Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

Arkiv 2009

Januar - Juli 2009

 

29.06.09 Villy Andrè vart beste tippar

Bilde: Tambar sin forsvarsklippe, Villy Andrè Engebø, var einaste med rett resultat i kampen Haugesund-Sogndal.

Sogndal er i medvind om dagen, og trygga sin posisjon på toppen av Adeccoligaen etter gårdagens bortesiger mot Haugesund.

Mange hadde tippa at Sogndal ville dra iland sigeren, men berre Villy Andrè Engebø hadde tippa at sluttresultatet skulle bli 2-0 siger til sogningane. Dermed vert han den andre som sikra seg billettar til den komande toppkampen mellom Sogndal og Kongsvinger på Fosshaugane Campus 26.juli.

Alle tipsa finn du her

 

22.06.09 Eid vart for sterke for Tambar i kveld

Bilde: Daniel Grimset Kvalvågnes scora Tambar sitt einaste mål i kveldens kamp.

Tambar sitt smågutelag klarte ikkje å hamle opp med Eid i kveldens kamp på Naustdal stadion, og som var smågutane sin siste kamp før sommarferien. Tambargutane måtte til slutt gå av bana med åtte baklengs, medan Daniel Grimset Kvalvågnes sytte for det eine målet til Tambar. Måltjuven var raskt frampå ved eit gjennomspel, og plasserte ballen kaldt og roleg forbi Eidkeeperen. Joar Vefring gjorde ein god jobb som dommar.

 

22.06.09 Tambarlaga gjorde det godt i Grodås Cup

Bilde: Tambar sitt smågutelag vart vinnar i helgas Grodås Cup. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Alle laga til Tambar gjorde det bra i Grodås Cup som vart arrangert sist helg, der både smågutelaget og småjentelaget spelte seg heilt fram til finalen. Smågutane gjekk seirande ut av den kampen, medan kampen til småjentene enda med eit knepent tap.

I tillegg vart det delt ut pris til den beste jentespelaren og til den beste gutespelaren. Jacob Storevik vann prisen for beste gutespelar i turneringa, og fekk med seg ein gåvesjekk på kr. 1000.-. Vi gratulerer !!

Sjå alle resultat til Tambarlaga - og mange bilder

 

18.06.09 Seier til lillegutane og lillejentene i kveld

Bilde: Ola Rognebakke (t.v) og lillegutar 12 vann kveldens kamp mot Førde 5. Bildet er henta frå ein kamp tidlegare i år.

Lillegutar 12: Tambar sine lillegutar 12 møtte i kveld Førde 5 til kamp på Naustdal stadion. Trenar Vidar Kvalvågnes har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Det blei til slutt en grei 8-1 siger i kveldens kamp, men Tambargutane sleit med å få mål i 1.omgang, så det var Førde som scora det første målet, mot spillets gang. Ei redusering ved Daniel Grimset Kvalvågnes, rett før pause, gjorde til at 1. omgang ebba ut med 1-1. Etter pause viste Tambar at dei var eit klart bedre lag en F ørde, så seieren var ikkje et mål for lite! Med dette resultatet, er g12 gutane ubeseira i vårsesongen der laget har ein uavgjort og resten seiere! Målskorere i denne kampen var Daniel Grimset Kvalvågnes (3), Ola Rognebakke (2), Martin Skilbrei (1), Marius Storevik (1), Daniel Haugland (1). "

Bilde: Tambar sine lillejenter 11/12 vann kveldens kamp i Førde.

Lillejenter 11/12: Tambar sine lillejenter 11/12 spelte i kveld bortekamp mot Førde 5, og lagets trenar Bjørn Henning Solheim har gitt oss fyljande refferat frå kampen:

"avdeling 4 J98 møtte Tambarskjevar Førde 5 på bortebane. Førde var ubeseira før kampen, men eit tent Tambarlag vann fortent 6-3. Det første målet i kampen var det Elly som laga, Førde reduserte på ei kontring til 1-1. Deretter laga Johanne ekte hat trick med tre kjappe mål. Pauseresultatet var 4-1. I andre omgang viste Malin at ho kan lage mål mot eldre spelarar, først til 5-1 og deretter eit flott mål og 6-1 til Tambar. Etter dette dalte litt av innsatsviljen til Tambarjenter som virka fornøgde med resultatet, og Førde fekk redusert to ganger i ein kamp der Tambar hadde full kontroll.

Jentene viste nok en gang at dei har god teknikk og arbeidsmoral. Sara, Thea Marie og Hilde viser at dei kan markere og takle motspelarar og sette ballen kjapt fram i angrep, Vilde og Johanne imponerer med stor løpskapasitet og Kristiane, Elly og Malin skaper mange farlege sjanser. Thea Sofie stod nok ein god kamp i mål.

Måla vart scora av: Johanne (3), Malin (2) og Elly (1). "

Bilde: Camilla (t.h) scora tre mål i kveldens kamp mot Jølster. Bildet er henta frå kampen mot Florø tidligare i vår.

Lillejenter 12: Tambar sine lillejenter 12 spelte i kveld mot Jølster på Naustdal stadion, og Espen Langedal seier fyljande om kampen:

" Tambar 1 lillejenter avslutta vårsesongen med 9-1 siger over Jølster. Det var einvegskøyring på Naustdal Stadion. Kampens høgdepunkt stod Iris for, då ho frå eigen banehalvdel dundra ballen i mål på direkten. God innsats på heile laget.

Målscorarar: Iris (4), Camilla (3), Vilde (1) og Sunniva (1).
Desse var med: Marie, Stephanie, Stine, Vilde, Laila, Camilla, Sunniva, Martine og Iris. "

 

17.06.09 Tambar med sin fyrste seier

Bilde: Narve Kirkebø og Tambar vann mot Førde 3 i går kveld.

Endeleg kom den fyrste seieren til Tambar sitt 5.divisjonslag då laget i går kveld vann 5-3 over Førde 3. Kampen vart spelt på Naustdal stadion og var den siste kampen før avdelinga no tek sommarferie.

Meir om kampen finn du på heimesida til herrane.

 

16.06.09 Vidar vann billettar til toppkampen

Bilde: Vidar Kvalvågnes vann billetter til toppkampen Sogndal-Kongsvinger.

Vår lokale stjernetrenar viste gode takter også i Tambar Kvissen sist veke, der han vart beste tippar og sikra seg billettar til toppkampen mellom Sogndal og Kongsvinger. Kampen blir spelt på Fosshaugane Campus 26.juli.

Elles var det heller laber deltaking i den siste Tambar Kvissen, der berre tolv hadde sendt inn sine tips.

Sjå alle tipsa

 

14.06.09 Nytt eitmålstap for Tambar

Bilde: Tambar tapte kveldens kamp mot Bjørn på Naustdal stadion. Bjørnar Landsverk (t.h) i kamp mot ein Bjørnspelar.

Tambar sitt 5.divisjonslag gekk på sin fjerde kamp på rad der laget tapar kampen med eit mål. I kveld var det Bjørn som tok skalpen på Tambar med seier 2-1, som også var pauseresultatet.

Det var gjestane frå indre Sogn som fekk den beste starten på kampen. Laget gjekk opp i leiinga allerede etter 6 spelte minuttar. Målet kom ved ei uheldig avklaring i Tambarforsvaret, ballen enda hjå ein Bjørnspelar som utan press fekk plassert ballen bak Tambarkeeper Olav Hundershagen. Utover omgangen var det Tambar som hadde eit lite spelarovertak, og laget kom til fleire sjansar som fort kunne ha gitt utteljing. Men som ved dei siste kampane til Tambar, lukkast ikkje laget heilt framfor målet til motstandaren. I eit angrep etter 25 minuttar hamna ballen hjå Tomas Solheim som befinn seg ved midtbana, han går nokre meter framover sida og skyt/legg inn mot Bjørnmålet. Ballen går over alle i feltet og keeper får vippa ballen slik at den plasserer seg fint i vinkelen i motsatt side og i mål. Eit spekatulert mål frå midtbana, og utligning til 1-1. På slutten av andre omgang og mot spelets gang, fekk ein Bjørnspelar ein stikkball som sneik seg gjennom heile Tambarforsvaret, kor gjestane sin spiss åleine med Tambarkeeperen roleg kunne lobbe ballen over han og i mål og 2-1, som også var pauseresultatet.

I andre omgang starta Tambar friskt, og skapte fleier sjansar utan å få utteljing. Det vart no mykje kjemping og kriging mellom laga, der begge lag kom til sjansar framfor måla. Den største hadde nok Tambar, då Bjørnar Landsverk tråkla seg gjennom heile forsvaret til gjetane. I staden for å skyte sjølv, ga han ballen vidare til godt plasserte Narve Kirkebø som uheldigvis skaut meteren over mål. Dermed vart det ein mållaus andreomgang og kampen enda med 2-1 seier til gjestane frå Sogn.

Tambar viste nok ein gong at laget er jamngodt med resten av laga i avdelinga. Men som kjent handlar det om å score mål for å vinne kampar. I kampane hittil har ikkje laget klart å score fleire mål enn motstanaren, og difor ligg laget sist i si avdeling. På tysdag 16.juni kl. 20.30 spelar laget sin siste kamp før ferien. Laget spelar då heime mot Førde 3.

Bilder frå kampen

 

14.06.09 Bilder frå Kongleriket Cup Naustdal i dag

Bilde: Gutar -99 har nettopp scora i eina av kampane i Kongleriket Cup, ogmålscorar Marius vert gratulert av dei andre lagkameratane.

Med sol frå nesten skyfri himmel, vart det ein flott turnering på Naustdal stadion i dag i dagens Kongleriket Cup.

Les meir

 

13.06.09 Resultat kampar

Damelaget tok ferie med 2-4 tap mot Vik

Bilde: Kristin Alise Birkeland (t.v) og Tonje Tveita spelte ein god kamp, men klarte ikkje å forhindre at Vik vann kampen. Bildet er henta frå kampen mot Hyen tidlegare i vår.

Tambar fekk ein dårleg oppladning til bortekampen mot Vik i går kveld. Laget kom til Vik stadion ti minuttar etter opprinneleg kampstart då laget "bomma" på ei ferje. Dermed var det ikkje altfor kvikke føter Tambardamene starta med, med minimal oppvarming og etter å ha sete på " ræv" dei tre timane i forkant av kampen.

Det var Vikjadamene som kom best igang. Før Tambar hadde våkna etter turen inn til Sogn, leia vertane 2-0 etter berre 7 minuttar spel. Om det var dei høge brøla frå trenaren på sidelinja eller den kraftige sidevinden som blåste over stadion som fekk augene opp på Tambardamene, er uvisst. Men iallefall tok laget tak i kampen og byrja vinna duellane og skape sjansar. Og det var eit flott veggspel mellom Camilla Øvretvedt og Birgitte Knapstad, då Birgitte plasserte ballen utagbart forbi Vik-keeperen og redusering til 1-2. På tampen av omgangen kom Vik seg fram på sida og fekk lagt inn til ein Vikspelar som scora greit. Dermed gjekk laga til pause med 3-1 leiing til vertane, men der Tambar burde ha scora meir enn det eine målet.

I andre omgang var det Tambar som stod for dei største sjansane. Men det var Vik som scora fyrste i denne omgangen også. Medan Tambar hadde tilsynelatande bra kontroll, missa laget høgt oppe på bana og Vik gjekk på ei kontring. Åleine med keeper gjorde ikkje Vikspelaren noko feil og dermed 4-1 leiing. Tambar pressa på og skapte mange sjansar, men ein god Vik-keeper tok det meste som kom. Heilt til Kristin Alise Birkeland var frampå 10 minuttar før slutt og scora eit fint mål. Dermed enda kampen med ein 4-2 seier til Vik.

Damene hadde nok sjansar til å avgjere kampen mot Vik, men mangla presisjon og tur i avsluttningane. Tambardamene la ned eit godt stykkje arbeid i kampen på Vik stadion, og lagets og kampens beste spelar var Kristin Alise Birkeland. Med ein utruleg arbeidskapasitet både i forsvar og angrep, la ho bak seg mange meter i denne kampen.

 

Solid seier for lillejentene over Førde 7

Bilde: Tambar sine lillejenter med solid seier i kampen på torsdag.

Tambar sine lillejenter spelte torsdag kveld kamp mot Førde 7 på Naustdal stadion, og trenar Bjørn Henning Solheim har gitt oss fyljande refferat frå kampen:

" Tambar 98 vann torsdag kveld heile 10-4 mot Førde 7 i avdeling 4. Tambar tok leiinga sekundar etter kampstart med eit flott langskot frå Kristiane. Deretter følgde Elly opp med to mål, der ho viste god teknikk og innsatsvilje. Annika sette ballen knallhardt i krysset på eit langskot når Tambar gjekk opp til 4-1. Førde 7 reduserte til 4-3 etter to kontringer, men etter dette var Tambarjentene suverene. Johanne mottok ballen like ved midtbana og viste tilskodarane at ho skyt godt med begge bein og 5-3 til Tambarjentene. Her imponerte ein god dommar Jacob Storevik med god speleforståing når han lot vere å blåse frispark til Tambar i situasjonen før.

I andre omgang held Tambar fram med sitt gode spel og kampen vart avslutta med at Marie jobba inn eit må like før slutt. I den defensive delen av spelet hadde Sara, Thea Marie, Marie og Vilde mange viktige taklingar som hindra Førde å komme aleine med keeper. Rebekka imponerte med stor løpskapasitet og innsatsvilje mot jenter som er eit år eldre enn ho.Og når Tambar i tillegg har to solide keepere i Annika og Thea Sofie vart det tøft for Førde 7.
Tambarjentene har i år teke steget frå å vere eit lag av gode enkeltspelarar, til å verte eit utroleg godt lag med teknikk, samspel og innsatsvilje som få andre lag i samme årsklasse kan stå imot.

Måla vart sett inn av: Elly 3, Kristiane 3, Johanne 2, Annika 1 og Marie 1 "

 

 

11.06.09 Lillegutane med seier over Viksdalen

Bilde: Tambar sine lillegutar vann kveldens bortekamp mot Viksdalen.

Tambar sine lillegutar var i kveld til Viksdalen og spelte kamp, og kunne retunere til Naustdal med nok ein seier. Trenar Vidar Kvalvågnes har fyljande å sei om kampen:

" Det blei seier 8-3, etter å ha leda 6-2 til pause! Gutane sleit med ein ujamn grusbane, så dei elles så ballsikre gutane sløste veldig med sjangsane, spesielt andre omgang! Men bana må nok ta litt av skylda for det.

Målskorere var Martin Skilbrei (3), Daniel Grimset Kvalvågnes (2), Elias Rognebakke (2) og Marius Grønestøl (1) "

 

11.06.09 Tambar 1 sine lillejenter innfridde igjen

Bilde: Tambar sine lillejenter 12 har fortsatt tilgode å tape i årets serie. I kveld vart det ny seier til laget.

Tambar 1 hadde i kveld besøk av Førde 2 på Naustdal stadion, og trenar Jan Magne Langedal seier fyljande om kampen:

" I kveldens kamp mot Førde 2 vart det 10-2 siger. Det var aldri tvil om kven som var best på Naustdal Stadion. Tambar varta opp med tidvis bra spel, og målkontoen veks stadig for jentene.  Camilla scora 5, Iris 2, Vilde 2 og Hilde 1. Laget har scora 42 mål på 7 kampar og slept inn 11.

Desse var med: Stine, Hilde, Stephanie, Martine, Sunniva, Laila, Anna, Iris, Vilde og Camilla.
Tina Alisøy hadde full kontroll som kampleiar.

Neste torsdag kjem Jølster på besøk. Då blir det garantert meir nettsus. "

 

10.06.09 God kamp av jentelaget mot serieleiaren

Bilde: Caroline Salbu (t.v) og Silje-Olin Yksnøy har kontroll på ein AHIL-spelar i kveldens jentekampen på Naustdal stadion.

Tambar tapte ufortent 1-0 i kveldens jentekamp mot Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion.

Ein skulle vel tru det vart målfest på stadion då jentelaget fekk besøk av avdelingsledar Askvoll/Holmedal i kveldens kamp. Men Tambarjentene ville det annaleis i kveld, og viste med den innsatsen dei hadde i kveld, at laget kan spele jamt med dei fleste i avdelinga.

Sjølv om det var gjestane som scora målet i fyrste omgang, var det Tambar som hadde komandoen i stort sett heile omgangen. Laget spelte seg fram til nokre sjansar, men var for ubesluttsomme framfor AHIL-målet. Dermed gjekk laga til pause med den eine scoringa til Askvoll/Holmedal.

Andre omgang var mykje lik fyrste, der Tambar pressa på framover og hadde bra kontroll i dei bakre rekkjer. Og med litt meir tur kunne Tambar ha rodd seieren iland med dei sjansane dei hadde. Bl.a. var Martine Mallasvik flott igjennom ved eit par anledningar, men ved begge høve klarte AHIL-kepperen å avverge.

Dermed var det tap for Tambar i kveldens kamp. Laget spelte ein god kamp mot serieleiaren, og kunne med litt meir tur og dyktigheit ha sendt Askvoll-laget heim med null poeng i kofferten. Olav Hundershagen gjorde ein god jobb som dommar.

 

08.06.09 Stortap for smågutane mot Florø

Bilde: Florø var det beste lage då dei i kveld gjesta Tambar sine smågutar. Nicolai Stølsvik måtte vikariere som Tambarkeeper i andre omgang. Her ser vi han fint ute og plukkar ned ein corner.

Det vart målrikt på Naustdal stadion då smågutane til Tambar fekk besøk av Florø 2. Heile 11-1 vann gjestane frå kystbyen, etter å ha leia 6-0 til pause. Tambar spelte heile andre omgang med 10 spelarar, etter at Tambarkeeper vart utvist i slutten av fyrste omgang.

Det var Florølaget som hadde komandoen i denne kampen, frå start til slutt. Laget gjekk opp i ei 2-0 leiing etter 10 minuttar, og skape mykje trøbbel for Tambarforsvaret i denne omgangen. Og då Tambar sin keeper fellte Florø sin hurtige spiss innafor sekstenmeteren, hadde ikkje dommaren anna å gjere enn å grave fram det raude kortet frå lomma si. Straffen som laget fekk i den anledninga, gjekk forøvrig i stanga og ut. Dermed var Tambar redusert til ti spelarar på tampen av fyrste omgang. Utespelar Nicolai Stølsvik måtte trekke på seg keeperdrakta.

Andre omgang starta med ei redusering til Tambar, og stillinga var no 1-6. Etter det vart det ikkje uventa ein forsvarskamp for Tambarspelarane. Sjølv om Florø var det beste laget, og no med ein spelar meir, må vi berømme Tambargutane den innsatsen dei la ned i andre omgang.

God dommar var Jan Petter Sæbø, som hadde full kontroll.

 

07.06.09 Nok eit knepent tap for seniorane

Bilde: Tambar tapte mot Balestrand i kveld, men Gunnstein Vefring skaffa laget straffe.

Det vart nok eit knepent tap for Tambar, då dei i dag tapte bortekampen 5-4 mot Balestrand. Til pause var stillingen 2-2.

Det var Tambar som kom best igang, og gjekk opp i leiinga allerede etter 5 minuttar med ei flott scoring av Henrik Aase. Før det var Tambar svært nær ved to anledningar, og kunne med litt meir tur ha leda med både to og tre mål tidleg i kampen.

Balestrand kom etterkvart til hektene, og spelte seg fram til nokre sjansar utover i omgangen. Ei av sjansane resulterte i scoring, og dermed var laga like langt. Tambar si 2-1 scoring kom på straffe, då Narve Kirkebø vart fellt innafor sekstenmeteren til Balestrand. Same mann ekspederte straffen trygt bak Balestrandkeeperen.

Med nok ei scoring til Balestrand, gjekk laga til pause med 2-2.

Andreomgangen var berre spelt i eit minutt, då Balestrand gjekk opp i ei 3-2 leiing. Med ei kjapp forsering oppover venstresida og eit presist innlegg, var det no Balestrand som hadde føringa. Men Tambar svara kjappt, og allerede fire minuttar seinare var Jonas Paulen frampå og reduserte til 3-3.

Spelet bylja no fram og tilbake, og begge lag hadde muligheiter til å score. Men det var vertane som hadde mest tur denne dagen, og putta etterkvart to gonger, og var no oppe i ei 5-3 leiing. Tambar fekk nytt håp om poeng i kampen, då Gunnstein Vefring vart fellt og laget fekk si andre straffe for dagen. Men sjølv om Narve også på denne straffa scora trygt, vart det ikkje fleire mål til Tambar i denne kampen.

Neste kamp for laget er søndag 14.juni kl. 18.00.

 

06.06.09 Damelaget tapte, lillejentene vann

Bilde: Tambar sitt damelag spelte i går kveld mot Lærdal på Naustdal stadion. Tambarspelarane på bilde, er frå venstre Kristin Alise T.Birkeland, Tonje Tveita, Inger Johanne Sørbø og Andrea Kvamsdal. Bildet er henta frå kampen mot Hyen tidlegare i år.

Damelaget spelte i går kveld mot Lærdal på Naustdal stadion i vår lokale 4.divisjon. Etter ein laber fyrste omgang, heva laget seg noko i andre.

Det var gjestane som fort tok tak i kampen og la press på damene frå Naustdal. Og utteljinga kom fort for Lærdal, då dei scora sitt fyrste mål etter berre 5 minuttar. Lærdal fortsatte køyret mot Tambarmålet, og i løpet av ein femtenminuttarsperiode scora dei ytterliggare to mål og leia 3-0 før Tambar hadde fått summa seg. Utover i omgangen jamna spelet seg noko ut. Tambar skjøna etterkvart at her måtte det krigast for å klare å halde hovudet over vatn. Lærdal var stadig frampå og gjorde det travelt for Tambar sitt forsvar, men fleire mål vart det ikkje for Indresogningane i denne omgangen. Og då heller ikkje Tambar scora på sine få sjansar i fyrste omgang, gjekk laga til pause med 0-3.

I andre omgang var det eit mykje bedre og meir hardtkjempande Tambarlag vi såg på bana. Og allerede etter fem minuttar var Camilla Øvertveit frampå og styrte eit innlegg frå venstresida kontant i mål og redusering til 1-3. Tambar forsette å vinne duellar og kom til fleire avsluttningar, utan at dei lukkast heilt. Blandt anna var Camilla heilt igjennom, men ei refleksredining av Lærdalkeeperen avverga skotet henner. Medan det no var Tambar som hadde teke meir ovar, tok Lærdal godt vare på ei kontring, kom seg heilt forbi forsvaret og plasserte ballen forbi Tambarkeeperen og gjestane var no oppe i ei 4-1 leiing.

Resten av omgangen vart ein jamn affere på Naustdal stadion, der begge lag var villige til å angripe. Lærdal auka leinga si til 5-1 ved ein corner som gjekk direkte i mål. Ny reduserig til Tambar vart det då Birgitte Knapstad valsa rundt med Lærdalforsvaret, vendte om og med eit flott skot plasserte den til høgre for Lærdalkeeperen.

På slutten av kampen var det slitne Tambarspelarar vi såg spinge rundt på Naustdalsmatta. Og med to nye scoringar til gjestane på slutten, enda kampen 2-7 til Lærdal.

 

Bilde: Tambar sine lillejenter 11.

04.06: Lillejenter 11 vann over Førde 4 på Haugum.

Lillejenter 11 spelte sist torsdag mot Førde 4, og det gjorde jentene godt. Frå lagleiar Solfrid Bygstad har vi fått fyljande rapport;

" Dei første 10 min. var laga jamngode, men Tambarjentene fekk overtaket og styrte resten av kampen.
Elly Kalland skora det første målet etter 20 min og like før pausen skora ho sitt andre mål.

Etter pausen hadde jentene full kontroll, berre etter 5 min skora Elly sitt tredje mål og Johanne Åsnes fylte opp og skora Tambar sitt fjerde mål. Like før kampslutt skora Elly og Tambarjentene vann 5-0.
Heile laget spelte ein kjempekamp og bidrog til at resultatet vart so bra. "

 

04.06.09 Lillejentene fortsatt ubeseira

Bilde: Lillejentene til Tambar står fortsatt utan tap i årets sesong. I kveldens kamp mot Florø, scora Camilla B.Kibsgaard (t.h) to mål.

Det har vore ein flott vårsesong for Tambar sine lillejenter. Laget har enno til gode å tape ein kamp, og har berre avgitt poeng i 1-1 kampen mot Florø i åpningskampen. Og dette Florølaget møtte jentene att i kveld, og trenar Jan Magne Langedal seier fyljande om kampen:

" Kveldens kamp gjekk i Florø. Eller 1-1 i første kampvar det ein spent gjeng som entra Florø Stadion. Det skulle også denne gong vise seg å bli ein jamn kamp. Tambar leda 1-0 og 2-1, før FSK utlikna til 2-2. Men heldigvis har vi spelarar som veit kvar målet står. Dermed avgjer vi kampen, og vinn 3-2.

Kveldens prestasjon stod Camilla og Iris for.Iris slår ein presis crossball, som Camilla” bankar” i mål.Ei vakker scoring.Men heile Tambar-laget skal ha ros for god jobbing. Måla vart laga av: Camilla (2) og Iris(1).

Desse var i aksjon i Florø: Stine Hukset, Hilde Langedal, Stephanie Stubhaug, Laila K. Gjengedal, Martine Herstad, Marie Vefring, Anna S. Svorstøl, Camilla B. Kibsgaard og Iris Aase. "

 

04.06.09 Gutelaget "rota det til" mot Florø 2

Bilde: Tambar sitt gutelag spelte mot Florø 2 i kveld.

Det vart mange mål då gutelaget møtte Florø 2 på Naustdal stadion i kveld. Etter at Tambar hadde leia med 3-0 til pause, vann Florølaget kampen 6-5 !

Fyrste omgang vart ein god omgang for Tambargutane. Her såg vi aggresivitet, gode bevegelsar, spelarar som jobba for kvarandre og tre flotte mål. Og Tambar skapte mange sjansar som med litt meir tur hadde funne vegen inn i nettmaskane. No skal det seiast at også Florø var frampå ved eit par høve. Men forsøka vart redda av Tambar sin gode keeper, Jacob Storevik, eller forsøka enda utafor mål. Difor var 3-0 til pause eit greit resultat.

Istarten av andre omgang vart Tambar liggande lenger bak på bana, og det var ikkje same trøkket i spelarane som vi såg i fyrste omgang. Og allerede etter fem minuttars spel var Florø frampå og reduserte. Spenning i kampen vart det for alvor då gjestane på ny var frampå med endå ei redusering. Etter desse scoringane til Florø, virka det som Tambar sette inn eit ekstra gir, noko som resulterte i to flotte mål av Vegard Savland og dermed var Tambar oppe i ein 5-2 leiing.

Men herfrå og inn var det slutt med moroa for Tambargutane. I ein ti minuttars periode vart det meir fart på Florøspelarane att, og med nokre dårlige avklaringar i Tambarforsvaret og ein del tur til gjestane, klarte dei å utruleg nok å sette tre ballar i nota. Ein heller trygg Tambarleiing hadde no blitt til 5-5.

Med ei slik opphenting vart det naturlegvis noko frustrasjon hjå Tambarspelarane. Mykje av den positive energien dei brukte på godt spel og jobbing for kvarandre tidlegare i kampen, vart no brukt på kjefting og lite konstruktivt spel på bana. At Florø på slutten av kampen sette inn sitt sjette mål og vinnarmålet for kvelden, gjorde at Tambar måtte gå av bana med null poeng.

Dommar Odd Kaare Nøstdal hadde full kontroll som pipeblåsar.

Bilder frå kampen

 

04.06.09 Jentelaget tapte mot Eikefjord

Bilde: Silje-Olin Yksnøy (t.h) og jentelaget spelte ein god kamp på stadion i går kveld.

Jentelaget til Tambar spelte ein god kamp mot Eikefjord på Naustdal stadion i går kveld, men måtte sjå seg slått av Eikefjord med 3-2.

Laga fylgde kvarandre i ein jamn fyrste omgang, der vi fekk sjå to scoringar til Tambar. Kristina Nyman sitt mål var det kjente " teken ut av læreboka"-målet, der ho etter fint samspel med Eline Lillehaug, plasserte ballen sikkert forbi Eikefjordkeeperen. Tambar sitt andre mål vart scora av Terese Helle på straffe. 2-2 var stillinga til pause etter at Eikefjordjentene også laga to mål i denne omgangen.

I andre omgang var det spel mot eit mål dei fyrste 25 minuttane av omgangen. Tambarjentene jobba godt i denne perioden, og ville tydeleg ha seieren i kveldens oppgjer. Men så skjer det som ofte skjer når eit lag pressar. Eikefjord tek godt vare på ein gjennvinning av ballen omtrent på midten, set fart framover og ein Eikefjordspelar lobbar ballen over Tambarkeeper og i mål. Tambar pressar på mot slutten av kampen og kom til fleire sjansar, men utan å lukkast med å sette ballen bak Eikefjordkeeperen.

Tambarjentene spelte ein god kamp i kveld, sjølv om laget datt litt ihop på slutten av andre omgang. Det var flott innsats av alle jentene, og ein får satse på revansje når laga møtast til kamp i Eikefjord. Olav Hundershagen gjorde ein flott jobb som dommar i kveldens kamp.

 

01.06.09 Smågutane tapte 6-2 mot Haugen

Bilde: Frå kveldes kamp mellon Haugen og Tambar. Kampen vart spelt i Nordfjord. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Tambar sitt smågutelag fekk det tøft mot avdelingsleiar Haugen, i kveldens kamp i 1.divisjon avd 2 som vart spelt Nordfjord. Haugen kunne til slutt gå av bana med ein konfertabel 6-2 seier, og leiar no avdelinga føre Florø. Tambar sine to mål vart scora av Daniel Grimset Kvalvågnes.

Bilder frå kampen. Alle bilder: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

 

01.06.09 Tambar best, Gaular vann !

Bilde: Tore Klopstad (t.h) scora Tambar sitt mål i kveldens kamp, og var stadig ein trussel for Gaularforsvaret.

Det vart nok eit surt og unødvendig tap for Tambar, og Gaular kunne reise heim med ein heller ufortent 2-1 seier etter kveldens kamp på Naustdal stadion.

Fyrsteomgangen er nok det beste vi har sett av Tambar denne sesongen. Her var spelarane tett opp i gjestane, vann duellar og sette ballen kjapt igang framover og dermed vart det ein del sjansar utav det. Men måla lot vente på seg i denne omgangen, og det var ikkje mykje fortent då Gaular gjekk opp i leiinga etter ca 35 minuttar spel. Dermed gjekk laga til pause med ei 1-0 leiing til gjestane.

Andre omgang starta med eit bra Tambarpress, og spelarane var tydeleg svolte på å vise dei 70-80 tilskodarane at her skulle ein ikkje gi ved døra. Og det var heilt fortent då Tore Klopstad sitt skot frå sekstenmeteren passerte keeper og i mål. Utover omgangen holdt Tambar presset, og var det klart beste laget. Både Tore Klopstad og Vegard Savland hadde fleire sjansar som hadde fortent å gå mellom målstengene.

Dei siste femten minuttane av kampen såg det ut til at det var slutt på kreftene til Tambarspelarane. Gaular tok litt over presset i kampen, men utan å kome til sjansar av betydning. Då to minuttar gjenstår av kampen, klarer ein Gaularspelar å kome seg forbi ein elles så god Roger Edvardsen. På veg utover att i feltet dett spelaren frå Gaular, og dommaren peikar på straffemerket. Olav Hundershagen går til rett side, men straffen går over og utagbart for Tambarkeeperen.

Dermed vinn Gaular kampen 2-1 etter å ha hatt to sjansar i heile kampen. Tambar hadde sjansar nok til å vinne kampen, og burde ha scora både 3 og 4 mål. Spelemessig er dette det beste vi har sett laget så langt i år.

 

29.05.09 Tap for jentelaget i Florø

Bilde: Trine Einevoll og Eline Lillehaug måtte reise heim frå Florø utan poeng i kveld. Bildet er frå kampen mellom Tambar-Førde tidlegare i år.

Tambar sitt jentelag møtte Florø til kamp i kveld på kunstgrasbana på Florø stadion. Etter den flotte seieren mot Førde sist veke, vart det litt anna motstand jentene fekk i kveldens kamp. Og med 5-0 til Florølaget, var det liten tvil om kva lag som var best. Men Tambarjentene la ned eit godt stykkje arbeid i denne kampen, og spela sin beste kamp så langt i sesongen.

 

29.05.09 Resultat frå kampar spelt i går

Bilde: Gutelaget tapte mot Førde 2 på Naustdal stadion i går kveld. Bildet er henta frå kampen mot AHIL.

Gutar 15/16: Gutelaget møtte Førde 2 til kamp på Naustdal stadion i går kveld, og trenar/oppmann Leif Kvamsdal seier fyljande om gutane sin kamp: "

Etter ein flott kamp på måndag, vart det ein nedtur for gutelaget i kampen mot Førde 2. Kampen enda med tap 6-2, etter at stillinga ved pause var 3-2. Måla til Tambar vart sett inn av Vegard Savland. Vi håpar at gutane kjem sterkare tilbake neste torsdag mot serieleiar Florø 2. Ein stor takk til dommar Olav Hundershagen som på kort varsel stilte opp og dømte sin første 11-kamp, noko han gjennomførte på ein flott måte. "

 

Lillegutar 12: Lillegutane skulle i går kveld måle krefter mot Førde 3 på Naustdal stadion. Og det var gjestane som kom best i gang då det var frampå og tok leiinga i kampen. Men det vara ikkje lenge før Tambar var frampå med ei redusering, og etterkvart putta dei fleire mål. Men laget frå Førde var bra med i fyrste omgang.

I andre omgang vart det derimot spel mot eit mål, noko målprokokollen ved kampslutt seier alt om. Heile 16-3 vann Tambargutane, og feide dermed all tvil til sides etter ein god gjennomført andreomgang. Måla vart scora av Martin Skilbrei(7), Daniel Grimset Kvalvågnes(6), Ola Rognebakke(2) og Elias Rognebakke(1).

 

Damer 4.div: Damelaget drog til Hornindal og skulle spele sin fyrste 11ar kamp for sesongen i går kveld. Men med mange fråvær heilt fram til avreiese, drog laget til Nordfjord med to keeperar og ni utespelarar. Og kampen vart som vi forventa med eit så spinkelt lag mot avdelingsleiaren. Hornindal vann kampen heile 13-1 mot eit Tambarlag utan reservar. Tambar sitt mål vart scora av Maiken Solås.

 

Lillejenter 12: Tambar sine lillejenter spelte i går kveld bortekamp mot Førde 1, og laget er forsatt ubeseira i årets serie. Frå trenar Jan Magne Langedal har vi fått fyljande rapport frå kampen:

" Lillejenter Førde1-Tambar1   1-3.
Tambar sine lillejenter er fortsatt ubeseira i årets serie.Etter ei kanon frå Iris,som gjekk i begge stolpane og ut, bølga spelet fram og tilbake på Haugum stadion.Tambar vart snytt for ei tidleg scoring, då dommaren ikkje var på høgde med situasjonen( ballen var langt over streken).

Iris jobba utretteleg gjennom heile kampen. Ho scora 2 fine mål, og i tillegg hadde ho 3 skot i stolpen. Camilla sette inn det siste målet. Ros til heile laget, og spesielt til Iris,som la ned mange meter og viste god ballkontroll og avslutningsegenskaper. Vi ser fram til ny kamp mot Florø
neste torsdag. "

Bilde: Lillejentene er ubeseira i årets serie, og vann kampen mot Førde 1 i går kveld. På bildet frå ein kamp tidlegare i år.

 

 

25.05.09 Gutelaget med 4-2 seier over Askvoll/Holmedal

Bilde: Henrik Hundershagen (t.v), her i duell med ein AHIL-spelar, scora eit flott mål i kveldens gutekamp.

Tambar vann 4-2 over tabelltoar Askvoll/Holmedag i kveldens gutekamp på Naustdal stadion. Ved pause leda AHIL 1-0.

Det var Tambar som hadde spelet og "trøkket" i fyrste omgang, medan det var AHIL som scora omgangens einaste mål. Det kom etter ein corner til gjestane der dei fekk pirka ballen forbi Tambarkeeperen.

Andre omgang var ikkje mange minuttane gamal før Vegard Savland var frampå og utlikna til 1-1. Like etter la Kristoffer Slettehaug ein perfekt corner som Vegard hedda flott til sides for ein sjanselaus AHIL-keeper. Dermed hadde Tambar fått hol på byllen og snudd kampen i sin favør. Med ytterliggare to scoringar til Tambar, konrollerte dei kampen ut, sjølv om gjestane fekk seg ei redusering på tampen av kampen. Dei to andre målscorarane for Tambar i kveld, var Henrik Hundershagen og Kristoffer Hammarseth.

Det var god innsats av samtlege spelarar i kveldens kamp, og fleire mål og poeng kan det bli på torsdag. Då møter laget Førde 2, også den blir spelt på Naustdal stadion.

Tabell

 

24.05.09 Surt 0-1 tap for herrane i Kaupanger

Bilde: Narve Kirkebø og Jonas Paulen, ilag med resten av laget, tapte mot Kaupanger 2 i dag.

Det vart berre nesten for Tambar sitt 5.divisjonslag i dagens kamp mot Kapanger 2. Ifylje oppmann Roger Edvardsen var det ein jamnspela kamp, der Tambar hadde sjansar nok til å kunne stikke av med seieren. Blandt anna vart Vegard fint spelt igjennom av Henrik, men skotet strauk stolperota.

Då kampen lei mot slutt, og dei fleste belaga seg på ein mållaus kamp, fekk ein Kaupangerspelar prikka inn den avgjerande scoringa i det 88.minuttet. Dermed forsvant håpet om Tambar sitt fyrste poeng i årets serie, og Kaupangerlaget kunne jubla for ein heller ufortent seier.

 

22.05.09 Lillegutane vann 2-0 på Fosshaugane Campus

Bilde: Tambar sine lillegutar 12 inntok Fosshaugene Campus med rosa drakter.

Tambar sine lillegutar fekk seg ei særs stor oppleving i går kveld, då dei for 1607 tilskodarar spelte pausekampen i Adeccoligaen på Fosshaugane Campus. Tambarlaget vann kampen sin 2-0 over lillegutane til Sogndal, der Daniel Grimset Kvalvågnes fekk æra av å score begge måla på den flotte stadion i Sogndal. I tillegg til å spele eigen kamp, fekk gutane også oppleve Adeccokampen mellom heimelaget og Moss.

Om det var inspirasjon frå Tambarlaget Sogndal sitt Adeccolag fekk, veit vi ikkje. Men i allefall snudde Sogndal kampen i andre omgang i sin favør, og vann kampen 2-1 (0-1) mot Moss.

Fleire bilder frå pausekampen kan du sjå her.

 

20.05.09 Jentelaget vann 6-3 over Førde

Bilde: Terese Helle vart vanskeleg å stoppe for Førdejentene i andre omgang. Tomålscorar for Førde, Eline E. Cirotzki (t.h)

Tambar sitt jentelag fekk sin fyrste seier i kveldens kamp, då Førde 1 gjesta Naustdal stadion.

Men det var Førdejentene som kom best i gang, og alt etter fire spelte minuttar kom spissen Ingvild Indrebø seg gjennom i midtforsvaret og plasserte ballen til venstre for Tambar sin keeper. Etter målet vart det mykje kriging på midtbana, der det var meir kjemping enn bra spel. På eit fem-meter utspark frå Førdemålet var Eline Lillehaug påpasseleg frampå, vann til seg ballen og fekk plassert den forbi Førdekeeperen og i mål. Etter utligningsmålet vart det meir fart på Tambar, og dei pressa på for fleire scoringar. Og kort tid etter mål nummer ein, var Eline Lillehaug frampå igjen med sin andre scoring for dagen.

No bølja spelet fram og tilbake mellom måla, utan at laga kom til dei heilt store sjansane. Men etter omlag halvspelt omgang, mottok Eline E. Cirotzki ballen, kom seg fri frå sin oppassar og scora sikkert utakbart for Tambarkeeperen. Tambar forsette med høgt press, og skape mange sjansar framfor Førdemålet, utan å få pressa ballen i mål. Derimot var det gjestane som fekk si scoring nummer tre, då Eline E. Cirotzki fekk pirka ballen over mållinja ved ein corner. Dermed gjekk laga til pause med ein 3-2 leiing til Førde.

Det var eit tent Tambarlag som kom på bana i andre omgang. I pausen hadde dei tydlegvis bestemt at her skulle det jobbast for å dra seieren i land. Og då Terese Helle scora utligningsmålet og 3-3, vart det etterkvart liten tvil om kor seieren ville hamne.

Laget spelte i periodar god fotball i denne omgangen, der dei kom fin framover på sidene, fylte på med spelarar i midten og laga det utriveleg for Førdeforsvaret gang på gang. Samtidig var dei tøffare i duellane og jobba godt for kvarandre gjennom heile omgangen. Og det var fullt fortent då jentelagsdebutant, Martine Mallasvik, førte laget opp i 4-3 leiing. Med det presset som vart på slutten av kampen, burde vel jentene strengt tatt ha scora mange fleire mål. Men både stenger og Førdekeeper stod i vegen for dei fleste forsøka. Etter at Eline Lillehaug scora sitt tredje for kvelden og Terese Helle sitt andre, enda kampen med ein solid og fortent 6-3 seier.

Kampfakta:

Jenter TAMBAR-FØRDE 1
0-1 Ingvild Indrebø ( 4. min )
1-1 Eline Lillehaug ( 11. min )
2-1 Eline Lillehaug ( 15. min )
2-2 Eline E.Cirotzki ( 22. min )
2-3 Eline E.Cirotzki ( 34. min )
3-3 Terese Helle ( 49. min )
4-3 Martine Mallasvik ( 61. min )
5-3 Eline Lillehaug ( 72. min )
6-3 Terese Helle ( 76. min )
Dommar: Jan Petter Sæbø, full kontroll.

 

 

19.05.09 Smågutelaget tapte 1-5 mot Eid

Bilde: Tambar spelte bortekampen mot Eid i svarte drakter, og måtte returnere til Naustdal utan poeng. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Tambar sine smågutar spelte i går kveld bortekamp mot Eid. Og Tambar fekk ein real kalddusj frå start av, då Eid spelte bra fotball og scora fire gonger etter knappe tjue minuttar. Til pause var dstillingen 4-0 til Eid. Etter pause var Tambarlaget meir med i kampen, og heldt laget frå Eid til 1-1 i denne omgangen. Målscorar for Tambar var Ole Martin Gjøringebø.

Bilder frå kampen. Alle bilder: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Slideshow med musikk. Alle bilder: Stig Høynes,

 

16.05.09 Damelaget snubla mot Hyen

Bilde: Andrea Kvamsdal (t.v) og Inger Johanne Sørbø i aksjon mot heimelaget Hyen i gårdagens damekamp.

Damelaget spelte i går kveld sin andre seriekamp for året, då dei møtte Hyen i 7ar kamp på ei støvete og hard grusbane. At ikkje Tambardamene klarte meir enn 1-1 i denne kampen, har dei berre seg sjølv å takke.

Det vart ein noko rotete 1.omgang, der Hyen var det mest aggresive laget, som vann duellane og som aldri gav Tambar nok ro til å spele ball. Og heimelaget kom til fleire sjansar ved å spele lange ballar opp til sin fysisk sterke spss. Og det var ved eit slikt høve Hyen gjekk opp i leiinga > ein lang ball framover, litt klabb og babb i Tambarforsvaret gjorde at ballen hamna til venstre for Tambar sin vikarkeeper, Cesile Espe, og ein Hyenspelar fekk sett foten på ballen og i mål. Dette var ein skikkeleg kalddusj for Tambar i den varme vårsola på Hyegrusen ! Resten av omgangen var det mykje kjemping mellom laga ute på bana, der vi såg lite av godt fotballspel.

I andre omgang heva Tambar seg fleire hakk, og fekk igang noko av spelet og bevegelsane som mangla i fyrste omgang. I denne omgangen spelte damene seg fram til utallige sjansar, bl.a. registrerte vi tre stangskot og mange avsluttningar på mål, der Hyen sin målvakt stod i vegen. Men då Mona Standal mottok ei pasning inni Hyenfeltet, runda ein av forsvararane og dunka ballen i nota, trudde vi at vi endeleg fekk hol på den berømte byllen. Men sjølv om alt spel og sjansar foregjekk på heimelaget sin banehalvdel i denne omgangen, enda kampen 1-1 og poengdeling.

Neste kamp for damelaget er mot Hornindal, og Tambar sin fyrste 11ar kamp i sesongen. Skal laget ha noko muligheit å hevde seg i den kampen, må laget vis andre takter enn dei gjorde i kampen mot Hyen.

 

16.05.09 Knepet tap for lillejentene, lillegutane med sin fyrste seier

Bilde: Tambar sine lillejenter 11/12.

LILLEJENTER 11/12: Tambar sine lillejenter var torsdag kveld i Førde og spelte kamp, og frå lagets lagleiar, Solfrid Bygstad, har vi fått denne kommentaren til kampen:

" Lillejenter 98 møtte Førde 6 på Slåtten torsdag kveld. Tambar fekk det første målet ved Elly Kalland. Førde scora deretter 2 mål. Tambarjentene tok revansj og scora 2 mål like før pause, alle måla ved Elly. Pauseresultat 2-3.

Tambar starta 2. omgang med eit flott mål av Kristiane Solheim. Tambar spelte bra, men lukkast ikkje med fleire scoringar. Førde vann til slutt kampen 6-4. "

 

LILLEGUTAR 11: Torsdag kveld spelte Tambar 1 heimekamp mot Førde 2, og det var nøgde Tambarspelarar som fekk sin fyrste siger for året. Trenar Jørn Helgheim seier fyljande frå lillgutane sin kamp:

" Lillegutane vann sin første kamp på heimebane for sesongen med 9 - 6 over Førde 2.

I store delar av kampen spele gutane god angrepsfotball, med godt samspel. Gode raid på sidene og gode innlegg. God innstas og stå på vilje prega Tambarlaget. Førdegutane var litt større enn oss, og hadde god ballkontroll, men dei blei stogga av eit godt kjempande Tambarlag som ikkje lot dei få ha ballen i fred.

Fleire Tambarspelarar kom på scoringslista, men dette var først og fremst ein lagsiger. Her var alle gode. Og glade. "

 

 

15.05.09 Lillejenter 12 med ny seier

Bilde: Tambar sine lillejenter 12.

Tambar sine lillejenter 12 har enno til gode å tape i årets sesong. Med "berre" uavgjort i fyrste kamp, har laget vunnet dei tre siste kampane sine. Og utifrå resultata er det eit scoringsvillig lag vi har med å gjere, noko 26-6 i målskilnad seier alt om.

Siste seieren til laget kom i går kveld og trenar Jan Magne Langedal seier fyljande om den kampen:

"Tambar1 sine lillejenter møtte torsdag Førde3 til kamp på Naustdal stadion.Naustdalsjentene vann ein fortent 6-2 seier. Tambar tok ein tidleg 3-0 ledelse, og hadde bra kontroll gjennom heile kampen. Måla kom ved Camilla 2, Iris 2, Vilde og Marie.

Desse var med: Stine Hukseth, Iris Aase, Stephanie Yan Stubhaug, Sunniva Viken Oppedal,
Laila Kristin Gjengedal, Martine Herstad, Vilde Seljeseth Aase, Marie Vefring, Anna Seim Svorstøl, Camilla Bolsø Kibsgaard og Hilde Langedal. "

Neste kamp er borte mot Førde1 28.mai

Sjå resultat frå kampane til lillejentene

 

13.05.09 Resultat frå kampar i kveld

Bilde: Frå ein kamp mellom Tambar sine lillegutar og Florø sist sesong.

Gutar 12: Tambar sine lillegutar spelte i kveld bortekamp mot Florø. Heimelaget visste tydlegvis at dei ville møte god motstand i kveldens kamp, og hadde med fleire spelarar frå fotballakademiet.

Det vart ein jamnspela 1.omgang, der dei to velspelande laga spelte offansiv og god fotball. Ti minuttar før pause, scorar Florø kampens fyrste mål. Men Tambar svara kjapt og utlignar kort tid etter. Med nok ei scoring til Tambar like etter utligningsmålet, gjekk laga til pause med 2-1 leiing til Naustdalsgutane.

2.omgangen var fem minuttar gammal då Florø var frampå og scora igjen, 2-2. Etter denne scoringa bølja spelet fram og tilbake, heilt til Tambar fekk seg ei kontring og scora sikkert. Og då Tambar gjekk opp til 4-2 såg det ut til at dette skulle gå vegen for lillegutane. Men Florø gav seg ikkje så lett. Med tre raske scoringar var det plutselig Florø som igjen hadde komandoen på heimebane. Med fem minuttar igjen å spele, gjorde Tambartrenarane nokre taktiske endringar med laget, og det var jubel då laget scora sitt femte mål heilt på slutten av kampen. Dermed enda den gode fotballkampen, mellom to gode lag, 5-5 !

Måla til Tambar vart scora av Daniel Grimset Kvalvågnes(2), Martin Skilbrei(2) og Marius Grønestøl.

 

Jenter 15/16: Tambar sitt jentelag spelte sin fyrste kamp for sesongen, då dei i kveld spelte bortekamp mot Dale. Heimelaget var det beste laget, og vann kampen 6-0. Men det unge Tambarlaget gjorde ein god innsats, på trass av at det vart tap.

 

13.05.09 Tambarherrane i slideshow

Sjå bilder frå 5.divisjonskampen mellom Tambar og Dale 2 på ein litt anna måte. KLIKK HER, skru på lyden og nyt.......... :)

 

11.05.09 Tambar med 1-3 tap mot Dale 2

Bilde: Tambar med corner i 2.omgang.

Tambar sitt 5.divisjonslag gjekk på sitt andre tap for sesongen, då dei møtte Dale 2 til kamp på Naustdal stadion i kveld.

Dale 2 starta kampen best, og alt etter 13 minuttar gjekk laget opp i leiinga med eit skot nede til venstre for ein sjanselaus Olav i Tambarmålet. Tambar kom etterkvart meir med i kampen og i det 32.speleminuttet scora Tambar utligningsmålet etter eit flott angrep > Ein god pasning frå midtbana av Gunnstein finn Narve på veg framover på venstre side. Narve går til dødlinja og sler heilt over på høgre. Der kjem Stian i flott driv og klinkar ballen i mål. Etter utligninga var det Tambar som pressa på, men utan utteljing. Dermed gjekk laga til pause med 1-1.

I andre omgang fortsette Tambar presset mot gjestane sitt mål, blandt anna vart Tambar snytt for eit klart straffe då Jonas gjekk i bakken innafor sekstenmeteren. Sjølv om Tambar pressa på i denne perioden, vart det for lite "trøkk" i angrep, og Daleforsvaret rydda som oftast greit unna Tambar sine forsøk.

Etter ein halvtimes spel av andre omgang fekk Dalespelarane god plass inne i feltet på ein corner frå høgre. Lite bevegelse av Tambarspelarane gjorde at ei Dalespelar fekk gå heilt uhindra opp og hedde ballen i nota, og dermed ny leiing til karane frå Dale. Tambar miste etter denne scoringa noko av presset dei hadde hatt, og kreftene til laget såg ut til å ta slutt. Dale 2 fekk si tredje scoring, då Tambarkeeper var uheldig ved ei avklaring og ein Dalespelar kunne trille ballen i mål.

Dermed vart det sesongens andre tap for Tambar. I siste del av fyrste omgang og fyrste del av andre omgang spelte Tambar bra fotball, dei kjempa godt og hadde gode bevegelsar. Derimot sleit laget med å score mål på sjansane dei hadde i kveldens kamp.

Nokre bilder frå kveldens kamp

Tabell

 

09.05.09 Smågutelaget slo Tornado/Måløy 5-3

Bilde: Lillegutspelar Daniel Grimset Kvalvågnes scora tre mål i dagens smågutekamp.

Tambar sine smågutar fekk sin fyrste seier for året, då dei i dag vann 5-3 mot Tornado/måløy.

Tambar spelte ein god fyrste omgang, på Naustdal stadion. Laget spela i periodar god fotball, og gjekk til pause med ein fortent 3-o leiing. I andre omgang kom gjestane meir med i kampen, og scora på tre av sjansane sine i denne omgangen. Men med Tambar sine to scoringar i andre omgang, fekk altso laget sin fyrste siger for sesongen. Jan Petter Sæbø var god som pipeblåsar.

Målscorarar for Tambar var Daniel Grinset Kvalvågnes(3), Henrik Hundershagen og Andrè Sølvberg.

Sjå Tabell

 

08.05.09 Damelaget slo Hafslo 4-3

Foto: Inger Johanne Sørbø (t.v) og Tambar sitt damelag slo i kveld Hafslo 4-3.

Tambar sitt damelag vann i kveld 4-3 over Hafslo på Naustdal stadion.

Det vart eit spennande oppgjer i årets fyrste kamp for damelaget, då dei møtte eit Hafslolag som tok komandoen frå start. Hafslo var agresive og vann duellane, og det var lite å sei på at laget gjekk opp i både 1-0 og 2-0. Etterkvart rista Tambar av seg nervøsiteten frå starten av omgangen, og kom langt bedre med i siste halvdel av 1.omgang. Etter fleire sjansar, fekk dei ein velfortent redusering ved Stine Aase. Fleire mål vart det ikkje i omgangen, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Hafslo.

Andre omgang var Tambar sin omgang. Og det var mot spelets gang at Hafslo gjekk opp til 3-1 leiing. Ein skulle tru at noko av lufta gjekk ut av Tambarspelarane etter denne scoringa. Med det motsatte skjedde. Tambardamene bretta opp ermene og la ned ein fantastisk innsats i denne omgangen. Tambar reduserte til 2-3 ved Camilla Øvretveit, og såg at her var det muligheiter til å hente heim iallefall eit poeng. Med ytterliggare to scoringar av Camilla, og med ein avgjerande redning av Tambarkeeper Guro Strandos i sluttminnuttet, sto jubelen i taket då kvedens dommar, Ragnar Åmot, bles av kampen.

Ein flott kamp av alle Tambardamene, gjorde at sesongens fyrste kamp enda med ein vel fortent seier.

Meir om Tambar sitt damelag

 

08.05.09 Storseierar til lillegutane og lillejentene

Bilde: Camilla Kibsgaard Bolsø (t.h) scora heile sju mål i gårsdagens kamp mot Jølster.

Lillejenter 11/12: Tambar 1 spelte i går kveld bortekamp mot Jølster, og kunne reisa heim til Naustdal etter kampen med ein overlegen 13-1 seier. Trenar Jan Magne Langedal oppsumerer kampen slik:

" Tambar 1 lillejenter spela i kveld bortekamp mot Jølster. Dette var ein kamp der Naustdalsjentene dominerte frå start til slutt. Dei gav seg ikkje før Jølsterkeeperen hadde plukka 13 ballar ut av nettet. Sluttresultatet blei 13-1, etter scoringar av Camilla 7,Iris 3, Anna 1, Vilde 1og Sunniva 1. Tambar spela periodevis bra pasningspel. Når ein legg til at Jølsterkeeperen var best på heimelaget, skulle det meste vere sagt om denne kampen. Desse spelarane var i aksjon på Vassenden: Stine Hukseth, Stephanie Yan Stubhaug, Hilde Langedal, Iris Aase, Martine Herstad, Laila Karin Gjengedal, Sunniva Viken Oppedal, Vilde Seljeseth Aase, Anna Seim Svorstøl, Marie Vefring og Camilla Kibsgaard. "

Lillegutar 12: Tambar var totalt overlegne i gårkveldens kamp på Naustdal stadion, mot gjestane frå Høyang. I ein kamp der alle spelarane kom på scorinslista, bortsett frå keeper, vann Tambar sine lillegutar kampen heile 22-0. Målscorarane var: Daniel Grimset Kvalvågnes(8), Ola Rognebakke(4), Martin Skilbrei(4), Elias Rognebakke(2), Ørjan Aase, Jørund Solheim, Daniel Haugland og Marius Grønestøl.

Gutar 15/16: Etter to solide seierar for gutelaget i dei to fyrste kampane sine, gjekk dei på sesongens fyrste tap mot Florø 2 i Florø i går kveld. Etter ein heller dårleg 1.omgang av Tambarlaget, der dei låg under 1-4, vart det meir fart på gutane i andre omgang. I denne omgangen var Tambar fullt på høgde med vertane, og skapte så mange sjansar, at dei med litt meir tur hadde klart å ta igjen leiinga til Florø. Sjølv om Tambar vann andre omgangen, vart det årets fyrste tap for laget. Etter scoringar ved Vegard Savland(2) og Steffen Grytten vann Florølaget til slutt 5-3.

 

05.05.09 Tap for smågutane og seniorane

Bilde: Henrik Hundershagen scora to mål mot Florø i går kveld.

Herrar 5.divisjon: Tambar tapte i går kveld heile 6-0 mot Vadheim/Høyang 2 i sin fyrste kamp i årets 5.divisjon. Ved pause leda vertane 2-0, og scora fire mål i løpet av det siste kvarteret av andre omgang. Les kva seniorane skriv på si eiga side om kampen.

Smågutar 13/14 1.div avd.2: Tambar sine smågutar måtte reise heim frå Florø med 3-7 tap i bagasjen, då dei i går kveld møtte Florø 2. Sjølv om det vart mange mål imot for Tambargutane, var laget fullt på høgde med Florølaget. Laga følgde kvarandre gjennom heile kampen, og ved pause var stillinga 1-1. På slutten av andre omgang vart Tambar liggande for langt bakpå, noko som Florø utnytta effektivt ved å score sine avgjerande mål.

Måla til Tambar vart scora av Henrik Hundershagen(2) og Daniel Kvalvågnes.

 

03.05.09 Lillejentene med seier i Førde

Bilde: Iris (t.v.) scora tre mål mot Førde 2 sist torsdag.

Tambar 1, i klassen lillejenter 11/12, spelte sin andre kamp for sesongen då dei møtte Førde 2 sist torsdag. Med ein overbevisande 6-2 seier, står laget utan tap så langt i serien. Frå trenar Jan Magne Langedal har vi fått denne rapporten frå lillejentene sin kamp:

" Tambar I var i Førde torsdag og vann 6-2 mot Førde II. Tambar hadde overtaket i første omgang,
oo tok ledelsen 4-0 etter scoringar ved Camilla 2, Sunniva, og Iris.I andre omgang vart Tambar
liggande for lavt, noko som resulterte i to Førde-scoringar. Førde pressa no på, før Iris trygga
sigeren med to mål. Forjent siger, sjølv om vi blei pressa i 2.omgang. "

 

1.mai 2009 Kampar spelt i går

Lillejentene med storsiger over Svelgen

Bilde: Tambar 2 i jenteklassen 11/12 med sesongens fyrste kamp i går.

Sjå bilder frå kampen Tambar 2-Svelgen.

JENTER 11/12: Tambar 2 spelte i går mot Svelgen i sin fyrste seriekamp for året. Det var Svelgen som kom best i gang i kampen, og tok raskt leiinga 1-0. Men det vara ikkje lenge før neste scoring kom, då Tambar utligna til 1-1. Tambar scora to gonger til i omgangen og slik at laga gjekk til pause med Tambarleiing 3-1.

I andreomgang tok det heilt av for Tambar sine jenter. Dei spelte mykje bra fotball, vann duellane og scora mål på dei mange sjansane dei skapte. Dei stoppa ikkje før dei hadde putta heile ni mål i denne omgangen, slik at sluttresultatet til slutt vart heile 12-1.

Tambar sine mål vart scora av: Kristiane Solheim(4), Elly Kalland(2), Sara Framarsvik(2), Johanne Åsnes(2) og Malin Dale(1) + eit sjølvmål.

 

Gutelaget med andre seier for sesongen

Bilde: Jacob Storevik spelte ein god kamp for gutelaget i går.

GUT 15/16: Tambar sitt gutelag fekk i går sin andre seier, då dei gjesta Førde 2 på kunstgrasbana i Førde. Frå Trenar/lagleiar Leif Kvamsdal har vi fått fyljande rapport frå kampen:

"Etter ei tam opning der Førde2 pressa gutane våre tilbake på bana, kom dei etterkvart meir med i spelet. Eit flott soloraid av Vegard avslutta han med eit fint innlegg som Andreas kontant sette i mål. Dette var nok ein kalddusj for gutane frå Førde. Betre vart det ikkje då Vegard sette eit frispark rett i mål (kanskje var målmannen borti den?).

I andre omgang var det ikkje mykje tvil, og etter mål av Vegard, Sivert og ei kanon av Kristoffer Slettehaug slutta kampen 5-0. Flott innsats av alle men ein ekstra applaus til Jacob som er ein levande vegg i målet."

 

Lillegutane starta sesongen med seier

Bilde: Ola Rognebakke scora tre mål då lillegutane slo førde 4.

LILLEGUTAR 12: Tambar sine lillegutar starta sesongen med seier, då dei slo Førde 4 heile 10-5. Ved pause var stillingen 5-3 til Tambargutane, og det verkar som laget fortset i same scoringssporet som dei hadde i forige sesong.

Måla til Tambar kom ved Daniel Kvalvågnes(5), Ola Rognebakke(3) og Martin Skilbrei(2).

 

29.04.09 Tambartrenaren trur Kaupanger 2 vinn

Bilde: Narve Kirkebø er spelande trenar for Tambar sitt 5.divisjonslag. På bildet er han i aksjon mot AHIL i årets Eikefjord Cup.

Etter mange magre år for seniorfotballen i Tambarskjelvar, stilte bygda med lag i 6.divisjon forrige sesong. Med ein halv sesong på grus og ein halv sesong på kunstgras, vart det nykomponerte laget puljevinnar i 6.divisjon avd.2. Dermed vart det opprykk til 5.divisjon for laget med trenarane Narve Kirkebø og Roger Edvardsen i spissen.

Korleis laget vil klare seg i divisjonen over, gjenstår å sjå. Mange vart overraska over innsatsen til laget sist sesong, og nokre overraskingar kan vi vel håpe på i år òg !

Kva er målsettinga for laget i år? Kva er styrken til årets lag? Nye spelarar? Kor endar laget i årets sesong? Sjå kva trenar Narve Kirkebø har svara !

 

27.04.09 Smågutane tapte mot Haugen i kveld

Bilde: Frå kampen mellom Tambar og Haugen på Naustdal stadion i kveld.

Det vart eit knepent og ufortent tap på Tambar sine smågutar i kveldens kamp mot Haugen, der gjestane vann 4-3 i ein jamnspelt kamp.

Tambar var det førande laget i fyrste omgang, og hadde fleire muligheiter til å få den fyrste scoringa i kampen. Men eit godt Haugenforsvar stod imot presset frå Tambarlaget. Difor var det ikkje heilt fortent då Haugen scora kampens fyrste mål etter 15 minuttar. Men med kjappe overgangar og eit godt skot frå ein Haugenspelar, var det altso gjestane som tok leiinga. Haugen kom noko meir med i kampen etter målet dei fekk, men nokon fleire mål vart det ikkje i denne omgangen.

Tambar fekk ein pangstart i andre omgang, då Ole Martin Gjøringebø scora for Tambar før minuttet var spelt av denne omgangen. Omgangen vart ein jamnt oppgjer mellom laga, der Haugen var laget som låg eit hakk føre i målprotokollen omgangen igjennom. Men då Tambar reduserte til 3-4 ti minuttar før slutt, vart Haugen pressa bakover på bana. Tambar kom til mange sjansar på slutten av kampen, og hadde fortent å ta med seg minst eit poeng frå kampen i kveld. Andre målscorarar for Tambar i kveld var Andrè Sølvberg og Henrik Hundershagen. God dommar var Odd Kaare Nøstdal.

Sjå andre resultat og tabell frå 1.divisjon G 13/14 avd.2

Sjå lagbilde av Tambar sitt smågutelag

 

25.04.09 Vegard scora fem, då gutelaget slo Hyllestad 6-0

Bilde: Vegard Savland scora heile fem gonger, då Tambar sitt gutelag utklassa Hyllestad.

Gutelaget til Tambar starta årets serie på Naustdal stadion i går kveld. Med ein solid 6-0 siger mot Hyllestad, fekk laget ein pangstart på sesongåpninga. Trenar/oppmann Leif Kvamsdal seier fyljande om kampen:

"Flott seriopning av gutelaget mot Hyllestad. Etter ei noko heldig 1-0 leiing til pause, kom gutane ut og dominerte 2. omgang. 6-0 stod det då dommaren bles for full tid. Vegard Savland laga heile fem mål, og er ein stadig trussel for motstandarane. Andrè Sølvberg laga eit flott mål. Saman med Anders Aase og Jacob Storevik gjorde desse tre smågutespelaren, saman med gutespelarane, ein flott kamp. Til slutt ein gratulasjon til Steffen som feira 17-års dagen sin på Naustdal stadion. Espen Langedal gjorde ein flott jobb som dommar. "

Neste kamp for gutelaget er mot Førde 2. Denne kampen vert spelt i Førde torsdag 30.april.

 

23.04.09 Uavgjort og tap for Tambarlaga i serieåpninga

Bilde: Tambar sine jenter 11/12 møtte i kveld Florø 1.

Fleire bilder frå kampen

Tambar 1, i klassen J 11/12, møtte i kveld Florø 1 til den fyrste seriekampen denne sesongen. Og med spente spelarar på bana og ein engasjert trenar på sidelinja, såg at det var gjestane frå Florø som vann dei fleste duellane og kom til dei fleste sjansane i fyrste omgang. At laget leia 1-0 til pause, var det ingen ting å sei på.

Kva Tambartrenaren hadde sagt til jentene i pausen, veit vi ikkje. Men iallefall var det eit heilt anna Tambarlag som kom på bana etter kvilen. Dei vann no dei fleste av duellane, og kom til mange sjansar framfor Florøkeeperen. Og det var heilt fortent då Iris sette ballen bak keeper og i mål. Tambar fortsette presset utover i omgangen, og berre målstenger og keeper stod i vegen for fleire Tambarmål. Dermed enda kampen 1-1, noko Florø bør være svært nøgd med. God dommar var Henrik Aase.

Bilde: Tambar sine gutar 11 måtte bite i graset mot Jølster.

Fleire bilder frå kampen

I klasse gutar 11, avd.5, møtte Tambar i kveld Jølster på Naustdal stadion. Tambargutane åpna friskt, og det var stor jubel då Simon scora Tambar sitt fyrste mål. Dermed var Tambar i leiinga, og vi hadde fått det fyrste målet på Naustdal stadion i årets serie.

Det vart ein jamnspela kamp, der alle la ned ein solid innsats. Spelet bølja fram og tilbake, der det var mange gode prestasjonar av spelarane ute på bana og frå målmennene til begge laga. Jølster var det laget som klarte å putte flest mål i kampen, dermed kunne dei nøgde reise til Jølst att med ein 5-2 seier. God dommar var Henrik Hundershagen.

Tambarlaget gjorde ein flott innsats i kveldens kamp, og vil nok sparke godt ifrå seg i kampane framover.

Lillegutar 12 med kalassiger

I ein treningskamp mellom lillegutane til Tambar og Førde ( Sunde), var Tambar totalt overlegne då dei vann kampen heile 18-1. Laget spelar fyrste seriekamp neste torsdag.

 

22.04.09 Jentelaget tapte treningskamp mot Eikefjord

Bilde: Katrine Apelseth (t.h) og småjentelaget i kamp mot Gaular hausten 2008.

Tambar sitt jentelag tapte heile 9-0 mot Eikefjord i ein treningskamp i kveld. Med sine to kjappe spissar, gjorde Eikefjord det verkeleg utriveleg for Tambar sitt forsvar og keeper. No skal det seiast at Eikefjord stort sett har andre års jentespelarar på laget, i motsetning til Tambarlaget som består av jenter frå klasse -96 til 93. I tillegg mangla Tambar to av dei mest sentrale spelarane sine i denne kampen.

 

19.04.09 Bilder frå Høyang Cup

Bilde: Glade Tambargutar etter fire spelte kampar i Høyang Cup på laurdag. Foto: Anne-Grethe Naustdal

Vi har fått inn bilder frå gutar 1999 ( deltok i klasse 1998) som var eit av Tambarlaga som deltok i laurdagens Høyang Cup. Ifylje rapportane vi har fått var det flott innsats av gutane, der både dei, trenarar og foreldre kosa seg i fineværet. Trenar Jan Inge Rygg seier fyljande frå lagets deltaking:

"Gutar 99 deltok i Høyang Cup i helga. Gutane åpna inne med seier 1-0 mot Hyllestad og 0-0 mot Høyang. Dei to siste kampane gjekk ute på 7 ar bane og her fekk gutane verkeleg vist fram kva dei er gode for. Med solid innsats og til tider glitrande spel vart Balestrand og Hyllestad sendt av bana med seier 5-1og 7-0 i målprotokollen. Solid innsats mot eit år eldre spelarar. Etter kampane gjekk laget med foreldre i det flotte badeanlegget og kosa seg.
 
Måla vart scora av Elias (6), Marius (4) og Aleksander (3)."

 

Bilder frå gutar -99 sin deltaking i Høyang Cup

Alle tre Tambarlaga gjorde det svært så bra under Høyang Cup. Sjå alle resultata frå laurdagens kampar.

 

16.04.09 Lillegutane og gutelaget laga målfest

Bilde: Gaular fekk ein vanskeleg kamp mot Tambar sine lillegutar. T.v. Ola Rognebakke og Martin Skibrei t.h. I bakrunnen, kveldens dommar, Henrik Hundershagen.

Tambar sine lillegutar vann i kveld heile 10-1 mot Gaular. Når vi også tek med at Tambar sløsa med sjansane sine, seirer det det meste om kveldens kamp.

Gutelaget til Tambar spela også treningskamp på stadion i kveld, mot Førde 2. Tambargutane spelte ein god kamp, og "knuste" bygutane med heile 8-1 ! Måla til Tambar vart sett inn av Vegard(3), Henrik(3), Kristoffer H. og Sivert.

Tambar møter att dette Førdelaget også i serien, nærmare bestemt 30.april på kunstgraset i Førde.

 

15.04.09 Målrikt mellom damene og jentene

Bilde: Damene med knepen seier mot jentene i kveld. F.v. Kristin Alise Birkeland,Taline Fagerheim,Andrea Kirketeig,Catrine Nøstdal og Solveig Jensen. Jentelaget i blå vestar.

Damelaget fekk seg nok ein siger over jentelaget til Tambar, også denne gongen vart det seier med minst mulig margin.

Damene hadde eit visst overtak gjennom heile fyrste omgang, der dei vann dei fleste duellar og kom til ein del sjansar der dei kom fram frå sidene. Med to scoringar til damene i omgangen, der Andrea Kirketeig scora begge, gjekk laga til pause med ein fortent ledelse til damelaget.

Andreomgangen starta mykje som fyrste avslutta, med eit visst press frå damene. Men etterkvart kom jentelaget meir med i kampen, der dei spelte fin fotball og spelte seg fram til ein del sjansar. Jentene reduserte til 1-2 ved Kristina Nyman, før damene auka til 3-1, då Stine Aase lobba over jentekeeperen. Birgitte Knapstad sett inn 4-1, men med ny redusering til jentelaget, scoring på straffe av Terese Helle, vart det meir spennande på slutten av kampen enn damene hadde rekna med. Og då Taline Fagerheim reduserte til 3-4 fem minutt før full tid, var det til tider panikk i damene sitt forsvar. Men damelaget klarte nok ein got å ta "skalpen" på jentelaget, og kanskje møtest dei endå ein gong før seriestart.

 

13.04.09 Smågutane vann treningskamp mot Førde

Bilde: Martin Skilbrei (t.h.) blir gratulert etter å ha lagt på til 5-0 til Tambar.

Tambar sitt smågutelag avslutta påskeferien med treningskamp mot Førde i kveld. Tambar var det klart beste laget i dagens kamp, som gjekk på Naustdal stadion. Heile 5-0 vann Tambar, etter å ha leia 3-0 til pause.

Tambar sitt smågutelag spelar i årets 1.divisjon, og det blir spanande å sjå kor laget står når dei møter bedre motstanarar i årets serie. Fyrste kamp for smågutane i serien startar mandag 27.april. Då kjem Haugen på besøk til Naustdal stadion.

 

05.04.09 Tambar på 5.plass i Eikefjord Cup

Bilde: Frå kampen mellom Tambar og Askvoll/Holmedal på laurdag.

Tambar sitt 5.divisjonslag enda på 5.plass under årets Eikefjord Cup som vart arrangert denne helga. Dermed har laget fått verdifull kamptrening før sesongen startar for alvor, og muligens har trenar Narve Kirkebø fått svar på kva ein lukkast med og kva som må jobbast med meir. Tambar stilte med fire gutespelarar denne helga, og dei gjorde sine saker bra.

I den fyrste kampen møtte Tambar vertsklubben Eikefjord. Det vart ein jamnspelt kamp der to "dritmål" til Eikefjordingane vart avgjerande. At Tambar ikkje scora på dei mange sjansane sine, har dei berre seg sjølv å takke. Men utifrå sjansar og spel i kampen, hadde Tambar fortjent minst eit poeng.

I den andre kampen, møtte Tambar Askvoll/Holmedal. Sist desse laga møttes, var i treningskamp på Naustdal stadion for nokre veker sidan. Då tapte Tambar 1-6. Også i dagens kamp var det tydeleg å sjå at motstandaren er eit etablert 4.divisjonslag. Dei hadde meir plan over spelet sitt og skapte mange sjansar ved kjappe framspel på sidene. Dermed var det lite å sei på at Askvoll-laget gjekk til pause med 3-0, og til slutt vann kampen 4-0.

I dagens kamp, plasseringskamp 5-6, møtte Tambar Florø 2. Ein god fyrste omgang av Tambar gjorde at dei gjekk til pause med ein velfortent 3-1 leiing. Etter pause fortsette Tambar med bra spel, kjem til sjansar men klarar ikkje å score i denne omgangen. Derimot slepp dei Florø 2 til, og med to scoringar til Florøværingane i denne omgangen, endar kampen 3-3. Dermed går det til staffesparkkonkuranse, og der Tabarspelarane viser seg mest kalde og avgjer den ! Målscorarar for Tambar i denne kampen var Henrik Aase(2) og Thomas Øren.

Nokre bilder frå kampen mot AHIL.

 

01.04.09 Historisk kamp på Naustdal stadion i kveld

Bilde: Tambar sitt damelag og jentelag etter kveldens kamp.

Det vart skrive historie på Naustdal stadion i kveld, då Tambar sitt damelag møtte jentelaget til Tambar til treningskamp. Aldri før har Tambar hatt både dame- og jente 11ar lag samtidig.

Jentelaget består av spelarar i klassane 93,94,95 og 96, som betyr at for å klare å stille eit 11ar lag i denne klassen måtte ein ofre laget i småjenteklassen i år. Det bytyr igjen at årets jentelag er eit ungt lag, der dei fleste ikkje tidlegare har spelt 11ar fotball.

Dagens utgåve av Tambar sitt damelag, vart ein realitet i januar i år. Laget består i hovedsak av Tambarspelarar, men har også spelarar frå både Førde og Eikefjord. Dette betyr at ein etterkvart har nærmare 20 spelarar til rådigheit når sesongen startar.

At kveldens treningskamp var jentelaget sin fyrste 11ar kamp,skulle ingen kunne tru. Jentene tok raskt grepet på kampen og utfordra dei langt eldre motstandarane. Med fint spel, gode og rette bevegelsar og med trøkk i duellane, gav dette jentene trua på at damene på motsatt banehalvdel var ein overkomeleg motstandar. Eit stangskot i fyrste omgang var det nærmaste dei kom scoring.

Det vart ein kamp der laga hadde kvar sin omgang, der damelaget var det laget som fekk mest til å stemme i andre omgang. Laget vart meir bevegeleg,meir presisjon i pasningane og der dei ved fleire høve "rulla" opp på sidene og la ballen fram for mål. I tillegg har damelaget fleire spelarar med litt trøkk i skuddfoten. Og det var denne Andrea Kirketeig brukte, då ho la an skuddfoten på hjørnet av sekstenmeteren og laga kampens einaste mål.

Jentelaget startar årets serie med heimekamp mot Hyllestad onsdag 6.mai (sjå terminlista), medan damelaget tek i mot Hafslo fredag 8.mai (sjå terminlista) Meir info om damelaget finn du HER

 

31.03.09 Fleire bilder frå Keeperskulen i Naustdal

Bilde: Deltakarane på Keeperskulen i Naustdal. Foto: Ivar Longvastøl.

Vi har fått inn nokre fleire bilder frå Keeperskulen som vart arrangert på Naustdal stadion lørdag 28.mars, i regi av Skjeldestad Keeperskule.

Sjå bilder

 

30.03.09 Meir frå Eikefjord Cup

Bilde: Glade Tambarspelarar deltok på Eikefjord Cup. Foto: Geir Løkke Tomassen.

Lillegut 99 spelte for fyrste gong 7ar fotball, då dei i helga deltok i årets Eikefjord Cup. Frå trenar Jan Inge Rygg har vi fått fyljande rapport:

"Tambar 99 stillte lag i 98 årsklassen i Eikefjord Cup. Det var første gong laget spelte 7 ar fotball og motstandarane var 1 år eldre. Både trenarar, foreldre og spelarar var spente på korleis dette ville gå.

Åpningskampen mot FSK (2-2) gjekk over all forventning med høg intensitet og til tider bra samspel. Kamp nr 2 viste seg å være mot det samme laget. No hadde Florøgutane tydeleg bestemt seg for at dei skulle rette opp inntrykket og sende oss av bana med 11-0. Florøværingane var no kjepphøge og det kom nokre meldingar om at Tambar gutane var "smårollingar".

Etter ein lang pause med litt mat og moralsk støtte frå foreldre måtte laget manne seg opp til eit nytt møte mot det samme FSK laget. Frå starten av kampen viste gutane ei tøff instilling med klar beskjed om at "vi skal knuse dokke", jobba som nokre heltar og klarte imponerande 4-3 mot laget som dei blei rundspelt av i førre kamp. Kjekt å vise at også "smårollingar" kan spele fotball.

Siste kampen i turneringa gjekk mot Eikefjord. Til tross for tunge bein var vi her svært nær siger, men presset frå Eikefjord blei for tøft og dei utlikna fortent til 1-1 i siste speleminutt. Tambar sine mål blei scora av Jakob, Elias (2), Samson, Aleksander, Sivert og Jesper."

Fleire bilder frå Eikefjord Cup 09 ser du her.

 

29.03.09 Damelaget med seier over Hyen

Bilde: Camilla Leknes scora tre mål i kveldens kamp mot Hyen.

Tambar sitt damelag møtte i kveld damelaget frå Hyen til treningskamp på Naustdal stadion. Hyen stiller lag i årets 4.divisjon damer, ilag med bl.a. Tambar. Kveldens treningskamp vart spelt som 7ar fotball.

Tambar tok raskt kommando i kampen, fann kvarandre godt med pasningane og åpna scoringskontoen då Kristin Alise Birkeland var fint frampå og scora etter eit kvarters tid. Tambar var aggresive i denne perioden, og berre målstengene og utur var skuld i at det ikkje var større leiing. Etter dette kom Hyen meir med i spelet, og spela seg fra til nokre sjansar. Ein av sjansane gav uttelling for gjestane, og dermed 1-1. Mot slutten av omgangen var Camilla Leknes frampå med sin fyrste scoring for kvelden, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Tambar.

2.omgangen starta som fyrste, der Tambar har bra kontroll på gjestane. Dermed gir også dei mange sjansane uttelling, og damene frå Tambar ( og Førde og Eikefjord... ) scorar ytterligare fire mål i denne omgangen. Med ei redusering til Hyen i 2.omgang vert det ein konfortabel 6-2 seier til vertane.

Tambar sine mål i andre omgang vart scora av Camilla Leknes(2), Tonje Tveita og Athina K. Alisøy.

Espen Langedal gjorde sine saker prikkfritt som dommar i kveldens kamp.

 

29.03.09 Lillegutane laga målfest i Eikefjord Cup

Bilde: Ein velfortent kvil på matta etter endt kamp for Ola og Martin. Foto: Rune Skilbrei.

Tambar sine lillegutar 97 fortset å bøtte inn mål i motstandaren sitt mål. Søndag var det i Eikfjord Cup laget igjen viste kor målet stod. Med tre kampar og ein målskilnad på 40-7 seir alt om dei offansive kvalitetane i laget. Resultata i dei tre kampane: Tambar-Florø 7-4, Tambar-Eikefjord 23-1, Tambar-Florø 10-2.

 

29.03.09 Bilder frå Skjeldestad Keeperskule i Naustdal

Bilde: Frå keeperskulen på Naustdal stadion. Foto: Jan Inge Rygg.

Skjeldestad Keeperskule arrangerte keeperdag på Naustdal stadion sist laurdag. Heimesida har fått tilsendt bilder frå keepertreninga. Bildene ser du her.

 

28.03.09 Gutelaget til finalen i Eikefjord Cup

Bilde: Vegard Savland (t.v.) scora to mål i finalen.

Eikefjord Cup for aldersbestemte lag vert arrangert i Eikefjord denne helga. Tambar sitt gutelag deltok i dag, medan tre lillegutlag frå Tambar skal i aksjon i morgon. Gutelaget gjorde sine saker bra, og vi har fått fylande rapport frå lagets oppmann, Leif Kvamsdal :

"Etter ein dårleg torsdagskamp i Florø var det med spenning at gutelaget stilte til turnering i Eikefjord laurdag. At vi berre klarte å stille med 11 spelarar og at ingen kan seiast å vilja stå imål gjorde det ikkje bedre, men spelarane gjorde all tvil til skamme. Først vart Eikefjord sendt i garderoben med tap 5-4, noko dei skal vera nøgde med. Så var det finale mot Florø. Etter ein tam 1.omgang stod det 2-0 til Florø. Utan innbyttarar og med ein spelar skada såg det ikkje lyst ut, men for ein omgang det vart. Rett frå avspark og eit flott skot frå Vegard, vips så var det 2-1. Tambar dominerte og hadde fleire store målsjansar, men verda er ikkje alltid rettvis, det fekk gutane erfare då Florø fekk to enkle mål. Deretter var det berre Tambar. Vegard reduserte til 4-2, deretter var ulike spelarar åleine med keeper fire gonger utan at ballen ville i mål. I tillegg small ballen to gonger i stolpen bak ein god Florøkeeper, slik at då det var ein skuffa gjeng som måtte erkjenne tapet då dommaren bles for full tid. All ære til ein flott gutegjeng."

 

24.03.09 Tambartrenarane kursar seg

Bilde: Trenarane var samla til trenarkurs i kveld.

I kveld var trenarar for aldersbestemte lag samla til trenarkurs på Naustdal stadion. Med bestemt gjennomgang av ulike øvelsar, sto trenarane som lys på linje og fylgde nøye med. Instruktøren, Henrik Myklebust, hadde kustus både på trenarane og "speleobjekta" . "Speleobjekta" var 97/98 spelarar frå Tambar, som gjorde ein flott innsats og som greide dei fleste øvelsane på ein flott måte.

I kveld var det trenarar for årsklassen opp til 1998, og blir fylgt opp med trenarkurs i morgon for trenarar for årsklassen 1997 og oppover.

Bilde: Instruktør Henrik Myklebust med ein av "speleobjekta."

 

23.03.09 Flott innsats av jentene til Jan Magne

Bilde: Lillejentene deltok på Tambar Cup tidlegare i år. Trenar Jan Magne Langedal t.h.

Florø SK arrangerte årets Veslefrikkturnering i Florøhallen i går, og Tambar deltok med desse laga i turneringa: Lg 98, Lg 97 og Lj 97. Trenar for Lillejenter 97, Jan Magne Langedal, var særs nøgd etter kampane i Florø, og har gitt oss denne tilbakemeldinga:

"Lillejentene til Tambar -97 var på Veslefrikk-turnering i Florø i helga. Jentene vart litt skuffa då dei fekk høyre at dei var i pulje med to gutelag. Men dei fekk beskjed om å gløyme dette, brette opp armane og trå til i duellane. Og det gjorde dei verkeleg! Mot eit lillegutelag frå FSK tok Tambar like godt leiinga 4-1 før FSK skjøna at dette er jenter med tæl i. Vi tapte til slutt 6-5. Mot gutane frå Kvammen tapte Tambarjentene 2-1. Dei to siste kampane vann Tambar 2-1 mot FSK2 og 4-1 mot Ålfoten. Jentene leverte ei god turnering, og fleire av spelarane viser fin framgang. Vi har hatt berre ei trening i veka i vinter. No aukar vi treningsmengda til to økter i veka, og jentene gler seg til seriestart og Grodås Cup."
 

 

Bilde: Jørgen Helgheim scora to mål i kveldens kamp.

19.03.09 Seier og uavgjort for Tambar i kveld

Det vart spela to treningskampar på Naustdal stadion i kveld, med flotte baneforhold på ei tørr og god kunstgrasbane.

Tambar sitt smågutelag hadde besøk av smågutelaget til Høyang. I ein målrik kamp vann Tambar kampen 6-3. Målscorarar var Jørgen Helgheim(2), Daniel G.Kvalvågnes(2), Martin Skilbrei og Andrè Sølvberg. God dommar var Espen Langedal.

Ikkje fullt så målrikt vart det i gutekampen som gjekk seinare på kvelden, der Florø sitt gutelag hadde teke turen til stadion. Tambar leda kampen til det var att ti minuttar, då Florø fekk inn utligningsmålet. Dermed enda kampen 1-1 og uavgjort. Målscorar for Tambar var Steffen Grytten. Odd Kaare Nøstdal hadde god kontroll som pipeblåsar.

 

18.03.09 Damelaget vann treningskamp

Bilde: Damelaget til Tambar før avspark i kveld.

Tambar sitt damelag spelte årets og lagets fyrste kamp i kveld, då dei møtte Eikefjord sitt jentelag. Med eit heller tynt treningsgrunnlag, var det spente spelarar som entra Eikefjord kunstgrasbane til kveldens kamp.

Og laget fekk køyrt seg bra i fyrste omgang av eit velorganisert og aggresivt jentelag. Eikefjord sprang frå forsvaret til Tambar ved fleire høve, noko som gav Eikefjord to fine scoringar. Mot slutten av omgangen fekk Tambar meir spelet til og gå, og vart meir pasningsikre. Dette resulterte i at Kristin Alise Birkeland kom seg fri på venstre side, runda to forsvararar og sette ballen fint i venstre hjørne for Eikefjordkeeperen. Dermed gjekk laga til pause med ei fortent 2-1 leiing til Eikefjord.

Andreomgangen vart ein opptur for Tambar. I denne omgangen var spelet bra og innsatsen god. Laget vann duellar og gjekk på mange fine gjennombrudd. Dermed hang scoringane i lufta, og Camilla Leknes viste flott scornigsteft då ho ved to høve tråkla seg gjennom forsvaret og laga to fine mål. Med ein redusering til Eikefjord i denne omgangen, enda kampen med 3-2 seier til damene frå Tambar. PS Til neste kamp håpar laget at keeperen også er med. Men dagens vikar-keeperar, Mona Standal og Guro Strandos, greidde seg fint.

 

16.03.09 Skjeldestad Keeperskule på Naustdal stadion

Tambar Fotball, i samarbeid med Skjeldestad Keeperskule, arrangerer KEEPERDAGAR for gutar og jenter 10-18 år på Naustdal stadion laurdag 28. og søndag 29.mars.

Program for begge dagane:

( lørdag 10-13 år-søndag 13-18 år)

  • Info til spelarar og trenarar
  • Treningsøkt 11.30-13.00
  • Matpause, frukt, m.m.
  • Treningsøkt 14.00-15.30
  • Evaluering av dagen

Frammøte kl. 11.00 i kantina på Naustdal barne og ungdomsskule. Garderobar i Naustdalshallen. Treningsøkter på Naustdal stadion(kunstgras) evt. Naustdalshallen. Kurspris for heile dagen inkl. Terje Skjeldestad Keepergenser: Kr. 500.- Påmeldingsfrist: 26.mars

Påmelding Keeperskule

 

15.03.09 Ny flott dag i Naustdalshallen

Foto: Ein glad gjeng med Tambarspelarar i klasse MG 11.

Vi fekk oppleve nok ein fin dag i Naustdalshallen i dag, då den andre og siste dagen av Tambar Cup vart arrangert. I dag var det klassane LG 11, LJ 11 og LG 12 som gjekk av stabelen i hallen. I går som i dag var det heiltente spelarar som entra bana, og engasjamentet og innsatsen var det ikkje noko å sei på i kampane i dei ulike klassane. Også i dag var det premiar til alle spelarar, og den siste premieutdelinga vart avslutta i sjutida i kveld.

Dermed har det vore ei lang helg for alle som har stått på med dugnad, for at dettte flotte arrangementet skulle gå så knirkefritt som det gjorde.

Sjå bilder frå Tambar Cup søndag 15.mars

 

14.03.09 Tambar Cup i dag

Bilde: Frå kampen Tambar-Eikefjord i klasse MiniGut 10.

Med avspark kl. 09.00 i dag tidleg starta Tambar Cup for gutar og jenter i alderen 8-12 år. Fyrst ut var aldersgruppa 8-10 år som i dag gjorde ein flott innsats og laga fotballfest for seg sjølv og tilskodarane på tribuna. Laga spelte 9 minuttar lange kampar, med eitt minutt pause mellom kvar kamp. Ifylje arrangøren heldt tidsskjemaet til pungt og prikke ut heile dagen. Ikkje vart det rapportert om skadar av alvorleg art heller, så Røde Kors som var til stades i heile dag hadde heldigvis lite å gjere.

Sjølv om nokre av spelarane gjekk skuffa av bana etter tapt kamp, var det berre smil og glade gutar og jenter å sjå under premieutdelinga. Her fekk alle lag og spelarar premie.

I morgon er det gutar og jenter i alderen 11-12 år som skal kjempe i Naustdalshallen. Har du lyst å sjå masse god fotball i morgon, minnar vi på at avspark er kl. 09.00 også i morgon.

Sjå bilder frå Tambar Cup lørdag 14.mars

 

09.03.09 Støtt Tambarskjelvar IL når du leverer "tippelappen"

Frå 1.mars kan alle som tippar gi si støtte til eit idrettslag eller forening som er registrert i frivilligheitsregisteret. Tambarskjelvar IL er registrert der, og vi oppfordrar alle til å støtte dei. Merk: Du som tippar vil ikkje verte belasta økonomisk ved at du støttar Tambarskjelvar IL.

Slik gjer du det:

Når du tippar hjå din lokale kommisjonær gjev du beskjed om at du vil støtte Tambarskjelvar idrettslag, org.nr : 975 445 283, eller skriv ut og ta med STREK-KODEN. Du treng berre å registrere deg ein gong.

 

07.03.09 Tambar med to seierar og to tap i KM-sluttspelet idag

Det vart to seierar og to tap for smågutelaget i dagens KM-sluttspel i Florø. Tambar sine resultat frå dagens kampar vart slik:

  • Florø 2 - Tambar 4-2,
  • Tambar - Kaupanger 5-0
  • Haugen - Tambar 3-1
  • Tambar - Bjørn 5-1

 

07.03.09 Tambar tapte 1-6 mot AHIL

Bilde: AHIL er frampå i 1,omgang og scorar eit av måla sine.

Tambar tapte i dag 1-6 mot Askvoll/Holmedal i ein treningskamp, som vart spelt på ei god bane på Naustdal stadion. Stillinga ved pause var 0-4.

Dagens scoring var det Tambar og spelande trenar, Narve Kirkebø som sto for. Ved avspark i andreomgang lada Narve skotfoten og la ballen fint over AHIL sin keeper og i mål. Fleire mål vart det ikkje på Tambar i denne kampen, som i dag spelte med tre gutespelarar. Desse spelarane greide seg godt i dagens kamp, og vil nok få fleire kampar utover sesongen.

No kjenner vi ikkje til kva lag AHIL stilte med, men i dagens kamp var ikkje skilnadane så store i tempo og spel når ein veit at AHIL i dei siste åra har spela i 4.divisjon. Dei seks måla som kom imot idag, var vel eksperane på tribuna einig om at fleire av dei burde være unngått.

Alt i alt var nok dette ein nyttig treningskamp fot Tambar, der vi vart positiv overraska over gode tendensar og innsatsen kampen igjennom.

 

 

 

Bilde: Jentelaga til Tambar og Balestrand møttest i Tambar Cup i januar.

05.03.09 Over 300 spelarar til Tambar Cup neste helg

Fristen for å melde på lag til Tambar Cup 14.-15.mars er no ute. Det enda med heile 53 påmeldte lag, og dermed blir det folksamt i Naustdalshallen denne helga. Godt over 300 spelarar i alderen 8 til 12 år skal møtast, og med kampar frå tidleg dag både lørdag og søndag,blir det liv i hallen og raudglødande vaffeljarn i kiosken !

Kampoversikten til Tambar Cup vil ein kunne finne her på sida om nokre dagar.

Info og lagoversikt

 

26.02.09 Tambar deltek i årets Eikefjord Cup

Tambar sine seniorherrar er eit av laga som deltek i årets Eikefjord Cup, som vert arrangert på kunstgraset i Eikefjord helga 4.-5.april. Dei andre laga som deltek er Florø 2, Bremanger, Sandane, Askvoll/Holmedal og Eikefjord.

Tambar er havna i pulje 2 ilag med AHIL og arrangørklubben. Lørdag vert det spelt innleiande kampar, medan ein på søndag spelar sluttspelkampane.

 

26.02.09 Bli med på rekruttdommarkurs

Sogn og Fjordane arrangerer rekruttdommarkurs på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 13.-14.mars. Instruktør på dommarkurset er veterandommaren Terje Blomseth. Kurset er gratis for deltakarar frå Tambar Fotball.

Er du over 15 år og har lyst til å ta dette kurset og kunne dømme både 7ar og 11ar fotball til våren? Meld deg på snarast eller ta kontakt med Bjørn el. Frank for meir info.

Les meir

 

Bilde: Stian Grimset. Foto: Hege B.Rise/NRK.

25.02.09 " Mesterene" inntek Naustdalshallen på fredag

Fredag kveld er kvelden for finale i NRK-serien "Mesterenes mester". Som dei fleste kjenner til er Stian ein av tre finaledeltakarar. Naustdal kommune, i lag med idrettslaget, lagar til "fest" denne kvelden i Naustdalshallen. Her blir det servert kaffi,saft og vafflar, medan finaleomgangen av "Mesterenes mester" blir vist på storskjerm.

Dermed vert all trening i hallen denne kvelden avlyst.

 

Bilde: Smågutelaget til Tambar spelar KM-sluttspel 7.mars.

24.02.09 Puljeinndeling og kampoppsett for KM-sluttspelet er klart

KM-sluttspelet for aldersbestemte klassar innandørs vert arrangert i Florøhallen 7.-8.mars. Tambar Fotball gjekk vidare frå KM-kvalifiseringa med eit lag,smågutelaget.

Tambar sitt smågutelag er komen i pulje med Florø 2, Bjørn, Haugen og Kaupanger. Fyrste kamp for Tambar sitt smågutelag går på lørdag 7.mars kl. 13.45 mot Florø 2.

Sjå puljeinndelinga og kampoppsett.

 

Bilde: Tina og Tambar Fotball sitt damelag får lange reiser i årets serie: sjå raude punkt.

23.02.09 Damelaget får lange reiser i årets serie

Det vert lange reiser i årets serie for damelaget til Tambar Fotball. Med tre Sognelag,eit Norfjordlag og eit Sunnfjordlag ( to inkl.Tambar) blir det farting gjennom heile fylket for damene.

Tambar åpnar med heimekamp mot ein anna nykommar, Hafslo. Kampen er sett til fredag 8.mai kl.19.00.

Terminlista er sett, men blir nok ein del endra både på kampdagar og kamptider. Den foreslegne terminlista ser slik ut: Terminliste 4.div damer

Meir om damelaget

 

Bilde: Brøytinga av bana var i full gang i dag.

23.02.09 Snøfri bane i dag !

Med nyinnkjøpt utstyr var ein i full gang med å brøyte bana i 15-tida i dag. Ein tek sikte på å få brøytt av heile bana i ettermiddag. For at bana no skal bli optimal å trene på, trengst det at bana vert slodda før det vert kaldt att. Den nylaga slådden er nesten klar, så om været held seg mildt, prøver ein å få slådda i slutten av veka.

Dermed kan laga starte banetrening alt frå i kveld, og slik forholda var i ettermiddag, vil ein få bra treningsforhold på den grøne matta.

 

Bilde: Caroline og Eline tek steget opp i klasse J15/16 i årets sesong.

20.02.09 Puljeoppsettet for jentelaget til Tambar er klart

Tambar Fotball stiller med 11ar jentelag, J15/16, til årets fotballsesong. Då jentekulla i dei aktuelle årsklassane i Tambar Fotball er forholdsvis små, har ein måtte ta inn spelarar som normalt sett skulle ha spelt småjentefotball denne sesongen. Dermed får Tambar eit ungt lag, der mange for fyrste gongen får stifte bekjentskap med 11ar fotball. Puljeoppsettet for det unge jentelaget er no klart, og slik det ser ut kan det bli nokre utfordande kampar for både spelarar og trenarar. Laget kan iallefall være nøgd med at reisene ikkje vert so aller verst i våresesongen.

Puljeoppsettet ser slik ut: Askvoll og Holmedal, Florø, Hyllestad, Dale, Førde 1, Tambarskjelvar, Eikefjord, Førde2

Puljeoppsetta til dei andre Tambarlaga, er enno ikkje klare.

 

19.02.09 Bana blir snøfri i neste veke

Bilde: Slik såg Naustdal stadion ut i dag.

Bana har vore lite brukande til trening i vinter, noko som har vore frustrerande for spelarar og trenarar. Den siste veka har vi hatt mildvær og ein del av snøen som ligg på bana har smelta. Men enno ligg det ein god del att. Det er no handla inn traktor med utstyr for å halde bana snøfri. Etter planen skal snøen vekk i løpet av neste veke, dermed blir det høve for treningar der framover. Så får vi håpe at mildværet held seg ei stund til, så laga får sårt tiltrengt banetrening før serien startar !

 

Bilde: Kristoffer Hundershagen har signet for Jølster. T.v. Oddvar Årdal,leiar Jølster IL. Foto: Jølster IL-fotball.

16.02.09 Kristoffer har meldt overgang til Jølster

Tambarspelar Kristoffer Hundershagen har meldt overgang til den nyopprykka "Firdaliga"-klubben Jølster. Det er seniorane som melder dette på si heimeside.

Kristoffer spelte på fjorårets Tambarlag i 6.divisjon, men har no valgt å prøve nye utfordringar i den grøne Jølstradrakta. Vi ynskjer Kristoffer lukke til på Jølst !

 

Bilde: Årets spelar 2008, Joar Vefring.

13.02.09 Årets spelar i 2008, misser 2009 sesongen

Joar Vefring vart kåra til årets spelar i opprykkssesongen til seniorlaget, men misser årets sesong i 5.divisjon. Grunnen til dette er at Joar skal under kniven og få skikk på kneet sitt. Dermed misser Tambar ein viktig spelar, når laget skal kjempe om poenga i årets sesong. Det er seniorane som melder dette på si heimeside.

Sjå fleire bilder av årets spelar og andre prisvinnarar for seniorane sin 2008 sesong.

 

Bilde: Finn ballen og vinn pizza !

11.02.09 Tambar Kvissen er tilbake !

Endeleg er Tambar Kvissen tilbake ! Her kan alle som vil, både liten og stor, være med og gjette kor ballen befinn seg. Tippar du rett ball, kan det være du som stikk avgårde med ein STOR pizza frå Peppes Pizza. Konkuransen er sjølvsagt gratis å delta på.

Tambar Kvissen

 

Bilde: Tambar sitt jentelag. MMS-foto: Nils Paulen.

08.02.09 Ingen av Tambarlaga vidare i dag

Gutelaget og jentelaget til Tambar spelte i dag KM-kvalik i Høyanger. Begge laga fekk hard motstand i Høyangerhallen, og kom seg ikkje vidare til sluttspel og retten til KM sluttspel.

Jentelaget tapte tre kampar, 0-3 mot Gaular, 0-2 mot AHIL 1, 0-2 mot AHIL og uavgjort 1-1 i den siste kampen mot Jølster 2.

Gutelaget tapte òg tre kampar og spelte ein uavgjort. Kampresultata til gutelaget var ikkje klare då vi gjekk i "trykken".

 

Bilde: Tambar sitt småjentelag.

07.02.09 KM-kvalik i Dale i dag

Tambar sitt smågutelag gjorde sine saker bra i KM-kvaliken i Dale i dag. Laget vart vinnar av si pulje, og møtte AHIL i semifinalen. I denne kampen stod det 1-1 ved full tid, og dermed måtte laga ut i 3 minutt forlenging. Ingen av laga makta å scora i ekstraomgangen, og dermed vart det loddtrekning om kva lag som skulle få spele finale. Loddtrekninga vann Tambar, og dermed vart det finale mot Førde. Finalen tapte gutane 2-0, men er klar for KM sluttspelet i Florø i Mars.

Småjentelaget var berre eit mål ifrå å bli puljevinnar i KM-kvaliken. Laget spelte to uavgjorte,tapte ei og knuste Dale 1 ( som vart puljevinnar ) 3-0 i siste kamp. Dermed vart det ikkje KM sluttspel for småjentene, som gjorde ein flott innsats og viste at dei kan hamle opp med dei fleste.

Tambar sitt gutelag og jentelag spelar KM-kvalik i Høyanger i morgon.

Bilde: Finalevinnar i småguteklassa, Førde, og toar Tambar etter premieutdelinga.

 

Bilde: Nokre av damene på Tambar sitt damelag anno 2008.

07.02.09 Tambar Fotball har meldt på damelag

Tambar Fotball prøver igjen å få i gang eit damelag i bygda. Denne gongen med eit 7ar damelag, og laget blir å finna i sesongens 4.divisjon. Med førebels 14-15 motiverte spelarar ser det bra ut for det nystarta laget. Forutan spelarar frå Tambar, har laget henta spelarar frå Eikefjord og Førde.

Laget er allerede i gang med sin fyrste trening på fyrstkomande søndag, og trenar i Eikefjord på onsdag.

Meir om damelaget

 

05.02.09 Gi di støtte til Tambarskjelvar IL når du tippar

Frå 1.mars kan alle som tippar gi si støtte til eit idrettslag eller forening som er registrert i frivilligheitsregisteret. Tambarskjelvar IL er registrert der, og vi oppfordrar alle til å støtte dei. Merk: Du som tippar vil ikkje verte belasta økonomisk ved at du støttar Tambarskjelvar IL.

Les korleis du kan støtte Tambarskjelvar IL

 

02.02.09 Tambar Fotball treng rekrutteringsdommarar

Tambarskjelvar IL-fotball- treng å rekruttere fleire rekrutteringsdommarar i klubben. Ein rekrutteringsdommar dømmer både 7ar og 11ar fotball.

Klubben ynskjer å få tilbakemelding frå personar frå 15 år og oppover,damer og herrar, som kunne tenke seg å delta på kurs for rekrutteringsdommarar. Klubben dekker kursutgifter.

Kontakt Bjørn Hundershagen for meir info

 

02.02.09 Tambarspelarar på sonelagssamling

SSFK arrangerte sist helg sonelagssamling for gut og jente i årsklasse -95 på Eid. Frå Tambar Fotball var småjentespelaren Trine Einevoll representert på Sunnfjord sitt jente sonelag, og smågutespelarane Henrik Hundershagen, Jacob Storevik og Andrè Sølvberg var utteken på Sunnfjord sitt gutar sonelag. Gutane til Sunnfjord vann sine to kampar, medan jentene vann ein og tapte ein.

Bilde: Sonelaget til Gutar Sunnfjord. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no.

Bilde: Sonelaget til Jenter Sunnfjord. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Resultat og fleire bilder frå sonelagssamlinga på Eid finn du på www.haugenfotball.no

 

Bilde: Kristoffer Hundershagen.

01.02.09 Tambar slo Gaular 2

Tambar spelte i går sin fyrste treningskamp for året, og gjekk seirande ut i kampen mot Gaular 2. Kampen skulle med rett vore spelt på Naustdal stadion, men måtte flyttast til Førde kunstgrasbane på grunn av hard og frosa bane i Naustdal.

Ifylje rapportane fekk Tambar fleire lette mål imot, og spelet tyder på at ein er tideleg i sesongen. Men laget drog i land ein 5-4 seier, noko som tyder på at målteften er tilstades. For målscorarar og meir om kampen, sjå sida til seniorane.

 

Bilde: Askvoll/Holmedal får sin velfortente pokal av Gunnar Naustdal.

26.01.09 Bilder frå Tambar Cup

Vi har no lagt ut nokre bilder frå helgas Tambar Cup i Naustdalshallen.

Bilder smågutar og småjenter, Lørdag

Bilder gutar og jenter, Søndag

 

Bilde: Tambar 1 tapte mot Gaular i kvartfinale i guteklassen.

25.01.09 Vel blåst for Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup !

Årets Tambar Cup for gutar og jenter i alderen 13-16 år avslutta i kveld med sluttspel for dei eldste gutane og jentene i Naustdalshallen. Med eit prikkfritt arangement og godt med besøkande, kan arrangøren i kveld legge føtene på bordet og puste ut.

Sjølv om vi i dag ikkje fekk sjå nokre av Tambarlaga i finalane, fekk vi sjå mange gode kampar i hallen, både med og utan Tambarlag på bana.

 

Pokalvinnarane i Jenteklassen:

Bilde: Vinnar Askvoll/Holmedal 2, toar Askvoll/Holmedal 1 og trear Høyang.

Pokalvinnarane i Guteklassen:

Bilde: Vinnar Førde 2, toar Førde 1 og trear Høyang.

Tambar sitt jentelag enda på delt tredjeplass i si pulje, og klarte dermed ikkje å kvalifisere seg til vidare sluttspel. Det gjorde heller ikkje det andre gutelaget til Tambar, Tambar 2, som enda på fjerdeplass i si pulje.

Bilde: Tambar sitt jentelag spelte uavgjort mot Balestrand 1.

Bilde: Tambar 2 fekk det tøft i guteklassen, Her i kamp mot Førde.

Resultat sluttspel gutar og jenter søndag.

Nokre fleire bilder frå Tambar Cup blir lagt ut på sida på mandag.

 

 

24.01.09 God innsats av Tambarlaga i dag

Bilde: Tambar 3 vann sølvpokalen i dagens Tambar Cup.

Mykje fin fotball har vi kunne ha sett under fyrste dag av Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup, som vart arrangert i Naustdalshallen i dag. Tambar stillte med fire lag til dagens turnering, tre smågutelag og eit småjentelag.

Småjentelaget gjorde ein hederleg innsats, der det vart ein seier og to uavgjorte og like mange tap. Dermed enda laget på den"sure" fjerdeplassen. Vinnarar i klassen vart Førde 2, som vann over Førde 1 i finalen. Tredjeplassen fekk Askvoll/Holmedal 2.

Smågutane hadde med tre lag, der Tambar 3 vart det beste av dei. Dette laget gjekk gjennom innleiande med berre seierar. Dermed vart dei puljevinnar av pulje 2 og sikra seg plass i finalen. I finalen møtte dei puljevinnar av pulje 1, Florø. I finalen var Florø det beste laget, der dei slo Tambar 6-0. I bronsefinalen var det Vik 1 som vart det sterkaste laget. Dei slo Førde 1.

Tambar 2 hadde med seier mot Askvoll/Holmedal i sin siste kamp, gått vidare til bronsefinale. Laget spelte seg fram til sjansar som kunne avgjort kampen til deira fordel, men resultatet vart 0-0. Dette laget gjorde uansett ein formidabel innsats idag. Laget består av spelarar som er fødd i 1997, og spelte i dag mot spelarar som var både eit og to eldre enn dei. Difor er det ein flott prestasjon av dette laget å hamne på ein tredjeplass i pulja si.

Tambar 1 tok fjerdeplass i pulje 2. Laget vann to og tapte tre av kampane sine.

Alle resultat frå dagens kampar

Bilde: Pokalvinnarane i småjenteklassen: Førde 1, Førde 2 og Askvoll/Holmedal 2.

Bilde: Pokalvinnarane i småguteklassen: Florø, Tambar 3 og Vik 1.

Fleire bilder kjem etterkvart.

 

 

Bilde: Henrik Hundershagen er ein av tre gutar frå Tambar Fotball som er utteken til soneturnering.

22.01.09 Tambarspelarar utteken til soneturneringar

Tidlegare har vi nemt at Tambar Fotball sin småjentespelar, Trine Einevoll, er utteken til soneturnering på Eid 1.februar. Med seg får ho Tambar Fotball sine smågutespelarar Henrik Hundershagen, Jacob Storevik og Andrè Sølvberg. Dette er soneturnering for gutar og jenter fødd 1995.

Heile uttaket soneturnering gutar/jenter 1995

I tillegg til desse fire er Oda Heggedal Longvastøl uteken til soneturnering for jenter fødd 1993. Denne samlinga føregår på Eid 31.januar.

 

Bilde: Trine Einevoll ( t.h. ) er utteken til soneturnering.

19.01.09 Trine Einevoll utteken til soneturnering på Eid

Tambarjenta Trine Einevoll er utteken på Sunnfjord j95 sitt sonelag, som skal samlast til soneturnering på Eid. Trine er ein av 18 spelarar på Sunnfjord sitt sonelag, som mønstrar spelarar frå heile Sunnfjordregionen som er fødd i 1995.

Trine spelar på Tambar sitt småjentelag, men spelte også kampar på jentelaget i 2008 sesongen, trass sin unge alder.

Sonesamlinga på Eid er lørdag 1.februar og samlar sonelaga frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Programmet for dagen er enno ikkje klart, så det vil vi kome tilbake til.

 

Bilde: Jørn Helgheim med beviset på at han er vinnar av Tambar Tippeduell !

17.01.09 Jørn vann finalen i Tambar Tippeduell

Jørn Helgheim vart vinnar av Tambar Tippeduell då han vann finalen mot Andrè Eilertsen i kveld. Sjølv om Jørn ikkje hadde meir enn 7 rette tips, var det nok til å slå Andrè som landa på 5 rette.

Jørn kan dermed innkassere eit gåvekort på Førde Quality Hotel, samt ei spesialdesigna t-skjorte som stadfestar at hen er vinnar av vår tevling.

Andrè får seg eit gåvekort på Pikant for sin andreplass, samt ein Tambar Fotball kalendar.

Finaleresultatet ser du her

 

13.01.09 300 spelarar til Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup

Fristen er no ute for påmeldinga til Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup som vert arrangert helga 24.-25.januar. Til saman 43 lag og omlag 300 spelarar, fordelt på 6 småjentelag, 12 smågutelag, 10 jentelag og 15 gutelag, skal innta Naustdalshallen desse to dagane.

 

 

VS

Bilde: Desse to karane vann kveldens runde i Tambar Tippeduell og er dermed klare for den store finalen til helga.

12.01.09 " Finalekarane" er klare

Det vart ein spanande avsluttning på semifinalane i Tambar Tippeduell, der det vart kniving heilt til det siste. Begge semifinalane gjekk til ekstraomgangar, der det var Andrè Eilertsen og Jørn Helgheim som til slutt hadde den lengste tåspissen!

Dermed skal desse to karane i elden att allerede til helga, der dei skal kjempe om flest rette tippetegn og eit gåvekort på middag og spa frå Førde Quality Hotel.

Tambar Tippeduell

 

Bilde: To smågutespelarar ser på skadane målet har fått.

12.01.09 Hærverk eller uhell ?

Det vart i dag oppdaga at det eine 11ar-målet har fått ein stygg skade. Målet låg velta og hadde fått ein kraftig knekk omtrent midt på tverrliggaren. Sjølv om vinden har vore noko kraftig dei siste dagane, er det lite sansynleg at ein kan gje den skulda for øydeleggingane på målet.

Dette målet, ilag med dei fleste måla på bana, vart innkjøpt til åpninga av kunstgrasbana i haust, og kostar nærmare 12000 kroner. Det blir no vurdert om ein skal anmelde forholdet. Har nokon tips eller sett noko, ber ein dei tek kontakt med underteikna eller idrettslaget.

 

Bilde: Frå Bend It Cup 2008 på Naustdal stadion.

10.01.09 Tambarskjelvar IL tildelt Bend It Cup 2009

Tambar Fotball er også i år, som ein av to klubbar i fylket, blitt tildelt fotballturneringa Bend It Cup. Bend It Cup har hovudfokus på fotballspelande jenter og gutar i alderen 6-10 år, men spelarar opp til 12 år kan delta.

Dato for Bend It Cup 2009 på Naustdal stadion er sett til 26.-27.september. Sogndal, som er den andre klubben frå fylket som har fått tildelt denne cupen, skal arrangere 3.mai.

Sjå bilder frå fjorårets Bend It Cup i Naustdal

 

Bilde: Jacob Storevik vann ein stor ein, frå Peppes Pizza !

02.01.09 Jacob vann Tambar Nøttene

Julesida hiv ut juletreet, og stenger......

Tambar si juleside har hatt besøk av i overkant av fem hundre som har vore innom og kikka dei vekene julesida har eksistert. I helga er det kroken på døra for denne sida, då stenger vi for denne gong.

I konkuransen på julesida, Tambar Nøtter, vart vinnaren Tambar sin smågutespelar, Jacob Storevik. Han får dermed ein valgfri STOR pizza frå Peppes Pizza.

 

 

 

 

 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net