28.08.11 Flott innsats av Tambarlaga på Kongleriket Cup

Tambarjubel: Fredrik og Vidar jubla etter at Tambar laga mål mot eit Florølag i Kongleriket Cup
i Svelgen i dag.
Alle Tambarlaga som deltok i Kongleriket Cup i Svelgen i dag, gjorde ein flott innsats. Mange gode kampar vart spelt, der både seier og tap vart teke med eit smil. Når værgudane også var på arrangøren si side, vart det ein flott og kompakt fotballsøndag i Svelgen.

Jubel 2.
Jubel 3.

Jubel 4.

Jubel 5.
SJÅ BLEIRE BILDER FRÅ KONGLERIKET CUP SVELGEN
( Klikk nede til høgre bildekant for visning i full skjerm )
G 2001 var også i Svelgen
.jpg)
G 2001: Første rekke f.v. Emil, Sander, Ole-Johan og Rodney
Andre rekke f.v Gard, Eirik og Nikolai.
Tambar Fotball sine G 2001 deltok også på Kongleriket Cup i Svelgen i dag. Assisterande trenar, Johnny Gustavsen har sendt oss denne kjappe rapporten frå dagens kampar til laget:
" Tambar Fotball G2001 møtte to lag frå Tempo og to lag frå Torvmyrane i dagens konglerike-Cup i Svelgen. Gutane møtte med godt humør og stor pågangsvilje i det flotte veret. Trass lite trening viste laget godt samspel og fine prestasjonar både i angrep og forsvar. Etter ferdigspelt turnering viste rekneskapet to sigrar, ein uavgjort og eit tap. "