Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

 

 

 

 

Kongleriket Cup

Naustdal stadion 14.juni 2009

Bilde: Frå dagens Kongleriket Cup på Naustdal stadion.

 

Den andre Kongleriket Cup, av i allt fire, vart arrangert på Naustdal stadion i dag. Spente og forventningsfulle gutar og jenter i årsklassane 1999-2002 frå klubbane Eikefjord, Florø, Svelgen og Tambarskjelvar hadde trekt på seg fotballdrakta og knytt sine fotballsko og var no klare til kampar utover dagen. Trenarar, lagleiarar og foreldre var ivrige tilskodarar då spelarane "deira" takla og sprang, og jubla hemningslaust ilag med spelarane då laget scora. Og det var også greit å ha dei vaksne rundt seg då kampane ikkje vart slik ein hadde håpa på, og dei måtte innsjå at det vart tap denne gongen.

Med sol frå nesten skyfri himmel, vart været akkurat slik dei hadde bestillt det. Folk kosa seg i det fine speleværet, og ein kunne sette seg der ein ville utan å tenke på å bli blaut i stussen.

Ein flott fotballdag vart det på Naustdal stadion, der alle vart vinnarar !

Fyrste Kongleriket Cup vart arrangert i Florø tidlegare i vår, og den tredje turneringa vert arrangert i Svelgen 23.august. Den fjerde og siste vert halden i Eikefjord 13.september.

Bilder frå Kongleriket Cup i Naustdal søndag 14.juni 2009.

 

Alle bilder: Frank Cirotzki, www.tambar-fotball.com

Bildene frå Kongleriket Cup (1) Foto: Frank Cirotzki

Bilder frå Kongleriket Cup (2) Foto: Jan Erdal

 

Naustdal stadion

Bilder

 

     
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net