Til Framsida
Miniputt
Lillegut 12
Lillejenter 11/12
Smågutar
Småjenter
Gutar
Jenter
Senior menn
Kampar på stadion
Trening på stadion
Trening i hallen
Gjestebok
Kommentarar
Lenkjer
Arkiv
Fotoalbum
Tambarkvissen
Styret Tambar Fotball
Webansvarleg

Småjenter


Småjenter 2011

 

 

Sesongen 2011
TAMBAR 1
Trenar:
Jan Magne Langedal
Oppmann:
Wendy Stubhaug
Telefon:
E-post: SEND

TAMBAR 2
Har trekt laget !

Trenar:
Espen Langedal
Oppmann:
Solfrid Bygstad

 

 

     
 

SESONGEN 2011

17.10.11 Uavgjort for småjentene i KM-sluttspelet mot Eid


Scora to mål mot Eid: Iris Aase laga to mål då småjentelaget spelte uavgjort 3-3 i den andre kampen
i KM-sluttspelet. På bildet ser vi Iris då laget spelte mot Hafslo i den fyrste kampen i KM-sluttspelet.

Tambar Fotball sitt småjentelag spelte søndag den andre og siste kampen om KM-tittelen, då dei møtte Eid borte på Nordfjordeid. Kampen enda uavgjort 3-3, noko som betyr at Tambarlaget ikkje har sjanse til å hente KM-pokalen heim til Naustdal i år. Den kampen står mellom Eid og Hafslo, der Hafslo har det beste utgangspunktet før kampen mellom desse to laga vert spelt komande helg.

Jentene på Tambar sitt småjentelag, og trenar Jan Magne Langedal, har all grunn til å være nøgd med årets sesong. Laget gjekk gjennom sesongen med berre eit tap, og med litt meir tur i første kampen i KM-sluttspelet kunne pokalen blitt henta til Naustdal. Trenaren har sendt oss denne rapporten frå den siste kampen mot Eid:

KM sluttspel småjenter: Eid-Tambar 3-3.  Tambar hadde eit dårleg utgangspunkt i kampen på Eid søndag, etter det sure tapet mot Hafslo, sist laurdag vann som kjend Hafslo 5-2, i ein kamp der Tambar lett kunne ha kapra poeng.
Eid hadde initiativet i starten, og kom til ein del sjansar, utan å få utteljing. Men etter kvart skjøna Tambar-jentene at med innsats, så var Eid ein overkommeleg motsandar. Og då Iris tok ansvar, drog av nokre Eid-jenter, og banka ballen opp i hjørnet, så kom trua på at dette kunne gå. I tillegg hadde Martine eit skot på undersida av tverrleggjaren. Diverre gjekk ballen ned på streken, og ikkje inn i mål.
Vi gjekk til pause med 1-0 leiing.
Så kom utlikninga til 1-1, der vi var litt avventande, og ikkje greidde å klarere. Heimelaget gjekk opp til 2-1, då ei Eid-jente fekk  god treff og løfta ballen opp i hjørnet. Men Tambar-jentene hadde ikkje gitt opp. Dei kjempa seg inn att i kampen, og Iris kunne utlikne til 2-2. Etter dette skapte Naustdals-jentene eit vakkert angrep, som diverre ikkje gav teljande resultat.
Så kom nok eit billig Eid mål, og vi låg under 3-2. Men i dag skulle vi ha poeng, og då Iris fann Marie med ei utsøkt pasning, var det berre å setje foten til, og det stod 3-3. Glimrande jobba jenter.
Jentene skal ha ros for å ikkje gi opp i denne kampen,  då vi låg under to gongar. Og med litt hell kunne vi ha tatt med alle poenga heim.
No har vi møtt avdelingsvinnarane i Sogn og Nordfjord, og spelar jamt med begge laga. Berre så synd at vi ikkje ha fått utteljing på dei mange sjansane våre.
Takk for ein fin sesong, jenter. Neste happening er Førdecup innandørs, 11-13 november. Då få vi sjå om vi er like gode på parketten.

 

 

08.10.11 Tambarjentene tapte 1.kamp i KM-sluttspelet


Tøffe jenter frå Hafslo: Småjentespelarane frå Hafslo gav Tambar meir kamp enn dei hadde
ynskja, og var fysisk sterke. Her er Elly i duell med ei av Hafslospelarane.

I glimrande spelevær var det i dag duka for fyrste kamp i KM-sluttspelet i småjenteklassen mellom Tambar og Hafslo, der laga vart vinnar i henholdsvis avdeling 2 og avdeling 1.

Det var Tambarjentene som starta kampen best og kom til mange sjansar dei fyrste 20 minutta. Berre ein god Hafslokeeper og utur frå avsluttarane til Tambar, hindre at gjestane låg under med både to og tre mål.

I den gode Tambarperioden fekk Sognelaget sin fyrste scoring, noko som endra kampbildet noko. Dei fysisk sterke jentene frå Hafslo fekk meir kontroll på jentene frå Naustdal, og scora like godt to mål på rappen og såg ut til å kunne gå til pause med ein trygg 3-0 leiing. Men eit hardt og vèlplassert frispark frå Iris på tampen av omgangen, hadde ikkje den gode keeperen til Hafslo noko muligheit til å redde, og laga kunne gå til pause med 3-1 til gjestane.

Det vart ny spenning i kampen då Iris på ny var frampå med ei fin scoring. Ho fekk gå fram på høgrekanten og fekk perfekt treff frå 15-16 meter. Med ballen i nota og stillingen 2-3, såg det no lysare ut for Tambar.

Men Hafslo ville det annaleis, og gjekk opp i 4-2 leiing ikkje lenge etter Tambar-reduseringa. Etter dette bølga speltet fram og tilbake på dei to spelehalvdelane, der Tambar fort kunne sett inn fleire mål på dei mange sjansane sine. Men igjen var det gjestane som var frampå og scora, den siste kom berre sekundar før dagens dommer, Vithusan Puthi, frå Florø bles av kampen.

Dermed var det Hafslo som kunne juble etter å ha slått heimelaget 5-2, og som har teke eit steg nærmare KM-tittelen.

Tambar møter Eid på Nordfjordeid neste helg i den 2.KM-sluttspelkampen. Denne må laget vinne, helst med mange mål, om dei skal ha noko sjanse til å bli kretsmeister i år.

Vi gratulerer Hafslo med seieren i dag, og Tambarjentene med god innsats som gjorde at dette vart ein flott og spennande kamp på Naustdal stadion.


Hafslojubel: Hafslospelarane kunne juble etter å ha vunne 5-2 mot Tambarjentene. I bakgrunnen
skimtar vi ein fortvila Tambartrenar.

Fleire bilder frå kampen

 

07.10.11 Småjentene slo Førde, klar for KM-finalar


Vinnar av J13/14 avd.2: Tambar Fotball sitt småjentelag vart avdelingsvinnar og skal ut i nye
kampar snart. Då er det KM-finalane som gjeld.

Tambar Fotball sine småjenter vart onsdag kveld vinnar av si avdeling, J13/14 avd.2, då dei kontrollerte inn ein konfortabel 4-0 seier mot byjentene frå Førde.

Tambarjentene og småjentene frå Askvoll låg likt på poeng før onsdagens kamp, og det var knytt litt spenning til om Askvolljentene skulle klare å score så mange mål mot Dale same kveld at dei gjekk forbi Tambar. Kampen mellom Dale og Askvoll enda 2-4, og når Tambarjentene gjorde jobben på heimebane, enda det slik vi hadde håpa. Tabell avd.2

Vinnar av dei andre avdelingane vart Eid i avd.3 og Hafslo i avd.1.
Allerede lørdag skal Tambarjentene ut i sin fyrste KM-finale, då Hafslo kjem på besøk på Naustdal stadion.


Avdelingsvinnar: Jan Magne Langedal har vore åleine trenar for småjentelaget denne sesongen.
Onsdag vart laget avdelingsvinnarar, vert det også kretsmeisterskap på laget ?

Trenar for avdelingsvinnarane, Jan Magne Langedal, var svært nøgd etter kampen onsdag kveld, og har fyljande kommentar:

" Småjentene til Tambar avgjorde på ei våt heimebane. Dei vann 4-0 mot Førde onsdag kveld, etter å ha kontrollert kampen i to omgangar. Dermed er Tambarjentene vinnarar av avdelinga si, og skal spele om kretsmeister-tittelen mot Eid og Hafslo, som har vunne sine avdelingar.

Før siste kamp stod Tambar og Askvoll likt på poeng, men Tambar hadde 6 mål betre målskilnad.  Då vi fekk vite at Dale stilte med eit redusert lag mot Askvoll kom spørsmålet: var 4-0 nok? Og det var det. Askvoll vann berre 4-2 mot Dale.

 Jentene fekk beskjed om å ikkje tenkte resultat i kveldens kamp, men fokusere på det dei kunne gjere noko med. Dei skulle spele sitt eige spel, og jobbe hardt for kvarandre, så ville måla komme. Og det gjorde dei. Tambarjentene var aldri truga i denne kampen, og sigeren kunne, og burde ha vore mykje større. Elly scora 2, Camilla 1, og Iris 1 mål.

 Joar Vefring var myndig og god dommar i kveldens kamp.

 Jentene skal ha ros for å ha stått på gjennom ein lang sesong. Dei har scora pene 100 mål og sleppt inn berre 30 i årets serie! Vi må ta med at Iris har scora 40 mål i årets serie.

 Takk for ein lang og spennande sesong, jenter! Takk til keepertrenar, Linda Åmelfot, som har gitt keeperane våre gode treningar.

 Eit eventuelt kretsmeisterskap vil bli ein bonus for småjentene. Det blir tøffe kampar mot Eid og Hafslo, men vi skal gjere vårt beste, og så får det gå som det går. "

 

 

29.09.11 Kunne sleppe jubelen laus etter spennande avslutning


Jubla for seier: Småjentelaget til Tambar Fotball kunne sleppe jubelen laus etter seier mot
Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion onsdag kveld.

Toppkampen mellom småjentelaga til Tambar og Askvoll/Holmedal vart ein spennande og nervepirrande oppleving onsdag kveld, og akkurat slik vi ynskjer at ein kamp mellom dei to beste laga i avdelinga skal være. Men for dei middelaldrande publikummarane kunne dette fort bli FOR spennande, men heldigvis for dei og for laget klarte Tambarjentene å dra i land ein svært fortent seier mot laget frå Askvoll.

Etter seieren er småjentelaget eit steg nærmare kretsmeistersluttspel, men då må siste kamp mot Førde vinnast. Og slik vi vurderer det, skal ikkje dette laget ha noko problem med det. For med slik innsats og vinnarvilje dette laget viste mot AHIL, får nok også Førdejentene problemar med å hamle opp med jentene frå Naustdal.

Vi overdriver om vi seier at det var mykje publikum tilstades på kampen. Men om ikkje antalet var stort, klarte dei som var der å lage liv og røre, særleg då spenningen steig mot slutten av kampen.
I ettertid tenkjer ein at det er synd at ikkje fleire Naustedøler får oppleve ein slik kamp. Iallefall var dette den mest spennande og nervepirrande kampen underteikna har sett på stadion i år. Og takk for det, jenter !

Trenar for Tambarjentene, Jan Magne Langedal, var sjølvsagt svært nøgd med jentene sine denne kvelden, og seier dette om kampen:

" Småjentene innfridde mot Askvoll/Holmedal.

 Etter å ha sendt Askvoll/Holmedal heim med 4-3 tap, kan Tambar verte vinnar i avdelinga,hvis vi slår Førde neste onsdag.

Kampen var  nervepirrande til siste sekund! Sjølv om Iris laga 1-0 etter 10 minutt, og dobla leiinga, slik at Tambar gjekk til pause med ei fortent 2-0 leiing, var Askvoll farleg frampå ved nokre høver. Dei har nokre store spelarar, som er vanskeleg å spele mot. Men Stine tok det som kom av farlegheiter. 2-0 målet fortener litt spalteplass.For då gjekk ballen på 1-touch, i fleire trekk, før Iris scora sikkert . Tambar kontrollerte inn til pause på stillinga 2-0.

 2-0 er ei farleg leiing, heiter det på fotballspråket, og det fekk vi eit bevis på mot Askvoll. For medan Tambar brende sjanse etter sjanse, aleine med keeper, scora bortelaget på sine .

 Plutseleg stod det 2-2, der spesielt eine målet var av det billege slaget. Når så Askvoll gjekk opp til 3-2, virka kampen kjørt.

 Men kampane mot Askvoll/Holmedal blir alltid dramatiske i sluttminutta. I bortekampen, låg vi under 4-1, med 10 minutt igjen å spele. Då henta vi heroisk inn til 4-4.

 I kveld kom også avgjerdsla i sluttminutta. Iris gjorde hattrick, og utlikna til 3-3, og då Elly, 15 sekund før fløya gjekk, sette inn 4-3, kunne glade Tambarjenter, saman med eit godt publikum, sleppe jubelen laus. 3 minutt brukte Tambarjentene på å snu kampen. Snakk om vinnarvilje!

Alle jentene gjorde ein god kamp. Men vi kjem ikkje utanom Iris med 3 mål, og Anna, som stod fram med godt stopparspel.

 Kampens gode dommar, Jan Petter Sæbø, bruker vi gjerne igjen. Han dømde ein god kamp, med litt temperatur på sidelinja. I slike tette og viktige kampar, er det godt å ha voksne dommarar med erfaring.

 Takk for kjempeinnsats jenter! Det er moro å vere trenar for ein slik fin gjeng!

 Så håper vi på stort publikum onsdag 5/10-11. Då kjem Førde til Naustdal. "


Scora tre mål: Iris er alltid ein trussel for framfor mål, og kunne gå av bana med tre fine mål
mot gjestane frå Askvoll.


Avgjorde kampen: Elly hadde mange store sjanser til å score i kampen mot Askvoll/Holmedal.
Berre sekunder før slutt sette ho inn den viktige og avgjerande scoringa til Tambar.


Godt keeperspel: Stine hadde mange gode redningar, og bidrog sterkt til at laget kunne gå av
bana med seier mot Askvoll/Holmedal.


Tette dueller: Dei tette duellane bar preg om at kampen var viktig for begge lag. Her ser vi Marie
i duell med ein spelar frå Asvoll/Holmedal.

 

 

20.09.11 SMJ tapte mot Dale, SMG vann mot Jølster


Spelte god kamp: Småjentelaget sin keeper, Stine Hukset, spelte ein god kamp då Tambar møtte
Dale på bortebane.

SMJ Rapport frå trenar Jan Magne Langedal:

" Så kom tapet for småjentene. Dale, utan tap heime i år, sette ein stoppar for seiersvante Tambar-jenter med 5-2 seier.

 Fredagskvelden starta dårleg, med trafikkork i Halbrendslia, og ankomst Dale 15 minutt før kampstart. Og motgangen fortsatte for Naustdals-jentene. Dale har nokre store, raske jenter, og dei avgjorde kampen i Dale.

Spelemessig er ikkje dette Dale-laget all verden. Men no er det slik i fotball at det er måla som tel. Og når Dale var effektive, og scora 5 mål, og vi berre 2, så må ein seie at sigeren var fortent, sjølv om Tambar var det mest spelande laget. Når ein tek med at Stine storspelte i mål, så kunne tapet ha vorte endå større.

 Vi skal ikkje unnskylde tapet med at  kunstgrasbana i Dale er hard som betong, og at matchballane deira var så dårlege, at vi ut i kampen, måtte bytte dei mot våre. Vi må berre gå i oss sjølve, og trene godt fram mot den avgjerande kampen mot Askvoll/Holmedal. Med seier i den, er vi fortsatt med i kampen om å vinne avdelinga vår. "



 

12.09.11 Småjentelaget nærmar seg spel om kretsmesterskap


Ny seier til småjentelaget: Tambar Fotball sitt småjentelag tok nye tre poeng då dei møtte Eikefjord
til kamp på Naustdal stadion sist fredag.

Enno står tre kampar att og fotballen er fortsatt rund. Men Tambar Fotball sitt småjentelag er utvilsomt på god veg til å bli avdelingsvinnar i klasse J13/14 avd. 2. Skulle laget klare prestasjonen å vinne avdelinga si, møter nye og spennande oppgåver for laget. Vinnarane i dei tre avdelingane, Sunnfjord, Sogn og Nordfjord, møtes då til spel for å kåre årets kretsmester i småjenteklassen.

I avdelinga i Sogn, J13/14 avd.1, knivast Hafslo og Balestrand om å bli avdelingsvinner. Begge lag har spelt 11 kamper og har 28 poeng, der Hafslo ligg føre med noko bedre målskilnad.

I avdelinga i Nordfjord, J13/14 avd. 3, er Eid ganske så suverene og ser ut til å kunne spasere seg inn til avdelingsvinnertittel med 28 poeng på 10 kamper.

For J13/14 avd. 2 finn vi for øyeblikket Tambar på toppen. Laget har 31 poeng på 11 kampar, det same som nummer 2 i denne avdelinga har, som er Askvoll/Holmedal. Desse laga møtest på Naustdal stadion i løpet av hausten, og det kan fort vere vinnaren av denne kampen som får spele om kretsmesterskapstittelen.

Sist fredag gjorde småjentene jobben då Eikefjord gjesta Naustdal stadion. Trenar Jan Magne Langedal oppsummerer denne kampen slik:

" Fredag fekk småjentene besøk av Eikefjord. Det blir alltid mange mål når desse laga møtest, og statistikken står framleis ved lag. 15 mål blei laga i denne kampen, som Tambar kontrollerte inn til ein 11-4 seier.

 Det store spelet uteblei, men, Tambar viste fint spel ved eit par av måla, då ballen gjekk raskt i laget. Heile 6 jenter kom på scoringslista:

Iris 3, Elly 3, Martine 1, Marie 1, Camilla 1, Johanne 1. Det siste var sjølvmål av Eikefjord.

 3 kampar gjenstår i årets serie, + eit eventuelt spel om kretsmesterskap. Men først må desse kampane vinnast "


Tambarseier: Frå småjentelaget sin kamp mot Eikefjord på fredag kveld. Tambarspelarane på bildet
er Elly og Anna.

 

 

29.08.11 Jentene til Jan Magne med ny seier


Uten tap: Tambar Fotball sitt småjentelag har enno til gode å tape i årets serie, og trenar Jan Magne
Langedal kunne konstantere at laget tok ein ny seier fredag kveld.

Sjølv om småjentelaget hadde litt rusk i maskineriet midtvegs i kampen mot Gaular sist fredag, kunne laget returnere til Naustdal med seier og nye tre poeng.

Fire kampar står att for småjentelaget i årets sesong, og det kan sjå svært så lyst ut for eit spel om kretsmesterskapet for Tambarlaget. For pr. dags dato toppar dei tabellen for J13/14 7ar avd.2, der laget frå Askvoll/Holmedal er den argaste motstandaren. Laget frå Askvoll kjem på besøk til Naustdal stadion fredag 23.september, noko som kan bli ein rein avdelingsfinale.

Trenar Jan Magne Langedal kunne pusta letta ut etter nokre "feilskjær" mot Gaular sist fredag, og har sendt oss fyljande frå den kampen:

" Småjenter Gaular Tambar 4-9.

 Fredag kveld var Sande stadion arena for småjentekampen mellom Gaular og Tambar.

Tambar fekk ein god start på kampen, og leda 3-0 etter kort tid. Men så plutseleg skjedde det noko med laget.Tambar-jentene slutta å jobbe, og Gaular kom meir og meir inn i kampen. Gaular reduserte ein gang, to  ganger, tre ganger. Heimelaget var til og med nær på å ta ledelsen. Men laga gjekk til pause på tillinga 3-3.

 Trenaren måtte heve stemma si i pausen. Jentene fekk klar beskjed om å komme tettare opp i motspelarane, og begynne å vinne duellane i andre omgang.

 Ein trenar blir alltid nøgd når taktikken slår til, og det gjorde den på Sande. Iris, som var sliten, og bad om å bli bytta ut i første omgang, tok verkeleg tak i kampen etter pause. Heile 6 mål scora ho i denne omgangen. Men ho var ikkje   aleine. Alle jentene var no mykje meir agressive, og vi fekk igjen kontroll på kampen.

 Tambar kunne nok ein gang ro i land ein komfortabel seier.

Målscorarar: Elly 2, Iris 7.

Her er 10 naustdalsjenter, som kan vere stolte av ein god gjennomført kamp på Sande:

Stine, Thea, Hilde, Anna, Lena, Martine, Camilla, Johanne, Elly og Iris. "

 

 

18.08.11 Småjentelaget med ny 7-1 seier mot Hyllestad


Scora fire: Småjentelaget og Iris Aase hadde full kontroll på Hyllestad då dei møttes til kamp
på Naustdal stadion onsdag kveld. Iris scora fire mål i kampen som enda 7-1 til Tambar.

Vi måtte vente til halvtimen ut i fyrste omgang før fyrste scoringa kom i småjentekampen mellom Tambar og Hyllestad på Naustdal stadion onsdag kveld. Fram til då var det ein jamnspelt kamp, og hardtarbeidande Hyllestadjenter klarte å halde Tambarlaget unna dei heilt store målsjansane. Heilt til Iris Aase fekk ballen på 10-12 meter frå Hyllestadmålet og klinte til på Iris-vis. Med kraft og flott plassering var det lite Hyllestadkeperen kunne gjere med den. Ikkje lenge etter var Iris frampå igjen med høgreslegga, og Tambar kunne gå til pause med ei 2-0 leiing.

Andre omgang vart fullstendig dominert av heimelaget, der to av måla var henta ut av ABC-læreboka for fotball, kapittel: "slik scorer vi etter eit godt oppbygd angrep". Her spela Tambarjentene klikk-klakk fotball som var ein fryd å sjå på, med gode og rette bevegelsar og fine mål. Kjempebra jenter !!

Sjølv om gjestane frå Hyllestad fekk seg ei scoring i denne omgangen, forresten ein flott prestasjon, var det heilt og fullt Tambar sin omgang. Og med ytterliggare fem mål til heimelaget, vart resultatet det same som sist laga møttes, 7-1.

Iris scora 4 mål i kveldens kamp, der også Camilla (2) og Martine kom på scoringslista.

Dermed besfester Tambar sin posisjon på toppen av tabellen. Laget har no 28 poeng og 77-15 i målforskjell og har fortsatt tilgode å tape i årets serie.

 

13.08.11 Småjentelaget starta haustsesongen med målkalas


Laga målfest mot Jølster: Tambar Fotball sitt småjentelag starta haustsesongen med målfest mot
Jølster på fredag kveld.

Småjentelaget til Tambar Fotball gjekk gjennom vårsesongen utan tap og la seg heilt i toppen av tabellen til sommarferien. Etter den fyrste kampen i haustsesongen ligg fortsatt laget på toppen av tabellen, etter at laget laga målfest i bortekampen mot Jølster fredag kveld. Trenar Jan Magne Langedal her sendt oss denne rapporten frå kampen mot Jølster:

" Fredag kveld blei vi mottekne av eit alltid hyggeleg vertskap på Vassenden.

Når sola i tillegg stod høgt på himmelen, var ramma rundt kampen perfekt.

 Etter ein sommarferie med laber treningsiver,var Tambartrenaren spent på kva forfatning jentene var i. Men jentene hadde så visst ikkje gløymd korleis ”kula” skal behandlast. Sjølv om vi ikkje møtte all verdens motstand, så varta Tambarjentene opp med fine kombinasjoner, og vakre  mål.Sjeldan har vi sett så mange trekk, av dette laget. Ballen blei spela opp, lagt igjen, og spela ut på kant.

Når vi legg til at stolpen stod i vegen ved fleire avslutningar, seier det alt om koroverlegne Tambar var i denne kampen. At 6 jenter tegner seg på scoringslista, er ein styrke for laget.

 Desse laga måla: Elly 6, Iris 3, Stephanie 2, Johanne 2, Lena 1, Hilde 1.

 Her er kveldens heltar: Thea, Stephanie, Hilde, Camilla, Johanne, Elly, Lena og Iris.

 Onsdag 17/8 må vi nullstille. Då kjem Hyllestad til Naustdal. "

Sjå Tabell

 

20.06.11 Småjentelaget tok bronse i Grodås Cup


Bronsejenter: Tambar Fotball sitt småjentelag, med Martine og Marie (bildet) på laget, kunne juble
for tredje plass og bronse i årets Grodås Cup.

Småjentelaget tok bronse i årets Grodås Cup, etter å ha slege Ørsta 4-2 i bronsefinalen i går ettermiddag. Dermed fekk Tambarjentene revansje for 4-0 tapet dei hadde mot det same laget i dei innleiande kampane.

I tillegg småjentelaget, hadde Tambar Fotball med lag i klasse G 1999 og G 2001. Desse laga gjorde også ein flott innsats i det fine været i Hornindal denne helga.

Meir om Grodås Cup 2011

 

 

01.06.11 Forrykande sluttspurt redda eit poeng i Askvoll


Redda eit poeng: Marie (t.v) scora to mål mot AHIL, medan Hilde (t.h) scora eitt etter ein forrykande
sluttspurt av Tambarjentene. Midt på bildet ser vi Camilla.

Det var med nød og neppe småjentelaget unngjekk tap i mandagens toppkamp mot AHIL. Men ein forrykande sluttspurt av jentene gjer at laget enno har til gode å tape i årets seriespel. Trenar Jan Magne Langedal har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Mandagens bortekamp mot Askvoll blei aldri nokon god fotballkamp.

Spenninga var også fråverande heilt til det stod att ca. 10 minutt av kampen. På dette tidspunktet leia Askvollingane heile 4-1, og heimelaget hadde poenga langt nede i lomma.

Men fotballen er fortsatt rund, og sjølv om trenaren ikkje trudde det var mogeleg, gav han spelarane beskjed om at dette kunne gå, hvis spelarane orka. Jentene tok utfordringa på ”hælen”, bretta opp ermene, og kjempa seg inn i kampen. 3 raske mål blei ekspedert bak Askvoll-keeperen, og stillinga var plutseleg 4-4.

Vi får ta med det positive, at jentene redda eit poeng, i ein kamp som såg ut til å vere avgjort midtvegs i andre omgang.I tillegg hadde Iris ein susar i tverrliggaren.

Siste vårkampen går i Førde 15/6. Då skal innsatsen vere på topp.

Mandagens målscorarar: Marie 2, Hilde 1, Iris 1 "

 

 

30.05.11 Tambar Fotball trekker småjentelaget


Må trekke laget: Lagleiar Solfrid Bygstad (t.v) og trenar Espen Langedal (i midten) fann ingen
andre løysningar enn å trekke laget sitt frå vidare seriespel i årets sesong. Bildet er henta frå
Grodås Cup 2010.

Tambar Fotball har meldt inn til SFFK at fotballgruppa trekker det eine småjentelaget, Tambar 2, frå vidare deltaking i årets kretsserie. Tambar Fotball som stilte med to 7ar småjentelag til årets sesong, har dermed eit småjentelag med vidare i sesongen.

Trenar Espen Langedal og lagets lagleiar, Solfrid Bygstad, fekk ein vanskeleg kabal å legge då to spelarar slutta like før sesongstart. Med ei allerede lita spelargruppe, såg det mørkt ut då endå ein spelar forsvant like etter sesongstart.

Spelarane frå laget som trekker seg, vil få trening- og kamptilbod i det eldste småjentelaget ut sesongen.

 

28.05.11 Småjentelaget vann 3-0 og er på tabelltoppen


God kamp av småjentelaget: Trenar Jan Magne Langedal kunne fredag kveld glise i barten då
laget hans viste mykje fin fotball og tok heim nok ein seier. Ved sida av trenaren skimtar vi
så vidt Camilla og Elly.

Med fem seierar av fem mulige, klatra småjentelaget til toppen av tabellen etter går kvelds seier mot Dale på Naustdal stadion. For dei som hadde teke turen oppom stadion denne kvelden, fekk sjå Tambarjenter som til tider spelte flott fotball og ikkje minst tre flotte mål.

Trenar Jan Magne Langedal hadde god grunn til å være nøgd med jentene etter oppvisninga mot Dale, og han har sendt oss denne rapporten frå kampen:

" Småjentene våre er fortsatt ubeseira i årets serie. I kveld måtte Dalsfjordingane forlate Naustdal utan poeng.

Det var ein revansjelysten gjeng, med Cooper-test i beina, som entra stadion i kveld. Ein del av spelarane hadde sprunge så langt dei orka på 12 minutt, i siste skuletimen.

I fjor kapra vi fattige 1 poeng på to kampar mot dette laget.

Starten på kampen gav signal om at jentene ikkje var heilt ”på hugget”. Mange feil- pasningar og dårleg bevegelse gav oss frykt om at første tapet kunne komme i kveld.

Men Tambar-jentene har for vane å komme sterkare utover i kampane. Dette skjedde også i kveld. Dei tok over banespelet  meir og meir, og kom til fleire sjansar, men ballen fann ikkje vegen til nettmaskene. Vi gjekk til pause på stillinga 0-0.

 I pausen blei vi einige om å fortsette å angripe, og bli litt tøffare i duellane. Og det tok berre eit par minutt av omgangen,  før Iris tok ansvar, og klinka til frå langt hold. Ballen fauk inn bak Dale-keeperen. Ei praktscoring!

No var jentene i gang. Vi var berre så vidt ferdige med å juble over målet, før Camilla får stjernetreff frå skrått hold. Ballen går som eit prosjektil rett i vinkelen. Årets mål på Naustdal stadion?

Tambar punkterte kampen med 3-0, då Iris fyrer av nok eit langskot, som Marie styrer i mål. Jentene har utvikla pasningspelet mykje sidan i fjor. I gode stunder går ballen hurtig i laget. Stine heldt nullen i ein prikkfri kamp. Stephanie og Anna i forsvaret er tacklingsterke og raske. Stephanie spelte sin beste kamp for året. På midtbana har Iris fått tilbake overskotet, etter vel mange kampar på diverse Tambar-lag. I kveld var ho tilbake som den dirigenten vi treng. Camilla og Hilde er gode lagspelarar. Camilla har dessutan kanskje den beste skotfoten i serien. På topp har Martine og Marie tatt” store steg”sidan i fjor. Det lyser innsats av  desse jentene. ”Lynvingen” Elly, er alltid ein trussel for eitkvart forsvar, med farten sin. Berre uflaks hindra ho i å komme i målprotokollen i kveld.

Takk for innsatsen jenter!

Mandag skal vi til Askvoll. Dei har heller ikkje tapt i år."


Målscorarar: Frå duell i kveldens kamp mellom målscorar Iris og ei Dalespelar. I bakgrunnen ser
vi den andre målscoraren for kvelden, Camilla.

Sjå tabell

 

22.05.11 Småjentelaget med knepent tap mot Jølster


Kamp om ballen: Frå småjentekampen mellom Tambar 2 og Jølster sist fredag.

Tambar Fotball sitt yngste småjentelag, Tambar 2, møtte fredag kveld Jølster til kamp på Naustdal stadion.

Tambar scora og tok leiinga i kampen allerede etter få minuttar spel, og hadde mange sjansar til å score fleire mål i fyrste omgang. Men det vart med den eine scoringa til Elly Kalland, og laga gjekk til pause med Tamarleiing. I andre omgang scora gjestane frå Jølster to gonger, medan Tambarspelarane måtte gå av bana utan nettkjenning i denne omgangen. Dermed var det Jølster som kunne jubla over 2-1 seieren då kveldens gode dommer, Trine Einevoll, bles i fløyta ved kampslutt.

 

 

18.05.11 Dårleg start på kampen, vann 13-5


God kamp av den yngste: Lena Einevoll (bilde) debuterte i kveld på Tambar sitt småjentelag, og
gjorde ein framifrå innsats mot Eikefjord.

Tambar sitt småjentelag held fram med poengfangsten, og etter ein noko treg start i Eikefjorden i kveld vart det nye tre poeng for laget. Lena Einevoll (2000 modell) debuterte på småjentelaget i kveld, og viste at ho også kan hamle opp med eldre jenter. Trenar Jan Magne Langedal har gitt oss fyljande rapport frå kampen:

" Tambar 1 småjenter fekk ein dårleg start i Eikefjord i kveld.

 Laget låg under 2-0 etter få minutt. For dårleg innsats, og ei målhungrig Kristine Nybø, prega starten på kampen. Denne Eikefjord-jenta er nesten eit lag aleine.

 Men etter litt kjeft frå trenaren, skjøna Tambar-jentene at her måtte noko gjerast. Og det var ikkje lenge før resultatet kom. Plutseleg var stillinga 2-2. Når Eikefjord så lagar sjølvmål, fekk Tambar-jentene verkeleg tru på at poenga skulle til Naustdal.

No” ramla ” måla inn. Sluttresultatet vart heile 13-5 til Naustedølingane.  Spelemessig var Tambar overlegne i kveldens kamp.

 Desse laga måla: Iris 5, Marie 4, Camilla 2, og 2 var sjølvmål.

 God innsats av alle, og spesielt av banas yngste, Lena Einevoll, (2000-modell), som debuterte på dette laget, og spela ein framifrå kamp. "

 

 

13.05.11 SMJ: Førde – Tambarskjelvar 2 3-4

Fredagskamp på kunstgraset ved Førdehuset. For første gang i manns minne regna det i Sunnfjord etter at vi brått gjekk over frå den kaldaste vinter til den deilegaste sommar. I ein jamspelt kamp i Sunnfjords hovudstad var det til slutt byjentene som kunne ta helg med tre poeng i bagasjen, men der var kamp heilt til siste slutt.

Etter at spelet vinglar begge vegar i startminuttane er det Førde som skal få hol på byllen først etter om lag halvspela omgang. Dei gule og svarte trykkar på for utlikning, men må gå til pause svoltne.

Etter den korte og anstrengjande kvilen med regndråpar store og tunge som klinkekuler melder Tambar seg på. Iført Camilla som om lag frå midtbana prøvar på noko som ser ut som eit relativt idélaust forsøk, men bana er glatt og keeper er ustødig. 1-1. Artig måte å utlikne på.

Men det går ikkje lange tida før Førde igjen tek leiinga etter ein corner der naustdalsjentene ikkje får klarert ballen skikkeleg. Igjen er vi under med eitt mål, men det er framleis mange minuttar igjen å spele. Elly vert i neste situasjon skubba av keeper då ho vert spela igjennom, og bønna vår om straffe vert ikkje høyrd, så Elly tek saka i eigne hender. Ho må riktig nok ta ein ekstra rundtur, men set så ballen i det opne målet som keeperen har forlata. 2-2.

Det er vi som har spelet og produserar sjansar i midtperioden av andre omgang. Johanne mottar ballen frå femten meter ute til venstre etter at det har vore litt klabb og babb i feltet til Førde. Ho løftar blikket – og ballen – som finn vegen inn i nettmaskene. Stor ekstase og vi har snudd kampen til vår fordel. Førde: 2, Tambar: 3

Men det vil seg diverre ikkje for oss i kveld heller. 3-3 kjem etter eit langskot der ei byjente får stå aleine i all æve før ho med eit velplassert skot bankar inn utlikninga. Det siste og avgjerande målet kjem etter eit frispark der burvoktar Thea blir dytta overende av ein motspelar, men dommaren let det passere og stillinga blir 4-3 til heimelaget.

Bittert å tape denne kampen, men fighterinnstillinga kom verkeleg til syne i andreomgang. Neste kamp er heime mot Jølster fredag 20. mai klokka 19:00. Då håpar vi på nettsus.

 

__________________________________________________________________

 

03.05.11 Ny solid kamp av småjentelaget


Ny seier: Småjentelaget vann kveldens kamp mot Gaular med 6-1. Her jublar jentene etter ei
av scringane på Naustdal stadion i kveld.

Det eldste småjentelaget, Tambar 1, hadde ikkje noko problem med kveldens gjestar frå Gaular, og kunne gå av Naustdal stadion med ein konfortabel 6-1 seier ved kampslutt.

Lagets trener, Jan Magne Langedal, har sendt oss fyljande rapport frå den målrike kampen:

" Småjentene vann igjen. Gaular måtte reise heim med 1-6 i bagasjen.

 Tambar 1 småjenter har 9 poeng, og 26-2 i målskildnad, etter 3 kampar. I kveld var det Gaular som måtte gje tapt for eit Tambar-lag i framgang. Det er tydeleg at fleire spelarar har” teke steg” sidan i fjor. Vi byrjar å likne på eit lag. Vi er få spelarar i år, i forhold til i fjor. Dette har medført at jentene har fått tillit, og meir speletid. Og dette har igjen ført til større ferdigheit hos jentene.

 Vi fekk ein dårleg start mot Gaular, som tok leiinga 1-0, etter få minutt. Men Tambar-jentene let seg ikkje skremme av dette. For allereie etter 12 minutt, utlikna Marie til 1-1. Like etter banka Camilla oss i leiinga med 2-1. Vi hadde god kontroll på kampen, og Iris kunne trygge leiinga med 3-1, etter 16 minutt. Martine  ville også i målprotokollen, då ho fyrte av ei kule, som keeperen berre høyrde susen av. Stillinga til pause var 4-1.

 Andre omgang kontrollerte Naustdalsjentene. Forsvaret heldt tett, og Camilla var frampå igjen, og scora i det 50. minutt. Eit minutt etter, plukka Hilde opp ein ball på eigen banehalvdel, og gjekk heile vegen, før ho avslutta med scoring.

 Til tross for storseier, misbrukte Tambar mange store sjansar, så på treningane framover, lyt vi øve på avslutningar.

Iris blei stempla på leggen, av ei Gaular-jente, og måtte forlate bana for ei stund. At laget likevel fungerer, er eit teikn på at laget har utvikla seg.

 Vi takkar jentene, og ein god dommar, Bjørn Hundershagen, for innsatsen, og ser fram til borte- kampen mot Eikefjord 18. mai.Kven vinn midtbanekrigen i Eikefjord, når Kristine Nybø og Iris møtest til duell? "

 

Bilder frå kampen

 

02.05.11 God kamp av småjentelaget då dei slo Hyllestad


Ny seier: Tambar 1 tok sin andre seier av to mulige då dei vann mot Hyllestad på fredag kveld.

Tambar Fotball sitt eldste småjentelag, Tambar 1, tok sin andre seier for sesongen i bortekampen mot Hyllestad fredag kveld. Ein nøgd trenar, Jan Magne Langedal, har gitt oss denne rapporten frå kampen:

" Med nye drakter, og i ei fin vårsol, entra jentene den” betongharde”bana, og var klare til å revansjere det sure tapet frå i fjor. D.v.s., heilt klare var dei ikkje.For med kvalifisering til Tinestafetten i beina + den lange bilturen , var jentene slitne, då dei starta oppvarminga.

               Starten av kampen bar også preg av dette. Men etter kvart tok Tambar meir og meir over spelet, og Iris kunne fortent bringe oss i føringa med 1-0 etter 15 minutt. Same jenta auka til 2-0 etter eit fint angrep med mange trekk. No var det gått 30 minutt. Marie la på til 3-0 i det 36. minutt. Camilla scora 4-0 etter 37 minutt.

I det 58. minutt la Martine på til 5-0. Så reduserte Hyllestad til 1-5 i det 59.minutt, etter rot i forsvaret vårt. Kampens høgdepunkt sørga Iris for, då ho lurte det som var av motspelarar, og banka ballen i mål frå skrå vinkel. Eit vakkert mål, og vi leda 6-1. 7-1 laga Marie i det 79.minutt.

                Dommaren jobba overtid denne fredagen. For kampen varte av ein eller annan grunn i 2 x40 minutt!!

På stillinga 1-0, hadde Stine ein viktig inngripen, då ho rykka ut og tackla ein motspelar. Stine heldt oss inne i kampen med denne redninga. Anna, med sin fart og tøffe stil, rydda godt opp i forsvar. Stephanie var tacklingsterk som alltid.Ho var dessutan frampå med eit skot i stolpen. På midten har vi eit anker i Iris, som alltid” leverer”. Camilla og Hilde leverte mange gode pasningar, og framme jobba Marie og Martine utretteleg.

                Jentene verkar tryggare på seg sjølve i år. Bevegelsen er i periodar bra, og pasningane ”sit” betre. Det var naturleg nok stor stemning i bilen på heimturen.

Tirsdag 3.mai mai blir det toppkamp i Naustdal. Då kjem Gaular på besøk. "

 

 

 

29.04.11 SMJ: Knepent tap tross nye drakter –
Tambarskjelvar 2 – Askvoll/Holmedal 1-2

Fredag 29. april fekk vi Askvoll/Holmedal på besøk til årets første heimekamp. Iført flunkande nye drakter utdelt av Odd Kaare Nøstdal, sponsa av arbeidsplassen hans, nemleg DnB NOR. Naustdalsjentene starta kampen best og produserte mange sjansar, men det skulle ta nesten tjue minutt før vi fekk utteljing. Scoringa kom på eit hjørnespark ifrå Johanne som Lena banka i mål på direkten! Tambarjentene er i føringa! AHIL kjem meir med etter scoringa og utliknar på corner rett før pause. 1-1.

Andreomgang vert meir ein tennisomgang der det eine laget sitt angrep brått vert brutt, og så er det dei andre sin tur. Det bølgjar fram og tilbake lenge utan at det resulterar i scoring før Askvoll/Holmedal sin gode midtbanespelar får ballen sentralt på midten og stormar framover med Moses-effekt. Alle dei gule trekk til sides, og ho får avslutte aleine med Thea. AHIL opp i 2-1, noko som blir sluttresultatet.

Men creds til jentene for å stå på gjennom 70 minuttar! Til denne kampen hadde vi ingen innbyttarar, og til tross for fleire som kjende at dei hadde litt ilt, så beit dei tenna saman og sto på for fellesskapet. AHIL-trenaren sa etter kampen at han tykte vi hadde godt samspel og at det var ein god kamp.

Takk til kampleiar Jacob Storevik som var pipeblåsar.

 

 

 

17.04.11 SMJ: Dale-Tambar 2 enda med heimesiger


Sesongstart: Tambar Fotball sitt yngste lag i småjenteklassen starta sesongen med bortekamp
mot Dale på fredag kveld. Elly Kalland var ein av jentene som gjorde ein fin kamp, trass tap. Bildet
er henta frå Grodås Cup 2010.

Trenar Espen Eithun Langedal har sendt oss ein innhaldsrik rapport frå småjentelaget, Tambar 2, sin fyrste seriekamp som vart spelt i Dale fredag kveld:

" Vårens første seriekamp gjekk av stabelen i Dale, fredag 15. april klokka 19:00. Ni håpefulle jenter og ein handfull vaksne, spente medfølgjarar var vitne til ein grå og regntung fredagskveld i Fjaler. I raude medbrakte vestar gjorde jentene seg klare til å ta fatt på 2011-sesongen, og det var naustdalsjentene som starta best.

I starten sette vi høgt press på Dale, og kom til mange nesten-sjansar. Den siste pasningen blei gjerne litt for lang, det siste avgjerande mottaket litt for hardt, og dei gongane vi kom til skot stod der sjølvsagt ei dalejente i vegen!

Mot spelet sin gong er det Dale som tek leilinga etter litt klabb og babb på eit hjørnespark. Tambarjentene held fram med å presse på framover, og det går ikkje mange minuttane før Johanne ladar kanonen og bankar ballen høgt i mål frå distanse. 1-1, og laga er like langt - eit resultat som står seg til pause.

Forsvaret har ikkje sluppe Dale til ein einaste sjanse med unntak av målet dei fekk, og midtbana har jobba godt. Angriparane våre fekk tøff(stygg) behandling av vertane, men det er lite ein kan gjere med det når ikkje pipeblåsaren ser det.

Andre omgang starta på same vis som den første. Elly heller meir fyr på bålet då ho stel ballen på midtbana og stormar framover. Ho spelar vegg med Martine før ho set ballen til side for keeper og kampen er snudd. Dale sine angriparar fekk både meir rom og meir tid til å behandle ballen noko som straffa seg hardt, og førte til at vår 1-2-leiing enda med eit tremålstap, nemleg 5-2. Den yngste jenta på bana, Lena, held fram med å spele kjempegodt og verkar ikkje for å bry seg om verken alder eller storleik på motspelarane.

Ein tøff start på sesongen i unådelege Dale, men det er ingen grunn til å hengje med hovudet tross tap! På søndag skal vi til Sogndal for å sjå Tippeliga-kampen Sogndal - Tromsø! Vi har førebestilt både pizza og tre poeng. Håpar sogningane klarar å halde orden på bestillingane. Ha ein elles bekymringsfri og kaloririk påskeferie! "

 

 

14.04.11 Småjentelaget starta sesongen med mange mål


SMJ Tambar 1: Tambar Fotball sitt eldste småjentelag ilag med trenar Jan Magne Langedal, starta
i går kveld sesongen med seier på heimebane.

Tambar Fotball stiller i år med to lag i småjenteklassen, begge i 7 er-serien. Det eldste småjentelaget starta sesongen i går kveld med heimekamp mot Jølster.

Vi fekk sjå mykje bra spel frå Tambarlaget, som tydlegvis har brukt vinteren godt på forberedelsane fram mot sesongstart. Kampen mot Jølster vart aldri spennande, til det var Tambar for overlegne ute på bana og laget leda heile 8-0 til pause.

I andre omgang fortsette Tambar som i fyrste omgang, og laget vann til slutt 13-0 mot dei eit år yngre Jølsterjentene. God rullering i Tambarlaget, gjorde at alle spelarane fekk mykje speletid i lagets fyrste seriekamp.

 

 
 
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net