| |
SESONGEN 2011
23.09.11 G12 spelte uavgjort mot Tempo

God kamp: Tambar Fotball sitt G12-lag spelte torsdag kveld 2-2 og uavgjort mot Tempo. På bildet
ser vi Aleksander og Elias som prøver å stoppe ein Tempospelar.
G12-laget spelte ein god kamp på Naustdal stadion torsdag kveld då laget spelte uavgjort mot Tempo.
Tambargutane tok leiinga i kampen etter omlag 10 minutters spel, då Elias fekk fulltreff på langskotet sitt som var utagbart for Florøkeeperen. Sjølv om heimelaget jobba godt mot eit til tider velspelande bortelag, kunne dei ikkje ungå at Tempo var frampå og utligna nokre minutter før pause.
Tidleg i andre omgang gjekk på ny Tambar opp i leiinga, då eit hjørnespark gjekk i Tempomålet etter å ha vore innom ein Tempogut. Men også i denne omgangen kom Tempo tilbake, og utligna til 2-2, noko som heldt seg kampen ut.
|
09.09.11 Resultat kampar torsdag kveld

God kamp, trass tap: Tambar Fotball sine G12 gutar spelte ein god kamp, men måtte alikevel
returnere frå Florø med tap. Bildet er henta frå ein kamp tidlegare i haust.
G 12: God kamp trass tap
Tambar Fotball sitt G12-lag spelte ein god bortekamp mot Florø torsdag kveld, sjølv om laget måtte returnere til Naustdal med tap.
Etter ein jamnspelt start på fyrsteomgangen, tok Tambar meir og meir komandoen ute på kunstgraset i Florøhallen. Og det var fullt fortent då Sivert scora kampens fyrste mål og tok Tambar opp i ei 1-0 leiing. Tambar hadde i denne perioden mange sjanser til å auke leiinga, men istadenfor var det Florø som på konting kunne sette utligningsmålet bak Tambarkeeper Markus.
Tambargutane fortsette det flotte spelet sitt også etter at vertane hadde fått si utligning, noko som gav resultat. Og nok ein gong var det Sivert som var frampå og sette ballen sikkert bak Florøkeeperen. Tambarleiinga heldt seg omgangen ut, og laga gjkk til pause med 2-1 til Tambar.
I starten av andreomgang sleit Tambarlaget noko meir med pasningane og bevegelsene vart ikkje så god som i fyrste omgang. Dette gjorde at Florø fekk styre spelet mykje meir, der heimelaget scora tre gonger på kort tid.
Med eit glitrande angrep og ei flott scoring frå Jesper, reduserte Tambar til 3-4 og det var nok ein gong spenning i kampen. Tambar var stadig frampå og gjorde livet surt for Florøkeeperen, men utan teljande resultat. På motsett ende av bana vert det derimot utteljing, då Florø scorar ytterliggare to mål og går opp i 6-3 leiing.
Aleksander scora Tambar sitt fjerde og siste mål i kampen då han skyt hardt til side for Florøkeeperen, etter nok eit flott angrep av Tambarlaget. Og etter at Florø scorar sitt sjuande mål for kvelden, endar kampen 7-4 til heimelaget.
Markus, Samson, Martin, Jesper, Thomas, Aleksander, Jakob og Sivert gjorde alle samen ein god jobb på bana denne kvelden. Særleg fyrste omgang var god, men også i andre omgang spela laget mykje bra fotball.
|
18.08.11 God kamp av G12 då dei slo Florø 10-1

Scora ekte hat-trick: Aleksander scora tre mål på rappen i fyrste omgang då Tambar Fotball sine
G12 slo Florø 1 med heile 10-1 i kveld. Her ser vi Aleksander i ferd med å lage klar skuddfoten,
medan Tambarspelarane Samson og Martin fyljer spent med.
Tambar Fotball sitt G12-lag fekk ein god start på haustsesongen då dei laga målfest mot Florø 1 på Naustdal stadion i kveld. Ein nøgd trenar, Jan Inge Rygg, har sendt oss fyljande rapport frå kveldens kamp:
" Gutar 12 hadde i kveld første kamp etter sommarferien. Ein del av spelarane har trena bra i sommar slik at trenarane hadde håp om ei bra åpning på haustsesongen. Dei av spelarane som har vore ivrigast på trening i ferien fekk også starte kampen.
Tambar åpna kampen friskt med høgt press og bra spel og spelte seg til mange sjansar dei første 15 minutta utan at ballen ville i mål. 4 langskot gjekk i stanga og fleire store sjansar måtte brennast før Aleksander fann ut korleis dette skulle gjerast. Han putta på med ekte hat-trick slik at Tambar kunne gå til pause med ei fin 3-0 leiing.
Etter pause fekk FSK eit trøstemål, før Tambar tok kontroll på kampen igjen med 7 nye scoringar. Publikum fekk sjå ein skikkeleg Samson-kanon, og flotte mål av Eirik, Daniel (2), Sivert, Jesper og nr 4 for Aleksander. Kjekt at såpass mange fekk teikne seg på scoringslista. Forsvaret med Eirik, Martin og Markus gjorde ein god jobb og hadde god kontroll på angrepsspelarane til Florø.
Markus fekk prøve seg i mål i 2 omgang og hadde mange fine redningar og var flink til å sette spelet i gang. Kjekt at Thomas kan få litt avveksling og prøve seg på midtbana, der han brukte farten sin til å komme rundt på kanten og legge fleire målgjevande pasningar.
Kampen var prega av god og positiv stemning. Kjekt å høyre at det er så god tone mellom spelarane. "
Skopuss: Etter kvar skuring fekk målscorarane ei ekstra oppmerksomheit med skopuss av
lagvennene. Her er det Martin som "pusser" god-skoen til Samson etter ei fin scoring.
Sjå bilder frå kampen
|
20.06.11 G11 og G12 avslutta vårsesongen med seierar

Avslutta med seier: Tambar Fotball sine Gut 12 vann 7-3 mot Førde 4, og tek no sommarferie.
Både Gut 11 og Gut 12 spela sin siste vårkamp torsdag, og begge tambarlaga kunne gå av bana med seier og mange scora mål.
Gut 12 hadde full kontroll på Førde 4, i ein kamp som vart spelt i flott sommarsol på Naustdal stadion. Heile 7-3 vann Tambargutane, der mange av spelarane dreg for å delta på Grodås Cup komande helg.
Gut 11 tok turen til Førde stadion sist torsdag, der laget nok ein gong kunne gå av bana med seie, den sjette av seks mulige. Trenar Svein Arne Nordheim har sendt oss denne rapporten frå vårens siste kamp:
" Tambar G11 besøkte ikveld Førde 4 til vårsesongens siste kamp. Og det ble nok en seier, denne gangen 8-2.
Kampen startet litt nervøst i sommervarmen, men etter litt fekk Tambar straffe, som ble kontant ekspedert i mål. Like etter økte Tambar til 2-0, og det såg ut til at Tambar hadde god kontroll. Men ei redusering skapte ny spenning i kampen, og til pause ledet Tambar med minst mulig margin,
2-1.
Andre omgang startet derimot forrykende, og i en god 5 minutters periode, økte Tambar til 5-1, og kampen var i realiteten avgjort. Etter en god andre omgang, endet kampen tilslutt 8-2 til Tambar.
Litt nervøs 1 omgang, men en meget god 2 omgang, og en seier som var fortjent.
Målscorere denne gangen var David (3), Mathias (2), Sander (2), August (1).
Tambar G11 har gjennomført ein svært god vårsesong, der dei har 6 seiere av 6 mulige. Til tider godt angrepsspel har resultert i hele 55 scoringer, og eit godt forsvar m/keeper har gjort til at Tambar kun har sluppet inn 8 mål. "
|
26.05.11 Knepent tap for Tambar mot Florø 2 i kveld
 Lite.jpg)
Målsjanse for Tambar: Tambar pressa på i andre omgang og kom til mange sjansar. Her ser vi
Elias Rognebakke framfor Florømålet, der gjestane klarte så vidt å avverge mål. Bak Elias ser
vi Samson Vonen.
G 12-laget til Tambar Fotball åpna friskt i kveldens kamp mor Florø 2 på Naustdal stadion. Allerede etter eit minutt gjekk laget opp i 1-0 leiing. Og ikkje mange minuttane etter var Tambar frampå igjen med ei ny scoring og 2-0 til heimelaget.
Men lufta hadde absolutt ikkje gått ut av Florølaget sjølv om Tambar hadde fått ein pangstart på kampen. Laget frå kystbyen reduserte kjapt to gonger midtvegs i omgangen, og med to nye mål hadde Florø 2 snudd kampen og og kunne gå til pause med ei 4-2 leiing.
I andre omgang åpna Tambar friskt og la eit godt press på Florølaget. Laget spela fin fotball med mange gode kombinasjoner og kom etterkvart til mange sjansar framfor målet til gjestane. Og det var heilt fortent at laget etter omlag 10 minuttar ut i omgangen reduserte til 3-4.
Tambargutane såg no muligheiten for fleire mål, og hadde no eit godt tak på Florø. Tambar rulla opp det eine angrepet etter det andre, men Florø tetta godt att i forsvaret og gjorde det vanskeleg for Tambar å få ballen i mål. Istadenfor mål og utligning til Tambar,var det Florø som kunne sette den avgjerande scoringa då laget fekk tråkla seg gjennom Tambarforsvaret og sette ballen bak Thomas i Tambarburet.
Dermed enda kampen med 5-3 seier til gjestane frå Florø, der begge lag spelte mykje fin fotball. Tambarspelarane gjorde ein god jobb ute på bana, der samtlege kjempa og gav alt for laget. Florø 2 var eit godt lag med mange gode spelarar, og spesiellt den einaste jenta på bana i kveld, Elise Stenevik, har mange gode kvalitetar og spelte ein god kamp.
Måla til Tambar vart scora av Elias Rognebakke (2) og Jesper Tommassen.
EliseStenevik.jpg)
Elise Stenevik
Fleire bilder frå kampen kan du sjå her.
|
05.05.11 Storseier i sesongstarten for G12 i kveld

Bilde: Tambar Fotball sitt G12-lag.
Gutar 12 hadde sesongens fyrste kamp i kveld, og laget fekk ein god start med mange mål. Frå trenar til G12, Jan Inge Rygg, har vi fått denne rapporten:
" Tambar G99 har i dag vore i Florø og spelt kamp mot Florø 1. Kampen gjekk innandørs i Florahallen. Dette var første seriekamp for laget som har hatt treningskampar mot Eikefjord 2 gonger (2 sigrar) og 2 kampar mot Jølster (seier og uavgjort).
Sidan vi var heile 12 spelarar vart det ein del bytte i kampen, noko som er ei utfordring for utolmodige karar. Likevel presterte laget svært bra med mykje fint spel og gode kombinasjonar. Forsvarspelet fungerte også godt med ei hardt arbeidande midtbane og eit sikkert forsvar. Mange fine mål vart det og. Til pause leia vi 6-2. I andre omgang vart det enda fleire mål slik at kampen enda fortjent 13-2 til Tambar.
Desse var med på kampen; Thomas, Ole Andre, Martin, Markus, Eirik, Sivert (1 mål), Samson (1 mål), Jakob, Elias (5 mål), Jesper (2 mål), Marius (4 mål) og Daniel.
Jan Inge og Oddvar var fornøgde med ein godt gjennomført kamp. "
|
12.04.11 Gutar 12 vann treningskamp i nye drakter

Gutar 12: Tambar Fotball sitt G12-lag spelte i kveld treningskamp i nye drakter.
Tambar Fotball sitt G12-lag hadde pynta seg i nye, fine spelardrakter då dei i kveld tok imot Eikefjord sine 12 åringar til treningskamp på Naustdal stadion.
Det viste seg fort at Tambarlaget vart eit nummer for store for Eikefjordgutane, og kampen enda til slutt med heile 14-1 til Tambar.
|
|
|