27.06.11 Jentelaget avslutta vårsesongen med 9-2 mot Årdal

Travelt mellom stengene: Årdalkeeperen fekk ein travel kveld på Naustdal stadion då Tambar
Fotball sitt jentelag laga målfest i siste kamp før ferien. På bildet er Tambarspelarane Eline
E. Cirotzki og Maria Slettehaug frampå men utan utteljing denne gongen.
I eit trist og grått sommarvær på Naustdal stadion, der vaffelsteikaren i bua hadde gløymt jobben sin, varta Tambarjentene opp med varmande målfest mot gjestane frå innerst i Sognefjorden, Årdal.
Allerede etter få minuttar spel var Tambar frampå og gjekk i leiinga med 1-0. Laget hadde god kontroll på Sognelaget gjennom heile fyrste omgang, der laget produserte "bøttevis" med sjansar. At laget berre scorar yttarliggare to mål i denne omgangen kan Årdalsjentene være svært så glade for.
I andre omgang skapte Tambarlaget også mange sjansar, og kunne med noko meir ro og konsentrasjon scora fleire enn dei seks måla dei scora. Årdal var frampå og klarte å putte to mål bak den innleigde småjentekeeperen, frk. Bygstad, utan at dette hadde noko som helst betydning.
Målscorarar for Tambar var: Iris Aase (3), Eline E.Cirotzki (3), Maria Slettehaug, Martine Herstad og Elly Kalland.
Dermed fekk Tambarjentene ein flott 9-2 seier i vårsesongens siste kamp. Viktig no blir å halde formen igjennom sommaren, så ein er klar til avspark att i august.
Nøgde trenarar og lagleiar: Trenarane Athina og Linda, ilag med
lagleiar, Ingunn, kunne konstatere at laget avslutta vårsesongen
med storseier over Årdal.
Nokre bilder frå kampen finn du her