| |
SESONGEN 2011
07.10.11 Daniel i vinden på Førde stadion

Smågutelaget sin målgarantist: Daniel Grimset Kvalvågnes går sjeldan av bana utan å ha putta
eit eller fleire mål. Mandag kveld sette han inn tre mål i bortekampen mot Førde 2.
Tambar Fotball sitt smågutelag spelte mandag kveld bortekamp mot Førde 2 på Førde stadion, og kunne returnere til Naustdal med ein solid seier. Med god laginnsats utmerka Daniel G. Kvalvågnes seg med tre scoringar og ein målgivande. Trenar Ivar Longvastøl seier dette om kampen:
" Etter å ha imponert på sonesamlinga dagen før, slo Daniel Kvalvågnes til med tre mål og ein assist (som er engelsk og betyr pasning til målscorar) då smågutelaget slo Førde 2 på kunstgraset ved Førdehuset måndag. Laget er heldig som har ein toppscorar som aldri sviktar.
Det vart ein slitesiger for Tambar utan særleg godt spel. Sterk vind under heile kampen sette også sitt preg på prestasjonane, sjølv om laget øver mykje på å halde ballen i laget - langs bakken. Det er viktig under slike forhold.
Jørund og Ole Martin stod kvar sin omgang i mål. Solid innsats også av Samson (lillegut og læregut) på venstresida i forsvaret.
Resultat: Førde2-Tambarskjelvar 1-4. Simon scora det siste målet etter eit langt løp frå midtbana. Bra.
Siste seriekamp går heime mot Askvoll/Holmedal måndag 24. oktober. "
Tabell
|
27.09.11 Godt spel av smågutane mot Gaular
220511DanielKvalvågnes.jpg)
Konfortabel seier mot Gaular: Smågutelaget tok skalpen på Gaular då dei vann heile 6-2 på
Naustdal stadion mandag kveld. På bildet ser vi tremålscorar Daniel Kvalvågnes.
Tambar Fotball sitt smågutelag påførte Gaular sitt fyrste tap då laga møttes til kamp på Naustdal stadion mandag kveld. Trenar for laget, Ivar Longvastøl, har sendt oss fyljande rapport frå toppkampen:
" I årets tredje seriekamp mot Gaular kom endeleg sigeren på Naustdal stadion måndag.
Rett nok scora gjestene 0-1 allereie etter få minutt, men det var aldri tvil om kven som var det beste laget denne kvelden.
Smågutane frå Naustdal heldt fram med sikkert pasningsspel og klarte dessutan å komme høgare opp på bana med laget. Dermed kom vi også til fleire avslutningar, og ved pause var stillinga 4-1.
Tambar vann 6-2 til slutt, og laget leverte ein av årets beste kampar.
Målscorarar var Daniel (3), Marius (2) og Elias.
Sikker dømming av Nils Paulen som stilte opp på kort varsel.
Neste kamp er mot Førde 2 på bortebane måndag 3. oktober. "
|
SMG Rapport frå trenar Ivar Longvastøl:
20.09.11 Fint spel av smågutelaget mot Jølster
" Tidvis svært bra spel av smågutelaget på kunstgrasbana på Skei måndag.
På treningane siste tida har vi øvd mykje på å halde ballen i laget, posession heiter det på fotballspråket engelsk, og det fungerte svært bra mot Jølster.
Laget spelte seg roleg ut av forsvar og vidare framover, men vi sleit i periodar med for liten bevegelse og dermed for få spelepunkt i angrep. Dermed klarte vi ikkje å utnytte det spelemessige overtaket godt nok.
Alt i alt ein positiv kamp, der vi hadde kontrollen og vann greitt 4-1. Trenar Per Øyvind var fornøgd og rosa spelarane, som samstundes fekk melding om å våge meir på siste tredel av bana. Det vil seie utfordre (drible) og vere frekkare i avslutningane når vi nærma oss 16-meteren til motstandaren.
Jørund vikarierte i mål for Ole Martin, og han gjorde ein god kamp.
Målscorarar var Daniel (3) og Dan Joar.
Neste kamp er heime mot Gaular måndag 26. september klokka 19.00. "
|
30.08.11 Smågutane vann 8-2 mot Førde 2

Tambar Fotball sitt smågutelag 2011.
Tambar Fotball sitt smågutelag hadde mandag kveld besøk av Førde 2 på Naustdal stadion. Heimelaget kunne gå av bana med ein konfortabel 8-2 seier, og oppmann Johnny Gustavsen seier dette om kampen:
" Tambar sitt smågutelag var i kveld vertskap då dei tok imot Førde 2 til oppgjer i tredje serierunde.
Førde 2 var kontringssterke, men møtte eit tambarlag som "spadde på med køl" frå start, og førdegutane måtte finne seg i tre baklengs (hat-trick, signert Daniel Grimset Kvalvågnes) etter få minutt. Utover i første omgang gjekk tempoet noko ned. Tambar hadde likevel ballen det meste av tida, og godt samspel vart etterkvart omsett endå tre scoringar i første omgangen.
Etter pausen kom Førde 2 meir med i kampen. To sterke kontringar frå Førde2 gjorde at keepervikar Jørund Solheim måtte sjå to ballar bak seg i løpet av andre omgang. I same perioden scora også Tambar to, og kampen enda dermed med 8-2 siger til Tambar.
På scoringslista i kveld : Martin Skilbrei (1), Sigve Longvastøl (1), Nikolai Andal (1), Marius Storevik (1) og Daniel Grimset Kvalvågnes (4) "
|
25.08.11 Tap og raudt kort på Osen stadion
220511Sigve.jpg)
Tapte mot Gaular: Tambar Fotball fekk sitt andre tap for sesongen, då dei måndag kveld tapte
bortekampen mot Gaular på Osen stadion. På bildet ser vi Sigve i aksjon, i ein kamp som gjekk
på Naustdal stadion tidlegare i år.
Det var tendensar til dramatikk då smågutelaget spelte bortekamp mot Gaular sist mandag. Tambar tapte sin andre kamp for sesongen og fekk keeperen utvist i andre omgang. Trenar Ivar Longvastøl har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Smågutelaget møtte Gaular på naturgras på Osen stadion måndag.
Spelarane var klar over at vi møtte eit fysisk sterkt lag på uvant underlag, men Tambar fekk likevel ein dårleg start på kampen. Vi tapte duellane og klarte ikkje å komme ut og fram med laget.
Til pause var stillinga 3-1 til Gaular. Daniel scora vårt mål.
I andre omgang kom Tambar lenger fram på bana og spelarane våre forstod at ein måtte trå til i duellane. Dermed kom vi også på offensiven og til avslutningar, men Gaulars keeper hadde fleire gode redningar.
Ekstra dramatikk då vår keeper Ole Martin glei over 16 meter-streken med ballen i hendene og fekk sjå det raude kortet. Unødvendig strengt av ein elles dyktig dommar, då det ikkje var snakk om sabotasje av spelet.
Heldigvis har vi Jørund i bakhand som har stått i mål før og han heldt nullen resten av omgangen.
Marius putta på og reduserte til 2-3, men trass i hardt press mot slutten klarte vi ikkje å utlikne.
Kort oppsummert; ein uvanleg svak 1. omgang og godkjent etter pause med ein mann mindre på bana.
Det var årets andre serietap mot tøffe gaulveringar, så no er målet å setje dei på plass når dei kjem til Naustdal til det tredje møtet 26. september. "
Sjå laget sine kampar i haust
|
16.08.11 Daniel scora tre då smågutane slo Jølster 4-2
Scoringsform: Daniel Grimset Kvalvågnes har tydlegvis holdt scoringsforma gjennom sommar-
ferien. Mandag kveld stod han bak tre av måla då smågutelaget vann mot Jølster.
Tambar Fotball sitt smågutelag møtte mandag kveld Jølster til sin fyrste haustkamp. Kampen var spelt på Naustdal stadion, og oppmann for laget, Johnny Gustavsen, har sendt oss fyljande frå kampen:
" Smågutelaget tok i dag i mot Jølster i haustens første seriekamp.
I forfriskande regnver tok Tambar tidleg leiinga i kampen med scoring signert Daniel GK. Desverre for Tambar var dei sigerssvoltne jølstringane raskt frampå med redusering og deretter vart det ein jamn kamp som Tambar leia 3-2 halvvegs.
Etter pausen la Tambar på til 4-2, noko som også vart sluttresultatet i ein kamp prega av litt "sommarrust" for Tambar sin del.
Heimelagets 4 nettkjenningar var ved Daniel GK (3) og sjølvmål (1) "
|
27.06.11 Flott innsats av smågutelaget i Sognefjord Lerum Cup
220511Jubel.jpg)
Til A-sluttspelet: Smågutelaget gjekk vidare til A-sluttspelet i helgas Sognefjord Lerum Cup. Bildet
er henta frå ein kamp på Naustdal stadion tidlegare i år.
Tambar Fotball sitt smågutelag hadde som mål å klare og nå A-sluttspelet i helgas Sognefjord Lerum Cup som vart arrangert i Sogndal/Hafslo/Kaupanger.
Med to sigrar og ein uavgjort i dei innleiande kampane, vart laget vinnar av si pulje og klar for A-sluttspelet. I 8.delsfinalen vart det desverre tap for gutane, då Djerv 1919 sitt 2.lag vart for sterke og vann 4-1.
Resultat frå Tambar sine kampar i Sognefjord Lerum Cup:
| Fredag |
Kl.13:00 |
Tambar |
- |
Ørnar |
|
Gras |
Kaupanger |
6-0 |
| Fredag |
Kl.15:30 |
Nordre Fjell |
- |
Tambar |
|
Kunstgras |
Kaupanger |
2-3
|
| Lørdag |
Kl.10:30 |
Tambar |
- |
Gneist 2 |
|
Gras |
Hafslo |
0-0
|
| A-sl.spel |
1/8 |
Tambar |
|
Djerv1919 2 |
|
|
|
1-4 |
|
13.06.11 Smågutelaget med ny storseier over eit Førdelag

Smågutelaget til Tambar Fotball: Smågutelaget tok nok ein storseier mot eit Førdelag i dag.
Tambar Fotball sitt smågutelag fortset å bøtte inn mål i årets seriespel. I dag var det nok eit Førdelag som måtte gå av bana med mange mål imot, då Tambar møtte Førde 5 på kunstgrasbana på Førde stadion. Lagets oppmann Johnny Gustavsen seier dette om dagens kamp:
" Smågutelaget spelte bortekamp mot Førde 5 i strålande solskin 2. pinsedag.
Tambargutane tok raskt føringa i kampen og spelte seg til mange målsjansar utover i første omgang. Sjølv om mange av sjansane ikkje vart omsett i mål, leia Tambar 9-0 til pause. Det meste av spelet gjekk føre seg på Førde sin banehalvdel, og Tambarkeeper Ole Martin fekk ein roleg dag på jobb.
Andre omgang starta som den første slutta og når den myndige dommaren bles for full tid viste rekneskapen 14-0 til Tambar.
Målscorarar i dag var Marius (5) Daniel (4) Simon (2) Elias (1) Ola Frøyen (1) og Martin Skilbrei (1) "
|
31.05.11 Smågutelaget scora 31 mål mot Førde 3

Smågutar: Tambar Fotball sitt smågutelag 2011.
Heile ni spelarar kom på scoringslista då Tambar Fotball sitt smågutelag i går kveld møtte Førde 3 på Naustdal stadion.
Heile 31-0 vann Tambar i ein kamp der heimelaget leda med 20-0. Som ein skjønar møtte Tambar liten motstand i denne kampen og som sjølvsagt aldri vart spennande. Førdelaget er ikkje ukjend med store tap, og har tapt med store siffer i samtlege kampar i årets sesong.
Daniel Grimset Kvalvågnes vart mestscorande i kampen og putta åleine heile 11 mål. Dei andre målscorarane var: Martin Andrè Seljevoll (2), Ola Frøyen (2), Dan Joar Vårdal Høyås(2) Sivert Andal (2), Elias Rognebakke (2),Martin Skilbrei (2),Marius Naustdal Storevik (4), Nikolai Andal (4).
|
22.05.11 Smågutelaget vann 6-0 mot Førde 2
220511Jubel.jpg)
Måljubel: Sigve vert gratulert av medspelarane Elias,Simon og Daniel etter å ha scora i kveldens
kamp mot Førde 2.
Smågutelaget spelte ein god kamp då dei vann heile 6-0 mot Førde 2 på Naustdal stadion i kveld, etter at pauseresultatet var 2-0. Laget spelar mykje fin fotball og verkar være solide i alle lagdeler, der samtlege spelarar i dag bidreg til den solide seieren.
Sjølv om laget scorar heile seks mål i kveldens kamp, hadde laget muligheit til å score fleire på dei mange sjansane laget hadde i kampen. Blandt anna missa laget på eit straffespark tidleg i fyrste omgang.
Sigve Longvastøl scora tre fine mål i andre omgang, og kan titulere seg med hattrick. Dei andre målscorarane i kveld var Daniel Kvalvågnes, Nicolai Andal og Marius Storevik.
220511Sigve.jpg)
Tre mål: Sigve Longvastøl scora tre mål i kveldens kamp på Naustdal stadion. På bildet ser vi
han i kamp med to spelarar frå Førde 2.
Fleire bilder frå kampen
|
03.05.11 Smågutelaget vann 9-1 mot Dale

Storseier til Tambar: Smågutelaget vann heile 9-1 mot Dale i går kveld. På bildet ser vi Tambar
med ein av dei mange corner laget hadde i kampen.
Heile 9-1 vann smågutelaget til Tambar Fotball i går kveld, då Dale var gjestar på Naustdal stadion. Og som resultatet seier, hadde Dale lite å stille opp med mot eit til tider velspelande og godt Tambarlag.
Underteikna er noko usikker på alle målscorarane til Tambar i denne kampen, men registrerte at to av forsvararane, begge med namnet Ola, kom på scoringslista med til saman 3 mål. I tillegg dominerte Daniel med mykje godt spel i Tambar sitt angrep, og skapte mange sjansar både for seg sjølv og medspelarar. Kor mange mål han enda på til slutt, er vi noko usikker på.

Tambar Fotball Smågutar 2011
Nokre bilder frå kampen
|
11.04.11 Smågutane serieåpna med seier borte mot Eikefjord

Seier mot Eikefjord: Jørund (t.h) scora eit mål då smågutelaget vann serieåpninga
mot Eikefjord i kveld. Bildet er henta frå arkivet.
Tambar Fotball sitt smågutelag var fyrste lag ut av Tambarlaga, då dei spelte sin fyrste kamp i seriespelet i kveld. Laget spelte bortekamp mot Eikefjord, og fekk ein god start på årets sesong. Oppmann for smågutelaget, Johnny Gustavsen, har sendt oss denne rapporten frå kampen:
" Smågutelaget til Tambar møtte måndag kveld Eikefjord til serieopning på ein regntung Eikefjord Stadion.
Tambargutane tok tidleg grep om kampen og putta ballen i buret til Eikefjord heile 6 gongar før pause.
I andre omgang teikna Tambar seg for 4 nye scoringar, herunder 1 scoring i eige mål. I tillegg scora Eikefjord 1 mål og kampen enda til slutt 9-2 til Tambar.
Tambartroppen bestod av 16 spelarar og trenarane nytta høve til å gjere mange byte undervegs, slik at alle fekk mykje speletid. Iris og resten av forsvarsrekka jobba svært godt og det vart lite å gjere for keeperane Ole Martin og Andreas. Angrepsspelet fungerte også bra og dei rundt 20 tilskodarane fekk sjå mykje fin fotball.
På scoringslista enda Daniel Kvalvågnes (5) Elias (1) Sigve (1), Marius (1) og Jørund (1) "
|
|
|