Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

 

Grodås Cup 2011


God innsats: Tambar Fotball sitt Gut 12-lag gjorde ein flott innsats i årets Grodås Cup. På bildet er laget
klar for helgas siste kamp. På bildet ser vi: Heilt bak: Trener Oddvar. Bak frå venstre: Markus, Aleksander,
Marius og Jesper. Framme frå venstre: Sivert, Thomas, Jakob og Martin.

Tre lag frå Tambar Fotball deltok i årets Grodås Cup i Hornindal, Småjenter - Gut 12 - G 10.

Med værmeldingar som ikkje var alt for optimistiske før fotballhelga i Nordfjord, var det med fryd vi kunne konstantere at værgudane hadde vorte med i botballsekken til Hornindal. For når fyrste Tambarlag skulle i aksjon lørdag føremiddag, stakk sola igjennom, ei sol som skulle varme oss alle saman heile helga !

Småjentelaget var einaste laget som hadde muligheit til å kunne spele eit evt. sluttspel, medan dei to andrelaget berre spela enkel serie utan tabell og sluttspel.

Småjentelaget møtte tøffare motstand denne helga enn dei er vande med i den lokale serien. Laga dei møtte på Grodås Cup var lag frå Sunnmøre og sjølv om Tambar spela jamt mot både Ørsta, Volda, Hødd og Synnulven, vart det tap ei dei to fyrste kampane sine. Med seier over Synnulven sikra dei også spel om bronseplass. I bronsefinalen vart det seier, og laget kunne jubla over ein fin tredjeplass.

Elles gjorde også Gut 12 og G/J 10 ein flott innsats under årets Grodås Cup, der laga spela mykje god fotball og fekk vist at Tambar Fotball skal ein ikkje kimse av !


Bronsejenter: Tambar Fotball sine småjenter under oppvarming før kamp.

BILDER FRÅ GRODÅS CUP 2011 FINN DU NEDERST PÅ SIDA !

 

RESULTATER Tambarlaga, GRODÅS CUP 2011:

Gut 10

687 Tambarskjelvar IL   - Hornindal 2   3 - 4   B      
685 Tambarskjelvar IL   - Stryn United   6 - 6   U      
694 Tambarskjelvar IL   - Hødd 1   3 - 1   H      
684 Hødd 2   - Tambarskjelvar IL   4 - 3   H    

Gut 12

159 Tambarskjelvar IL   - Åheim G 99   10 - 0   H      
164 Tambarskjelvar IL   - Førde 5   3 - 1   H      
149 Valldal   - Tambarskjelvar IL   5 - 4   H      
144 Tambarskjelvar IL   - Stryn   4 - 2   H      
153 Tambarskjelvar IL   - Førde 3   2 - 4   B  

Småjenter

616 TAMBAR   - Volda   0 - 3   B      
618 Ørsta   - TAMBAR   4 - 0   H      
615 TAMBAR   - sunnylven il j 14   2 - 0   H      
623 TAMBAR   - Hødd J14   1 - 5   B      
Sluttspill
624 Bronsefinale   Ørsta   - TAMBAR   2 - 4   B    

 

 


Gut 12: Gutane får rydda opp i forsvar i ein kamp mot Valldal.


Tambar Camp: Med det flotte været vi fekk denne helga, var det fleire som valgte å overnatte i teltleiren "vår".


Teltleir: Det var flotte forhold for teltliv denne helga på Grodås Cup.


Perfekt: Fotball, sol og ein god stol. Bedre kan ein knapt ha det!

 

Bilder frå Grodås Cup 2011

Your pictures and fotos in a slideshow on MySpace, eBay, Facebook or your website!view all pictures of this slideshow

 

Sjå meir om Grodås Cup 2010
Sjå meir om Grodås Cup 2009
Sjå meir om Grodås Cup 2008


 

 

 

 

     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net