|
|
Damer senior
Kamprapport
04.10.09 Damene avslutta sesongen med 7-1 seier

Bilde: Mona Ø.Standal scora eit mål i kveldens 7-1 kamp mot Hyen. Bildet er henta frå vårkampen mot Hyen.
Sesongens siste kamp for damelaget vart spelt på Naustdal stadion i dag, då Tambar møtte Hyen i ein utsett kamp i damenes 4.divisjon. Tambar vann greit med siffera 7-1, etter å ha leda 5-1 til pause.
Det var Tambar som styrte oppgjeret mot damene frå Hyen, der vi ikkje fekk sjå det heilt store spelet frå nokon av laga. Terese Helle var den som åpna scoringskontoen for damene i dagens kamp, og var frampå tre gonger i løpet av fyrste omgang. I tillegg var ho sist på ballen då den var innom ein Hyenspelar før den gjekk i mål. Tina Alisøy vart siste målscorar i omgangen for heimelaget då dei gjekk opp til ei 5-0 leiing. Laga gjekk til pause med 5-1 etter at gjestane fekk seg ei scoring på tampen av omgangen, etter nokre miforståelsar i Tambarforsvaret.
I andre omgang kontrollerte Tambar ute på bana, og det var ikkje mange gonger Hyen gjesta Tambarmålet. I andre enden sløsa Tambar framfor mål, og burde ha scora mange fleire enn dei to dei putta i andre omgang. Måla i denne omgangen var det Mona Standal og Camilla Leknes som stod for. Dermed enda siste kamp for sesongen med ein heilt fortent 7-1 siger til Tambardamene.
|
06.09.09 Tap for damelaget

Bilde: Kristin Alise Birkeland scora to mål for damelaget i fredagens kamp mot Hornindal.
Damer 4.div: Tambar-Hornindal 4-8
Tambar sitt damelag tapte 8-4 i kampen mot Hornindal på fredag. Stillinga ved pause var 3-0, i kampen som vart spelt på Naustdal stadion.
Sjølv om gjestane gjekk til pause med ei 3-0 leiing, var Tambar vel på høgde med laget frå Honndalen i denne omgangen. At ikkje heimelaget klarer å score på dei mange sjansane dei har i denne omgangen, er berre eit under. I ein periode rulla Tambar opp det eine angrepet etter det andre, og med meir tur og dyktigheit, hadde laget scora nok mål til å gå til pause med leiing. Men istadenfor vart det tre baklengs til pause.
Andreomgangen viste at Tambar også klarer å putte,og det var fullt fortent då Kristin Alise Birkeland banka inn reduseringa, og 1-4 etter 55 minuttar. Tambar var aggresive og tøffe i duellane, og gav ikkje gjestane ro til å spele spelet sitt. Etter nok eit flott angrep, var Kristin Alise frampå igjen i det 65 minutt, og reduserte til 2-5. Dette gav ny giv for dei etterkvart slitne Tambarspelarane, og då Camilla Leknes var frampå og putta to kjappe, i det 72 og 75 minutt, var laget heilt opp i gjestane igjen på stillingen 4-6.
Men det ville seg ikkje for damene i denne kampen, og gjestane var frampå ved to anledningar heilt på tampen og fastsette resultatet til 4-8.
Sjølv om det vart store siffer imot i denne kampen, står det ikkje heilt i stil med innsatsen til Tambar i dag. Hornindal får mange lette mål i kampen, og med litt meir dyktigheit for Tambar framfor målet til motstandaren, kunne fort resultatet vorte annaleis.
|
20.08.09 Damer 4.div: Hafslo-Tambar 7-3 (1-1)
Hafslo fekk revansj frå vårkampen , då dei i går vann 7-3 mot Tambar i den fyrste haustkampen i damenes 4.divisjon.
Men det var Tambar som kom best i gang på grasmatta på Moene, då Birgitte Endestad etter 20 minuttar ekspederte eit frispark kontant og utagbar i mål bak Hafslokeeperen. Tambar var fleire gonger frampå og hadde gode sjansar til å auke leiinga, utan å lukkast. Reduseringa til Hafslo kom ved ei misforståing i Tambarforsvaret på tampen av omgangen, og dermed gjekk spelarane til pause med eit mål til kvar av laga.
Andreomgangen var berre fem minuttar gamal, då Stine Aase tråkla seg gjennom heile forsvaret til Hafslo og plasserte ballen til sides for keeper, og 2-1 leiing. No spelte damene frå Naustdal bra fotball, og hadde komandoen på grasmatta. Det var heilt fortent då Mona Standal frå skrått hold dundra ballen bak keeperen til Hafslo og i mål.
Med Inger Johanne Sørbø som midtstoppar i denne kampen, hadde laget full kontroll i dei bakre rekker. Diverre for laget måtte ho ta ein kvil etter tjue minuttar spel, noko som skulle bli skjebnesvangert for Tambar. Hafslo sette no inn eit trøkk, og i løpet av ein liten halvtime scora laget heile seks gonger ! Dermed vart Tambarleiinga snudd til 3-7 tap.
|
13.06.09 Damelaget tok ferie med 2-4 tap mot Vik

Bilde: Kristin Alise Birkeland (t.v) og Tonje Tveita spelte ein god kamp, men klarte ikkje å forhindre at Vik vann kampen. Bildet er henta frå kampen mot Hyen tidlegare i vår.
Tambar fekk ein dårleg oppladning til bortekampen mot Vik i går kveld. Laget kom til Vik stadion ti minuttar etter opprinneleg kampstart då laget "bomma" på ei ferje. Dermed var det ikkje altfor kvikke føter Tambardamene starta med, med minimal oppvarming og etter å ha sete på " ræv" dei tre timane i forkant av kampen.
Det var Vikjadamene som kom best igang. Før Tambar hadde våkna etter turen inn til Sogn, leia vertane 2-0 etter berre 7 minuttar spel. Om det var dei høge brøla frå trenaren på sidelinja eller den kraftige sidevinden som blåste over stadion som fekk augene opp på Tambardamene, er uvisst. Men iallefall tok laget tak i kampen og byrja vinna duellane og skape sjansar. Og det var eit flott veggspel mellom Camilla Øvretvedt og Birgitte Knapstad, då Birgitte plasserte ballen utagbart forbi Vik-keeperen og redusering til 1-2. På tampen av omgangen kom Vik seg fram på sida og fekk lagt inn til ein Vikspelar som scora greit. Dermed gjekk laga til pause med 3-1 leiing til vertane, men der Tambar burde ha scora meir enn det eine målet.
I andre omgang var det Tambar som stod for dei største sjansane. Men det var Vik som scora fyrste i denne omgangen også. Medan Tambar hadde tilsynelatande bra kontroll, missa laget høgt oppe på bana og Vik gjekk på ei kontring. Åleine med keeper gjorde ikkje Vikspelaren noko feil og dermed 4-1 leiing. Tambar pressa på og skapte mange sjansar, men ein god Vik-keeper tok det meste som kom. Heilt til Kristin Alise Birkeland var frampå 10 minuttar før slutt og scora eit fint mål. Dermed enda kampen med ein 4-2 seier til Vik.
Damene hadde nok sjansar til å avgjere kampen mot Vik, men mangla presisjon og tur i avsluttningane. Tambardamene la ned eit godt stykkje arbeid i kampen på Vik stadion, og lagets og kampens beste spelar var Kristin Alise Birkeland. Med ein utruleg arbeidskapasitet både i forsvar og angrep, la ho bak seg mange meter i denne kampen.
|
06.06.09 Damelaget tapte mot Lærdal

Bilde: Tambar sitt damelag spelte i går kveld mot Lærdal på Naustdal stadion. Tambarspelarane på bilde, er frå venstre Kristin Alise T.Birkeland, Tonje Tveita, Inger Johanne Sørbø og Andrea Kvamsdal. Bildet er henta frå kampen mot Hyen tidlegare i år.
Damelaget spelte i går kveld mot Lærdal på Naustdal stadion i vår lokale 4.divisjon. Etter ein laber fyrste omgang, heva laget seg noko i andre.
Det var gjestane som fort tok tak i kampen og la press på damene frå Naustdal. Og utteljinga kom fort for Lærdal, då dei scora sitt fyrste mål etter berre 5 minuttar. Lærdal fortsatte køyret mot Tambarmålet, og i løpet av ein femtenminuttarsperiode scora dei ytterliggare to mål og leia 3-0 før Tambar hadde fått summa seg. Utover i omgangen jamna spelet seg noko ut. Tambar skjøna etterkvart at her måtte det krigast for å klare å halde hovudet over vatn. Lærdal var stadig frampå og gjorde det travelt for Tambar sitt forsvar, men fleire mål vart det ikkje for Indresogningane i denne omgangen. Og då heller ikkje Tambar scora på sine få sjansar i fyrste omgang, gjekk laga til pause med 0-3.
I andre omgang var det eit mykje bedre og meir hardtkjempande Tambarlag vi såg på bana. Og allerede etter fem minuttar var Camilla Øvertveit frampå og styrte eit innlegg frå venstresida kontant i mål og redusering til 1-3. Tambar forsette å vinne duellar og kom til fleire avsluttningar, utan at dei lukkast heilt. Blandt anna var Camilla heilt igjennom, men ei refleksredining av Lærdalkeeperen avverga skotet henner. Medan det no var Tambar som hadde teke meir ovar, tok Lærdal godt vare på ei kontring, kom seg heilt forbi forsvaret og plasserte ballen forbi Tambarkeeperen og gjestane var no oppe i ei 4-1 leiing.
Resten av omgangen vart ein jamn affere på Naustdal stadion, der begge lag var villige til å angripe. Lærdal auka leinga si til 5-1 ved ein corner som gjekk direkte i mål. Ny reduserig til Tambar vart det då Birgitte Knapstad valsa rundt med Lærdalforsvaret, vendte om og med eit flott skot plasserte den til høgre for Lærdalkeeperen.
På slutten av kampen var det slitne Tambarspelarar vi såg spinge rundt på Naustdalsmatta. Og med to nye scoringar til gjestane på slutten, enda kampen 2-7 til Lærdal.
|
29.05.09 Stortap for damene
Damer 4.div: Damelaget drog til Hornindal og skulle spele sin fyrste 11ar kamp for sesongen i går kveld. Men med mange fråvær heilt fram til avreiese, drog laget til Nordfjord med to keeperar og ni utespelarar. Og kampen vart som vi forventa med eit så spinkelt lag mot avdelingsleiaren. Hornindal vann kampen heile 13-1 mot eit Tambarlag utan reservar. Tambar sitt mål vart scora av Maiken Solås. |
16.05.09 Damelaget snubla mot Hyen

Bilde: Andrea Kvamsdal (t.v) og Inger Johanne Sørbø i aksjon mot heimelaget Hyen i gårdagens damekamp.
Damelaget spelte i går kveld sin andre seriekamp for året, då dei møtte Hyen i 7ar kamp på ei støvete og hard grusbane. At ikkje Tambardamene klarte meir enn 1-1 i denne kampen, har dei berre seg sjølv å takke.
Det vart ein noko rotete 1.omgang, der Hyen var det mest aggresive laget, som vann duellane og som aldri gav Tambar nok ro til å spele ball. Og heimelaget kom til fleire sjansar ved å spele lange ballar opp til sin fysisk sterke spss. Og det var ved eit slikt høve Hyen gjekk opp i leiinga > ein lang ball framover, litt klabb og babb i Tambarforsvaret gjorde at ballen hamna til venstre for Tambar sin vikarkeeper, Cesile Espe, og ein Hyenspelar fekk sett foten på ballen og i mål. Dette var ein skikkeleg kalddusj for Tambar i den varme vårsola på Hyegrusen ! Resten av omgangen var det mykje kjemping mellom laga ute på bana, der vi såg lite av godt fotballspel.
I andre omgang heva Tambar seg fleire hakk, og fekk igang noko av spelet og bevegelsane som mangla i fyrste omgang. I denne omgangen spelte damene seg fram til utallige sjansar, bl.a. registrerte vi tre stangskot og mange avsluttningar på mål, der Hyen sin målvakt stod i vegen. Men då Mona Standal mottok ei pasning inni Hyenfeltet, runda ein av forsvararane og dunka ballen i nota, trudde vi at vi endeleg fekk hol på den berømte byllen. Men sjølv om alt spel og sjansar foregjekk på heimelaget sin banehalvdel i denne omgangen, enda kampen 1-1 og poengdeling.
Neste kamp for damelaget er mot Hornindal, og Tambar sin fyrste 11ar kamp i sesongen. Skal laget ha noko muligheit å hevde seg i den kampen, må laget vis andre takter enn dei gjorde i kampen mot Hyen.
|
08.05.09 Damelaget slo Hafslo 4-3

Foto: Inger Johanne Sørbø (t.v) og Tambar sitt damelag slo i kveld Hafslo 4-3.
Tambar sitt damelag vann i kveld 4-3 over Hafslo på Naustdal stadion.
Det vart eit spennande oppgjer i årets fyrste kamp for damelaget, då dei møtte eit Hafslolag som tok komandoen frå start. Hafslo var agresive og vann duellane, og det var lite å sei på at laget gjekk opp i både 1-0 og 2-0. Etterkvart rista Tambar av seg nervøsiteten frå starten av omgangen, og kom langt bedre med i siste halvdel av 1.omgang. Etter fleire sjansar, fekk dei ein velfortent redusering ved Stine Aase. Fleire mål vart det ikkje i omgangen, og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Hafslo.
Andre omgang var Tambar sin omgang. Og det var mot spelets gang at Hafslo gjekk opp til 3-1 leiing. Ein skulle tru at noko av lufta gjekk ut av Tambarspelarane etter denne scoringa. Med det motsatte skjedde. Tambardamene bretta opp ermene og la ned ein fantastisk innsats i denne omgangen. Tambar reduserte til 2-3 ved Camilla Øvretveit, og såg at her var det muligheiter til å hente heim iallefall eit poeng. Med ytterliggare to scoringar av Camilla, og med ein avgjerande redning av Tambarkeeper Guro Strandos i sluttminnuttet, sto jubelen i taket då kvedens dommar, Ragnar Åmot, bles av kampen.
Ein flott kamp av alle Tambardamene, gjorde at sesongens fyrste kamp enda med ein vel fortent seier.
Meir om Tambar sitt damelag
|
|
MÅLPUTTAR: |
| Camilla |
7 |
| Birgitte |
4 |
| Mona |
4 |
| Stine |
3 |
| Kristin Alise |
3 |
| Terese H. |
3 |
| Inger Johanne |
1 |
| Tina |
1 |
| Maiken |
1 |
KAMPAR TAMBAR |
| Tambar-Hyen 7-1 (5-1) |
| Lærdal-Tambar 11-1 (5-0) |
| Tambar-Hornindal 4-8 (0-3) |
| Hafslo-Tambar 7-3 (1-1) |
| Vik-Tambar 4-2 (3-1) |
| Tambar-Lærdal 2-7 (3-0) |
| Hornindal-Tambar 13-1 (7-0) |
| Hyen-Tambar 1-1 (1-0) |
| Tambar-Hafslo 4-3 (1-2) |
Alle kampane
Resultat / Tabell
|