| |
SESONGEN 2011:
27.09.11 Passerte 100 mål i siste haustkampen

G11 i hundre: Tambar Fotball sitt G11-lag vann 11-0 i sin siste kamp, og passerte dermed
100 scora mål denne sesongen.
Tambar Fotball sitt G11-lag vann mandag kveld sesongens siste kamp då dei slo Hyllestad på bortebane. Laget gjekk gjennom serien utan tap, og presterte å bikke 100 scora mål !
Trenar Svein Arne Nordheim oppsummerer lagets siste kamp slik:
" Tambar G11 avsluttet sesongen med stil.
Mandagskvelden reiste Tambar G11 til Hyllestad for sesongens siste kamp. Og det ble en kamp med feiande flott spel, masse flotte kombinasjoner offensivt og eit pottetett forsvar.
Til pause ledet Tambar G11 5-0, og når dommeren blåste av kampen, sto det heile 11-0 i målprotokollen. kjempeflott spel og gutter med eit spelehumør i toppklasse.
Målscorere var : Sander (6), David (3), Mathias (1), Håvard (1).
Disse var med: Stig Arild, David, Håvard, Emil, Mathias, Sander, August, Adrian.
Flott sesong med følgende facts: 11 seiere, 1 uavgjort, 0 tap, målscore 101-21. "
|
22.09.11 Seiersrekka vart broten mot Gaular

Utan tap: G11-laget til Tambar Fotball har enno til gode å tape i årets serie. Mandag spelte laget
uavgjort mot Gaular.
Tambar Fotball sitt G11-lag har fortsatt til gode å tape i årets seriespel, og spelte uavgjort mot Gaular sist mandag. Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Tambar G11 møtte mandagskvelden Gaular til heimekamp. Dette skulle vise seg å bli ei tøff batalje for gutane, der seiersrekka til slutt ble brutt.
Førsteomgangen var i og for seg ganske jamnspelt, men Gaular var mykje giftigare framfor mål, og kunne gå til pause med ein 3-0 ledelse. Tambar skapte lite målsjanser, og det var ein litt betutta gjeng som gjekk av bana etter første omgang.
Men etter at gutane bestemte seg i pausen for å gi jernet, scora dei 2 kjappe mål rett etter pause. Dette skapte ny glød, og Tambar var frempå fleire ganger, men uten å få utelling.
Etterkvart kom det etterlengta 3 målet, slik at gutane ungikk tap. 3-3 gir vel eit greit bilde av kampen, som var ganske jamnspelt.
Målscorere: Mathias 1, David 1, August 1
Disse var med : Mathias, David, Stig Arild, Adrian, Håvard, Daniel, August, Eirik og Emil. "
|
13.09.11 G11 låg under 1-3, vann kampen 7-3
120911Lite1.jpg)
Tøff motstand: Førde 4 skapte litt trøbbel for Tambar Fotball sitt G11-lag då laga møttes på Naustdal
stadion mandag kveld.
Gjestane frå Førde var godt med på notane og begge lag hadde scora like mange mål til pause, då Tambar møtte Førde 4 i klasse G11 på Naustdal stadion mandag kveld. Men heller ikkje Førdegutane klarte å bryte seiersrekka til heimelaget, sjølv om dei gjorde eit tappert forsøk på det. Trenar Svein Arne Nordheim seier dette etter kampen:
" Kampen startet ganske jamnspelt, og begge lagene slet litt med å få tatt tak i kampen. Etterhvert fekk Førde bra utelling på sjansene sine, og halvveis i 1 omgang ledet Førde 3-1. Tambargutane tok seg etterkvart saman, og reduserte 2 ganger, slik at dei kunne gå til på pause med 3-3 og ein god følelse av å ha fått kampen inn i sitt spor.
Andre omgang startet mykje bedre for Tambar gutane, og etter kvart begynte dei å få utelling på alle sjansane dei skapte. Tilslutt kunne dei gå av bana med ein grei 7-3 seier, etter at dei hadde hatt full kontroll i andre omgang.
Kampen visste at det er en herleg moral i gutane, for etter å ha ligget under 1-3, fortsatte dei å mane på, og fekk betalt for det til slutt.
Målscorere var : Sander (4), Mathias (1), Håvard (1), David (1).
Disse var med og gjorde ein kjempeinnsats: Håvard, Stig Arild, Adrian, August, Daniel, Sander, Mathias og David. "
120911Lite2.jpg)
Ny scoring: Tambar jublar for ny scoring i andre omgang i kampen dei vann 7-3.
|
09.09.11 Gutane fortset seiermarsjen
Trenar Svein Arne Nordheim seier dette om kampen:
" Tambar G11 møtte torsdagskvelden Førde 3 til bortekamp. Og som tidlegare kampar, ble det nok ein Tambar seier, denne gangen 8-3.
Første omgang er noko av det beste gutane har prestert i år, der dei kunne gå til pause med heile 8-1 i målprotokollen. Dei spelte på alle strenger, med aggresiv og offensiv fotball, flotte angrep, tett bakover og ein god keeper. Alt i alt, ein kjempeomgang.
Tambar klarte ikkje å følge opp i andre omgang, og lot Førde få komme meir med i kampen. Dette resulterte til at Førde fekk seg 2 scoringar, og kampen ebba ut med ein komfortabel 8-3 seier.
Målscorere denne gang var : Sander (5), Mathias (1), David (1), Daniel (1)
Status etter 9 kamper: 9 seiere, 0 uavgjort, 0 tap og heile 80-15 i målforskjell. "
|
24.08.11 Berre seierar for Tambar sitt G 11-lag

Tambar G11: Det vart nok ein seier til G11 då dei tirsdag kveld møtte Hyllestad til kamp.
Heller ikkje tirsdag kveld vart seiersrekka til Tambar Fotball sitt G11-lag brutt, då Hyllestad gjesta Naustdal stadion. Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Tambar G11 tok mandagskvelden imot Hyllestad til kamp på Naustdal stadion.
Etter å ha vunnet forrige kamp mot Hyllestad heile 15-2, trudde vel dei fleste at dette skulle bli total overkjøring. Og etter første omgang såg det nesten slik ut, sjølv om, i våre auge, Hyllestad virka bedre enn i første kamp.
Gutane gikk til pause med ein 7-0 ledelse, og det etter veldig mykje flott spel.
Andre omgang ble litt meir oppjaga, sjølv om gutane spelte seg til fleire store målsjanser. Kampen ebba ut med ein fortjent 9-0 seier, og gutane kan være svært fornøgde. Til tider flott spel på kantane, med påfølgande fine innlegg. Flott forsvarspel gjorde også til at Hyllestad knapt hadde ein einaste målsjanse.
Målscorere denne gang var : Håvard (2), David (2), Sander (2), Adrian (1), Daniel (1), Rodney (1).
Tambar G11 har no vunne 8 kampar av 8 mulige med ein målscore på 72-12. Kjempeflotte gutar med flott innsats, både på trening og på kamp. "
|
16.08.11 God hauststart for G11

Ny seier til G11: Tambar sitt G11-lag starta haustsesongen med seier.
Tambar Fotball sitt G11-lag gjekk vårsesongen med 6 seierer av 6 mulige, og starta haustsesongen der dei slapp før sommarferien då dei mandag spela borte mot Gaular. Trenar Svein Arne Nordheim ahr sendt oss denne rapporten frå lagets fyrste haustkamp:
" Tambar G11 tok mandagskvelden turen til Sande for å møte Gaular til første kamp i høstsesongen. Og gutane fornekta seg ikkje, det ble en overbevisande 8-4 seier, den 7 av 7 mulige i år.
Vi var litt spent på korleis dei ville reagere etter ei tøff turnering i Stryn i helga, men det såg ut som om den turneringa berre hadde gjort dei godt.
Etter at Tambar hadde startet kampen forrykende, med bl.a. eit tverrliggarskot, var det mot kampens gang at Gaular tok ledelsen. Den varte kun ei lita stund, for Tambar fortsatte å kjøyre på, og kunne gå til pause med ein knapp 3-2 ledelse.
Etter pause gikk Tambar raskt opp i ei 6-2 leieng, og etter det var dei egentlig aldri truet. Kampen enda 8-4, og ein heilt fortjent seier.
Fantastisk innsats av heile gjengen, der dei jobbet og sleit for kvarandre heile tida. Samtidig hadde Tambar gutane mykje fint pasningsspel. Alt i alt ein kjempekamp av gutane.
Målscorere denne gang var : David (4), Sander (3), Daniel (1) "
|
20.06.11 G11 og G12 avslutta vårsesongen med seierar

Avslutta med seier: Tambar Fotball sine Gut 12 vann 7-3 mot Førde 4, og tek no sommarferie.
Både Gut 11 og Gut 12 spela sin siste vårkamp torsdag, og begge tambarlaga kunne gå av bana med seier og mange scora mål.
Gut 12 hadde full kontroll på Førde 4, i ein kamp som vart spelt i flott sommarsol på Naustdal stadion. Heile 7-3 vann Tambargutane, der mange av spelarane dreg for å delta på Grodås Cup komande helg.
Gut 11 tok turen til Førde stadion sist torsdag, der laget nok ein gong kunne gå av bana med seie, den sjette av seks mulige. Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå vårens siste kamp:
" Tambar G11 besøkte ikveld Førde 4 til vårsesongens siste kamp. Og det ble nok en seier, denne gangen 8-2.
Kampen startet litt nervøst i sommervarmen, men etter litt fekk Tambar straffe, som ble kontant ekspedert i mål. Like etter økte Tambar til 2-0, og det såg ut til at Tambar hadde god kontroll. Men ei redusering skapte ny spenning i kampen, og til pause ledet Tambar med minst mulig margin,
2-1.
Andre omgang startet derimot forrykende, og i en god 5 minutters periode, økte Tambar til 5-1, og kampen var i realiteten avgjort. Etter en god andre omgang, endet kampen tilslutt 8-2 til Tambar.
Litt nervøs 1 omgang, men en meget god 2 omgang, og en seier som var fortjent.
Målscorere denne gangen var David (3), Mathias (2), Sander (2), August (1).
Tambar G11 har gjennomført ein svært god vårsesong, der dei har 6 seiere av 6 mulige. Til tider godt angrepsspel har resultert i hele 55 scoringer, og eit godt forsvar m/keeper har gjort til at Tambar kun har sluppet inn 8 mål. "
|
07.06.11 Gut 11 med nok ein seier

Scora mot Førde3: Mathias var ein av målscorarane då Tambar Fotball sitt G11 slo Førde3
i gårsdagens kamp på Naustdal stadion. Bildet er henta frå Kongleriket Cup 2010.
Trenar for Tambar Fotball sitt G11-lag, Svein Arne Nordheim, melder om ein skikkeleg slitekamp då gutane møtte Førde 3 til kamp på Naustdal stadion mandag kveld.
" Tambar G11 tok ikveld imot Førde 3 på Naustdal stadion. Kampen startet med litt nervøst spel, men etter kvart begynte Tambar G11 og spele seg til ein del sjanser, som tilslutt ga seg resultat i målprotokollen. Til pause sto det 2-0 til heimelaget, men Førde var frampå med ein del farlege visittar, og kunne fort ha hatt eit mål eller 2 med litt meir tur.
2 omgang startet med flott Tambar spel, men ballen ville ikkje i nota. Tvertom, var det Førde som scora og laga ny spenning i kampen. Etter litt stillingskrig, vart det likevel Tambar som scora det neste målet, og derfra og inn kontrollerte dei og øka ytterligare ein gong, slik at sluttresultatet blei 4-1.
Skikkelig slitekamp, men kjempeinnsats av alle gutane gjorde at Tambar G11 vant fortjent.
Målscorere var Mathias (1), Sander (1), David (1) og Adrian (1). "
|
24.05.11 Sander scora heile ni mål mot Hyllestad
.jpg)
Storseier: Tambar Fotball sitt Gut 11 med storseier mot Hyllestad.
Tambar Fotball sitt G 11-lag vann bortekampen mot Hyllestad på mandag kveld. Laget scora heile 15 mål, der Sander åleine stod for 9 av dei. Trenar Svein Arne Nordheim seier fyljande om den målrike kampen:
" Mandag reiste fotballgutane G11 til Hyllestad for å spele bortekamp. I eit usedvanlig dårleg vær, gjennomførte gutane ein svært bra kamp. Det var stort sett spill mot eit mål, og til pause sto det allerede 9-0 til Tambar G11.
Andre omgang blei prega av at det var kaldt og surt, så det helt store finspelet uteble. Men alikevel, ved kampslutt var dei kommet opp i 15-2.
Alt i alt, kjempeflott innsats av heile laget i eit særs dårleg vær.
Målscorere denne gangen var Sander (9), Daniel (2), Mathias (1), David (1), August (1) og Ingve-Rene (1). "
|
18.05.11 Spennande 16.mai-kamp på Naustdal stadion

16.mai-kampen på Naustdal stadion vart ein spennande affere då G11-laga til Tambar og Gaular møttes til dyst. I ein kamp som kunne bikka begge vegar, var det heimelaget som drog det lengste strået og kunne juble for seier. Ein nøgd Tambartrenar, Svein Arne Nordheim, har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Tambar G11 tok mandag ( 16 mai ) imot Gaular til kamp på Naustdal stadion. Og dette ble en kamp mellom 2 jevngode lag, der Tambar tilslutt trakk det lengste strået.
Etter at Tambar gutane låg under både 0-1 og 1-2, visste dei høg moral, fekk utlignet og kunne gå til pause med 2-2.
2 omgang startet med eit lite Tambar overtak, og endelig kunne gutane gå i føringen. Tambar økte til 3-2 og seinare 4-2. Då såg det ut som om Tambar skulle kontrollere inn, men den gang ei. Gaular reduserte til 3-4, og det ble hektisk på slutten. Men, Tambar gutane holdt ut, og kunne tilslutt juble for ein 4-3 seier.
Målscorere var Mathias (2), Håvard (1) og August (1). "
|
09.05.11 Tambar G11 overbeviste med nok ein 12-0 seier i kveldssola på Naustdal Stadion.
Tambar G11 spelte ikveld årets første heimekamp då dei tok imot Førde 4 på Naustdal Stadion.
Kampen ble spelt i eit flott sommervær, og gutane fornekta seg ikkje denne gangen heller. Det ble nok ein 12-0 seier etter at det sto 6-0 til pause.
Foruten at dei hadde mykje flotte kombinasjoner, jobber og kjemper Tambar gutane utrettelig kampen igjennom.
Alt i alt ein godt gjennomført kamp.
Målscorere denne gangen var Sander (5), Mathias (3), David (2), Eirik (1), Adrian (1).
05.05.11 Storseier i sesongstarten for G11

Bilde: Tambar Fotball sitt G11-lag.
G11 sin trenar, Svein Arne Nordheim, var nøgd med laget sitt på åpninga av årets sesong. Han har sendt oss denne rapporten:
" Tambar G11 startet idag sesongen med ein overbevisande 12-0 seier i bortekampen mot Førde 3.
Kampen startet med Tambar mål allerede etter 1 minutt, og etter det såg Tambar seg aldri tilbake. Tambar viste til tider flott spel, og hadde fleire flotte mål etter flotte kombinasjoner.
Tambar kunne gå til pause med ein komfortabel 7-0 ledelse. Etter kvilen tok dei foten litt av gasspedalen, men auka likevel til 12-0 som da også ble sluttresultatet. Alt i alt en feiande flott opning av sesongen.
Målscorere var David (5), Mathias (3), Adrian (2), Sander (1) samt eit sjølvmål. "
|
08.04.11 Gutar 11 testa formen mot Jølster

Gutar 11: Desse gutane speler på Tambar Fotball sitt G11-lag i årets sesong. Bildet er teke like
før gårsdagens treningskamp mot Jølster.
Tambar Fotball sitt G11-lag spelar i år i seriesystemet med terminfesta kampar kvar veke, i motsetning frå i fjor då kampane deira vart spelt på miniputturneringane. I går kveld testa trenarane ut laget i treningskamp mot Jølster, ein kamp Tambargutane kan være fornøgde med. Frå trenar Svein Arne Nordheim har vi fått fyljande rapport frå treningskampen:
" Tambar G11 vant torsdag kveld heile 9-1 over Jølster i ein treningskamp på Naustdal Stadion.
Etter ein litt famlande opning dei første minuttane, tok Tambar tak i kampen, og kunne gå til pause med ein 5-0 ledelse.
Andre omgang starta mykje som den første, men Tambar visste seg som totalt overlegne, og kunne til slutt innkassere ein fortjent 9-1 seier.
Ein god gjennomføring med tanke på at det er første gangen dei spelar 7-ar fotball.
Målscorere var: Mathias (2), Sander (2), Adrian (2), Rodney (2) og David (1). "
|
|
|