 
Alle som har vore på Naustdal stadion har nok sett den berømte Vaffelbua vår. Under kvar kamp som blir arrangert på stadion, blir lukene på bua opna, og ein god eim av nysteikte vaffler eller lappar når ut til ivrige utøvarar og teskodarar.
Foreldre og føresette til fotballspelande gutar og jenter er det som på kvar heimekamp møter med røra si og vartar opp med nydelegaste vaffler og lappar.
Det er ikkje mange lag rundt om i distriktet vårt som kan varte opp med noko liknande !!
Med dette kjem ein honnør til fotballgruppa i Tambar, og ein særskild honnør til alle dei foreldre og føresette som gjer kampdagen ekstra triveleg på Naustdal stadion !!

På bilda under ser du Bente og Heidi som var på "jobb" då fotografen var innom.


|