![]() |
![]() |
![]() |
|
Tambar Praten
Navn: Espen Eithun Langedal
Alder: 19 Aktuellt: Tok over som trenar for Tambar sitt 6.divisjonslag i desember 2009,
Av troppen på 20 som vi tek utgangspunkt i, er heile åtte av dei nye ansikt på seniornivå i Tambarskjelvar.
Jonas Sandbakk (19) frå Førde
Iben André Munkvold (17)
Kristoffer Fauske Helgås (18)
Leif Henning Vonen (17)
Steffen Grytten (17)
Kristoffer Hammarset (16)
Stian Andal (22)
Nikolaos Karipi (17)
i tillegg har Tomas Andal (19) og Harlad Kalland (18) gjort come-back!
2) Har førebuingane fram mot sesongstart vore gode ( nok?)? Kor godt førebudde vi er, framstår enno å sjå. Men vi vel å tru at tross ein særs lang, kald og snødekt vinter står vi godt rusta til sesongstart om knappe fire veker. I god, velkjend tambarstil har vi ikkje slite oss særleg ut fysisk, enno. Men vi har framleis fire veker på oss der vi kan få piska litt ræv, forbrenne litt kaloriar og forbetre 02-opptaket vårt. Fasiten etter fem treningskampar er tre sigrar og to tap. Anga 2-0. (6. div)
AHIL 1-3. (4. div)
Tempo 3-2. (6. div)
Breim 5-1. (5. div)
Gaular 2 11-1. (6. div)
No ventar Hyen 18. april, og forhåpentlegvis Førde 3 før sesongstart 4. mai mot Florø 2 i Florø. Første heimekamp er 11. mai mot Gaular 2 med kampstart kl 19:00! Då håpar vi å sjå så mange naustedølar, svarthumlingar og førdianarar som råd!
3) Kva vil bli/er lagets styrke? Samhaldet i laget er sterkt. Dette er særs viktig med tanke på trivsel og læringsmiljø. Av motstandarar har vi har blitt omtala som eit lettbeint, teknisk og ballsikkert lag. Dette tek vi som ein kompliment! Vi (Joar og eg) har også snakka ein del taktikk og formasjon med spelargruppa slik at dei veit korleis vi i trenarteamet tenkjer, og slik at vi får ei felles forståing for det vi held på med. TRENARANE: 4) Du vil fungere som spelande trenar for sesongen 2010. Kven andre har du med deg i trenarteamet? Trenaransvaret er likt fordelt mellom meg og "Årets Tambar-spelar 2008", Joar Vefring. Saman har vi teke rekrutteringsdommarkurs, og held no på med Trener I-utdanninga. Joar og eg har ei god forståing for kvarandre, og går særs godt overeins. Joar og eg er veldig opptatt av at alle spelarane har det bra, og er opptatt av at treningsmiljøet er sunt og frilynt. Vi har utarbeidd ei haldningskontrakt som samtlege spelarar har skrive under på. Vi er overbeviste om at det arbeidet vi legg ned i lagbygging vil påverke gruppa positivt, noko vi allereie har merka.
5) Trenarene sine ambisjonar for årets sesong? Joar og eg har hatt mange samtalar med spelarane i løpet av vinteren, og har på bakgrunn av dette ganske høge ambisjonar for 2010-sesongen. Spelargruppa sine ambisjonar er einstemmig opprykk. Sjølvsagt skal det for kvar bidige runde kjempast om tre poeng, men dersom vi er skjerpa i kvar ein kamp har vi trua på at vi kan vere med å kjempe i toppen, ja kanskje til og med om opprykket. Men med tanke på at vi i månadane oktober, november og desember verken hadde trenarar eller spelarar (nok) til å stille lag i inneverande sesong, såg det heile mørkt ut. No, ein månad før sesonstart, har pipa ein annan lyd. Vi kan ikkje vere noko dårlegare enn spelarane. Opprykk er målet.
Eit skot i mørket:
1. Tambarskjelvar 2. Florø 2 3. Anga 4. Hyllestad 5. FK Tempo 6. Svelgen 7. Gaular 2 8) I kva divisjon spelar Tambar sitt A-lag om 5 år? Det er ikkje godt å seie. Tambarskjelvar har mykje bra på gong i dei ulike aldersbestemde klassane. Det er viktig at seniorlaget til Tambarskjelvar held ein så høg standard som over hodet mogeleg med tanke på alle dei unge spelarane som kjem opp. Tilbodet i heimbygda deira må vere konkurransedyktige med klubbar i nabokommunane. Mykje kan skje på fem år, men dersom vi fortset å ha tru på det vi gjer, så sjå ikkje borifrå at vi snusar på opprykk til 4. divisjon! 9) Kva er din største draum for Tambar Fotball? Eg håper at Tambarskjelvar IL - Fotball vil vere representert i alle dei aldersbestemde klassane på både gutte- og jentesida, i tillegg til seniornivå for både kvinner og herrar. Vi har ingen lange tradisjonar for fotball i Naustdal, då det alltid har kome i skuggen for sterke prestasjonar, både regionalt og nasjonalt, i vektløfting og volleyball. Men ein stad må vi starte. Forhåpentlegvis er vi i etableringsfasen av noko som kan bli stort. Det er viktig at lokalbefolkninga viser engasjement for fotballen, både på aldersbestemt og seniornivå. Draumen for Tambar Fotball må vere å sjå seniorane i Firdaligaen (3. divisjon), ein dag!
|
|
Webansvarleg: Frank Cirotzki, Tlf: 95796041, E-post: frank.cirotzki@enivest.net |