| |
Kampar sesongen 2010
03.09.10 Sara, Vilde, Rebekka, Annika, Lena, Jenny, Elly, Johanne, Thea og Hanna vann 6-0

Refferat frå trenar Espen Langedal:
Vi stilte med fullt lag i dag mot Jølster.
Etter femten sekund får vi ein corner som Hanna slår hardt inn på første stolpe. Der står Thea og Lena som prøvar å krangle ballen i mål før den til slutt hamnar hos Elly som trillar ballen ned i det høgre hjørnet til 1-0. Raskaste scoringa i år!
Jentene held fram med å trykke på. Elly prøvar seg frå distanse to gangar, men begge forsøka går utanfor.
Rebekka vinn ballen i duell med ei jølsterjente før ho sender ballen nydeleg igjennom midten til Johanne som kjem aleine med keeper og doblar leiinga. 2-0.
Forsvaret i regi av Vilde og Rebekka stoggar det som kjem ifrå lettbeinte jølstringar, noko som fører til at Sara i målet har særs lite å gjere i innleiinga.
Jenny er nærme på å score etter at ho vinn duellen mot oppassaren sin. Men uegoistisk prøvar ho å nå Hanna med ein pasning som diverre blir snappa opp. Om ho hadde testa skotfoten sin, så hadde ho truleg kome med i målprotokollen.
Det er dei gule som vil mest. Etter halvspela omgang får Elly tre sjansar. Alle gode ting er tre. 3-0.
Sara er vaken ved to høve då Jølster sin raske spiss blir spela fri. Ho er der først med både nevar og bein. Tambar driv masseproduksjon av sjansar til stor begeistring for eit særs engasjert publikum som lagar god stemning. 3-0 står seg til pause.
Det er ikkje stort å rette på i pausen då det einaste som manglar er effektivitet. Det er kjekt å stå på sidelinja og sjå på.
Dei gule startar friskt etter pause, og blir tildelt eit utal cornerar og hjørnespark som fører til mange store sjansar. Men igjen så sløsar ein bort mang ein sjanse. Då er det godt å ha eit botnsolid forsvar.
Johanne kastar ballen i beina på Elly som frå femten meter heilt ute ved sidelinja på venstresida sender ballen i ein herleg boge over keeper til 4-0.
Annika er også så nærme, så nærme kort tid etter 4-0-scoringa, men ballen vil ikkje på innsida av stolpen.
5-0 kjem etter ein corner frå Johanne der Hanna er tøffast i boksen. Ho gjer ingen feil og bankar inn det femte målet som gjer at Jølster får setje inn ein ekstra spelar.
Sjølv om naustdalsjentene er i undertal ute på bana held dei fram med å storme i angrep. Lena treff stolpen før ho går rett i bakken og sklir ut or bana. I det neste angrepet er det Johanne-show. Ho driblar halve laget til Jølster før ho klemmer til med eit langskot som treff stolpen.
Elly fastset sluttresultatet til 6-0 med ein ny frekkis av ein lobb frå distanse.
Thea får ein kald og keisam andreomgang i mål der det altså ikkje blir så altfor mykje å gjere.
Neste kamp er 9. september på Slåtten skule mot Førde 1. Den påfølgjande laurdagen, 11. september, er det Førde Cup Utandørs.
Neste heimekamp er 16. september mot Førde 2 som vi har ei høne å plukke med etter 1-4 og 3-3 tidlegare i år.
Herleg innsats i dag, jenter. Treningsfri på fredag. God helg.
Desse var med: Sara, Vilde, Rebekka, Annika, Lena, Jenny, Elly, Johanne, Thea, Hanna
|
26.08.10 Tambar - Svelgen 8-0
Refferat frå trenar Espen Langedal:
Med Rebekka i bowlingbursdag, og Johanne sengeliggjande med influensa hadde vi berre éin innbytar til den første haustkampen på Naustdal stadion. Mentalt hadde jentene vunne 15-0 før kampen starta då førre møte med Svelgen før sommarferien enda med tolvmålssiger. Det har vist seg så mange gangar før at med ei slik innstilling kan ein fort gå på ein smell, men særleg spanande blei det aldri denne gangen heller.
Opninga er noko slapp, og det er lite samhandling i laget, noko som fører til at dei første minutta er mindre interessante. Men så, ti minutt ut i kampen vinn Hanna ballen høgt i bana. Ho sender ballen igjennom til Elly som scorar, og fører oss opp i føringa, 1-0. Like etter doblar Annika leiinga. 2-0!
3-0 kjem etter eit flott angrep der Annika kjem seg laus på høgrekanten. Ho løftar blikket og ser Elly i si vante sentrale midtbanerolle. Ballen tek ein snartur innom foten til Elly før den ligg i nettmaskene bra Svelgen-keeperen. Vi vinn ballen igjen med ein gang Svelgen tek avspark. Lengst framme har Hanna lurt seg vekk ifrå oppassaren sin og prikkar inn 4-0.
Rett før pause rullar Tambar-jentene opp eit nytt angrep. Omtrent alle jentene er innom ballen før Elly sett inn 5-0, som står seg til pause.
Til tross for ei komfortabel femmålsleiing til pause verkar det for at jentene ikkje er heilt nøgde med førsteomgang. I store periodar blir det til at medspelarane står og ser på den jenta som har ballen. Og slikt blir det sjeldan godt spel av. Vi blir samde om å springe meir enn det som var tilfellet den første halvtimen.
Andreomgang startar mykje betre enn det den første gjorde. Jentene rullar opp sjanse etter sjanse. Vi har avslutningar på keeper, stolpeskot og får fleire sjansar blokkert av det tette svelgenforsvaret som no består av sju utespelarar pluss keeper.
Elly blir den første til å teikne seg på scoringslista også etter pause då ho sender ein markkrypar i mål bak ein utspela svengenkeeper. 6-0.
Like etter får vi frispark i Johanne-posisjon, men sidan ho ligg heime er det lite hjelp å få i ho. Elly tek frisparket og bankar det like så godt over muren og i mål. 7-0.
8-0 kjem på eit flott langskot. Elly sitt sjette for dagen.
Jentene viser større engasjement den siste halvtimen, og spelar betre fotball sjølv om Svelgen spela med ein spelar meir (som følgje av at vi leiar med femmål). Det er kjekt å vere tilbake på vinnarsporet etter ein ubehageleg visitt til Byrkjelo førre kamp. We’re back on track!
Desse var med: Thea Sofie, Sara, Annika, Vilde, Jenny, Hanna, Elly, Lena
|
19.08.10 Tap for J12 mot Breimsbygda

Bortetap: Tambar Fotball sitt J12-lag måtte reise heim frå bortekampen mot Breimsbygda med
tap. Bildet av laget er teke på årets Grodås Cup.
Refferat frå trenar Espen Langedal etter kveldens kamp mot Breimsbygda:
Etter årets lengste tur, til Breimsbygda, vendte vi heim tomhendte. Det blei tap med siffera 8-4.
Naturlegvis var det Breim som opna sterkast på graset i bygda, og kom tidleg i leiinga med to scoringar på rappen. Graset er uvandt for oss, men litt etter litt kjem vi meir med i kampen. Tambar svarar med eit mål kreditert Lena som snappar ein retur frå keeper etter skot frå Elly. Ho lurer av ein forsvarar og bankar ballen i mål til redusering 2-1.
Spelet bølgjar fram og tilbake, men det er Breim som får nettkjenning. Først 3-1, og så 4-1 før dommaren bles av første omgang.
I pausen er det naturlegvis stor frustrasjon blant jentene som føler seg urettferdig behandla som følgje av haldningar som er nemnd i første avsnitt. Dommaren blir bevisstgjort på dette, men det skal vise seg at lite endring skjer den neste halvtimen også. Vi blir einige om å uansett gje 110%.
Breim går opp i 5-1 før Johanne reduserer til 5-2 med venstrefoten. Elly sett inn 5-3, og jentene tenner eit håp om poengdeling i det minste. Men dei storvaksne bøndene vil det annleis. Vi får 6-3, 7-3 og 8-3 i fleisen før Elly på ny reduserar til 8-4 kort tid før slutt.
Om ikkje resultatet er noko å rope høgt hurra for, så kan jentene vere stolte over måten dei oppførte seg på både under og etter kamp. Og at dei gjer så godt dei kan. Til trass for tap, og mykje juling stiller samtlege jenter opp til å takke for kampen.
Det må vere lov å gje beskjed når ein føler seg kraftig urettferdig behandla. Sure oppkast eller ei, med Tambarskjelvar J12 skal alle fakta på bordet.
Neste kamp er heime mot Svelgen 26. august kl 18:00.
Desse var med: Sara, Thea Sofie, Hanna, Rebekka, Vilde, Elly, Johanne, Jenny, Annika, Lena
|
15.08.10 Målrikt mot Førde 2 i utsett kamp

Elly var ein av målscorarane mot Førde 2.
Refferar frå trenar Espen Langedal:
Den utsette vårkampen mellom Førde 2 og Tambarskjelvar vart avvikla torsdag 12. august på Slåtten skule. Forveksling og dobbeltbooking av bana gjorde til at vi fekk varme opp i heile fem minutt før kampen vart blese i gang.
Kampen er tre minutt gammal når Førde får prikka inn 1-0. Tambarjentene er ikkje komne heilt ut av feriemodus enno verker det for.
To minutt seinare doblar Førde leiinga si etter ein teljefeil der ei førdejente får stå umarkert på bakarste stolpe. 2-0.
Etter dette vaknar udyret i naustdalsjentene, og sjansane kjem på rullande band. Vi får eit hjørnespark som Johanne slår inn i boksen. Elly får tatt ned ballen, rundar ein forsvarar og puttar ballen i nettet. Vi har redusert! 2-1!
Utlikninga kjem i det neste angrepet då Johanne får kriga ballen i mål etter at keeperen til Førde gjer ei dobbeltredning. Ein førdeforsvarar er først på returen, men Johanne vinn att ballen, og lukkast på sitt tredje forsøk! 2-2.
Thea skapar spenning ved å gi retur på ein enkel ball som ho berre kunne plukka opp med nevane, men følgjer opp med ei kjemperedning på den påfølgjande returen.
Vi gjer nokre omrokkeringar og set Lena fram på midtbana, noko som gjev utteljing med ein gang. Rebekka spelar igjennom Lena som fossar forbi forsvararane og set ballen ned i høgre hjørnet. Vi har snudd kampen og leiar! 2-3.
Lena får sitt mål nummer to på like mange minutt, då ho på halvvolley bankar ballen høgt i mål, til sides for keeper. Fire mål på rappen, og det er plutseleg vi som leiar kampen med to mål!
Elly har også eit knallhardt skot som treff krysstolpen, og sprett ut igjen. Vi blir snytt for verdas klaraste hjørnespark når dommaren dømmer utspark frå mål etter at førdekeeperen fomlar ballen over dødlinja. J
Dommaren bles av første omgang, og begge laga tek ei velfortent pause i den steikande sola.
Om førsteomgang kan tildelast Tambar, må Førde få den andre. Dei har mange gode angrep, men takka vere Thea og stolpen står resultatet seg til det er att fem minutt av kampen. Då scorar Førde først etter at vi ikkje får klarert ballen ifrå forsvaret. 3-4.
Utlikninga til 4-4 kjem etter eit hjørnespark. Kampen ebbar ut, det ender 4-4. Eit rettferdig resultat i ein fair og jamspela kamp.
På sidelinja stilte vi mann- og kvinnesterke. Engasjementet rundt laget har alltid vore framdragande. Vonar dette held fram utover hausten!
Desse var med: Thea Sofie, Annika, Vilde, Sara, Rebekka, Lena, Johanne, Elly, Hanna
Neste kamp er borte mot Breimsbygda torsdag 19. august med kampstart kl 18:00. Dugnadsliste for haustsesongen (køyring og kiosksal) vil vere på plass til mandagstreninga.
|
24.06.10 Espen,Tina og Soffen nøgd med Grodås Cup

Tommel opp: Trenarar og lagleiar for J98 er godt nøgd med sist helgs Grodås Cup.
Trenarane for Tambar Fotball sitt J98, Espen Langedal og Tina Alisøy, samt lagleiar Solfrid "Soffen" Bygstad, er godt nøgd med laget i si deltaking på sist helgs Grodås Cup.
" Tambarskjelvar J12 var eitt av seks lag som deltok på Grodås Cup helga 18. til 20. juni. J12 var representerte ved ti spelarar, to trenarar, ein oppmann og mange tilreisande foreldre som heia fram superjentene sine.
Fredagen gjekk med til å gjere seg kjend med området, og å setje seg i respekt overfor Førde sine smågutar som budde på rommet ved sidan av oss. På kvelden gjekk det i kortspeling heilt til klokka blei mykje og augelokka tunge.
Larudag stod vi opp seint, og åt lapskaus-lunsjen til frukost. Den første kampen spela vi mot Førde 4 der jentene fekk eit gjensyn med Kristiane som flytta til Førde tidlegare i år. Kampen opna bra for vår del. Tambarjentene var flinke til å utnytte breidda, og til pause leda vi 3-0. Kristiane hadde eit skot i tverrliggaren, og eit skot som Sara redda meisterleg. I andreomgang scora begge lag to mål, slik at sluttresultatet vart 5-2. Måla våre vart sett inn av Elly (3) og Johanne (2).
I den andre kampen fekk vi eit gjensyn med gamle kjenningar frå seriespel dei siste to sesongane: Førde 1, som vi i dei tre føregåande møta har sigra mot. Men cup er cup, og på grasbana i Hornindal var dei meir aggressive enn oss, og var det beste laget før sidebyte. Etter kvilen (på vel 20 sekund) kjem vi meir med og tek etter kvart over banespelet så smått. To gode målvakter sørgjer for at det blir 0-0, eit rettferdig resultat der kvart lag har sin omgang.
Klokka 14:00 var vi ferdig med laurdagskampane våre. Dermed bar det til butikken for å handle inn sukkerhaldige forsyningar som skulle vare til langt på kvelden, ja kanskje heilt til søndagen faktisk.
På kvelden var grilling, fotballkamp på storskjerm og filmframsyning nokre av tilboda som jentene nytta seg av.
I den første kampen på søndag fekk vi ein instruksjon i drittsekk-fotball frå lokallaget Hornindal. Store fysiske nordfjordingar som sparka, kleip, slo og heldt i våre gul-svarte trøyer var ikkje noko stas. Johanne for eksempel blir sparka ned utan å eingang vere i nærleiken av ballen! Vi tapte kampen 1-3, og telte blåmerker og skrubbsår etter kampslutt. Elly scora målet vårt etter at ho vart spela igjennom på høgrekanten etter ein pasning frå Jenny. I duell med fleire raudtrøyer får ho krangla ballen over streken til redusering 1-3.
I staden for å henge med hovudet etter tap i førre kamp, bestemmer vi oss for å la aggresjonen gå utover Loen i den neste kampen. Tambar er på hogget heilt ifrå start av og får 1-0 etter at Elly kastar til Thea som let ballen sprette ein gang før ho bankar ballen opp i høgre kryss. Hanna doblar leiinga rett før pause etter at ho er først på eit innlegg. I andreomgang reduserar Loen før Johanne blir ekte hat-trick hero med tre scoringar på rappen. Vi vinn 5-1 i ein fair kamp.
I siste kamp mot Stryn blir det 0-0. I førsteomgang bølgjar spelet begge vegar, men vi har dei største sjansane. Elly blir spela fram til to store sjansar som Stryn-keeperen reddar. Etter pausen mister Elly pusten og må ut. Stryn kjem meir inn i kampen, men Thea og treverket sørgjer for at heller ikkje Stryn skal få noko å juble for. 7-aren på Stryn har tre skot i stolpen.
Desse jentene var med: Thea Sofie, Vilde, Annika, Rebekka (med gips!), Lena, Johanne, Jenny, Hanna, Elly og Sara.
Oppførselen til jentene har vore upåklageleg både på og utanfor bana. Det er ein fantastisk flott gjeng vi har med å gjere. Vi vel å tru at alle har hatt ei flott helg som berre er innleiinga på ein flott og innhaldsrik sommarferie. "
Med beste helsing
Espen, Tina og Soffen!
|
12.06.10 Ny seier til Espen`s jenter

Ny seier: Ein nøgd trenar for Tambar Fotball sitt J12, Espen Langedal, kan konstantere at laget
fekk ein ny seier på torsdag.
Torsdag kveld tok Tambar Fotball sitt J12-lag imot Førde 1 på Naustdal stadion. Trenar for laget, Espen Langedal, har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Jentene held fram med å spele god fotball og er framleis på vinnarsporet. I kveld vart Førde 1 slege 4-3 på Naustdal Stadion. Thea har sett kursen mot Syden medan Hanna og Jenny oppheld seg for tida på Instedalen ilag med klassekameratane sine. I deira fråver lånte vi med oss Lena, Rebekka og Marie Emilie (alle fødd i 2000). Dei viste inga nåde og trødde til i duellane mot to år eldre motstandarar.
Vi opnar godt og kjem til mange store sjansar i opningsminuttane, men Førde-keeperen og treverket hindrar oss gang på gang i å ta leiinga. Midtbana vår er mykje meir aggressiv og legg ned meir innsats enn Førde-spelarane noko som gjer at vi dominerer banespelet innleiingsvis.
Etter kvartert lausnar det for Tambarskjelvar og Elly som sender oss opp i leiinga 1-0.
Tambar held fram med å presse, og kort tid seinare har Elly dobla leiinga vår til 2-0 med eit godt skot på volley som smett inn under tverrliggaren.
Tempoet dabbar av litt etter at vi har gått opp i tomålsleiinga. Førde reduserer til 2-1 etter eit frispark som blir slått får eigen banehalvdel. Ballen får ein ekkel sprett og smett inn forbi Annika som vikarierar for Thea.
Jentene verkar no litt slitne, og Førde slepp meir inn i kampen. Rett før pause bryt Førde eit Tambar-angrep og stormar framover i eit angrep som resulterar i utlikning til 2-2.
Pause.
I kvilen er jentene klare på at denne kampen skal vinnast! Begge baklengsmåla vi fekk i fleisen kunne vi like godt vore forutan. Stikkordet er uflaks. Marie Emilie konkluderar med at vi scora begge våre mål då det var lett yr i lufta. Elles var førsteomgangen prega av sterk sol og god temperatur. Ei sky dekkar for sola, og Tambar-jentene gjer seg klare for andreomgang! Sara tek på seg keeperhanskane, og Annika tar forsvarsposisjonen som Sara hadde den første halvtimen.
Andreomgangen sett i eitt er meir jamspelt enn den første. Begge lag er farleg frampå ved fleire høve. Men dei gule er meir på hogget enn byjentene, og no byrjar det så smått å regne igjen…
Ti minutt ut i omgangen sender Johanne oss på ny opp i leiinga etter at ho får avslutta frå kort hald etter litt klabb og babb i feltet til Førde. 3-2.
Dagens frekkas kjem ti minutt før slutt då Elly har drege seg fri på venstrekanten og slår inn til Johanne som frå 13 meter bankar ballen hardt opp i det høgre krysset på direkten. 4-2! Kjempescoring.
På overtid kontrar Førde, og reduserar til 4-3 som også blir sluttresultatet.
I løpet av kampen produserer vi kilovis med sjansar, og på sidelinja går det snikksnakka om at jentene tidvis spelar god angrepsfotball. Agree! Dette var nok ein herleg lagsiger der alle spelarar bidreg til at vi står att som det sigrande laget. Forsvaret vårt
Marie Emilie spelar sin første kamp ilag med oss og går respektlaust til verks der ho krigar godt mot to år eldre motstandarar. Lena og Rebekka leverer også nok ein god kamp, og viser at småjentene ikkje er nokon å kødde med.
Igjen er det veldig bra oppmøte på stadion med mange foreldre som støttar superjentene. Stemninga er god både på og utanfor bana, noko som bidreg til Dette var siste heimekamp før Grodås Cup og sommarferien. Neste torsdag har vi eit tap å revansjere mot Førde 2. Vi sjåast på Naustdal Stadion til hausten. "
Desse var med: Annika, Vilde, Sara, Elly, Johanne, Lena, Marie Emilie og Rebekka.
Målscorarar:
1-0 Elly
2-0 Elly
3-2 Johanne
4-2 Johanne
|
03.06.10 Lillejenter 12 med seier mot Jølster

Bilde: Hanna laga eit mål då Lillejentene 12 til Tambar Fotball slo Jølster.
Trenar Espen Langedal har sendt oss denne rapporten frå jentene sin kamp i kveld:
" Lillejentene held fram på vinnarsporet. I kveld gjekk turen til kunstgrasbana på Vassenden der Jølster venta. Med tre scoringar, og ingen baklengs kunne vi returnere frå Jylst med eit smil om munnen. Til tross for resultatet var det eigentleg ein veldig jamspelt kamp der begge lag hadde plenty med sjansar. Det første møtet med Jølster tidlegare i år gjekk vi også sigrande utav med 5-3 i Naustdal.
Kampen startar litt rotete med mange individuelle prestasjonar, og ingen av laga kjem til nokon særleg store sjansar før ni minutt har gått. Då har Johanne spela fri Elly ute til venstre som dreg seg forbi oppfølgjaren sin og set ballen i stolpen. Hanna er først på returen og sklir ballen i mål med venstrebeinet! Vi er i føringa, 0-1!
Etter scoringa bølgjar det fram og tilbake. Spissen til Jølster er rask, og blir spela igjennom ved to høve. På første forsøk set ho ballen i stolpen, og Sara plukkar returen. På det andre gjennomspelet dreg Sara fram ei god redning som gjer at vi held på leiinga.
Vi taper uvanleg mange duellar den første halvtimen, og tenningsnivået er ikkje heilt der det har vore tidlegare. Men som alltid kjem vi til mange sjansar. Det er ikkje berre Sara som gjer ein god omgang. Jølster-keeperen har også mange redningar som avgrensar scoringskontoen vår.
Til pause er stillinga Jølster – Tambarskjelvar 0-1. Jentene verkar litt forskrekka over at dei berre har scora eitt mål, og at Jølster spelar langt betre enn kva som var tilfelle førre gang. Vi blir einige om å heve spelet etter kvilen, noko som jentene har gjort ved fleire høve så langt i år. Thea tek på seg keeperhanskane, og Sara tek plass i forsvaret.
Andre omgang startar slik som den første slutta. Laga angrip annakvar gang, men keeperane held fram med å gjere jobben sin.
Det går tolv minutt av andreomgangen før vi får doblar leiinga, og det gjer vi på meisterleg vis. Thea spelar ballen til Elly som står umarkert på venstresida. Ho tek med seg ballen og fossar forbi ei Jølster-jente, spelar vegg med Annika og avsluttar i nærmaste hjørne. 0-2!
Kor tid seinare gjer Thea ein kopi av Sara då ho stoggar Jølster sin angripar som på ny er åleine igjennom.
Det skiftar raskt i fotball, og i det neste angrepet blir Elly på ny spela fri på venstresida etter ein god crosspasning frå Johanne. Elly avsluttar i korthjørnet. 0-3!
Tambarjentene fungerar langt betre som eit lag den siste halvtimen og tek ein ny flott siger mot eit godt Jølster-lag. Igjen gjer forsvaret ein god innsats ved å bryte spelet til grøntrøyene mange gangar, og dei gangane det glipp, ja, då har vi Sara og Thea som avverjar. Gratulerer med sigeren.
Også i dag har vi med oss ein debutant, nemleg Rebekka Frammarsvik, lislesøstera til Sara, som har litt nervar før kamp. Men det tek ikkje lang tid før ho blir varm i trøya, og ikkje ønskjer å bli byta ut. Det er kjekt å sjå at det spirar og gror i ungdomsrekkene også på jentesida i Naustdal."
Desse var med: Sara, Jenny, Vilde, Annika, Elly, Thea, Hanna, Johanne, Rebekka
Målscorarar:
0-1 Hanna
0-2 Elly
0-3 Elly
|
28.05.10 Jenter 12 med storseier mot Svelgen
2010Lite.jpg)
Bilde: Tambar sitt lillejentelag, J12, med målteft i Svelgen.
Trenar Espen Langedal oppsummerer kampen på torsdag kveld slik:
Med ni spelelystne jenter hadde vi teke turen til industribygda innarst i Nordgulen for å måle krefter med Svelgen. Vårt første møte med den nye kunstgrasbana deira var aldri nokon thriller, og vi kunne returnere med tolv plussmål.
Tambarjentene tek initiativ ifrå første spark på ball, og Elly skyt hardt på keeper som må gje til hjørnespark etter berre tjue sekund. Tre og eit halvt minutt seinare er Elly frampå igjen med eit godt skot. Stang inn – og 1-0.
Etter seks minutt blir Elly spela fri av Hanna. Ho doblar leiinga åleine med keeper. 2-0. Tre minutt seinare leiar vi 3-0. Elly scora igjen. Omgangen er ti minutt gamal når det er Annika sin tur til å teikne seg på scoringslita. Ho skyt hardt, men rett på keeper som gir retur. Den set ho kontrollert i mål frå kort hald. 4-0.
Thea får si første ballberøring etter tretten minutt då Sara spelar ei støttepasning til ho. Thea slår ballen langt, og treff Elly som avanserer med ballen og knallar den i stolpen. Lena er først på returen og knallar den på ny i stolpen – og inn! 5-0.
Svelgen set innpå ein ekstra spelar etter at vi går opp i 5-0, noko som gjer at det blir vanskelegare å utnytte bakrommet då dei legg seg veldig lågt.
Det går ti minutt før dei gulkledde jentene på ny finn vegen til nettmaskene etter at Svelgen har sett inn ei ekstra jente. Denne gangen snappar Elly opp ein pasning frå ein motspelar, fossar framover og bankar ballen i mål. 6-0. Minuttet seinare er stillinga 7-0. Målscorar er Elly igjen.
Rett før pause drar Johanne seg fri på høgresida og knallar til med eit høgt skot som keeper får slått til hjørnespark. Ho vrir seg i frustrasjon etter å ha brunne fleire sjansar enn ein kan telje på ei hand.
Dommaren bles av for pause. Vi leiar komfortabelt med sju mål, og det nærmaste Svelgen har vore scoring er dei to gongane vi har involvert Thea i spelet i form av tilbakespel. Thea frys, vil ut av mål, og vi byter som vanleg keeper ved pause. Sara har spela ein god førsteomgang i forsvar, men tek no på seg hanskane.
Andreomgangen er litt treigare enn den første. Svelgen har til ei kvar tid fire spelarar inne i eigen sjumeter, men vi lukkast fem gonger med å få ballen i mål.
Fem minutt ut i omgangen skyt Annika oss opp i 8-0. Elly gjev oss 9-0 fem minutt seinare. Minuttet etter får Johanne endeleg utteljing for alle sjansane ho har kjempa seg til. Med eit godt plassert skot er keeper sjanselaus, og vi er oppe i tosifra leiing.
Rykta skal ha det til at Thea på skolen i dag har sagt at ho kom til å verte flau dersom ho ikkje scora i dag. Det har ho ingen grunn til å vere. Etter halvspela omgang får ho ballen eit stykke utanfor feltet og ladar kanonen. Ballen fyk som ein prosjektil opp i venstre hjørne. Dagens lekkerbisken. 11-0.
Annika set punktum med 12-0, ti minutt før full tid. Hennar tredje for dagen.
Arnt-Helge og Bjørn var flinke medhjelparar på sidelinja som fekk med seg målkallaset i Svelgen.
Desse var med: Thea Sofie, Vilde, Sara, Annika, Johanne, Elly, Hanna, Jenny og Lena.
Målscorar: Elly (6), Annika (3), Johanne (1), Lena (1), Thea Sofie (1)
|
21.05.10 Jentene snudde kampen i andre omgang
2010Lite.jpg)
Jenter 12 vann sin tredje kamp for sesongen, då dei hadde besøg av Breimsbygda på Naustdal stadion i går kveld. Ein nøgd trenar, Espen Langedal, har gitt oss denne rapporten frå kampen:
" Lagsiger mot Breimsbygda i sesongens fjerde runde. Breimingane opna friskt, men måtte reise heim tomhendte. Dei scorar både 0-1 og 0-2, og går til pause leiinga 1-2, men vi snur kampen i andreomgang og vinn til slutt 6-3!
På ein solskinstorsdags ettermiddag vann Tambarskjelvar J12 sin tredje kamp for sesongen. Men det starta ikkje akkurat slik som vi hadde planlagt. Frå start av gjekk breimsjentene ut i 110%, noko dei fekk betalt for. Dei går tidleg opp i 0-1, og ikkje mange minuttane seinare har dei dobla leiinga. Raudtrøyene er først på ballen i nesten alle duellar, og verkar for å vere langt tøffaren enn våre gule små. Sara, som får den ukomfortable oppgåva med å stå i mål den første halvtimen med sola i auga, avgrensar smertene våre ved å dra fram ei kjemperedning på stillinga 0-2. Takk Gud, eller takk Sara.
Halvvegs ut i omgangen ser det derimot ut som om Tambarjentene endeleg er vorte skikkeleg varme i trøya etter å ha hatt fri frå fotballen sidan førre torsdag grunna heilagdagar som til dømes grunnlovsdagen. Vi byrjar å inkludere vingane i større grad, noko som gjer at vi får strekt breimingane litt, slik at vi kjem til fleire store sjansar. Elly har to skot som er grisenærme frå å gå inn, men stolpen er gjerrig og spelar ikkje på lag med oss.
Fem minutt før pause bryt Elly seg igjennom den tjukke Breimmuren og reduserar til 1-2. Vi vil ha meir, så bring ’em on! Omgangen ebbar ut, og Breimsbygda går til pause med leiinga 2-1 til tross for gul dominans det siste kvartert.
I pausen samlast vi midt ute på bana for å evaluere førsteomgangen. Jentene blir bevisstgjort på at innleiinga på kampen ikkje er noko anna enn dritdårleg. Jentene nikkar og smilar. Vi blir samde om å fortsette med det spelet som blir levert rett før pause. Med tru på siger gjer vi oss klare for andreomgang med sola i ryggen, endeleg!
Vi får frispark på høgresida utanfor Breim sin sjumeter. Johanne slår frisparket perfekt over muren til Lena på bakarste stolpe som bankar ballen i mål på volley. 2-2! Praktscoring.
Kor tid etter får vi frispark på ny i same posisjon. Johanne stiller opp på ny. Denne gangen går ho for skot, eit hardt eit. Ballen går i ein fin boge over muren og ned i høgre hjørne for Breim-keeperen. 3-2! Vi har snudd kampen!
No bølgjar kampen litt fram og tilbake, og Breimsbygda scorar på eit hjørnespark. 3-3. Urettferdig tykkjer vi, men slik er fotball.
Tambar held trykket oppe, og etter halvspela andreomgang sender Elly oss opp i føringa for andre gang i kampen. 4-3. Elly si andre scoring.
5-3 kjem etter ei kontring der forsvaret bryt og spelar ballen ut på kant før Jenny får ballen framfor Breim sitt mål. Uegoistisk spelar ho ballen vidare til Hanna som scorar!
Thea Sofie sørgjer for at det blir med tre scoringar til raudtrøyene, og ikkje fleire, då ho dreg fram ei meisterredning etter eit langskot som ho får slått ut hjørnespark.
Den yngste jenta på bana, Lena, nøyer seg ikkje med berre eitt mål. Neida, på tampen av kampen scorar ho sitt andre mål og fastset sluttresultatet til 6-3!
I andreomgang spelar det ingen rolle kven vi bruker bak. Både Vilde, Sara og Annika ryddar unna alt, og står fram som kjempar. Dei er hurtig opp i breimsjentene kvar einaste gong dei nærmar seg mål.
Midtbana spring stadig meir etter kvart som kampen eldast. I staden for enkeltjentesesprestasjonar, dreg vi lasset i lag og cruisar til slutt inn til ein herleg tremålssiger på ein nydelig ettermiddag på Naustdal Stadion.
Vi takkar Breimsbygda for kampen og ønskjer dei lukke til med resten av sesongen. Takk også til Joar Vefring som stilte opp med fløyte i munnen på kort varsel!
Desse var med: Sara, Vilde, Annika, Thea Sofie, Elly, Johanne, Hanna, Jenny Kristin og Lena. "
Målscorar:
1-2 Elly
2-2 Lena
3-2 Johanne
4-3 Elly
5-3 Hanna
6-3 Lena
|
09.05.10 Førde vann mot jentene
Frå kampen jenter 98, som møtte Førde 2, har Jan Magne Langedal sendt oss denne rapporten:
" Lillejentene spela kamp mot Førde II torsdag på Naustdal stadion.
Førdejentene var jamnt over større enn jentene frå Naustdal, og detteskulle vise seg å bli avgjerande for kampresultatet. Førde leda 2-0 til pause.Tambar kjempa godt i andre omgang, og fekk lønn for strevet,då Elly reduserte til 1-2 etter 20 minutt.
Førde fekk ei heldig scoring 5 minutt før slutt,og avslutta med nok eit mål like etterpå. Lena Einevoll, som er 2 år yngre enn resten av laget, gjorde nok ein god kamp. Ellers god innsats av alle.
Desse var med: Thea Sofie, Sara, Vilde, Johanne, Elly, Annika, Hanna og Lena " |
29.04.10 J12 med borteseier mot Førde

Bilde: Elly scora to mål
då J12 slo Førde.
Trenar Espen Langedal kjem her med ein fyldig rapport frå J12 sin andre kamp for sesongen:
" Årets andre seriekamp for lillejentene til Tambarskjelvar gjekk av stabelen på kunstgrasbana på Slåtten skule. I Jenny sitt fråver var vi i utgangspunktet berre sju spelarar, men Solfrid fekk tak i ein ti år gammal leigesoldat, femteklassingen Lena Elisabeth! Det viste seg at Førde 1 var fjorårets Førde 6, laget vi tapte 1-3 for heime på Naustdal stadion i fjor haust. Med ein gong vi fekk vite dette vart den allereie oppgira stemninga forsterka ytterlegare!
Vi starta kampen i eit forrykande tempo og styrte kampen frå første spark på ballen, akkurat som planlagt! I vår vande 2-3-1-formasjon starta Sara som målvakt. Framfor seg hadde ho Vilde og Annika. Johanne, Elly og Thea Sofie utgjorde midtbanetrearen vår, og med Hanna som spiss.
Førde-laget starta med same oppstilling som dei hadde i fjor, nemleg med tre forsvarar og tre angriparar, ein taktikk som skapte hovudbry for sist. Men i dag var det ikkje snakk om å sleppe dei inn i kampen. Naustdal sine Powerpuff Girls var fast bestemd på at i dag var det vi som skulle føre an, noko jentene viste tidleg då dei trødde til i kvar ein duell og rulla opp angrep etter angrep.
Etter halvspela omgang blir Elly spela fri i midten. Ho fører ballen med seg framover nokre meter før ho bankar ballen på undersida av tverrliggaren, ned på streken og opp i nettaket! 0-1! Dei fem foreldra og Espen jubla høglydt! Stemninga på sidelinja stod i taket! Tambarjentene hadde allereie hatt fleire store sjanar representert ved Hanna, Johanne og Elly, men ein god Førde-keeper heldt kvittrøyene inne i kampen.
Jentene viser styrke ved å halde fram med å angripe førdejentene etter at vi har teke leiinga. Annika og Vilde har stålkontroll på det som føregår på eigen banehalvdel og ryddar unna det vesle som kjem. Midtbana spring utrøytteleg og nektar for at dei er slitne, då ingen vil bytte! J Lena Elisabeth viser inga nåde og går knallhardt til verks i duellane mot to år eldre jenter. Ho står for mange ballvinningar, og slår gode pasningar. Stort betre debut i ein sjuarkamp mot to år eldre, og eit hovud høgare motstandarar, er eg på ståande fot i tvil om det er mogeleg å gjere!
I pausen samlar vi oss ute på kunstgraset, der jentene blir rosa opp i skyene, og oppfordrast til å fortsette i same spor, med god grunn! Vi bytar burvoktar i pausen. Thea tek på seg keeperdrakta, og Sara som ikkje vart sett på ei einaste prøve den første halvtimen, tek plass i midtforsvaret. Førde bytar også ut sin gode keeper og sett inn ei anna jente.
Andreomgangen er meir jamspelt. Spelet bølgjar begge vegar, og begge lag er farleg frampå ved fleire høve. Dei trøytte og slitne Tambarspelarane vi såg mot Jølster i andreomgang for ei veke sidan ser vi knapt sporet av i denne kampen i det heile.
Ti minutt før slutt får Elly ballen midt på banehalvdelen til Førde etter at ho vinn utsparket frå keeper. Ho avanserer med ballen før ho på ny ladar kanonen. Ballen fyk utagbart i mål bak ein sjanselaus Førde-keeper. 0-2!
Berre minutta seinare vinn Sara ballen på eigen banehalvdel og sender av garde ein perfekt stikkpasning til Elly som kjem til dødlinja. På bakarste stolpe har Hanna innteke posisjon og breisider inn til 0-3! Praktangrep!
På tampen må Thea dra fram eit par-tre gode redningar som gjer til at vi held nullen i den første bortekampen for sesongen!
Dette var absolutt ein kollektiv siger, der kvar einaste jente er med og dreg lasset! Om ein skal trekke fram ein spelar i dag må det bli Lena Elisabeth som imponerte oss alle. Det bur mykje fotball i denne unge jenta.
Vi rundar av med å takke sympatiske førdejenter og –trenarar for ein vel gjennomført kamp utan eit einaste frispark, og ønskjer dei lukke til vidare med sesongen. Førde 1 er absolutt ikkje eit dårleg lag, men våre Powerpuff Jenter var eit par hakk kvassare i kveld.
Desse var med: Sara, Vilde, Annika, Thea Sofie, Elly, Johanne, Hanna, Lena Elisabeth "
Målscorarar:
0-1 Elly (15 min)
0-2 Elly (50 min)
0-3 Hanna (55 min)
|
23.04.10 Jenter 12 vann
To Tambarlag var i aksjon på Naustdal stadion i går kveld, der begge heimelaga gjekk av med kvar sin seier.
Fyrst ut var Tambar Fotball sitt Jenter 12 som møtte Jølster til sin fyrste seriekamp for sesongen. Trenar Espen Langedal har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Med ein pangopning på kampen står det 1-0 før minuttet har gått. Elly blir spela fri på høgrekanten, fossar framover og avsluttar i stolpen. Annika er først på returen og har ingen problem med å sende jente våre opp i føringa. Vi held presset oppe i opninga, vinn duellane på midten og spelar god fotball. Etter ti spelte minutt får vi oppleve nettsus på ny. Elly doblar leiinga vår.
Johanne vil også vere med på moroa og set inn 3-0 ti minutt før pause. Kort tid etter dette kjem Annika inn igjen etter å ha teke seg ei lita pause. På veg inn til sin nye posisjon som spiss får ho ballen føre seg, rundar ei jølsterjente og trillar inn 4-0! Resultatet held seg til pause. Thea Sofie glimta til med to meisterredningar som kom tett etter kvarandre der ho må ut i full strekk! Dette var det einaste Jølster produserte før pause. Forsvaret vårt har stålkontroll. Førsteomgang kan malast gul og svart!
Andreomgang startar slik den førre sluttar. Sara har no teke på seg keeperhanskane. Tambarjentene dominerar og har fleire skot mot mål. Men den første scoringa i andreomgang let vente på seg til om lag femten minutt har gått. Etter litt klabb og babb i feltet til Jølster får Johanne tak i ballen, og bankar den i mål. Vi leiar 5-0! Dei siste ti minutta ser vi tendensar til at midtbana ikkje lenger klarar å omstille seg frå angrep til forsvar etter at vi mistar ballen. Dette resulterar i at jølstringane kontrar inn tre mål på slutten.
Vår første kamp i 2010 enda godt, med ein 5-3-siger. Neste heimekamp er 6. mai mot Førde 2 med kampstart kl 18:00! Vi sjåast. Desse var med: Thea Sofie, Sara, Vilde, Johanne, Elly, Annika, Hanna og Jenny. "
|
13.04.10 Småjentelaget og J12 på Fosshaugane Campus

Bilde: Tambar sine lag inn på Fosshaugane Campus og pausekamp.
Tambar Fotball sitt småjentelag og J 12 fekk seg ein lang men opplevelsesrik dag då laga spela pausekampen på Fosshaugane Campus 2.påskedag. Som kjent spelte Sogndal sin fyrste kamp for sesongen denne dagen, og heimelaget vann 2-1 over Ranheim.
Jentene frå Naustdal fekk omvisning på den flotte stadionen i Sogndal, og fekk møte Sogndalsspelarar og var nedom garderoben deira. Det var nok nokre spente og litt nervøse jenter som entra grasmatta i pausen mellom dei to Adeccoligalaga. Ikkje så spente for å spele mot kvarandre, men å ha nærmare 2000 teskodarar er ikkje vanleg kost for Tambarjentene.
Vil du sjå fleire bilder frå jentene sin tur til Fosshaugane Campus, KLIKK HER. (Alle bilder: Jan Erdal)
|
|
|