TAMBARPORTRETTET

Tidlegare presenterte

 

 

Under finn du tidlegare presenterte spelarar, trenarar og oppmenn i Tambarportrettet.

 

 

 

SPELARPORTRETTET

Navn: Markus Hjelle Cirotzki / Adrian Ask Espeland

Alder: 8 år / 7 år

 

Kva lag spelar du på? Markus: Tambar, lilleputt -99. Adrian: Tambar 1, lilleputt -2000

Har du spelt fotball lenge? Markus: Ikkje så veldig lenge.. Adrian: Litt lenge, veit ikkje heilt...

Kva er så kjekt med å spele fotball,då? Markus: Det at ei kan springe masse. Adrian: Og at ein lære masse om fotball!

Trur du at du vil spele fotball når du vert vaksen òg? Markus: Ja. Adrian: Ja, sikkert.

Kven er det beste laget i Norge? Markus: Brann!! Adrian: Lillestrøm !!

Og i England…? Markus: veit ikkje. Adrian: veit ikkje.

Er det bra å bu i Naustdal? Markus: Ja ! Adrian: Ja !

Kvifor? Markus: Akkurat passe stort, og fint. Adrian: Det er masse å finne på her.

Trur du at du bur i Naustdal om 15 år? Markus: Ja. Adrian: Om 15 år ??! Ja..

Kva er det beste du får til middag? Markus: Pannekaker.....Og snitsel. Adrian: Pannekaker.

Brukar du heimesida til Tambar-Fotball? Markus: Bruker...nei, men har sett den. Adrian: Nei, den har eg ikkje sett.

Takk for praten, karar !

 

 

 

Navn  Bjørn Hundershagen

Alder 43

Trenar/oppmann for: Leiar i gruppa

Kvifor bur du i Naustdal?- Det vart nok slik da eg møtte konemor Lise.Fin oppvekstplass for  unga og ungdom

Kva er det beste med å bu her? Roleg,fin natur med ei flott lakseelv og mange kjekke frivillige trenarar og oppmenn i fotballgruppa.

Kvifor er du fotballtrenar/oppmann? Eg var trenar for gutar og jenter f.1989 tidligare men vart
Påvirka av å ta over etter Snildal som leiar i gruppa.

Kva er det kjekkaste med å være trenar/oppmann ? Kjekke ungar og ungdommar

Kva meiner du vi må gjere bedre i Tambar-Fotball? Bygge Kunstgrasbane-utdanne trenarar og få med ungdommen og dei som er mellom 20-30 å engasjere seg i
Trenarrollane. Ein ting til er at vi må ha eit seniorlag Gutar og Jenter.

No er du blitt gammal !!  Men kva idrettar holdt du på med når du var ung?
Gammal eg? Eg dreiv på med Langrenn på vinteren og spelte fotball på Kaupanger.
 

Kva er favorittlaget ditt i Norge? Må seie Sogndal men sidan dei er i ein anna liga har eg sans for Viking

Og i England er det…..? LEEDS

Er du brukar av heimesida til Tambar, Tambar-Fotball.com? Ja, ei flott side takka være Weebansvarleg Frank ”Sappa” Cirotski.

 

Takk for praten!

 

 

 

TRENAR-/OPPMANN PORTRETTET:

Navn:         Gunnar  Naustdal

Alder:              42  (-65 modell )

 

Trenar/oppmann for: Styremedlem i fotballgruppa ,samt oppmann for Lillejenter 95/96

Kvifor bur du i Naustdal?-Etternavnet mitt forplikter……Fødd og oppvaksen her.

Kva er det beste med å bu her? Trygge oppvekst vilkår for ungane,

Kvifor er du fotballtrenar/oppmann? Det fall naturleg å hjelpe til då ungane begynte å trene  fotball for nærare 10 år sidan….seinare har eg fulgt laga deira tett ,og det har vore mange kjekke opplevingar i lag med dei.

Kva er det kjekkaste med å være trenar/oppmann ? Du blir kjend med mange kjekke ungar/ungdommar ,og det er kjekt å sjå  at dei utviklar seg for kvar kamp dei spelar.

Kva meiner du vi må gjere bedre i Tambar-Fotball? Sikkert ein masse, men rekrutering er viktig og vi må utdanne trenarar og dommarar, som kan være med å utvikle klubben vidare.

No er du blitt gammal !!  Men kva idrettar holdt du på med når du var ung? Eg held på med friidrett frå eg var 10 til eg var 15år.Seinare vart det fotball. Eg var med på seniorlaget til Tambar i noken sesongar, før eg reiste bort på skule og militæret.

Kva er favorittlaget ditt i Norge? Sogndal har vi holdt med ,heilt sidan Cup finalen i 1975.Men må vel innrømme at eg held litt med Lillestrøm ,sidan Tom Lund var den store helten og forbilde  på –70 talet.

Og i England er det…..? Leeds United…….Berre vent, vi kommer sterkt tilbake.

Kva burde det vore meir av på heimesida til Tambar-Fotball? Eg synast at den er veldig bra…så all honnør til Frank.

 

 

 

 

SPELARPORTRETTET

Navn: Sivert Rygg

Alder: Blir 8 år i år

Kva lag spelar du på? Eg spelar på miniputtane til Tambar.

Har du spelt fotball lenge? Ja, ca to år.

Kva er så kjekt med å spele fotball,då? For då spelar eg ofte i forsvar, det likar eg.

Trur du at du vil spele fotball når du vert vaksen òg? Ja, det trur eg.

Kven er det beste laget i Norge? Brann...!

Og i England…? Veit ikkje, har ikkje nokon favorittar der.

Er det bra å bu i Naustdal? Jaha!!

Kvifor? Fordi det er passeleg stort. Eg likar ikkje store plassar, slik som i Oslo, foreksempel.

Trur du at du bur i Naustdal om 15 år? Nei, det veit eg ikkje.

Kva er det beste du får til middag? Å.., det er spagetti, pølse med brød, pølse med stappe, graut.

Brukar du heimesida til Tambar-Fotball? Ja, har vore inne og sett.

 

 

 
     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 41530333, E-post: frank.cirotzki@enivest.net