|
|
Arkiv 2010
Januar 2010 >>>Desember 2010
28.12.10 "Horstad Kvinnebygdelag" vinnar av Romjulscupen

Vinnar av Romjulscup 2010: "Horstad Kvinnebygdelag"
Historiens fyrste Romjulscup vart i dag arrangert med 9 deltakande lag i Naustdalshallen,
der laget med det klingande namnet "Horstad
Kvinnebygdelag" vann 3-1 mot "Åsedalen Spelemannslag" i finalen.
Nesten for "Gamlekarane": Vidar Kvalvågnes og "Gamlekarane" jublar for seier i kvart-
finalen. I semifinalen vart det eit knepent tap for "Gamlekarane".
Sjå bilder frå Romjulscupen 2010
|
26.12.10 10 lag deltek på Romjulscupen 4.juledag

Romjulscupen vert arrangert i Naustdalshallen tirsdag 28.desember (4.juledag), der 10 lag har meldt seg på. Ved påmeldinga hadde primus motor for cupen, Espen Langedal, sett 12 lag som max antal lag, og han seier seg nøgd med opplutninga til Romjulscupen.
Laga er samansett av både kvinnelege og mannelege spelarar, der nedre grense er sett til 14 år. Laga vert delt inn i to puljer, der speletid er 9 minuttar pr. kamp. Kampane startar kl. 10.00 og finalekampen startar kl. 14.50.

Sjef for Romjulscupen 2010: Espen Langedal
Spelarane på dei ulike laga finn du på Facebook-sida til Romjulscupen.
Kamp |
Kampstart |
Pulje |
Heimelag |
Bortelag |
| 1 |
10:00 |
A |
God Jul alle saman! |
Sæla City |
| 2 |
10:10 |
B |
Åsedalen Spelemannslag |
Epic fighters |
| 3 |
10:20 |
A |
Vinterbarn |
Lag X |
| 4 |
10:30 |
B |
Kraftkarane |
Gamlekarane |
| 5 |
10:40 |
A |
Sæla og Dalen FML |
God Jul alle saman! |
| 6 |
10:50 |
B |
Horstad Kvinnebygdelag |
Åsedalen Spelemannslag |
| 7 |
11:00 |
A |
Sæla City |
Vinterbarn |
| 8 |
11:10 |
B |
Epic fighters |
Kraftkarane |
| 9 |
11:20 |
A |
Lag X |
Sæla og Dalen FML |
| 10 |
11:30 |
B |
Gamlekarane |
Horstad Kvinnebygdelag |
| 11 |
11:40 |
A |
God Jul alle saman! |
Vinterbarn |
| 12 |
11:50 |
B |
Åsedalen Spelemannslag |
Kraftkarane |
| 13 |
12:00 |
A |
Sæla City |
Lag X |
| 14 |
12:10 |
B |
Epic fighters |
Gamlekarane |
| 15 |
12:20 |
A |
Vinterbarn |
Sæla og Dalen FML |
| 16 |
12:30 |
B |
Horstad Kvinnebygdelag |
Kraftkarane |
| 17 |
12:40 |
A |
Lag X |
God Jul alle saman! |
| 18 |
12:50 |
B |
Åsedalen Spelemannslag |
Gamlekarane |
| 19 |
13:00 |
A |
Sæla og Dalen FML |
Sæla City |
| 20 |
13:10 |
B |
Epic fighters |
Horstad Kvinnebygdelag |
| |
13:20 |
|
|
|
| 21 |
13:30 |
Kvart 1 |
2. plass i pulje A |
3. plass i pulje B |
| 22 |
13:40 |
Kvart 2 |
2. plass i pulje B |
3. plass i pulje A |
| 23 |
13:50 |
Kvart 3 |
Vinnar i pulje A |
4. plass i pulje B |
| 24 |
14:00 |
Kvart 4 |
Vinnar i pulje B |
4. plass i pulje A |
| |
14:10 |
|
|
|
| 25 |
14:20 |
Semi 1 |
Vinnar kamp 21 |
Vinnar kamp 23 |
| 26 |
14:30 |
Semi 2 |
Vinnar kamp 22 |
Vinnar kamp 24 |
| |
14:40 |
|
|
|
| 27 |
14:50 |
FINALE |
Vinnar kamp 25 |
Vinnar kamp 26 |
Kampoppsett er henta frå forzatambar.no
|
25.11.10 Fem Tambarspelarar i helgas bylagsserie i Florø

Bylag Sunnfjord Jenter 1996/97: Tambarspelar Iris Aase er med i troppen som spelar kampar i
Florø komande helg. Iris er nummer tre bak frå venstre. Bildet re teke under Bylagssamlinga i
Kaupanger tidlegare i haust.
Tambar Fotball stiller med heile fem spelarar når Bylaga for både jenter og gutar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn møtast til kampar i Florø komande helg. Spelarane til Bylaga er henta frå klassane 1996/97, og fyljande frå Tambar Fotball er uttekne: Iris Aase, Jacob Storevik, Martin Skilbrei, Ola Rognebakke og Daniel Grimset Kvalvågnes.
Vi ynskjer spelarane lukke til med turneringa !
|
23.11.10 Spelarane nøgde med Tambar Akademiet

Tambar Akademiet 2010/11: Morgonfriske Tambarspelarar klar til fyrste økta av Tambar Akademiet. Frå venstre:
Markus Hjelle Cirotzki, Sigve Heggedal Longvastøl, Andrè Sølvberg, Thomas Dobbe Personbråten, Elias Rogne-
bakke, Jacob Storevik, Martin Skilbrei, Ola Rognebakke, Johan Guddal Sunde (trenar), Iris Aase,Ørjan Aase,
Marius Storevik, Ola Frøyen, Dan Joar Vårdal Høiås, Jørund Solheim, Tarjei K. Ormbostad, Daniel Grimset
Kvalvågnes og Andreas Apelseth. Ikkje med på bildet: Henrik Hundershagen og Joakim Engebø.
17, overraskande våkne, Tambarspelarar var klar til Tambar Akademiet sin fyrste treningsøkt i Naustdalshallen kl.07.15 i dag tidleg. Spelarane, i alderen 11-15 år, vart ynskte velkommen av Tambar Fotball sin leiar, Bjørn Hundershagen. Trenar og hovudinstruktør, Johan Guddal Sunde, fortalte om innhaldet av Akademiet, før dei ivrige og rastlause føtene til spelarane fekk sleppe seg laus.
Med tekniske øvelser på programmet, med litt balleik innimellom, var det nøgde spelarar som avslutta den fyrste morgonøkta kl.08.30. Neste morgontrening for spelarane er allerede fyrstkomande torsdag.

Ynskjer velkommen: Leiar for Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen og trenar, Johan G.Sunde,
ynskjer spelarane velkomen til Tambar Akademiet.
Les meir om Tambar Akademiet
Bilder frå historiens fyrste Tambar Akademi
|
21.11.10 Mons Ivar Mjelde inspirerte på Naustdal stadion

Engasjert: Mons Ivar Mjelde var engasjert på Naustdal stadion i dag.
Tidlegare toppspelar og trenar Mons Ivar Mjelde vitja i dag Naustdal stadion i samband med Miljøhelga som denne helga har vore arrangert i Førde. Etter engasjerande forelesning til fylkets trenarar og leiarar i tempererte lokaler på Sunnfjord Hotel, tok Mjelde forsamlinga med ut til ein noko kjøligare Naustdal kunstgrasbane. Sjølv med minusgrader vart det ei god økt på ei vèlpreparet stadion, der gutespelarar frå Førde, Florø, Jølster, Dale og Tambar var trenings/øvelses-objekt for Mjelde.

Godt kledde: Dei fleste deltakarane på sidelinje hadde vore fornuftige i sine klesval i dag.
Sjå fleire bilder
|
04.11.10 Tambar Fotball sesongen 2010

Jubelsesong: Laga frå Tambar Fotball har mykje å juble for frå årets sesong. Sivert
Rygg, som spelar på G11, var ein av dei.
Ikkje vart det opprykk til 5.divisjon og ikkje vart nokon av Tambarlaga kretsmesterar. Men pika deg kor gode vi har vore denne sesongen, òg! Samtlege Tambarlag har faktist hevda seg svært så godt i årets sesong, der laga har kjempa rett i hekken på topplaga. Det viser at trenarar og oppmenn har gjort ein god jobb med spelarane i dei respektive laga i Tambar Fotball. Og det viser sjølvsagt at spelarane er sugne på fotballkunskap og har rette innstillinga til trening.
I tillegg har Tambar Fotball også i år vore representerte på sonelagssamlingar og bylagsserie. Dette er svært gledeleg for klubben og fotballgruppa, men spesiellt gledeleg er det for den enkelte spelar som ser at målretta jobbing nyttar. I tilleg vert det også ein motivasjon for andre spelarar og trenarar.
Heimesida takkar for bidrag frå trenarar og oppmenn, for mange gode og tildels innhaldsrike refferat frå lagets kampar i årets sesong. Dette er kanskje ein av grunnane til at heimesida fortset å få aukande antal besøk, av blandt anna spelarar og foreldre som har venta på spenning på refferatet frå "deira" kamp.
For at alle skal kunne få eit innblikk i den gode sesongen laga har gjort i årets sesong, har vi laga ein oppsummering i kortversjon på alle laga. Sjølvsagt burde det vore skreve side opp og side ned om samtlege lag, men det får vi heller gjere ein anna gong :)
Tambarlaga: sesongen 2010
|
21.10.10 Gutekampen mot Jotun utsett til i morgon

Snørikt på stadion: Slik såg det ut på Naustdal stadion kl. 18.00 i kveld.
Med det ustoppelege snøfallet som har vore i heile dag, har ikkje brøytemannskapet hatt moglegheit for å halde snøen borte frå bana. Då underteikna var ein tur oppom kl.18.00 i kveld var det faktisk opplett. Men som de kanskje kan sjå på bilde, var stadion meir egna til klubbmeisterskap på ski enn fotball.
Gutekampen mellom Tambar og Jotun som skulle ha starta kl.19.00 i kveld, er utsett til i morgon. Så får ein tru at været blir sopass til i morgon at det kan spelast fotball på stadion.
|
17.10.10 Merketaking i strålande haustsol

Teknikkmerke på stadion: Vetle var ein av aktørane som prøvde seg på Teknikkmerke på stadion sist torsdag.
18 spelarar, 15 gutar og tre jenter, i alderen 11-16 år deltok då Tambar Fotball arrangerte Teknikkmerke-taking på Naustdal stadion sist torsdag.
Sjå bilder
|
15.10.10 Fem spelarar frå Tambar uttekne til Bylag Sunnfjord

Jacob Storevik: Fem spelarar frå Tambar Fotball
er uttekne til Bylag Sunnfjord.
Heile fem spelarar frå Tambar Fotball er uttekne til treningssamlingane til Bylag Sunnfjord i klasse 96/97. Troppen består av 22 utespelarar og 2 keeerar, der 14 utespelarar og 2 keeperar vil bli teken ut til turneringsspel.
Spelarane frå Tambar Fotball er: Jacob Storevik (96), Daniel Grimset Kvalvågnes (97), Ola Rognebakke (97), Martin Skilbrei (97) og Iris Aase (97).
|
07.10.10 Iris, Daniel og Martin på uttakssamling til Bylagsserien

Utteken til Bylagsserien?: Iris Aase skal lørdag kjempe om ein av plassane på Sunnfjord sitt Bylag.
Fyrstkomande lørdag og søndag arrangerar Sogn og Fjordane Fotballkrets uttakssamling til Bylagsserien i Sunnfjord. Samlinga er for spelarar, gutar og jenter, fødd 96/97 og vert halden på Førde stadion.
Frå Tambar Fotball er det gledeleg å melde at klubben har fått med tre spelarar til uttakssamlinga. Spelarane frå Tambar Fotball er: Iris Aase, Daniel Grimset Kvalvågnes og Martin Skilbrei.
Vi ynskjer spelarane lukke til !
|
09.09.10 Tambarspelarar utteken til SFFK si toppgruppe

Tambarspelarar i toppgruppa: Frå venstre: Jacob Storevik, Trine Einevoll og Ola Rognebakke.
Jacob Storevik er utteken til Sogn og Fjordane Fotballkrets si toppgruppe, der spelarar frå klubbane i Sogn og Fjordane i klasane 95/96 kjempar om 20 plassar. Jacob spelar både på smågutelaget og gutelaget i Tambar Fotball, og er utplukka som keeper i SFFK si toppgruppe.
Også på jentesida i klassane 94/95 har SFFK funne plass til ein spelar frå Tambar Fotball. Og for mange er det nok ikkje overraskande at jentespelar Trine Einevoll er teken med blandt dei 20 beste frå Sogn og Fjordane.
I tillegg til dei to uttekne, ligg smågute- og gutespelar Ola Rognebakke heilt i vasskorpa og på vent, då han er dei spelarane som SFFK meiner bør væra i utfordrargruppa.
Gutane har samlingar på desse stadane: Sogndal 12.september og 10. oktober, Florø 7.november og Sandane 16.november.
Jentene har samlingar desse stadane: Kaupanger 18.september, Sandane 21.oktober, Kaupanger 6.november og Sandane 17.november.
Vi ynskjer spelarane lukke til !
|
16.06.10 Sommarbildet
2010Lite.jpg)
Småsøsken som var imponerte over innsatsen til tøffe spelar på Tambar G98 etter 8-6 sigeren over
Førde 5 . Tuva (til venstre) diggar storebror Hallvard Birkeland Stølsvik, og Vetle synest tydlegvis
at storebror Simon Indrekvam er flink og fortener litt ekstra vaffel. Foto: Ivar Longvastøl.
|
02.06.10 Sommarbildet

Bilde: Lillejentene og keepertrenar Linda Åmelfot kosar seg med is etter trening sist fredag. Foto: Ivar Longvastøl.
Har du eit sommarbilde ? Send det til heimesida vår !
|
24.06.10 Fleire bilder frå Grodås Cup

Grodås Cup 2010. Foto: Geir Tommassen.
Vi har no fått ein ny ladning med bilder frå sist helgs Grodås Cup, og du kan no boltre deg med i overkant av 300 bilder her på sida.
Grodås Cup 2010. Foto: Tambar-Fotball
Grodås Cup 2010. Slide. Foto: Tambar Fotball
Grodås Cup 2010. Foto: Geir Tommassen.
|
12.06.10 Tambarspelarar på sonelagsturnering

På sonelagssamling: Jentespelar Trine Einevoll og gutespelar Andreas
Aase er utteken til sonelagsturnering.
Sogn og Fjordane Fotballkrets arrangerer sonelagsturnering for spelarar i klassen 1995/96 i Førde i morgon, søndag 13.juni. To spelarar frå Tambar Fotball er utteken til sonelaget til Sunnfjord. Dei to spelarane er jentespelaren Trine Einevoll og gutespelaren Andreas Aase.
Vi ynskjer Trine og Andreas lukke til !
Meir info om sonelagsturneringa i Førde søndag 13.juni.
|
31.05.10 Vann du i Fotball-lotteriet?

Treninga av årets Fotball-lotteri er no unnagjort, der blandt anna ein Scott sykkel til ein verdi av vèl 4500.- kroner fekk ny eigar. I tillegg til sykkelen, var det mange flotte gevinstar i årets lotteri.
Vinnarane i årets Tambarskjelvar Fotball-lotteri.
|
24.05.10 Vellukka Kongleriket Cup..... og vatnlansering
.jpg)
Bilde: Frå dagens Konglerike Cup på Naustdal stadion.
Været vart bedre enn frykta, då Kongleriket Cup vart arrangert på Naustdal stadion i dag. Sjølv om gradestokken ikkje klarte å kome over 10 grader i dag, unnslapp ein heldigvis dei store nedbørsmengdene.
Arrangørane melder om at det meste denne dagen gjekk knirkefritt. Turneringsgeneralane Gunnar Naustdal og Bjørn Hundershagen hadde god kontroll, både på og utafor bana. Tilbakemeldingane er også gode frå dei tilreisande laga, og dei unge fotballspelande gutane og jentene såg ut til å kose seg sjølv om ein ikkje kunne skryte av å ha sommartemeraturar Naustdal stadion denne dagen.
Nokre bilder frå Kongleriket Cup kjem i løpet av kvelden.
.jpg)
Bilde: Naustdals ordførar, Myrvang, overrekker blomster til leiar i Tambar Fotball, Hundershagen,
for initiativet han har hatt i høve " Reint Tambarskjelvar".
Under dagens Kongleriket Cup vart det nye vatnet til Tambarskjelvar IL, " Reint Tambarskjelvar", lansert. Ordførar Myrvang gav ros til bl.a. ein av initiativtakarane til produktet, Bjørn Hundershagen, og i tillegg kommunen, Vardar og Tambarskjelvar IL for å støtte opp om ei sunnare holdning på arrangementa til idrettslaget.
Bilde: Anne Schei ( Vardar ) og Jørn Helgheim ( Leiar Tambarskjelvar IL ) er klar til å dele ut dei
fyrste eksemplar av idrettslaget sitt vatn på flasker. Deltakarar på Kongleriket Cup har teke
oppstilling for å sikre seg ei vatnflaske.
|
24.05.10 Tambarskjelvar lanserer eige vatn

Bilde: Slik ser flaskene til Tambarskjelvar ut. "Reint Tambarskjelvar" vert lansert på dagens Kongleriket Cup.
Som sikkert dei fleste har fått med seg, kutta Tambarskjelvar IL ut salg av brus på alle sine arrangement i fjor sommar. På fotballkampar, turneringar og andre arrangement på stadion har ein i ei tid berre kunne få kjøpe det sunne alternativet.
Tambarskjelvar har no teke enda eit skritt framover. Iniativtakar og leiar for Tambar Fotball, Bjørn Hundershagen, har ilag med Naustdal kommune og Vardar fått laga eigne vatnflasker. Flaskevatnet har fått navnet " Reint Tambarskjelvar " der bilde av Budeia, stranda og kyrkja prydar flaska. Vatnet vil ein kunne få kjøpe i "Vaffelbua" på stadion ved kampar og andre arrangement.
Lansering av " Reint Tambarskjelvar " vil skje under Kongleriket Cup på Naustdal stadion i dag (2.pinsedag) kl.12.00. Dei nylanserte flaskene vil verte delt ut til alle deltakarane av dagens miniputturnering. Under lanseringa vil bl.a. både ordførar og presse vere tilstades.
|
02.05.10 Nye dommarar i Tambar Fotball

Bilde: Dei ti deltakarane på fredagens dommarkurs ilag med instruktør Ragnar "Raggen" Åmot.
MMS-foto: Bjørn Hundershagen.
Tambar Fotball tek dommarutdanning på alvor, og arrangert fredag kveld klubbdommarkurs med 10 deltakarar frå klubben. Dei nye dommarane kan no dømme aldersbestemt 5ar og 7ar fotball, og vi gratulerer samtlege med vel gjennomført kurs. Instruktør og kurshaldar var den mangeårige og erfarne dommaren Ragnar "Raggen" Åmot.
Desse deltok på dommarkurset: Gard og Erlend Malones, Ola Rognbakke, Robin Lending, Martin Skilbrei, Martin Bygstad, Anders Aase, Henrik Hundershagen, Trine Einevoll og Kristina Nymann.
|
18.04.10 Ny storseier til A-laget
.jpg)
Bilde: Tambar stillte med dette laget i dagens kamp mot Hyen.
Tambar sitt 6.divisjonslag utklassa nok ein motstandar, då dei i dag møtte Hyen til treningskamp på Naustdal stadion. Dermed står dei målkåte Tambarspelarane med heile 25-5 i målskilnad på dei tre siste treningskampane sine, etter at Hyen i dag måtte reise heim att med 3-9 i treningsbagen.
Sjølv om det var gjestane frå Hyen som fekk putta det fyrste målet i kampen, og det såg ut som om Tambarlaget hadde teke feil av søndagstrening og kampdag, vert det etterkvart ingen tvil om kven som var det beste laget i dagens treningskamp.
For når det unge mannskapet frå Naustdalsbygda etterkvart hadde fått pusla litt med sitt, fekk dei vist mange gode kvalitetar utover i kampen. Laget er gode tekniske, spelar hurtig offansiv fotball og har ein målgarantist på topp. I dagens kamp sleit ein del av spelarane med presise passningar, men dette vil nok ordne seg til seriepremieren mot Florø.
Refferat frå kampen finn du på heimesida til seniorane.
Bilder frå dagens kamp
Meir om seniorane finn du òg her
.jpg)
.jpg)
|
25.03.10 God treningsøkt for jentekeeperane

Bilde: Keepertrenar Linda Åmelfot instruerar under kveldens trening på Naustdal stadion.
Tambar Fotball arrangerte i kveld den fyrste treninga for jentekeeperar på Naustdal stadion. Med god veiledning frå keepertrenarane Linda Åmelfot og Anne Merete Sandvik, gjennomførte dei 7 frammøtte Tambar-keeperane ei god treningsøkt i det sure og blaute været.
Treninga startar opp att etter påske, og treningstida vil verte på torsdagar med dei to keepertrenarane.
For dei som ikkje kjenner kveldens trenarar, Linda Åmelfot og Anne Merete Sandvik, kan det nemnast at begge var talentfulle målvakter i sin ungdom. Begge spelte på kretslaget, henholdsvis Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Elles har begge lang fartstid i å vokte målet.
Bilde: Anne Merete Sandvik (t.v.) og Linda Åmelfot

|
22.03.10 Tambar sitt smågutelag overlegne i Toyota Cup

Bilde: Smågutelaget til Tambar var suverene i helgas Toyota Cup. Bak f.v.: Martin Bygstad, Gard
Malones og Jacob Storevik. Framme f.v.: Martin Skilbrei,Ola Rognebakke og Daniel Kvalvågnes.
MMS-foto: Edel Skilbrei.
Tambar sitt smågutelag deltok i går på Toyota Cup, som vart arrangert i Norfjordhallen. Her feia dei all motstand til sides, og kunne vel fortent ta med seg den gjeve pokalen heim til Naustdal.
Trenar Vidar Kvalvågnes fortel at på grunn av få påmeldte lag i småguteklassen vart det spelt serie og ikkje innleiande kampar med sluttspel. I dei to fyrste kampane for Tambar vart det fyljande resultat:
Skavøypoll-Tambar 1-14
Tornado/Måløy 2-Tambar 3-8
Den siste kampen var mot Tornado/Måløy sitt 1.lag, som også hadde vunne sine to fyrste kampar så langt i turneringa . Dermed vart det rein seriefinale mellom laga. Trenar Kvalvågnes fortel om at gutane vart tente på å vinne denne kampen, for å sikre seg seier og pokal. Og Tornado/Måløy hadde lite å stille opp med, gutane frå Naustdal spelte ball i hatt mot gjestane og vann den avgjerande kampen heile 10-0 !
Vi gratulerer gutane med ein flott prestasjon !
|
16.03.10 Bra treningsforhold på stadion

Bilde: Det er no gode treningsforhold på kunstgraset.
No når den verste kulda har sleppt taket er treningsforholda vorte bra på Naustdal stadion. Sjølv om ein har hatt nedbør i form av snø den siste tida, har brøytemanskapa klart å halde bana grøn til dei laga som trenar ute. Sjølv i dag, der snøen har lava ned utan stopp, får vi gode tilbakemeldingar om godt arbeid frå brøtemanskapet og fine treningsfohold. "Brøytesjef" Ole Fimland har gjort ein framifrå jobb med snøen på bana i vinter !
Ifylje yr.no skal det verte mildvær resten av veka, noko som gjer forholda etterkvart glimrande på stadion. Dermed ser det ut til at Tambar sitt gutelag får gode speleforhold då dei møter Førde til treningskamp fyrskomande torsdag kl. 19.00.
Etter gutekampen vert det spelt ein seniorkamp på stadion, med avspark kl. 20.30. Det er treningskampen mellom AHIL og Saga.
Er det andre lag som planlegg treningskampar, ber ein om at underteikna blir kontakta så ein får lagt det inn i Aktivitetskalendaren.
|
11.03.10 42 lag påmeldt til SSF Tambar Cup

Bilde: SSF Tambar Cup for dei yngste blir arrangert i Naustdalshallen neste helg.
Bildet er henta frå SSF Tambar Cup i fjor.
SSF Tambar Cup går av stabelen neste helg i Naustdalshallen. 42 lag er påmeldt til denne cupen, som er for gutar og jenter i alderen 8-12 år. Sjå påmelde lag.
Arrangøren melder om at ein alt er i gang med kampoppsettet, og ein reknar med at det skal være klart om ikkje alt for lenge. Kampoppsettet finn du her på sida så snart det er ferdig.
SSF Tambar Cup for dei eldste klassane vart arrangert i Naustdalshallen 23.-24.januar. Nokre bilder frå denne cuphelga finn du her: Lørdag - Søndag.
|
11.03.10 Tambar tapte treningskampen mot AHIL 2

Bilde: Frå treningskampen mellom Tambar og AHIL i går kveld.
Tambar tapte 1-3 mot AHIL i treningskampen i går kveld på Naustdal stadion, etter at Askvolllaget hadde leia 2-0 til pause. Målet til Tambar vart scora av Vegard Savland.
Meir om kampen finn du på websida til seniorane.
|
08.03.10 Resultat frå KM-sluttspelet
.jpg)
Bilde: Tambar sitt jentelag etter siste kamp og seier mot Florø.
Det vart to tap og ein seier for både juniorlaget og jentelaget til Tambar Fotball i helgas KM-sluttspel i Nordfjordhallen. Juniorlaget fekk fyljande resultat:
Tambar-Førde 1-4
Tambar-Sandane 2-4
Tambar-Jølster 3-2
Og slik enda kampane til jentelaget:
Tambar-Selje 0-4
Tambar-Balestrand 1-4
Tambar-Florø 2-1
|
03.03.10 Vegard scora, Tambar vann

Bilde: Vegard Savland scora begge måla i kveldens kamp. På bildet ser vi han etter
å ha scora ti mål mot Førde sitt gutelag sist sesong.
Sjølv om snøen har lava ned i heile går og i går kveld, lot ikkje Tambarseniorane seg stoppe av det. Anga tok også turen til Naustdal stadion i går kveld, sjølv om dei nærmast måtte rekvirere kolonnekøyring i snøkaven frå byen.
Tambar sitt 6.divisjonslag tok seieren heim på ei heller glatt og vanskeleg bane, der Vegard Savland igjen viser målteft med sine to scoringar i kampen. Fyldig refferat kan ein lese på Tambarherrane si heimeside.
Tambar - Anga 2-0 ( 2-0 )
1-0: Vegard Savland
2-0: Vegard Savland
|
11.02.10 Tambar møter Tempo og Svelgen i 6.divisjon

Bilde: Tambarherrane i kamp mot Vadheim/Høyang i fjorårets sesong på stadion.
Forslaget til puljeoppsett i årets 6.divisjon er no klart frå Sogn og Fjordane Fotballkrets. I divisjonen er det pr. dags dato påmeldt 17 lag, og den vert mest truleg delt inn i tre puljer. I forslaget til divisjonsoppsettet er dei gamle travarane Tempo og Svelgen med att i seriesystemet, og har havna i same pulje som Tambar.
Puljene ser slik ut: PULJE 1: Sogndal 3, Syril 2, Sogndalspretten, Aurland og Vik 2. PULJE 2: Tambar, Florø 2, Gaular 2, Hyllestad, AHIL 2, Tempo, Svelgen og Anga. PULJE 3: Hyen, Flatraket, Haugen, Vikane, Oppstryn og Stryn 2.
|
07.02.10 Tambar sitt juniorlag også til KM-sluttspelet

Bilde: Espen Langedal og juniorlaget til Tambar gjekk vidare frå KM-kvaliken i Florø i dag.
Tambar Fotball blir representert med to lag i KM-sluttspelet i mars. Forutan jentelaget som vart klare tidlegare i dag, klarte også Tambar sitt juniorlag å knipe ein av dei fire plassane under KM-kvalifiseringa i Florø i dag. Med seier mot Florø og AHIL, uavgjort mot Førde 2 og tap mot Førde 1 og Dale, var dette nok til å sikre seg ein av plassane til sluttspelet i Nordfjordhallen 6.-7.mars.
Meir om juniorane sine kampar i dagens KM-kvalik, finn du på herrelaget si nettside.
|
07.02.10 Jentelaget kvalifiserte seg til KM-sluttspelet

Bilde: Tambar sitt jentelag er kvalifisert til KM-sluttspelet i Nordfjordhallen. Bak f.v.: Oline Paulen,
Catrine Nøstdal, Linda Stuhaug, Eline Lillehaug, Eline E.Cirotzki. F.v.: Trine Einevoll, Terese Helle,
Kristina Nymann, Katrine Apelseth og Caroline Salbu.
Jentelaget til Tambar Fotball feia all (nesten) mostand til sides, og er klar for KM-sluttspelet i Nordfjordhallen 6.-7.mars.
Tambarjentene fekk ein flott åpning med 2-1 seier over Florø 1 i fyrste kamp, etter at Florøjentene hadde leia 1-0. Dermed kunne pusta litt ut og hadde fått rista av seg den, for nokon, påtrengande nervøsiteten.
I andre kampen mot Askvoll/Holmedal leda Tambarjentene til det stod att to minuttar av kampen. At laget ikkje klarte å avgjere tidlegare, har noko med utur og litt lite konsentrasjon framfor mål å gjere.
Den siste kampen i dei innledande rundane møtte Jentene Florø 3. Dette vart ein grei kamp som Tambar hadde full kontroll på, og som dei vann 3-1.
I semifinalen skulle jentene nok ein gong spele mot eit Florølag. Denne gongen var det Florø 2 som var motstandar, og som enda som nummer 2 i pulje 2. Og det var Florø som starta best, då dei scora etter vel fem minuttar. Men jentene frå Naustdal ville så gjerne vinne denne kampen, og jobba som nokre løver utover i kampen. Med så god kjemping, kom også resultatet av det. Med tre fine mål hadde laget på ny vunne over eit Florølag, og jentene jubla for KM-plass og finalespel.
I finalen møtte jentene Førde. Etter to kjappe scoringar til byjentene frå Aust, vart det vanskeleg å klare ein ny seier. Sjølv om det hadde smakt bra å ta med pokalen heim, hadde denne kampen liten betydning. Førde vann finalen 3-1 og både Tambar og Førde blir å sjå i Nordfjordhallen om ein månads tid !
Desse jentelaga er kvalifisert til KM-sluttspelet: Tambar, Førde, Selje, Eid, Jotun, Vik, Høyang og Balestrand.
|
06.02.10 Ingen av Tamarlaga vidare i dag
KM 2010 Kvalik
Under dagens KM-kvalifisering i Florø Idrettssenter deltok Tambar Fotball med eit småjentelag og eit smågutelag. Begge laga er diverre ute, og vi har fått desse raportane frå lagas trenarar:
Smågutar trenar Vidar Kvalvågnes: " I første kamp slo vi greit Førde 2, 3-1, målskorere i denne kampen var Jakob, Elias og Daniel. Neste kamp var mot Dale 2, her vant vi heile 9-2, så da var vi allerede klare for kvartfinalen, målskorere var Daniel 3, Jakob 2, Ola 1, Martin 1, Ørjan 1+ eit sjølmål.
Men vi ville helst vinne siste kampen i pulja også, for å få lettast mulig motstandar i kvartfinalen, men Florø 1 viste seg å være et veldig bra lag, vi hadde 3-3 når det stod igjen et halvt minutt av kampen, et resultat vi hadde vært puljevinnere med, men det ble tap 3-4. M ålskorere var Jakob 2 og Daniel
Dermed måtte vi ut i en tøff kvartfinale mot Førde 1, her blei det tap 1-3, men med litt marginer på vår side.......:) målskorer var Daniel "
Småjenter trenar Jan Magne Langedal: " Småjentene tapte semifinalen mot Askvoll Holmedal i” kvaliken” til KM.
Det starta dårleg med 4-1 tap mot eit godt Førde-lag. Mot same Førdelag klarte Tambar-jentene 2-2 seinare på dagen. Florø 1 møtte vi også 2 gonger. Då vann Tambar-jentene henholdsvis 4-1 og 1-0. I semifinalen blei AHIL for sterke og vann 4-1. Vi tar med oss 4-1 sigeren mot Florø somdagens prestasjon, her var innsatsen god.
Desse var i aksjon i Florø: Martine Mallasvik, Iris Aase, Hilde Langedal, Camilla B. Kibsgaard, Maria Slettehaug, Silje Olin Yksnøy, Birgitte Nordnes og Stephanie Stubhaug "
Vinnar i småguteklassen: 1. Florø1 2. Florø3 3. Førde1
Vinnar i småjenteklassen: 1. Askvoll/Holmedal 2. Førde
|
03.02.10 Ola Rognebakke utteken til SFFK toppgruppe

Bilde: Ola Rognebakke ( t.h.) er utteken til SFFK si toppgruppe.
Tambar sin smågutespelar Ola Rognebakke er utteken til Sogn og Fjordane Fotballkrets si toppgruppe. Dette er for tida dei 20 beste spelarane i fylke i desse årsklassane, f. 1994-1995-1996-1997. Ola er einaste frå Tambar Fotball som er komen med i denne omgang, medan Jacob Storevik er i den såkalla utfordrargruppa. Det vil sei at han ved forfall i toppgruppa kan bli kalla inn.
Ingen jenter frå Tambar Fotball vart tekne ut til SFFK si toppgruppe, der Førde IL fekk med Andrine Njøsen Helgås og Sara Eriksen.
SFFK si Toppgruppe for gutar ser slik ut:
Torbjørn Aabrekk Eid IL Midtstoppar 1994
Torstein Frøholm Førde IL Fotball H kant 1994
Kristoffer Sigdestad Florø SK Kant 1994
Håvard Bøyum Sogndal IL Fotball Keeper 1994
Anders Lunde Hjeltnes IL Syril Spiss 1994
Peter Aase Florø SK Smb 1995
Stefan Aase Florø SK Off mb/Spiss 1995
Runar Helland Åmot Florø SK V back 1995
Aaron Nyemah Sandane TIL Spiss 1995
Eirik Rotihaug Eid IL V kant 1995
Kristoffer Valsvik Vik IL Smb 1995
Bjørnar Hove Sogndal IL Fotball Smb 1995
Emanuell Jerez Florø SK Kant 1995
Joachim Husevåg Florø SK Keeper 1995
Simen Halvorsen Florø SK Smb 1996
Erlend Taule Førde IL Fotball Smb/il 1996
Mathias Flo Sogndal IL Fotball Spiss 1996
Fredrik Flo Sogndal IL Fotball V kant 1996
Sander Dvergsdal Førde IL Fotball Spiss 1996
Ola Rognebakke Tambarskjelvar IL V back 1997
|
Dei uttekne spelarane skal ha samlingar på Sandane og Skei i februar-april, medan skal på regional talentsamling i Stavanger siste helga i april, der dei skal både trene og spele kamp.
Vi ynskjer Ola lukke til !
|
27.01.10 Tambarspelarar på sonelagsturnering på Eid

Bilde: Sunnfjord sitt sonelag G1996/97. Tre spelarar frå Tambar Fotball var med på laget. Nummer
fire bak frå høgre:DanielGrimset Kvalvågnes, nummer tre framme frå venstre: Ola Rognebakke og
nummer fem framme frå venstre: Jacob Storevik. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no
Tambargutane Daniel Grimset Kvalvågnes, Ola Rognebakke, Jacob Storevik og Tambarjenta Iris Aase deltok på soneturneringa som vart arrangert på Eid sist søndag. Resultat frå kampane vart slik:
Jenter: Nordfjord - Sunnfjord 4-1
Sunnfjord - Sogn 0-3
Gutar: Nordfjord - Sunnfjord 2-3
Sunnfjord - Sogn 1-3
Ingen av Tambarspelarane kom på scorinslista i desse kampane, men spelarane fekk bra med speletid og gode tilbakemeldingar.
Bilde: Einaste Tambarspelar på Sunnfjord sitt sonelag for jenter 1996/97 var Iris Aase. På bildet
ser vi ho som nummer to bak frå høgre. Foto: Stig Høynes, www.haugenfotball.no
Lagbilda av Sunnfjord sine sonelag er teke av Stig Høynes,Haugenfotball. På hans heimeside finn du alle resultat frå turneringa samt ein del bilder. Meir på www.haugenfotball.no
|
26.01.10 Tambar Fotball støttar jordskjelvoffera på Haiti

Styret i Tambar Fotball har etter helgas SSF Tambar Cup bestemt å bidra til dei ramma etter jordskjevkatastofen på Haiti. I helgas cup i Naustdalshallen samla SSF Tambar Cup omlag 300 spelarar. Tambar Fotball søttar hjelpearbeidet med kr. 5.- pr. spelar, som totalt vil bli kroner 1500.- til Røde Kors.
|
24.01.10 Nesten for gutelaget til Tambar

Bilde: Tambar 1 var einaste lag frå Tambar Fotball som spelte sluttspel i dag.
I dagens SSF Tambar Cup var det berre eit av fire Tambarlag som gjekk vidare til sluttspelkampar. Tambar 1 møtte gutane frå Florø SK i den fyrste semifinalen, noko som skulle bli ein svært jamn og fartsfyllt kamp. Sjølv om det var Florø som åpna scoringsballet, kom Tambargutane sterkt tilbake. Tambar spelte sin beste kamp i heile turneringa, og hadde Florø verkeleg i kne. Og då laget gjekk opp i ein 3-2 leiing, ante Tambarsupportarane ein liten "bombe" i Naustdalshallen.
Men i ein slik kamp er det ikkje mulig å ri på ei leiing, der det vert putta mål nesten kvart minutt av kampen. At Florø kom tilbake og vann kampen 5-4, med si siste scoring berre sekundar før kampslutt, er vel kanskje ikkje noko å sei på.
Men dette var så avgjort ein kamp som kunne ha bikka begge vegar, så vi har full forståing med Tambarlaget sin frusterasjon og skuffelse etter kampen. Men uansett skal Tambar sitt lag ha full honør for ein flott og spenande kamp mot eit godt Florølag.
I bronsefinalen tapar Tambar 1 heile 7-1 mot Førde 1. Det er tydeleg at mykje av piffen er gått ut av gutane etter den flotte kampen mot Florø.
Tambar Fotball sine jentelag nådde ikkje heilt opp i sine innleiande kampar i dag, der begge måtte sjå sluttspelkampane frå tribuna. Men spelarane gjorde ein god jobb i kampane sine, og vi veit deikjem sterkare utover i sesongen.
Førde 2 vann jentefinalen 1-0 mot Gaular 2, medan Balestrand vann heile 6-1 mot Hyllestad i bronsefinalen.
Bilder frå SSF Tambar Cup, dag 2

BIlde: Jenter 1.plass, Førde 2.
Bilde: Jenter 2.plass, Gaular 2.

Bilde: Jenter 3.plass, Balestrand.

Bilde: Gutar 1.plass, Florø.

Bilde: Gutar 2.plass, Førde2.

Bilde: Gutar 3.plass, Førde 1.

Bilde: Utslåtte jenter frå Tambar Fotball.
|
23.01.10 SSF Tambar Cup: Førde 1 og AHIL vann finalane

Bilde: Førde 1 vart vinnar i småguteklassen i dagens SSF Tambar Cup. Her viser kaptein på Førde 1
sitt vinnarlag fram beviset på det.
Tambar Fotball fekk god pokalfangst under fyrste dag i årets SSF Tambar Cup, då dei kunne ta med seg tre pokalar i smågute- og småjenteklassen. Men dei klarte ikkje å klatre heilt til topps i nokon av klassane, men to tredjeplassar og ein andreplass bør laga være nøgde med.
I småguteklassen var det Førde 1 som til slutt kunne juble for seier i årets SSF Tambar Cup, etter ein jamn og spennande kamp mot Vik vann Førdianarane 4-3. Etter at Førdelaget gjekk opp i 2-0 tidleg i kampen, kjempa Vik seg innatt og snudde kampen til 3-2, der Førde 1 utligna like før kampslutt. Dermed gjekk finalen til speleforlenging, og der drog altso Førde 1 det lengste strået.
I bronsefinalen møttest Førde 3 og Tambar 1, der Tambarlaget vann ein fortent 2-1 siger.
I småjenteklassen var det lite tvil om kor seieren ville hamne, då Asvoll/Holmedal og Tambar 1 møttest i finalen. Laget frå Askvoll viste seg å være i sterkaste laget, og kunne til slutt gå av bana med konfortable 6-0. På bronseplass kom Tambar 2, der det i denne klassen vart spelt enkel serie på grunn av få påmeldte lag.
Sjå bilder ( Slideshow m/ musikk )
Då fotograf ikkje var til stades når småjentekampane vart spela, har eg diverre ikkje bilder frå dei kampane. Er det nokon som har, tek eg gjerne imot.....

Bilde: SMG Vinnar, Førde 1

Bilde: SMG 2. plass, Vik

Bilde: SMG 3.plass, Tambar

Bilde: SMJ 1.plass, Askvoll/Holmedal. Foto: Maria Slettehaug.

Bilde: SMJ 2.plass, Tambar 1. Foto: Maria Slettehaug.

Bilde: SMJ 3.plass, Tambar 2. Foto: Maria Slettehaug.
|
16.01.10 44 lag påmeldt til Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup

Bilde: Frå Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup 2009.
44 lag og i overkant av 300 fotballspelande gutar og jenter er påmeldt til neste helgs Sparebanken Sogn og Fjordane Tambar Cup i Naustdaldhallen. Dette er omlag same antal lag som var påmeldt til cupen i fjor. Flest lag i årets SSF Tambar Cup, som i fjor, finn vi i klassen smågutar.
Fristen for å melde på lag gjekk ut i går, og kampoppsett for cupen er venta å være klar ein av dei fyrste dagane etter helga. Kampoppsettet vil du sjølvsagt finne her på sida kort tid etter at det er klart.
* Nokre bilder frå SSF Tambar Cup 2009
* Oversikt påmeldte lag
|
12.01.10 Daniel, Ola og Jacob på sonelaget til Sunnfjord

Bilde: Tre spelarar frå Tambar Fotball er uttekne på Sunnjord sitt sonelag. Frå venstre: Daniel Grimset Kvalvågnes, Ola
Rognebakke og Jacob Storevik.
Tre spelarar frå Tambar Fotball vart uttekne etter samlinga som vart arrangert i Florø for litt sidan. Daniel Grimset Kvalvågnes (97), Ola Rognebakke (97) og Jacob Storevik (96) sler fylje med Tambar Fotball sin småjentespelar, Iris Aase, og skal delta på sonelagsturneringa på Nordfjordeid søndag 24.januar.
Kampoppsettet for sonelaga denne dagen ser slik ut:
1200 Kamp jenter Nordfjord – Sunnfjord |
1300 Kamp gutar Nordfjord - Sunnfjord |
1400 Kamp jenter Sunnfjord – Sogn |
1500 Kamp gutar Sunnfjord - Sogn |
1600 Kamp jenter Nordfjord – Sogn |
1700 Kamp gutar Nordfjord – Sogn |
* Kamptid 2 x 25 minuttar |
Heile uttaket til Sunnfjord sitt sonelag G 1996/97
|
11.01.10 Iris Aase utteken til Sunnfjord sitt sonelag

Bilde: Tambar Fotball sin småjentespelar, Iris Aase, er teken ut på sonelaget. På bildet ser vi ho
i ein kamp for Tambar sitt LJ 12 mot Florø.
Tambarspelar Iris Aase er teken ut på Sunnfjord sitt sonelag for jenter fødd 1996/97. Iris er den einaste frå Tambar Fotball som er komen med på dette laget, som er dominert av Florø- og Førdespelarar.
Sonelaget til Sunnfjord skal delta på sonelagsturnering på Nordfjordeid søndag 24.januar, der dei møter dei to andre sonelaga Nordfjord og Sogn.
Vi ynskjer Iris lukke til i turneringa !
* Sjå heile uttaket
* Info og kampoppsett
|
07.01.10 For litt sia...........
.jpg)
Bilde: Staute karar i gule og svarte drakter. Kunne lett ha vore eit Tambarlag, men det er det
ikkje. Fotoet viser Syril IL sitt gutelag frå 1978/79.
Webansvarleg har tidlegare etterlyst bilder frå fotballen i Naustdal frå litt bak i tid, men har fått liten respons på det. Så her prøver vi igjen......
Vi veit at folk der ute sit med med masse ulike bilder frå fotballen i bygda litt tilbake i tid. Då tenker vi på bilder som er teke på 70-, 80-, 90-talet og kanskje litt seinare. Sjølvsagt eldre bilder også, men dei er det vel kanskje færre av.
Tanken er å LÅNE bildene og legge dei i eit eige arkiv inne på heimesida.
Bildet du ser over, er representativt for bilder vi etterlyser. På dette bildet, som er Syril IL sit gutelag frå 1978/79, finn vi faktisk to karar som har busett seg i Naustdal. Kan du sjå kven det er og veit du kva dei heiter ?
Les meir
|
05.01.10 Tambarherrane har starta sesongoppkøyringa

Bilde: Tambarspelar Espen Eithun Langedal er trenar for Tambar sine seniorar i år.
Etter at dei to tidlegare trenarane for Tambar, Narve Kirkebø og Roger Edvardsen, takka for seg etter endt sesong i fjor haust, har det vore mykje usikkerheit om Tambar kom til å stille med seniorlag i årets sesong.
Ei gruppe spelarar har i heile haust holdt treningane ved like og i påvente om at noko skulle skje. På tampen av året vart det klart at Tambarspelar Espen Eithun Langedal tek over trenaransvaret for seniorane. Mest truleg får han med seg Joar Vefring og Roger Edvardsen i trenarteamet, der Roger vil fungere som oppmann for laget.
Og det ser lovande ut når det gjeld spelarstall. På lagets fyrste trening i årets sesongoppkøyring sist mandag, møtte 20 treningsvillige på ei snøfri, men iskald, kunstgrasbane på Naustdal stadion. Og ifylje trenaren er det gode moglegheiter for at fleire spelarar vil tilslutte seg troppen etterkvart.
Den nytiltrødde trenaren har lagt opp til tre treningsøkter i veka, der to skal føregå på kunstgraset medan ei blir i Naustdalshallen. Og når det gjeld treningskampar ligg trenar Langedal heller ikkje på latsida. Allerede no er det to datofesta treningakamper i vinter, henholdsvis mot AHIL og Anga. I tillegg er fleire lag kontakta vedr. fleire treningskampar.
At bygda har eit seniorlag også i årets sesong er utruleg viktig. Og gull verdt! Gull verdt for dei eldste gutespelarane våre som no har noko å strekke seg etter framover, og mulegheita for dei å kunne hospitere på eit høgare nivå. Gull verdt for Tambarspelarane som no slepp reise ut av bygda for å spele fotball.
|
|
|