Til Framsida

 

 

 

Tambar Fotball Romjulscup 2011

Vi ynskjer velkommen til Tambar Fotball Romjulscup som vert arrangert i Naustdalshallen 28.desember. Cupen er åpen for gutar og jenter i alderen 11 - 100 år og som er tilslutta Tambarskjelvar IL / Tambar Fotball / busett i Naustdal. Naustedøler som er heime på juleferie kan også være med på Romjulscup.

Det er høve å melde på lag i desse klassane:

Junior : Fødd 2000, 1999,1998, 1997, 1996
Senior : Fødd 1995 >-->-->-->-->> og eldre

5-ar fotball, 4 spelarar + keeper

 

Gjeld Junior:

- Max 6 spelarar pr. lag
- Laget skal ha minst ei jente på laget
- Laget kan ikkje være meir enn 80 år totalt med 6 spelarar på laget
-Laget kan ikkje være meir enn 69 år totalt med 5 spelarar på laget

( Eks. to spelarar frå 1996 (15 år) tre spelarar frå 1999 (12) ein spelar frå 1997 (14) = 80 år )
Det er ikkje høve å spele på meir enn eit lag.
Påmeldingsavgift: Kr. 50.- pr. spelar

Kampane i klasse Junior startar frå ca. kl.12.00

 

Gjeld senior:

- Max 7 spelarar pr. lag
- Laget skal ha minst ei jente/dame på laget
Påmeldingsavgift: Kr. 100.- pr. spelar

 

Generellt:

Spelarane mixar sjølv lag til cupen, både junior og senior.
Alle lag skal ha ein kontaktperson.
Laga er ansvarleg for drakter, evt t-skjorter el. lignande i same farge. Evt. bruke vestar som fins i hallen.
Det er påbode med leggskinn og innandørssko.
Det er ikkje høve til å spele på meir enn eit lag.
Premiering til finalelaga i begge klassar.

Kampane i klasse Senior startar frå ca kl.16.00-16.30

Ein tek atterhald om nok påmelde lag for å gjennomføre Tambar Fotball Romjulscup.

 

Påmeldingsfrist: Søndag 18.desember

MERK: Påmeldinga skal innehalde navn på lag, navn på alle spelarar, fødselsår på alle spelarar (gjeld junior), kontaktperson med telefonnummer.

SJÅ PÅMELDE LAG

Påmeldingsfristen er ute !



 

 

 

 

 

 
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net