det nærmar seg kunstgras

1.juli er datoen då ein etter planen startar legging av det nye kunstgrasdekket på bana. I dag var det full aktivitet på bana for å legge asfaltkanten mellom kunstgraset og løpebana.

Bilder frå i dag og andre bilder av dugnaden på bana.

 

Bilde: Torgeir Herstad.

25.06.08 Tambar med ferie på toppen !

Tambarherrane spelte ein god kamp, då dei i går kveld møtte Hyen i siste kamp før ferien. Til pause leda Tambar heile 4-0, noko som etter rapportane ikkje var eit mål for mykje. I andre omgang fekk Hyen to scoringar, eit på straffe. Dermed enda kampen med ein 4-2 seier til Tambar, som beheld ein fin andreplass på tabellen inn i sommarferien.

Målscorarar for Tambar var Torgeir Herstad(2), Tore Klopstad og Narve Kirkebø.

Meir om kampen på heimesida til herrane.

 

Bilde: Gaular,Tambar og Førde mottek premiane.Foto: Henning Malones

23.06.08 Grodås Cup 2008

Laga til Tambar gjorde ein flott innsats i årets Grodås Cup som vart arrangert sist helg.

Resultat og bilder.

 

Bilde: Lillegutane til Tambar på Grodås Cup. Foto: Vidar Aase.

22.06.08 Bilder frå Grodås Cup 2008

Dei fyrste bilda frå årets Grodås Cup er komen inn til heimesida. Bildene er av Tambar sine lillegutar som vann alle sine seks kampar i turneringa, med imponerande 48-4 i målskilnad. Fleire bilder kjem etterkvart.

Sjå bilder.

 

Bilde: Frå miniputt turneringa i Svelgen. Foto: Rolf Yksnøy.

19.06.08 Bilder frå miniputt turneringa i Svelgen og Eikefjord

Vi har fått inn mange bilder frå dei to miniputt turneringane som har vore avvikla til no, i Eikefjord og Svelgen. Vi takkar for alle innsendte bidrag, og har no samla alle bildene i vårt rikhaldige fotoalbum.

 

Sjå bilder i fotoalbum

 

Bilde: Kjersti Slettemark Følling scora mot Dale i kveld.

18.06.08 God kamp av jentelaget i kveld

Tambar sitt jentelag spelte uavgjort 3-3 mot tabelltoppen Dale i Dale i kveld. Tambar gjekk opp i leiinga med eit langskot av Oda H. Longvastøl. Men Dale kom fort igjen, og utligna berre få minuttar etter Tambar si scoring. Omgangen var jamnspelt, med eit lite overtak til Dale. Få minuttar før den gode dommaren blas til pause, gjekk Dale opp i leiinga og leda 2-1 til kvilen. I andre omgang bølga spelet fram og tilbake, der begge laga kom til store sjansar. Begge laga scora to mål kvar i denne omgangen, og dermed enda kampen uavgjort 3-3. Tambar sine mål i andre omgang vart scora av Stine Aase og Kjersti Slettemark Følling.

 

Bilde: Tambar - AHIL tidlegare i vår.

18.06.08 Herrelaget tapte bortekampen mot Sandane 2

Men ligg fortsatt på andreplass.

Tambar sitt herrelag tapte 3-1 i kveldens bortekampen mot Sandane 2. Dermed kraup Sandane 2 heilt opp i ryggen på herrelaget på tabellen.

Meir om herrelaget finn du på sidene deira.

 

Bilde: Henrik Hundershagen scora mot Gaular.

17.06.08 Seier og uavgjort for smågutane

Tambar sine smågutar vann fredag kveld 2-1 mot Førde 5 i ein framskynda kamp. I går kveld spelte gutane mot Gaular, eit lag dei tapte 9-0 mot sist dei møttest. Tambar spelte ein god fyrsteomgang og skapte mange sjansar, og leda fortent 1-0 til pause. Andreomgangen var det Gaular som var best, og utligna leiinga til Tambar. Dermed enda kampen 1-1. Dermed har smågutane teke fire poeng på dei to siste kampane sine og klatrar på tabellen. Målscorar for Tambar i kampen mot Gaular var Henrik Hundershagen.

 

 

16.06.08 Dugnad på stadion i dag

I dag starta fjerninga av toppdekket på stadion. Sjå bilder.

 

 

14.06.08 Mat til Dugnadsfolket !
Kjell Herstad stilte med  mylse fra overskuddsmelk fra Herstad til Dugnadsfolket på Stadion fredag kveld. Bilder frå dugnaden på stadion

 

Bilde: Det vart tap for Tambarjentene mot Gaular i kveld.

13.06.08 To Tap - begge på gras......

Tambarjentene gjekk på sitt andre tap for sesongen, begge på gras! I kveldens kamp var det Gaular som drog iland seieren, der Tambarjentene sløste med sjansane. Men det er måla som teller, og Gaular var meir kyniske og effektive framfor mål og kunne gå av bana med tre nye poeng. Til pause leia vertane 3-1. Andreomgangen starta bra for Tambar, der dei spelte bra og fekk ein utligning. Men ukonsentrerte og for mange feil av Tambarjentene, gjorde at Gaular fekk nokre billige mål. Kampen enda 6-4 til Gaular, og for Tambar scora Oda H. Longvastøl(2) og Terese Helle(2).

 

12.06.08 Gutelaget vann andreomgangen 3-1 mot Tempo 2

Bilde: Tambar spelte mot Tempo 2 på stadion i kveld.

Gutelaget til Tambar låg under 5-0 til pause, i kampen mot Tempo 2 i kveld. Men gutelaget spelte ein god andreomgang, der dei spelte bra fotball og skapte ein del sjansar. Trass 6-3 tap, var det gode tendensar av Tambargutane i dag. Måla til Tambar vart scora av Vegard Savland(2) og Henrik Aase.

Bilder frå kampen i kveld

 

Bilde: Tambar sine lillegutar vann stort mot Jølster.

12.06.08 Målfest mot Jølster !

Vann heile 20-0 !

Lillegutane vart nokre nummer for store for lillegutane til Jølster, då dei møttes til kamp på Jølst i kveld. Heile tjue mål vart det på Tambargutane i kveld !

Målscorarar for Tambar var: Daniel Grimset Kvalvågnes(10), Martin Skilbrei(5), Jacob Storevik(2), Erlend Malones(1), Daniel Haugland(1) og Jørund Solheim(1).

 

Bilde: Dugnad på Naustdal stadion.

11.06.08 DUGNAD !

Det er no laga ein framdriftsplan på arbeidet som skal gjerast i forbindelse med etableringen av kunstgrasbana. Då det no vil være stort behov for arbeidskraft, ber prosjektgruppa om at folk stiller og tek i eit tak.

Sjå kva som skal gjerast på stadion dei nærmaste dagane.

 

 

Bilde: Frå miniputt turneringa i Eikefjord i fjor.

11.06.08 Miniputt turnering i Svelgen

Årets andre turnering for miniputtar er like rundt hjørnet, nærmare bestemt søndag 15.juni. Denne gongen er det Svelgen som er arrangør, og kampane vil bli spelt på grasbane i sentrum. Så får vi håpe været bedrar seg til helga, slik at alle får ein fin fotballdag i Svelgen.

Kampoppsettet for turneringa er no klar, og den finn du HER

Bilder frå miniputt turneringane i 2007.

 

Bilde: Iris Aase scora mot Førde 4.

11.06.08 Lillejentene tok ferie med seier

Lillejentene spelte siste kampen sin før ferien i går kveld. Førde 4 var motstandar i kampen som vart spelt i Førde. Det var ein jamn kamp mellom dei to laga, der Tambar viste seg dyktigare framfor mål. Til pause leia Tambar 1-0, og med to scoringar dei siste ti minuttane av andre omgang, kunne Tambarjentene gå av bana med ein fortent 3-0 seier. Iris Aase scora to mål, det eine eit skot frå midtbana, og Maria Slettehaug laga eit mål i denne kampen.

 

10.06.08 Årsbeste av småjentelaget!

Vann 7-3 mot Svelgen i kveld.

Tambar sine småjenter spelte ein god andre omgang mot Svelgen, trenaren meiner dette er årsbeste av småjentelaget. I denne omgangen henta dei inn att 3-1 ledelsen til Svelgen, og vann andreomgangen med solide 6-0 ! Demed har laget vunne alle sine kampar så langt i sesongen. Imponerande !! Måla til Tambar vart scora av Oline Paulen(3)(bilde), Eline Tandstad(2), Catrine Nøstdal(1) og Tanja Nygård(1).

Tabell

Bilde: Oline Paulen laga tre mål mot Svelgen.

 

10.06.08 Fyrste borteseier til herrane

Vann 5-3 mot Gaular 2 i kveld.

Herrelaget er på vinnarsporet igjen, og vann 5-3 borte mot Gaular, etter å ha leia 3-1 til pause. Dermed har herrane vunne sin fyrste bortekamp, og held andreplassen på tabellen. Måla til Tambar kom ved Torgeir Herstad(3)(bilde), Jonas Paulen og Sven Carlsen. Andre resultat frå Tambar si avd.:

  • Florø 3 - Sandane 2 3-2
  • Askvoll/Holmedal 2 - Hyen 2-4

Meir om Tambar sin seier mot Gaular 2, finn du på herrelaget si eiga side.

Bilde: Torgeir Herstad scora 3 mål då Tambar slo Gaular 2.

 

Bilde: Smågutelaget til Tambar spelte ein god kamp i kveld, mot Førde 2.

09.06.08 Smågutane tapte knepent mot Førde 2

Tambar sine smågutar tapte i kveld knepent 2-1 mot Førde 2 på Naustdal stadion. Tambargutane spelte i periodar god fotball og skapte mange målsjansar, bl.a. med eit stangskot frå Joakim. Tambar sitt mål vart scora av Even Espeland. God dommar var Jonas Paulen.

Bilder frå kampen

 

Bilde: Lillegutane vann mot Florø 2 i kveld. Her er Daniel G. Kvalvågnes åleine med Florø-keeperen.

05.06.08 Lillegutane vann mot Florø 2

Tambar sine lillegutar vann i kveld med solide 7-1 over Florø 2. Til pause stod det 4-1. Dermed har laget vunnet fem og spelt ein uavgjort etter seks spelte kampar, og har ein målsilnad på 59-27.

Målscorarar i kampen var Daniel Grimset Kvalvågnes (3), Ola Rognebakke (3) og Jørund Solheim.

Bilder frå kampen

 

Bilde: Andrea Skaflestad Kvamsdal scora då jentelaget vann mot Hyen.

04.06.08 Jentelaget med ny seier

Vann heile 9-2 mot Hyen i kveld.

Men det var Hyen som tok leiinga i kampen, som vart spelt på Naustdal stadion i kveld. Men Tambarjentene kom igjen, og spelte seg fram til mange sjansar. Dei scora på tre av dei, dermed gjekk laga til pause med ein 3-1 leiing til Tambar. Sjølv om Hyen fekk seg ei scoring i andreomgangen, vart dette ein omgang då Tambar dominerte totalt. I periodar stod jentene i kø for å scora, og det er nesten utruleg at det ikkje vart fleire enn dei seks måla dei laga i denne omgangen. Nok ein god kamp av jentelaget, der samtlege gjorde ein god jobb. Målscorarar for Tambar var Kristin Alise Tefre Birkeland, Trine Sæbø, Andrea Skaflestad Kvamsdal, Kjersti Slettemark Følling og Terese Helle ( som scora 4 ) samt eit sjølvmål. Bjørn Hundershagen gjorde sine saker bra som pipeblåsar !

 

Bilde: Catrine Nøstdal og småjentelaget tok ein ny seier i kveld.

03.06.08 Ny seier til småjentelaget

Har vunne alle kampane sine !

I kveld vann dei solide 9-0 mot Florø2, etter at dei hadde leia 5-0 til pause. Florø hadde lite å stille opp med mot Tambar sine jenter. Tambar hadde flust med sjansar, og kunne fort ha vunne endå meir med bedre presisjon og konsentrasjon framfor målet til Florø. Bilder frå kampen

 

Bilde: Andrine Horstad var god i mål for lillejentene.

03.06.08 Lillejentene med fortent seier over Florø 1

Vann 5-2 i kveld

Tambar sine lillejenter spelte i kveld mot Florø 1 på Naustdal stadion. Tambar tok fort kommandoen i kampen, og var det beste laget på bana. Til pause leda jentene 4-1, og med ein litt jamnare andreomgang, vann til slutt Naustdalsjentene 5-2.

Målscorarar for Tambar var Silje-Olin (3) og Martine (2).

 

Bilde: Tore Klopstad scora mot Florø3.

03.06.08 Fyrste tapet for seniorane

Tapte heile 8-1 mot Florø 3 !

Etter ein god start på årets sesong, tre seierar og ein uavgjort, vart det tap for Tambarkarane då dei møtte Florø3 på kunstgraset i kystbyen. Heile 8-1 vann avdelingsfavoritten, etter å ha leia 7-0 til pause.

Tambar sitt mål vart scora av Tore Klopstad på straffe.

Neste kamp for Tambarherrane er borte mot Gaular 10.juni.

Meir om Tambarherrane finn du på deira eiga heimeside.

Sjå kva Florø skriv om kampen på deira heimeside

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net